Representantforslag om ein brei gjennomgang av tilbodet til barn og unge med behov for hjelp for psykiske plager og lidingar, og tiltak for å styrke barne- og ungdomspsykiatrien i Noreg

Søk

Innhold

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Psykisk helse er noko alle har og er påverka av. Psykiske plager og lidingar hos barn og unge er blant dei største helseutfordringane i Noreg i dag. Når barn og unge får ei psykisk liding, er kostnadane også store for både familien og samfunnet rundt (Heckmann 2013). Tidleg, god og riktig hjelp vil vere avgjerande for barna si vidare utvikling. Barneombodet leverte nyleg ein rapport om barne- og ungdomspsykiatrien (BUP), med tittelen – Jeg skulle hatt BUP i en koffert. Rapporten viser til at det dei siste åra har kome mange planar og tiltak med mål om å betre den psykiske helsetenesta for barn og unge. Utfordringane har lenge vore godt kjende både i faglege og politisk miljø. Trass i dette går dei same problema igjen år etter år. Rapporten sin konklusjon er at dagens psykiske helsevern ikkje er rigga godt nok å oppfylle barn sin rett til best mogleg helsehjelp.

Barneombodet viser i rapporten til at FNs barnekomité ved fleire høve har peika på at det psykiske helsevernet for barn og unge i Noreg er for dårleg utvikla, og at det hastar med effektive tiltak. Barneombodet ber i rapporten myndigheitene om å tenke nytt, lytte til barn og unge sine erfaringar og ta inn over seg at tenestene må tilpassast barn og unge sine særskilte behov for fleksible tenester. Utfordringane dreier seg både om vegen inn i BUP, om det som skjer medan barnet er i behandling, og om vegen ut av behandling.

Barneombodet er bekymra for lange ventetider og ulik praksis ved vurdering av tilvisingar og manglande fleksibilitet i behandlinga som må tilpassast barna sine behov. Ombodet er også bekymra for kompetansen til dei som gir behandling til barn med komplekse lidingar og ansvarsforholdet mellom BUP og kommunehelsetenesta. Barneombodet viser til at det i dag manglar systematisk oversikt over talet på avslag på tilvisingar og klager, slik at ein ikkje kan seie noko om det totale talet på barn som blir avviste i BUP, og som klagar på dette. Barneombodet meiner at barn og unge må få betre informasjon om rettane sine. Barneombodet meiner også at det ser ut til at finansieringsmodellen for BUP, med takstar knytte til kodar for aktivitet, avgrensar tenestene sin fleksibilitet. Barneombodet meiner det er behov for ein brei gjennomgang av tilbodet til barn og unge med behov for hjelp for psykiske plager og lidingar.

Forslagsstillarane vil understreke behovet for auka kapasitet i barne- og ungdomspsykiatrien og at ambulant verksemd og desentraliserte tenester må vidareutviklast for at ein skal kunne gi barn og unge hjelp nærast mogleg der dei bur. Ifølge Statistisk sentralbyrå (SSB) har talet på døgnplassar for barn og unge falle frå 329 i 2009 til 305 i 2013 og til 301 i 2019. Forslagsstillarane er bekymra for at nedbygginga av sengeplassar har gått for langt, og viser også til at nye sjukehus gjerne planlegg for ein ytterlegare reduksjon i talet på døgnplassar. Forslagsstillarane meiner det er svært viktig at barn og unge ikkje må vente for lenge på hjelp frå barne- og ungdomspsykiatrien. Gjennomsnittleg ventetid til BUP var i 2019 på 45 dagar. Målet for 2019 var gjennomsnittleg ventetid som var lågare enn 40 dagar. For 2021 er målet satt ned til 35 dagar. 12 pst. av pasientane innanfor psykisk helsevern for barn og unge måtte i 2019 vente meir enn 60 dagar etter fristen før helsehjelp blei sett i gang.

Forslagsstillarane viser til at barne- og ungdomspsykiatrien tradisjonelt har vore prega av ei tydeleg tverrfagleg tilnærming, som må bevarast for å gi best moglege tenester til barn, unge og deira familiar. Det er viktig å rekruttere både legar, pedagogar, sosionomar, psykologar m.fl. til tenestene for barn og unge.

Ifølge Helsedirektoratet er rekruttering og utdanning av legespesialistar i barne- og ungdomspsykiatri meldt inn av fleire helseføretak som ein spesialitet som treng strategisk merksemd. Dette blir grunngitt med høg alder blant overlegane, høg turnover, forventa vekst på grunn av oppfølging av det politiske målet om «den gylne regel», altså større vekst i psykiatri og rus enn i somatikk.

Forslagsstillarane viser til at Forandringsfabrikken sine psykisk helse-proffar har samla erfaringar frå 104 barn og unge med erfaringar frå BUP i boka «Psykisk helsevern fra oss som kjenner det» (Universitetsforlaget, 2019). Deira råd er klare: «det må være mindre oppmerksomhet på symptomer og diagnoser. Behandlerne må nå inn til hva det er som faktisk er vondt, og ikke bare fjerne symptomene, eller det ungdommene kaller 'det som er utenpå'». Forslagsstillarane meiner dagens finansiering av BUP og innføringa av pakkeforløp kan ha påverka tenestene i feil retning, med meir diagnosefokus og mindre tid og kapasitet til oppfølging og samarbeid med den enkelte, familien, skulehelsetenesta, barnevernet og andre relevante instansar.

Forslagsstillarane meiner det er behov for eit løft for barne- og ungdomspsykiatrien i Noreg. Barneombodets rapport og tilrådingar om ein brei gjennomgang av tenestene bør følgast opp. Barne- og ungdomspsykiatrien treng betre finansiering, auka behandlingskapasitet med auka ambulant verksemd, fleire sengeplassar, utdanning av spesialistar og eit sterkare samarbeid med kommunehelsetenesta.

Forslag

På denne bakgrunnen blir det fremma følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa sette ned eit offentleg utval som gjennomgår psykiske helsetenester for barn og unge på bakgrunn av funna i Barneombodets rapport. Utvalet skal også sjå på samanhengen mellom hjelpa som blir tilbydd i første- og andrelinjetenesta.

  2. Stortinget ber regjeringa auke behandlingskapasiteten i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og stoppe reduksjonen av sengekapasitet for å sikre korte ventetider og gi barn og unge hjelp nærast der dei bur, og tilgang til nødvendig døgnbehandling.

  3. Stortinget ber regjeringa sikre at barn og unge under 18 år som blir akutt psykisk sjuke, får innlegging i barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, også i helga og på kveldstid, slik at dei ikkje må leggast inn på akuttpsykiatrisk avdeling for vaksne.

  4. Stortinget ber regjeringa avvikle innsatsstyrt finansiering av barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) for å sikre barn og unge fleksible tenester.

  5. Stortinget ber regjeringa legge fram ein plan om å sikre nødvendig utdanning og rekruttering av legespesialistar og andre spesialistar innanfor barne- og ungdomspsykiatrien (BUP).

  6. Stortinget ber regjeringa sikre lik saksbehandlingspraksis i barne- og ungdomspsykiatrien (BUP) og at alle tilvisingar blir vurderte av leiarar i BUP med spesialistkompetanse. Stortinget ber vidare regjeringa om at barn og unge må sikrast betre informasjon om rettane sine.

  7. Stortinget ber regjeringa sikre helsesjukepleiarar tilvisingsrett til BUP.

  8. Stortinget ber regjeringa fremme tiltak for å realisere samarbeidsmodellar for auka samhandling mellom skulehelsetenesta og barne- og ungdomspsykiatrien (BUP). Grunnlaget for modellane må vere at skulehelsetenesta, som følgjer skulemiljøet og kjenner elevane over tid, er best posisjonert til å førebygge lettare psykiske problem og bidra til rask behandling.

4. november 2020

Kjersti Toppe

Ole André Myhrvold

Jenny Klinge

Marit Knutsdatter Strand