Mange opplever at
dekninga på DAB-radio ikkje tilsvarar dekninga på FM-nettet i dei
områder der DAB skal vere ferdig utbygd.
Radio er framleis
eit viktig medium som utover underhaldningsverdi også har ein beredskapsfunksjon
som andre medium ikkje dekkar tilfredsstillande. I krig og krisesituasjonar
vil radionettet kunne vere ein kommunikasjonskanal som er avgjerande for
at befolkninga over heile landet vert sikra informasjon frå myndigheitane.
Også i dagleglivet har radio ei viktig rolle, spesielt som vidareformidlar
av sanntids trafikkinformasjon.
Ved vedtak om innføring
av DAB-teknologien 19. mai 2011 (Innst. 329 S (2010–2011)) sette
Stortinget som føresetnad at denne skulle ha tilsvarande dekning
som FM-nettet før FM-nettet vert fasa ut. Blant anna vart fylgjande
sett som føresetnad:
«NRKs radiotilbud
får en digital dekning som svarer til dagens P1-dekning i FM-nettet.
– Den kommersielle delen av DAB-nettet må bygges ut til minst 90
prosent befolkningsdekning.»
Vidare
peika familie- og kulturkomiteen (Stortinget) på:
«Komiteen er enig
i at det skal være krav til beredskap. Det må tas hensyn til demokratisk
deltakelse og at begrepet «digital merverdi» må forstås slik at
hele folket må ha tilgang på digitale radiotilbud.»
Når mange
no opplever at dekninga ikkje er tilfredsstillande, kan ein ikkje
hevde at det digitale radiotilbodet representerer ein meirverdi
for lyttarane, og såleis er ikkje Stortinget sitt krav overhalde.