Effektiv
motarbeiding av pandemien krev internasjonal solidaritet
Den globale skeivfordelinga
er i første rekke eit problem for låginntektsland, der pandemien
har sett kampen mot fattigdom kraftig tilbake. Det skjer både på grunn
av auka sjukdomsbyrde og overbelastning av allereie hardt pressa
helsetenester, og på grunn av dei sosiale og økonomiske konsekvensane
av nedstenging. Samtidig er den manglande tilgangen på vaksinar, medisinar
og medisinsk utstyr i fattige land ein stor trussel mot effektiv
motarbeiding av pandemien i heile verda, inkludert i rike land som
Noreg.
Pandemien blir forsterka
av at nye mutantar oftast blir utvikla i område med høg smitte,
og lite behandling, eller i kroppar som har andre (ubehandla) sjukdommar og
der viruset kan mutera fritt. Dette kan forklara kvifor den svært
aktive covid-delta-varianten identifisert i India i oktober 2020,
og covid-omikron-varianten identifisert i Sør-Afrika 24. november
2021, har oppstått. Nye mutantar kjem heilt som varsla av ekspertane.
Utviklinga kan hindrast eller reduserast ved at statar som ikkje har
same tilgang til å sikra seg vaksinar, medisinar, verneutstyr og
testar, får ei slik moglegheit.
Tilgang kan bli gitt
ved at donorland kjøper medisinar, vaksinar og utstyr og donerer
til fattige land og menneske. Men det er for det første uføreseieleg
for mottakarane, og skaper dessutan avhengigheit – ein situasjon
som er heilt unødvendig og uverdig på same tid. I tillegg er det
ein føresetnad at det finst vaksinar og utstyr å kjøpa, noko som
ikkje har vore tilfellet, og COVAX har hatt store problem med å
kjøpa vaksinar. Organisering og finansiering av COVAX har vist seg
å vera både ineffektiv og heilt utilstrekkeleg. Ser ein på eksempelet Sør-Afrika,
så kom det ingen vaksinar dit i heile første kvartal i 2021. Derimot
kom 50 pst. av dei lova vaksinane mellom juli og september, i ferietida
i det globale nord. Det er svært vanskeleg for eit kvart land å
planlegga distribusjon og beredskap for så uføreseielege vaksineleveransar,
og endå vanskelegare når vaksinane dei mottar, har kort haldbarheit.
Fleire land har gode
produksjonsmoglegheiter. Men farmasøytisk industri som allereie
er ein del av den globale produksjonskjeda, lokalisert for eksempel
i India, får ikkje produsera til eigne innbyggarar eller til andre
fattige land. Dei blir hindra av patentregelverket i Verdas handelsorganisasjon
(WTO), og av uvilje fra farmasøytisk industri som er gitt monopol
og held prisar hemmeleg.