Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag om å stoppe økonomisk motiverte kutt i pasienttilboda i helseføretaka og stanse nedlegging av fødeavdeling og døgnbehandling ved DPS og rehabilitering i Møre og Romsdal

Til Stortinget

Bakgrunn

Helseføretaka sitt føremål er, ifølgje lov om helseføretak m.m., å yte gode og likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det, når dei treng det, uavhengig av alder, kjønn, bustad, økonomi og etnisk bakgrunn, og legge til rette for forsking og undervisning. Regionale helseføretak har eit overordna ansvar for å sette i verk den nasjonale helsepolitikken i helseregionen. Forslagsstillarane viser til at det i mange helseføretak i landet no skjer reduksjon av sengekapasitet og andre nedbyggingar av sjukehustilbodet. Pasientansvaret blir ført over til kommunane. Dette kan vere ei rett fagleg utvikling, men erfaringa er at dette skjer utan at kommunane har fått bygd ut tilbodet sitt i forkant. Forslagsstillarane meiner denne utviklinga er i strid med nasjonale føringar og går ut over pasientane sitt helsetilbod. Fellesnemnaren for det som skjer, er ei sentralisering i spesialisthelsetenesta som trugar føremålet om å sikre likeverdige spesialisthelsetenester til alle som treng det, når dei treng det.

Forslagsstillarane viser til at kutt i sjukehustilboda mange stader er økonomisk motiverte, i sær for å effektivisere i drift for å klare eigenkapitalen ved nybygg. Store omleggingar i pasienttilboda skjer, utan at folkevalde står fram og tek ansvar for det. Forslagsstillarane viser til at Senterpartiet vil avvikle helseføretaksmodellen og innføre folkevald styring av sjukehus, og representantar for partiet har fremma forslag om det i Stortinget (Dokument 8:96 S (2014–2015), jf. Innst. 377 S(2014–2015)). Forslagsstillarane registrerer at den nye regjeringsplattforma (Granavolden-erklæringa) slår fast at dagens styring av sjukehus skal vidareførast, utan folkevalde i styra.

Omstilling i strid med nasjonal helsepolitikk

Forslagsstillarane viser til Oppdragsdokument 2019, som blei sendt ut til dei regionale helseføretaka 15. januar 2019. Oppdragsdokumenta inneheld krav frå Helse- og omsorgsdepartementet om kva oppgåver dei regionale helseføretaka skal utføra påfølgande år, og om kva krav som blir sette til dei regionale helseføretaka. I Oppdragsdokument 2019 er eit av styringskrava at omstilling av spesialisthelsetenesta som råkar kommunane ikkje skal gjennomførast før dialog eller før kommunane, er i stand til å handtere dei nye oppgåvene. Det er ifølgje oppdragsdokumentet ein føresetnad at omstillinga gir brukarane eit kontinuerleg og like godt eller betre tenestetilbod enn før. I Oppdragsdokument 2019 blir det også stilt styringskrav om å prioritere psykisk helsevern og tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB), og at distriktspsykiatriske senter (DPS) og psykisk helsevern for barn og unge skal prioriterast innan psykisk helsevern. Fleire av omstillingane og kuttforslaga som skjer i helseføretaka no, rettar seg ikkje etter desse nemnde styringskrava i oppdragsdokumentet, og er etter forslagsstillarane si vurdering derfor i strid med nasjonal helsepolitikk.

Forslagsstillarane viser til at regionale helseføretak er eigd av staten og har det overordna ansvaret for å sette i verk den nasjonale helsepolitikken i helseregionen. Men helseføretakslova § 30 slår fast at det er føretaksmøtet – statsråden – som treffer vedtak i vesentlege saker som kan ha prinsipielle sider eller samfunnsmessige verknader. I slike saker har ikkje helseføretaka vedtakskompetanse. Dette betyr at regjeringa må ta ansvar for større, vesentlege endringar i sjukehustilbodet.

Tiltaksområde Helse Møre og Romsdal

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok på styremøte 4. desember 2018 ei nedbemanning på 200 årsverk, eit vedtak som på ekstraordinært styremøte den 15. januar 2019 blei justert til å omhandle ein kostnadsreduksjon på 131 mill. kroner. Den utløysande faktoren for dette var ifølgje styrepapira føretaket sin økonomiske situasjon. Plan for kostnadsreduksjon vart lagt fram for styret på ekstraordinært styremøte 24. januar 2019. I styremøtet blei ni tiltaksområde vedtatt for å omstille eller effektivisere drifta (jf. styresak 7/19):

1) Reduksjon av meirtid til 2015-nivå. 2) Tilpassing av sengekapasitet med meir effektiv og kortare liggetid. 3) Endring av tilbodet innan spesialisert rehabilitering. 4) Tilpassing av døgntilbodet innan psykisk helsevern og rus. 5) Samling av fødetilbodet. 6) Tilpassing av prehospital- og intensivtilbodet. 7) Outsourcing av støttetenester. 8) Produktivitetsauke innan operativ verksemd. 9) Effektivisering av arbeidsprosessar gjennom digitale løysingar.

Konkret betyr desse forslaga at DPS Sjøholt risikerer å miste tilbodet sitt om døgnbehandling. Rehabiliteringssentera på Mork og Aure vil kunne bli lagt ned, fordi 30–33 senger innan rehabilitering skal kuttast. Ei av fødeavdelingane i Molde eller Kristiansund vil kunne leggast ned sommaren 2019. I tillegg står ambulansestasjonar i fare for å bli lagde ned, og reduksjon av meirtid, kutt i liggetid og sengekapasitet vil kunne gi store negative konsekvensar for kvalitet og pasientsikkerheit på sjukehus , svekka beredskap og auka pasientansvar til kommunane.

Sparetiltaka er etter forslagsstillarane si vurdering i sum ikkje forsvarlege, både ut frå omfanget, manglande risikovurderingar og at endringar skal skje relativt brått. Sparetiltaka vil òg gi store konsekvensar for kommunane, som i løpet av veldig kort tid risikerer å måtte ta over ansvaret for mange fleire pasientar. At omlegging av tilbod skjer så raskt, med budsjettverknad allereie i 2019, fører til at kommunar ikkje har sjanse til å bygge opp tilbodet sitt i forkant. Dette vil gå ut over pasientane.

Forslagsstillarane meiner at nedlegging av rehabiliteringstilbodet ved Mork og Aure og kutt i sengekapasitet på spesialisert rehabilitering er i strid med styringskrava i Oppdragsdokument 2019 om at ingen endringar i spesialisthelsetenesta som råkar kommunane, skal skje før dialog eller før kommunane er i stand til å handtere dei nye oppgåvene. Forslaga er også i strid med Oppdragsdokument 2019 sitt krav om at omstillingar skal gi brukarane eit kontinuerleg og like godt eller betre tenestetilbod enn før. Nedlegging av døgnbehandling ved Sjøholt DPS er i strid med Oppdragsdokument 2019 sitt krav om å styrke psykisk helsevern og DPS.

Brot med Stortingets fødevedtak

Ifølgje tiltaksplanen skal fødeavdelingane i Molde og Kristiansund slåast saman frå sommaren 2019 for å spare 5–15 årsverk. Det skal gjennomførast ROS-analyse for å få fram risikoar samanslåinga kan gi, og kva som er aktuelle kompenserande tiltak. Men det kjem klart fram at risikoanalysen ikkje skal handle om kor vidt ein skal få til samanslåing eller ikkje. ROS-analysen for samanslåing av fødeavdelingane viser seg å lyse raudt på 10 av 19 risikoområde. Men det hindrar ikkje føretaket i gå vidare med planane. Det er dokumentert at auke i reiseavstand ved fødsel aukar risikoen for mor og barn. Ein samla fagbevegelse ved Kristiansund sjukehus har sendt bekymringsmelding til helseføretaket om samanslåing av fødeavdelingane, og fryktar redusert rekruttering og tap av viktig kompetanse på kort og lang sikt. Forslagsstillarane viser til Innst. 280 S (2017–2018) og vedtak nr. 750 (2017–2018):

«Stortinget ber regjeringen sikre en trygg og fremtidsrettet fødselsomsorg ved å sikre dagens fødeinstitusjoner.»

Forslagsstillarane meiner at nedlegging av ei fødeavdeling i Møre og Romsdal frå sommaren 2019 vil vere i strid med Stortingets vedtak. Nedlegging av fødeavdeling kjem også inn under helseføretakslova § 30 og må opp til vedtak i føretaksmøtet.

Forslag

På denne bakgrunnen legg forslagsstillarane fram følgjande

forslag:
  1. Stortinget ber regjeringa syte før at det ikkje skjer endringar i spesialisthelsetenesta som rammar kommunane, før kommunane er i stand til å handtere dei nye oppgåvene og det er dokumentert at brukarane får eit kontinuerleg og like godt eller betre tenestetilbod enn før.

  2. Stortinget ber regjeringa følgje opp Stortingets vedtak nr. 750 (2017–2018) og ikkje godkjenne nedlegging av fødeavdeling i Møre og Romsdal, jf. Helse Møre og Romsdal sitt vedtak frå 24. januar 2019.

  3. Stortinget ber regjeringa syte for at Helse Midt-Norge stansar Helse Møre og Romsdal sitt vedtak frå 24. januar 2019 om kutt i døgnbehandling ved Sjøholt DPS.

  4. Stortinget ber regjeringa syte for at Helse Midt-Norge stansar Helse Møre og Romsdal sitt vedtak frå 24. januar 2019 og sikrar vidare drift i rehabiliteringstilbodet ved Aure og Mork.

13. februar 2019

Kjersti Toppe

Geir Inge Lien

Per Olaf Lundteigen