Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Innhold
På denne bakgrunnen set forslagsstillarane fram følgjande
Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å likestille vilkåra for pensjonssparing for sjølvstendig næringsdrivande/enkeltpersonføretak og frilansar med innskotsgrensene som gjeld for vanlege arbeidstakarar.
Stortinget ber regjeringa fremje forslag om å styrkje sjukelønsordninga for sjølvstendig næringsdrivande.
Stortinget ber regjeringa greie ut effektane av å forlengje ordninga som lar sjølvstendig næringsdrivande behalde retten til dagpengar, frå eitt til tre år ved overgangen frå lønsarbeid til eiga verksemd.