Ei god svangerskapsomsorg, eit trygt fødetilbod og nær oppfølging
i barseltida er avgjerande for å sikre god helse hos mor og barn,
mestring og trivsel. Svangerskaps- og fødselsomsorga i Noreg held
høg kvalitet i internasjonal samanheng. Men mykje tyder på at denne
delen av helsetenesta kan forbetrast på viktige område. I St. meld.
nr. 12 (2008–2009) En gledelig begivenhet – Om ein samanhengande
svangerskaps-, fødsels- og barselomsorg, vart følgjande fem innsatsområde
prioritert: ei heilskapleg svangerskapsomsorg, eit trygt fødetilbod,
eit familievennleg barseltilbod, kvalitet i alle ledd og eit bredt
brukarperspektiv. Stortinget slutta seg til forslaget i meldinga
om at inndeling av fødeinstitusjonane i tre nivå – kvinneklinikk,
fødeavdeling og fødestove – skulle oppretthaldast. Volumkrava vart
oppheva og erstatta av nasjonale kvalitetskrav. Helsedirektoratet
fekk i oppdrag av Helse- og omsorgsdepartementet å utarbeide kvalitetskrav
til svangerskaps-, fødsels- og barselomsorga. Dessutan vart dei
regionale helseføretaka pålagt å utarbeide ein fleirårig heilskapleg
og lokalt tilpassa plan for fødetilbodet i regionen. Planen skulle
også omfatte svangerskaps- og barselomsorga. Ansvaret for følgjetenesta
vart overført til dei regionale helseføretaka.
I april 2010 kom Helsedirektoratet med rapporten «Et trygt fødetilbud
– forslag til kvalitetskrav for fødeinstitusjoner». Kvalitetskrava
blei utarbeida etter bestilling frå eit samla storting, som i samsvar med
Innst. S. nr. 240 (2008–2009), jf. St. meld. nr. 12 (2008–2009),
vedtok at det skulle utarbeidast nye kvalitetskrav for både kvinneklinikkar,
fødeavdelingar og fødestover. Kvalitetskrava til fødeinstitusjonar
omfattar både krav til organisering, oppgåve- og funksjonsfordeling,
krav til kompetanse, system for oppfølging av krava og krav til
informasjon og kommunikasjon.
I kvalitetskrava er det slått fast at bemanninga i kvinneklinikkane
må vere tilstrekkeleg til å vareta forsvarleg overvaking og behandling.
Kvinneklinikkane skal også etterkomme den faglege anbefalinga om
at alle fødande kvinner skal ha ei jordmor hos seg under aktiv fase
av fødselen (punkt 9.4 i rapporten). Rapporten slår fast at det
ligg føre god dokumentasjon på at fødande bør følgjast opp av ein
person som er til stades på fødestova i den aktive fase av fødselen,
og at dette vil ha ei rekke positive effektar for kvinner både med
og utan risiko. Av faglege kvalitetsomsyn anbefalast det frå Helsedirektoratet
si side at alle fødande skal ha ei jordmor hos seg så tidleg som
mogleg i aktiv fase av fødselen og til fødselen er over. Både sjuke
og friske kvinner skal prioriterast og få den hjelpa og støtta dei
har behov for i denne delen av fødselen.
Kvalitetskrava slår også fast seleksjonskriterium for fødsel
ved kvinneklinikk, som skal vere pasientar med risikofaktorar, slik
som Diabetes mellitus, fleirlingefødslar osv. Men kvinneklinikkar
er i tillegg fødetilbod for mange fødande kvinner utan kjente risikofaktorar.
Det er helseføretaka som har ansvaret for å lage eit system slik
at kvalitetskrava til fødeinstitusjonar blir følgde opp, både når
det gjeld organisering og resultat. Kvalitetskrava slår fast at
det også bør utarbeidast spesifikke melderutinar innan fødselshjelp (punkt
9.5 i rapporten).
Ifølgje Helsedirektoratet sin rapport føder majoriteten av kvinner
i dag på dei største kvinneklinikkane eller fødeavdelingane omkring
dei største byane eller tettbygde strøk. Under 10 pst. av fødslane
i Noreg går føre på dei små fødeinstitusjonane med mindre enn 500
fødslar. Nye seleksjonskrav til fødestover og fødeavdelingar kan
medføre enda sterkare press på dei store kvinneklinikkane. Då er
det avgjerande at kvalitetskrava til kvinneklinikkar blir implementerte.
I tillegg kan det vere riktig å styrkje fødeavdelingane på dei mindre
sjukehusa i nærleiken til pressområde, slik at dei kan bidra til
å avlaste kvinneklinikkane ved normalfødslar. Tilbakemeldingar frå
pasientar og fagfolk tyder på at kvalitetskrava til fødselsomsorga frå
2010 enda ikkje er tilstrekkelig implementerte.
I ein artikkel i Aftenposten 16. juli 2015 åtvara jordmødrer
mot det som dei meiner er sprengt kapasitet ved alle fødeavdelingane
i Stor-Oslo, også ved Akershus universitetssykehus og Bærum sykehus. Dei
var bekymra for at dette kunne føre til uheldige hendingar for den
fødande, med potensielt farlege konsekvensar. Fødande fortel om
at dei må «krangle seg til» ein fødeplass. I eit brev til leiinga
ved Oslo universitetsykehus (OUS) uttrykte plasstillitsvald jordmor
og føretakstillitsvald jordmor «tverrfaglig bekymring når det gjelder
pasientbehandling – og sikkerhet på grunn av bemanningssituasjonen».
I Bergens Tidende 21. september 2015 står jordmødrer ved Kvinneklinikken
(KK) ved Haukeland universitetssykehus fram og åtvarar mot at bemanninga
ved KK ikkje er jordmorfagleg forsvarleg. Dei meiner at stramt budsjett
og stenging av fødestover i helgane gjer det meir risikofylt for
kvinner som kjem inn for å føde. I eit debattinnlegg i Bergens Tidende same
dag åtvarar leiaren for Den norske jordmorforening i Hordaland dei
fødande mot å føde i KK i helgane. Det blir også sett søkjelys på
at det er noko gale med tildeling av midlar og kodesystemet innanfor helseføretaka.
Når KK har hatt færre komplikasjonar og færre kompliserte fødslar,
fører det til mindre tildeling av pengar og ein meir utfordrande
budsjettsituasjon.
Vidare viser ei kartlegging jordmorforbundet har gjort blant
medlemmene sine, omtalt i Aftenposten 17. juli 2015, at halvparten
av jordmødrene opplever at dei ikkje får overvaka den fødande kvinna
tilstrekkeleg under fødsel. Ei av fire jordmødrer seier dei må avvise
kvinner som er i aktiv fødsel frå fødeavdelinga, og at det sjeldan
er nok jordmødrer til å følgje opp barselkvinner individuelt. Det
blir òg peika på at planlagde heimefødslar og transportfødslar aukar dramatisk.
Fødepopulasjonen er i stor endring. Alder hos førstegongsfødande
er jamt stigande, fleire av dei fødande har livsstilssjukdomar som
diabetes, overvekt osv. Det er eit aukande tal av kvinner som blir
gravide etter assistert befruktning, som ofte krev spesiell overvaking
under fødsel. Fleire av dei fødande får epiduralbedøving og ri-stimulerande
middel som stiller større krav til overvaking, samtidig som ein
ser ein aukande trend til igangsetjing av fødslar. Fosteret sin
hjartelyd blir ved stadig fleire fødslar overvaka kontinuerleg.
Denne utviklinga krev stor jordmorfagleg kunnskap og tett oppfølging.
Det er avgjerande at fødetilbodet generelt og på kvinneklinikkane spesielt
er sikra god grunnbemanning og riktig fagleg kompetanse til ein
kvar tid.
Press på fødeklinikkar og store fødeavdelingar utfordrar også
kvaliteten i barselomsorga. I ein landsomfattande undersøking av
spedbarn sitt kosthold som Statistisk sentralbyrå (SSB) utførte
for Helsedirektoratet hausten 2013, viser det seg at det har vore ein
nedgang i talet på barn som blir amma i andre levehalvår. Forslagsstillarane
er bekymra for at utviklinga med kortare liggetid på sjukehus kombinert med
manglande oppfølging av barselkvinner i kommunane, kan bidra negativt
til denne utviklinga. I 2014 fremma Helsedirektoratet nasjonale
faglege retningslinjer for barselomsorga. Retningslinjene peikar
på at all klinisk erfaring og forsking viser at det er avgjerande
at mor og barn får ein tett oppfølging fram til amminga er vel etablert,
uavhengig av om mor og barn er på sjukehus eller i heimen. I Jordmorforbundet
si medlemsundersøking svarte fleirtalet av jordmødrene at barselkvinner
ikkje fekk heimebesøk i tråd med gjeldande retningslinjer frå Helsedirektoratet.
Mange kvinner reiser heim før amminga er etablert. Spesialisthelsetenesta
må ta ansvar for at barselkvinner får den oppfølginga som dei har
behov for, i tråd med dei nye kvalitetskrava for barselomsorga.
Forslagsstillarane viser også til representantforslag frå Kjersi
Toppe og Jenny Klinge (Dokument 8:112 S (2014–2015)) om å styrkje
jordmortenesta i norske kommunar. Dette er ein viktig føresetnad
for ei styrka barselomsorg.
Spesialisthelsetenesta er med regjeringa Solberg 50 pst. aktivitetsfinansiert.
Fødselsomsorga er også ein del av denne «innsatsstyrte» finansieringa.
Helseføretaka kan velje å rammefinansiere sine sjukehus og sjukehusavdelingar,
men vel å vidareføre denne aktivitetsbaserte finansieringa heilt
ned på avdelingsnivå. Det betyr at fødeavdelingar og kvinneklinikkar tener
pengar på komplikasjonar hos dei fødande, medan dei ikkje tenar
pengar på å følgje opp kvalitetskrava, til dømes kravet om ei jordmor
hos den fødande i aktiv fase av fødselen. I dette finansieringssystemet
står trygg fødselshjelp fram som underfinansiert. Kvinneklinikkar
som på Haukeland, opplever at normale fødslar med god omsorg undervegs
gir økonomiske tap. Eit eksempel er blødningar. Blødning på over
500 ml utgjer ei inntekt på 5 000 kroner per fødsel for sjukehuset.
Blødning kan førebyggjast med god jordmorfagleg kompetanse under fødsel.
KK i Bergen har 10 pst. færre blødningar enn samanliknande region.
Med 5 000 fødslar i året kan dei tene 2,5 mill. kroner på 10 pst.
meir blødningar (jf. innlegg i Bergens Tidende 29. september 2015
av spesialist i kvinnesjukdomar og fødselshjelp). Dette viser at
finansieringssystemet ikkje underbyggjer kvalitet, men kan vere
til hinder for gode prioriteringar. God fødselshjelp må bidra til
å unngå unødvendige inngrep og komplikasjonar. Ei god fødselshjelp må
ha ei finansiering som sikrar ei slik prioritering, der ein har
råd til å ha beredskap om akutte ting skjer.
Forslagsstillarane vil også vise til at fødeavdelingar i dag
vert bemanna som sengepostar og ikkje som akuttavdelingar, fordi
det vert operert med ventelister. Ved å kategorisere fødeavdelingar
som akuttpostar, vil ein kunne bidra til å løyse nokre av bemanningsproblema
og sikre at alle fødande til ei kvar tid har ei jordmor hos seg
i aktiv fase av fødselen.