Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innhold
På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande
Stortinget ber regjeringa vurdere korleis ein kan løfte og formalisere kompetansen for yrkesutøvarar innan demontering og gjenbruk i bygg- og anleggsbransjen i utdanningssektoren, og komme tilbake til Stortinget med ein plan for gjennomføring.
Planen bør særleg ha tema som:
korleis berekraft, sirkulærøkonomi og gjenbruk blir synleggjort i fagplanane for modulstrukturert fag- og yrkesopplæring, som skal fornyast sommaren 2023
korleis demontering og gjenbruk kan passe inn i dei yrkesfaglege løpa
Stortinget ber regjeringa sikre at lærarutdanningane og etter- og vidareutdanningstilbod til lærarar gir auka forståing for berekraftig utvikling og fagleg og pedagogisk arbeid med berekraft i alle fag, i tråd med innføringa av berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema i læreplanane gjennom fagfornyinga.
Stortinget ber regjeringa vurdere korleis nye anleggsmaskiner og utstyr som er basert på nullutslepp, kan bli integrerte i utdanningsløpa.