Representantforslag om skjerpa klimakrav til bygg

Dette dokument

  • Representantforslag 262 S (2021–2022)
  • Fra: Alfred Jens Bjørlo, Ola Elvestuen og André N. Skjelstad
  • Sidetall: 2
Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Klimaendringane er vår tids største og viktigaste utfordring. Skal skadeverknadene av klimaendringar avgrensast, krev det omfattande tiltak for å kutte klimautslepp raskast råd på alle samfunnsområde. Krav til raske klimakutt må ligge til grunn for all statleg politikk, særleg i sektorar med høge klimautslepp.

Noreg har sett som mål å kutte innanlandske klimagassutslepp med 50–55 pst. innan 2030. Byggsektoren står for ca. 15 pst. av dei norske klimautsleppa. I tillegg medfører materialbruk svært store indirekte utslepp, som ikkje blir fanga opp i den norske klimarekneskapen.

I dei endringane av energi-, klima- og miljøkrava i byggteknisk forskrift og tilhøyrande endringar i byggesaksforskrifta som regjeringa la fram 29. mai 2022, er det ikkje lagt inn klimakrav til nye bygningar, og heller ikkje krav om klimarekneskap for alle typar bygg eller for heile byggeprosessen. I tillegg er krava til sortering av avfall på byggeplass langt lågare enn det som allereie er standard i bransjen. Det er særleg uheldig sett i lys av at Noreg i åra framover gjennom EØS-avtalen må tilpasse seg EU sine skjerpa krav til gjenbruk og sirkulærøkonomi.

Forskriftsendringane i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som no er innførte av regjeringa, gjeld frå 1. juli 2022. For å nå norske klimamål, lukkast med internasjonal klimaomstilling og gjere økonomien grønare og mer sirkulær, må det raskast råd på plass skjerpa reglar for bygg som set krav til klimagassrekneskap og klimautslepp. Skjerpa reglar må gjelde seinast frå 1. januar 2024, med gradvis skjerping av krava fram mot 2030.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremja følgjande

forslag:
  • 1. Stortinget ber regjeringa sende på høyring framlegg om endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som stiller krav om klimagassrekneskap for bygg med verknad seinast frå 1. januar 2024. Rekneskapen må omfatte heile livsløpet for byggeprosessen (inkludert arbeidet på byggeplassen, montasjen og gjennomføringa) og gjelde heile bygget.

  • 2. Stortinget ber regjeringa sende på høyring framlegg om endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som stiller maksimalkrav til klimagassutslepp for alle nybygg med verknad seinast frå 1. januar 2024, med gradvis skjerpa krav fram mot 2030.

  • 3. Stortinget ber regjeringa sende på høyring framlegg om endringar i byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta som aukar kravet til sortering av avfall på byggeplass frå 70 til minst 80 pst. frå 1. januar 2024, og varsle om gradvis ytterlegare auking av prosentkravet i åra framover.

7. juni 2022

Alfred Jens Bjørlo

Ola Elvestuen

André N. Skjelstad