Pensjonssparing
Taket for pensjonssparing
for vanlege tilsette er 7 prosent for dei med løn opp til 12G. Det
er i tillegg mogeleg med eit tilleggsinnskot på 18,1 prosent av løn
mellom 7G og 12G (til saman 25,1 prosent). For sjølvstendig næringsdrivande,
enkeltmannsføretak/tilsett i eiga AS og frilansar er innskotsgrensa
berre 4 prosent og gjeld for inntekter mellom 1G og 12G.
Denne forskjellsbehandlinga
gjer det vanskelegare for personar å ta valet om å starte eige føretak.
I ei undersøking utført av fagforbundet Akademikerne (2016) kjem
det fram at manglande tryggleik i samband med sjukdom og økonomi
er dei to største utfordringane for gründerar i dag.
Difor må ein styrkje
dei sosiale rettane til sjølvstendige. Ein veit at behovet for tryggleik
er større hos kvinnelege gründerar, som i dag berre utgjer 30 prosent
av sjølvstendig næringsdrivande i Noreg. Skal ein utnytte entreprenørpotensialet,
må ein òg auke talet på kvinner blant sjølvstendig næringsdrivande.
Dagens pensjonsordning
gjer at fleire sjølvstendige går ein usikker alderdom i møte. Den
sosiale kostnaden ved det er betydeleg, men endå større er den samfunnsøkonomiske
kostnaden ved å gjere det mindre attraktivt å starte eiga verksemd
enn å behalde ei stilling som vanleg tilsett.