Representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete, Marit Arnstad, Bård Vegar Solhjell og Audun Lysbakken om framlegging av rammeverket i TISA-avtala

Dette dokument

  • Dokument 8:90 S (2014–2015)
  • Dato: 14.04.2015
  • Sidetall: 2

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

I dag vert frihandelsavtalen for tenester, TISA (Trade in Services Agreement), forhandla med stor grad av hemmeleghald. Noreg er aktiv deltakar og, etter det forslagsstillarane forstår, pådrivar. Regjeringa Solberg er no inne i andre år av forhandlingane, og det er særs avgrensa offentleg innsyn i prosessen. Det er likevel kome fram ein del informasjon via Wikileaks, EU, sivilsamfunnsaktørar og andre kjelder. Med bakgrunn i denne informasjonen åtvarar ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar mot ei avtale som kan institusjonalisere utanlandske tenesteleverandører sine rettar og ta frå styresmakter makt på ei rekkje område. Styresmaktene, både i Noreg og i EU, avviser på si side kritikken som feil og hevdar at avtala vil få positiv effekt på norsk økonomi og sysselsetjing. Sjeldan har sivilsamfunn og styresmakter så diametralt ulik meining om kva som står på spel, både internasjonalt og i Noreg.

Det offentlege ordskiftet er prega av hemmeleghaldet rundt forhandlingane, påstandar frå begge sider, og gjer det vanskeleg med ei substansiell demokratisk drøfting om forhandlingane.

Regjeringa understrekar at ein ynskjer ein så open prosess som råd er. Forslagsstillarane meiner likevel at regjeringa stendig gir utilstrekkelege og til dels motstridande svar på spørsmål frå stortingsrepresentantar og sivilsamfunn. I tillegg er all tilgjengeleg informasjon annanhands via Utenriksdepartementet, noko som gjer ei reell analyse av kva som står på spel vanskeleg. Etter det forslagsstillarane kjenner til ser det ikkje ut til å eksistere noko norsk mandat for TISA-forhandlingane. Dersom dette er rett, vil manglande mandat medverke til at meir makt over prosessen vert overført frå folkevalde til embetsverket.

Slik debatten no går i Noreg og andre land, burde tilnærminga til TISA-forhandlingane gjennomførast på ein annan måte. Sjølve rammeverket for heile TISA-avtala må offentleggjerast. I forhandlingane om GATS (General Agreement on Trade in Services) etter år 2000 har det vore praksis at regelverket i avtala har vore avklara, før ein har forhandla om opning og liberalisering av ulike sektorar. Basert på den informasjonen som er komen ut, tyder mykje på at forhandlingane om TISA-avtala allereie dreier seg om sektorar. Forslagsstillarane understrekar at det er essensielt at rammeverket for desse forhandlingane er klart og tilgjengelig for demokratisk debatt før ein set i gang og avsluttar forhandlingar om opning og liberalisering av ulike sektorer.

Forslagsstillarane vil understreke at framlegget i denne omgang ikkje krev ei full offentleggjering av Noreg sine posisjonar i TISA-forhandlingane med tanke på opning av marknadstilgang til ulike sektorar. Forslagsstillarane ber om at rammeverket som per i dag ligg til grunn for TISA-forhandlingane, med tilhøyrande klausular og omtalar av desse, ope blir lagt fram for Stortinget. Dette er prinsippa som ligg til grunn for forhandlingane. Per i dag er informasjon om desse klausulane, slik som «frys og skralle»-mekanismen (standstill & ratchet), og omfanget av regelen om «negativ listing», berre tilgjengeleg som annanhandsinformasjon frå Utenriksdepartementet. Dette gjer det umogeleg å føre ein kritisk demokratisk debatt om premissane for denne avtala.

Forslagsstillarane ber om at klausulane, og tilhøyrande informasjon om desse, må leggjast fram nøyaktig slik dei no står skrivne inn i rammeverket som no ligg til grunn for forhandlingane. Offentleggjeringa av rammeverket i TISA vil medverke til å opplyse den offentlege debatten og syte for at folkevalde, media og det norske folk kan bidra med relevante og naudsynte innspel til regjeringa i dette arbeidet. Dette vil sikre ein meir open demokratisk debatt om TISA-avtala sine positive og negative konsekvensar.

Både styresmakter og sivilsamfunn er samde om at TISA-avtala vil påverke sentrale deler av norsk økonomi dersom ein kjem i mål. For folkevalde, media og det norske folk er det likevel i dag nærast uråd å få vite kva som står på spel på grunn av det avgrensa innsynet. Det er difor svært viktig at ein offentleg debatt om handelsavtala kjem i forkant av at avtala skal underteiknast og at opninga av ulike sektorar er forhandla ferdig. Etter at avtala mellom 50 land er ferdigforhandla, vil det truleg bli særs vanskeleg, om ikkje umogeleg, å endre avtala i ei retning som avgrensar marknadsretting og konkurranseutsetjing i Noreg.

Forslag

På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande

forslag:

Stortinget ber regjeringa leggje fram det som det no forhandles om i TISA-avtala, nøyaktig slik det står skrive inn i avtaleteksten, med det som per i dag finst av klausular, informasjon om klausulane og øvrig regelverk som legg føringar for dei sektorvise forhandlingane.

14. april 2015