Bakgrunn
Stortinget har gjort
vedtak om innføring av krav om nullutslepp for cruiseskip og båttrafikk
i verdsarvfjordane, inkludert Geirangerfjorden frå og med 2026.
Normal trafikk til
området er ca. 220 skip per år av verdas største cruiseskip og 400 000
passasjerar, som genererer ei verdiskaping på om lag 100 mill. kroner
årleg.
For å kunne gjennomføre
nullutsleppsvedtaket vil kravet om både landstraum og ladestraum
vere heilt sentralt. Frå 2025 er det også innført krav om Tier 3,
som det i realiteten berre er eit sterkt avgrensa antal cruiseskip
i verda som har.
Det er liten eller
ingen grunn til å tru at noko cruiseskip vil kunne oppnå nullutslepp
innan vedtakstidspunktet 2026, men sannsynlegvis ikkje før tidlegast 2030,
og truleg ikkje før fram mot 2035.
I dag er det ca.
220 anløp av cruiseskip til Geiranger per år, som ligg på tender
eller ved seawalkanlegg. Ved innløpet til Geirangerfjorden ligg
ei ny og moderne cruisekai i Hellesylt sentrum, der det årleg er
om lag 100 cruiseskip som anløper.
Straumsituasjonen
i desse to cruisehamnene er dramatisk dårleg.
Ein nyleg rapport
som vart lagd fram ved hjelp av Mørenett, viser at kostnaden for
tilførsel av tilstrekkeleg straumkapasitet til Geiranger vil, på
grunn av verdsarvstatusen, kome på svimlande 500 mill. kroner+,
uansett teknisk løysing.
I Geiranger har ein
eit svært stort behov for straum, og status er at det i dette området
berre er 2 MW disponibelt. Kapasiteten er så dårleg at det ikkje
er mogleg å kople til fleire bustadar eller bedrifter osv.
Ved landstraumanlegg
for cruiseskip vil ein ha eit behov for om lag 15–25 GWh, for lading
av ferjer ca. 6–7 GWh, og for lading av bilar og andre mindre båtar
ytterlegare GWh. I tillegg er det planlagt eigen parkeringshall i
fjell som også har behov for straum.
I Hellesylt er det
i dag ei større moderne cruisekai som tar imot alle typar av skip.
Det er også i Hellesylt eit stort behov for straum, då det i dag
berre er om lag 6–7 GWh disponibelt.
Det er også her nyleg
lagt fram ein rapport ved hjelp av Mørenett, som syner at tilførsel
av nødvendig straum til Hellesylt vil medføre eit behov for utbetring
og auka kapasitet i linjenettet i Sognekraft mot Hornindal. Vidare
vil ny 132 KW linje måtte byggjast frå Hornindal til Hellesylt.
Kostnaden for desse to tiltaka er berekna til minst 220 mill. kroner+.
I Hellesylt vil ein
også ha eit straumbehov på 15–25 GWh for cruiseskip, 6–7 GWh for
ferjer og fleire GWh for lading av andre båtar, bilar osv.
Det er no snart berre
fire år til kravet om nullutslepp for verdsarvfjorden og Geiranger
trer i kraft. Derfor hastar det svært mykje med å avklare korleis
ein kan møte desse utfordringane. Storsamfunnet og stortingsfleirtalet
har vedteke kravet om nullutslepp i verdsarvfjordane, som Geirangerfjorden
og Nærøyfjorden/Flåm, som altså vil få betydelege konsekvensar for
ei stor og viktig turist- og cruisenæring.
Verken næringa eller
kommunane har moglegheit til å finansiere tilstrekkeleg med straumkapasitet
til Geirangerfjordområdet inkludert Hellesylt, noko som vil kunne
bety at nullutsleppsvedtaket betyr «tom fjord» og ikkje «grøn fjord»
i framtida.
Fyrste prioritet
for området er tilstrekkeleg straumkapasitet til Hellesylt så raskt
som råd, slik at cruiseskip kan ligge der, og der turistane vidare
kan verte frakta inn verdsarvfjorden og til Geiranger med mindre
nullutsleppsfartøy som vil kunne gå på straum eller hydrogen.
Vidare prioritet
vil vere å få på plass tilstrekkeleg med straumkapasitet til Geiranger,
anten gjennom ny vurdering av kraftproduksjon eller linje inn til
området, som altså er svært dyrt.