Visjon
om ingen omkomne fiskarar (nullvisjon)
Ein har fleire nullvisjonar
i Noreg, m.a. ein visjon om ingen drepne eller hardt skadde i vegtrafikken
og ein nullvisjon for sjølvmord.
Ein nullvisjon føreset
eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid og bygger gjerne
på tre grunnpilarar: etikk, vitskap og at alle aktørar på det aktuelle
området tar ansvar. Ein nullvisjon krev òg at ein set det som skjer, inn
i ein større samanheng, og ikkje berre har merksemd på den enkelte
hendinga og ulykka.
Trass alt arbeid
med tryggleiken til fiskarane er fiskaryrket altså framleis det
farlegaste som er. Det er utanfor det ein kan slå seg til ro med.
Ein må derfor stille spørsmålet om ein ikkje gjer nok, og om det
framleis kan henge igjen ein slags aksept for at havet gir og tar.
Tida er derfor nå
inne for å tenke nytt, for å klargjere at samfunnet etisk og moralsk
ikkje lenger skal godta alle desse yrkesrelaterte dødsfalla, og
for å fastsette ein visjon om at det ikkje skal omkome ein einaste
fiskar i framtida. Ein slik nullvisjon krev eit langsiktig, systematisk
og målretta arbeid av alle aktørar som påverkar tryggleiken til
sjøs, og vil gjennomsyre alt ein gjer når ein dei neste tiåra skal
vidareutvikle, modernisere og forme dei norske fiskeria.
Fiskeria gir samfunnet
enorme, evigvarande verdiar kvart einaste år, både i form av mat
og aktivitet langs kysten og i reine pengeinntekter. Berre i 2021
eksporterte Noreg for eksempel torsk for 9,8 mrd. kroner, makrell
for 5,9 mrd. kroner, sild for 4,2 mrd. kroner og sei for 2,5 mrd.
kroner. Og potensialet for vidare vekst er til òg stades. Skal ein
ta vare på og utvikle fiskerinæringa, og skal ein greie å rekruttere
nye fiskarar, kan ikkje fiskaryrket vere eit farleg yrke i framtida.