Raseforbod
Kamphundloven av
1991 var den første loven som la føringar for at rase og utsjånad,
ikkje åtferd, skulle vere avgjerande i ei trusselevaluering. Kamphundloven
vart innført samstundes som fleire andre land innførte liknande
reglar, på bakgrunn av enkeltepisodar i andre land, der
hundar hadde gått til åtak på menneske. Kamphundloven vart avløyst
av hundeloven i 2003.
Hundeloven utvida
forbodslista til òg å omfatte amerikansk staffordshireterrier på
grunn av likskapen til den allereie forbodne pitbull-rasen.
Andre land har sidan
avvikla raseforbod fordi det ikkje finst grunnlag for å seie at
raseforbod minskar talet på hundebitt mot menneske. Statistikk frå
Italia og Nederland, som òg har erfaring med raseforbod, tyder på
at det ikkje er nokon samanheng mellom raseforbod og ein nedgang
i talet på hundebitt. I Sverige sin «djurskyddsförordning» er det
ikkje forbod mot spesifikke rasar. Difor er ei samanlikning av situasjonen
i Noreg og Sverige nyttig i ei framtidig utgreiing.
Tal frå Nederland
(2007) viste at verken talet på hundebitt eller talet på dødsfall
som følgje av hundebitt hadde gått ned etter at forbodet mot pitbull
og rottweiler vart innført i 1993 og 2000. Statistikk frå USA peikar
på at dei fleste hundebitt skjer i heimen, og at hunden som bit,
kjenner personen han går til åtak på. Dette tyder på at hundehald
og forståinga av aggressivitet hos hundar er vel så utslagsgjevande som
rase.
Raseforbodet gjer
i dag at politiet i stor grad ser på rase og ikkje på åtferd. Dette
er problematisk fordi det betyr at ressursar ikkje i stor nok grad
går til å førebyggje uforsvarleg hundehald, men heller til å avlive
bestemte hunderasar. Det er eit problem for offentleg tryggleik,
men òg ei påkjenning for eigarar av hundar med ein utsjånad som
gjer at politiet kan oppfatte at dei høyrer til ein rase på forbodslista.
Raseforbodet kan òg føre til ein falsk tryggleik og mindre vektlegging
av haldningsskapande arbeid hos hundehaldarar.
Fråværet av eit utgreiingsgrunnlag
gjer at det er vanskeleg å vurdere nytta av raseforbodet som hundeloven
utvida. Forslagsstillaren meiner difor at regjeringa har eit ansvar
for å greie ut effekten av loven, med mål om å vurdere om norsk
hundelovgjeving skal fokusere meir på åtferd og mindre på rase.