Bakgrunn
I handsaminga av
Prop. 134 S (2013–2014) Utbygging og finansiering av E39 Svegatjørn–Rådal
i Hordaland slutta Stortinget seg til utbygging og finansiering
av denne delen av E39. I innstillinga om saka uttala transport-
og kommunikasjonskomiteen følgjande (Innst. 37 S (2014–2015)):
«Komiteen ser at
det ligg lokale vedtak knytt til ønske om fritak for innbyggjarar
som synest å kunne få ei urettmessig høg belastning ved dei planlagde
bomplasseringane. Komiteen viser til at nytteprinsippet skal liggje
til grunn for innkreving av bompengar, og at det berre unntaksvis
skal setjast opp bom på sidevegnettet. Komiteen viser til at det
i denne saka for nokre lokalmiljø må sikrast løysingar som gjer
at det er samanheng mellom betaling og nytte for vegen. Komiteen
meiner at det bør arbeidast vidare med å finne ei løysing på problemstillinga
i denne saka fram til bompengeinnkrevjinga skal ta til. Det vil
også vere naturleg å sjå dette i samanheng med den varsla omorganiseringa
av bompengestrukturen. Komiteen vil vidare understreke betydninga
av at ein vel løysingar for bompengeinnkrevjing som i størst mogleg
grad bidrar til å halde på ordninga si legitimitet.»
Innbyggjarar og næringsliv
som er lokaliserte på dei to sidevegane til ny E39 på kommunegrensene
mellom Bergen og Bjørnafjorden er uroa over at det enda ikkje er
fremma ei løysing som sikrar at desse to velfungerande samfunna
med masse samhandling innanfor skule, barnehage, idrett, fritid
og næring ikkje skal bli delte av ein bomstasjon som vil innebera
at små daglege turar på vegen vil utløysa store utgifter til bompengar.
For næringslivet kan også desse bomstasjonane fjerna store delar
av næringsgrunnlaget.
For forslagsstillarane
er det viktig å få på plass ei løysing før vegen opnar i haust.
Forslagsstillarane sitt primære ynskje er å fjerna bompengar på
sidevegane, subsidiært ei løysing som varetek lokaltrafikken på
sidevegane.