Bakgunn
Ein har i dag eit
system for luftfartsavgifter som skal finansiere drift av lufthamnene,
og som skal gje incentiv til reduserte utslepp frå luftfart. Likevel
er ikkje avgiftssystemet innretta slik at det er ein samanheng mellom reiseavstand
og avgift. Eit av problema med dagens avgift er at korte ruter med
små fly har ei mykje høgare avgift enn både lange og korte ruter
med større typar fly. Det gjer at dei kommersielle rutene som betener
store deler av Distrikts-Noreg, ikkje har ei høvesvis avgiftsbelastning.
Landingsavgiftene er inndelt i vektklassar, noko som gjer at mindre
fly med lågt setetal får ei høgare avgift per seteplass enn store
fly sjølv om dei er tyngre. Dette medfører høge billettprisar, noko
som igjen svekkjer konkurranseevna overfor andre transportformer.
Det er urimeleg at det er høgare norske avgifter per passasjer tur-retur
Stokmarknes–Bodø enn Oslo–London.
Forslagsstillarane
meiner ein må endre avgiftene for luftfarten. Det må utarbeidast
eit nytt system som sikrar at mindre fly ikkje har høvesvis større
avgifter per passasjer enn store fly. Avgifter som er innførte av
miljøomsyn, må òg differensierast slik at reiseavstand påverkar storleiken
på avgifta. Slik tek ein i vare prinsippet om at forureinar skal
betale.
El-fly er i uttestingsfasen,
og fleire har peika på kortbanenettet for utprøving av denne teknologien,
då ein raskast vil få fly av mindre type på marknaden. Avgiftssystemet
bør òg vere i forkant av ei slik teknologiutvikling der mindre,
utsleppsfrie fly ikkje har høgare avgifter enn større fly.
Forslagsstillarane
meiner ei endring av systemet må gjerast slik at den samla inntekta
til Avinor ikkje vert endra i negativ retning.