På denne bakgrunnen fremjast følgjande
forslag:
1. Stortinget ber regjeringa fremme
sak om å rammefinansiere fødselsomsorga slik at kvalitet blir premiert
og at ein sikrar forsvarleg bemanning som eit akuttilbod.
2. Stortinget ber regjeringa pålegge helseføretaka i løpet
av 2016 å sikre at kvalitetskrava til fødeinstitusjonar frå 2010
blir implementerte, både når det gjeld organisering og resultat.
3. Stortinget ber regjeringa pålegge helseføretaka å etterkomme
den faglege anbefalinga om at alle fødande skal sikrast jordmor
til stades i aktiv fase av fødselen.