Representantforslag om ei miljøklagenemnd
Dette dokument
- Representantforslag 172 S (2021–2022)
- Fra: Birgit Oline Kjerstad, Lars Haltbrekken og Andreas Sjalg Unneland
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Bakgrunn
Kvart år vert det fatta tusenvis av forvaltningsvedtak som har alvorlege fylgjer for miljøet. Vedtaka vert gjorde av både kommunale, fylkeskommunale og statlege forvaltningsorgan, og kan handle om løyve til forureining, arealomdisponering, utbygging eller til dømes uttak av trua rovdyr.
Dei fleste sektorlovene som omhandlar natur og miljø, stiller miljørettslege krav til den aktuelle verksemda. I tillegg skal dei miljørettslege prinsippa i naturmangfaldlova §§ 8-12 varetakast i alle offentlege forvaltningsvedtak, jf. naturmangfaldlova § 7. Eit sunt miljø, ein natur der produksjonsevna og naturmangfaldet vert vareteke for komande generasjonar, og at disponering av naturressursane vert gjord til det beste for kommande slekter, er dessutan ein menneskerett nedfelt i Grunnlova § 112.
Natur- og miljøomsyn er underlagde lovgiving, og det er ei allmenn plikt å vareta felles natur- og miljøverdiar som ei overordna samfunnsinteresse, men ofte er det få eller ingen som aktivt opprettheld denne interessa når ho er i strid med meir kortsiktige mål. Domstolskontrollen i miljøsaker både er og har vore nesten fråverande. Undersøkingar viser at av alle sivile saker i norske domstolar i perioden 1996 til 2005 handla berre omkring 0,4 pst. om miljø. (Ref. Fauchald. Environmental Justice in Courts – a Case Study from Norway. Nordisk miljörettslig tidsskrift/Nordic Environmental Law Journal 2010:1. s. 54). Ein kan spørje seg om talet er for lågt med tanke på det totale talet forvaltningssaker og dei konsekvensane desse har for miljøet. Det er altså svært sjeldan at ei sak som omhandlar miljøspørsmål, får ei uavhengig prøving i domstolane, men det har vore nokre få som har fått mykje merksemd, slik som klimasøksmålet, som omhandla klimaeffekten av 24. konsesjonsrunde på sokkelen, saka om vindkraft på Haramsfjellet og ulvesøksmålet for å hindre skyting av freda ulv.
Sjølv om det er mogleg for både natur- og miljøorganisasjonar og einskildpersonar å klage på vedtak som er fatta, og til slutt gå til søksmål for domstolen for å få endra vedtak, så er det likevel sjeldan at det skjer. I Noreg er risikoen for kostnadene ved å gjennomføre eit vanleg søksmål gjennom rettssystemet så store at det berre unntaksvis skjer at miljøsaker når domstolane. Sivilsamfunnet og friviljuge organisasjonar har ikkje ressursar til å ta forvaltningsvedtak gjennom rettssystemet, og det som kan vere feilaktige vedtak som rammar natur og klima, vert ståande.
For å sikre ein miljørettsleg kontroll av forvaltningsvedtak er det difor trong for eit rimeleg, effektivt og uavhengig overprøvingsorgan, ei miljøklagenemnd, som kan sikre at miljølovgivinga vert overhalden av forvaltninga. Ifylgje Århuskonvensjonen er Noreg pålagt å ha ei slik ordning for å kunne prøve forvaltningvedtak utan at det er for kostbart å fremje sak, jf. konvensjonens artikkel 9. Det er ikkje nødvendig at dette er i form av ein eigen domstol eller eit domstolsliknande organ, men i og med at det i dag ikkje er eit funksjonelt system, så må det vurderast.
FN har i sin spesialrapport for miljø og menneskerettar slått fast at det kan vere nødvendig å
«[c]onsider the creation of a specialised environmental court or tribunal.»
(A/HRC/43/53/Add.2, Section 95 (c))
Rapporten viser til at det finst over 1 000 slike i ulike land i verda, og at det kan vere viktig for å gi ålmenta ein reell sjanse til å fremje omsynet til naturen. Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) har i sin rapport «Climate and Human Rights» konkludert med at det er noko som må vurderast.
Sverige har ein eigen miljødomstol, og Danmark har ei miljøklagenemnd. Kvart år vert mange forvaltningsvedtak gjenstand for effektiv miljørettsleg kontroll gjennom desse ordningane. Det er difor på tide å greie ut ei slik ordning, også i Noreg.
Risiko for store kostnader er i dag eit stort hinder for at einskildpersonar og organisasjonar prøver miljø- og klimasaker for domstolane. Tvistelova gir høve til å få unntak frå sakskostnader dersom «tungtveiende grunner gjør det rimelig», jf. tvistelova § 20-2. Det kan omfatte saker fremja på vegner av klima og miljø, men det gir inga reell sikring. Det bør difor greiast ut ei endring i tvistelova som gir ein klar heimel om føreseielege kostnader i saker som vert klaga inn på vegner av natur, miljø og klima, ein hovedregel som gir unntak frå høge sakskostnader i miljøsaker.
Forslag
På denne bakgrunnen vert det fremja følgjande
-
Stortinget ber regjeringa greie ut ei eiga miljøklagenemnd, med sikte på å opprette eit domstolliknende organ der ein enkelt kan få prøvd forvaltningsvedtak som har verknad for natur, miljø og klima.
-
Stortinget ber regjeringa greie ut og kome tilbake til Stortinget med framlegg som sikrar at søksmål for domstolane som vert fremja på vegner av natur-, miljø- og klimainteresser, som hovedregel skal få unntak for sakskostnader.
Birgit Oline Kjerstad |
Lars Haltbrekken |
Andreas Sjalg Unneland |