Førebygge
sjukdom og hindre dødsfall
Det er viktig å fastslå
kva stadium hepatitt C-sjukdomen er i, slik at prognosen kan fastsetjast
og ein kan velje riktig behandling. Tidlegare var leverbiopsi naudsynt
for å fastsetje sjukdomens stadium, men dette har i aukande grad
vorte erstatta av elastografi (leverelastisitetsmåling). Dei siste
åra har ei rekke direkteverkande anti-virale legemiddel mot hepatitt
C blitt tilgjengelige på den norske marknaden. Ny og effektiv behandling
gjer det mulig å i større grad behandle for å hindre smitte og å
redusere prevalensen av hepatitt C i befolkninga. Dette føreset
at sjukdomen vert behandla hos dei som fører smitten vidare.
Aktuelle tiltak i
ein handlingsplan vil vere:
-
Sikre at behandlingstilbodet
er like godt i heile landet og at rusbrukarar og andre personar
i risikogruppa vert nådd i same grad som resten av befolkninga.
-
Opprette eit kvalitetsregister
for behandling av hepatitt C, for å auke kunnskapen om behandlingseffekt
og betre kvaliteten på behandling.
-
Opprette lågterskel
hepatittklinikkar i dei største byane, ved at helsetenesta og spesialisthelsetenesta
går saman om tilpassa lågterskel hepatitt C-klinikkar. Leverelastisitetsmålingar
og anna utreiing og behandling frå spesialisthelsetenesta, må kunne
gjerast på slike klinikkar.
-
Tilbod om elastografi
på alle sjukehus som behandlar mange hepatitt-pasientar.
-
Det må bli ein muligheit
for å utføre hepatitt C utredning og behandling i alle fengsel og
rusbehandlingsinstitusjonar.
På trass
av relativt god tilgang til reine sprøyter i Norge, fortsetter HCV
å spreie seg. Det sterkaste argumentet mot behandling av alle med
hepatitt C infeksjon i tidleg fase er at risikoen for re-infeksjon
er stor.
For å hindre alvorleg
leversjukdom, kreftutvikling og dødsfall må handlingsplanen innehalde
tiltak for å:
-
Tilby behandling
til alle hepatitt C pasientar med betydeleg leverskade.
-
Utreie gjennomføringsmuligheit
, kostnader og effekt ved å behandle alle pasientar med hepatitt C
gjennom ein målretta innsats over 5–15 år.
-
Gjennomføre ein studie
der samanhengen mellom gitt behandling og observert prevalens blir dokumentert
i avgrensa miljø av rusbrukarar og på populasjonsnivå over tid.
Forslagsstillaren
vil understreke at skisserte tiltakspunkt med tekstomtale i dette
representantforslaget er henta frå utkast til nasjonal hepatittstrategi
frå Folkehelseinstituttet.