Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag om revidering av brukthandellova for å sikre god sirkulærøkonomi

Dette dokument

  • Representantforslag 9 S (2022–2023)
  • Fra: Liv Kari Eskeland, Ingunn Foss, Lene Westgaard-Halle, Turid Kristensen og Anne Kristine Linnestad
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Bakgrunn

Det har vore ei stor utvikling i korleis ein handlar med brukte klede og utstyr dei siste åra. Også aksept for å handle brukte klede breier om seg. Ideelle aktørar har til no vore dominerande for omsetning av varer i fysiske brukthandelforretningar, spesielt for klede. Men ein har i større grad sett at alternative nettportalar veks fram, og at denne typen handel i dag i større grad skjer i privat regi. Gjennom nettportalar som Finn.no, QXL.no, Nettauksjon.no og mobilapplikasjonar som Letgo, Shpock og Tise legg privatpersonar ut klede, møblar, interiørartiklar og anna for sal.

Forslagsstillarane ønskjer eit meir sirkulært samfunn. Det betyr at det også må lønne seg å tenke og handle sirkulært i staden for å kjøpe nytt og ta nye materiale i bruk. Seinast vart sirkulærøkonomi grundig omtala i Meld. St. 13 (2020–2021).

Men skal ein legge betre til rette, må også regelverket tilpasse seg nye forretningsmodellar, nye forretningskonsept og nye handlemåtar. Brukthandellova (lov 22. desember 1999 om handelsverksemd med brukte og kasserte ting) sine paragrafar er utforma med utgangspunkt i at handel med brukte gjenstandar skjer i ein fysisk butikk, noko som kan innebere at lova kan vere til hinder for utviklinga av nye forretningsmodellar. Brukthandellova sitt formål er å hindre ulovleg omsetning av stolne gjenstandar. Brukthandellova og -forskrifta er meint å gje politiet eit utvida etterforskingsverktøy for å førebygge omsetning av stolne eller ulovleg mottatte gjenstandar og lette arbeidet med å spore opp slike gjenstandar. Auka grad av bruk av digitale verktøy og utviklinga i handlemønster gjev grunn til å vurdere om paragrafane i brukthandellova er relevante for å bidra i politiet sitt arbeid med å forhindre omsetning av stolne gjenstandar, og om dei er til hinder for å auke graden av sirkulære konsept.

Sirkulærøkonomi i klesbransjen

Fleire mindre aktørar har forsøkt å starte forretningskonsept med brukte klede. Brukthandellova set klare avgrensingar for å få til ei effektiv kommersiell drift. Avgrensingane går i første rekke på følgjande forhold:

  • Omstendelege kategoriserings- og katalogiseringsprosedyrar

  • Krav om oppbevaring av klede minimum i 14 dagar før varer kan leggjast ut for sal

Fretex og andre ideelle organisasjonar har dispensasjon frå lova og får difor konsepta sine til å fungere. Samstundes er det slik at den private marknaden gjennom forskjellige nettportalar ikkje forheld seg til brukthandellova. Det gjer det ytterlegare utfordrande for dei som ønsker å starte opp kommersielle bedrifter basert på brukte klede og utstyr. Det er likevel ønskeleg at slike forretningskonsept skal vere eit av tilboda kundane kan oppsøke, ettersom det vil bidra til meir sirkulær handel og lengre levetid på plagg og utstyr.

Under regjeringa Solberg vart det utarbeidd eit forslag om å fjerne brukthandellova, noko som også vart sendt på høyring. Det kom inn fleire høyringsframlegg, noko som vil vere eit godt grunnlag å jobbe vidare med for den sitjande regjeringa. Det er no trong for å sjå saka i lys av samfunnsutviklinga og syte for at det i større grad vert lagt til rette for kommersialisering av brukte klede og utstyr på lik linje med dyrare varer og utstyr som i lang tid har hatt ein marknad med eit regelverk som det er mogleg å basere ei kommersiell drift på, slik det til dømes er for brukte bilar og båtar.

Brukthandellova

Det er i lova i dag krav om kompliserte katalogiseringsrutinar, der vekt, farge, tilstand etc. skal katalogiserast og protokollerast. Dette kan løysast enklare gjennom teknologi som i dag finst på marknaden, eksempelvis ved bilete og QR-kode, der koden vert knytt opp til kundeinformasjon. Det må også vurderast om aldersgrensa som er sett på innlevering, er hensiktsmessig med tanke på å lære opp unge til å tenke sirkulært.

Kravet om at det må gå 14 dagar frå levering til sal, hindrar også at ein kan få god omsetning av aktuelle varer. (Eksempelvis vert vintertøy og akebrett levert inn den dagen snøen kjem, samtidig som ein då ser at ein treng ein ny størrelse. Då er det viktig å kunne tilby dette til neste kunde så snart som mogleg). Andre konsept baserer seg på utleige av hylleplass og kommisjon for kundar. Her er det også svært krevjande å måtte sitte med lagerplass i 14 dagar før varene kan leggjast ut for sal.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa gå gjennom brukthandellova med mål om å fjerne forhold som vanskeleggjer kommersiell handel med brukte klede og utstyr, alternativt å oppheve lova. Stortinget ber regjeringa fremme eit lovforslag om dette for Stortinget så fort som mogleg og seinast innan våren 2023.

4. oktober 2022

Liv Kari Eskeland

Ingunn Foss

Lene Westgaard-Halle

Turid Kristensen

Anne Kristine Linnestad