Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag frå stortingsrepresentantene Ola Elvestuen og Bård Vegar Solhjell om Stortingets involvering i saker om store gruveplanar og sjødeponi

Innhold

Til Stortinget

For første gang på fleire år vert det vurdert å etab-lere deponi av ein viss storleik i norske fjordar i samband med planar om gruveutbyggingar. I sakene står vesentlege interesser mot kvarandre, og handsaminga av sakene vil kunne danne presedens for seinare utbyggingar. Dette representantforslaget tek til orde for at store planar om gruveutbygging og sjødeponi skal leggjast fram for Stortinget før ein gjev eventuelle løyver, i form av utsleppsløyver eller vedtak i samband med reguleringsplanar. Ein foreslår vidare at sakene om gruvedrift med fjorddeponi i Førdefjorden og Repparfjorden skal leggjast fram for Stortinget før ein gjev eventuelle løyver til utslepp og utbygging.

Dei norske fjordane har i mange tusen år gjeve mat og levebrød og utgjer ein vesentleg del av den norske identiteten. Denne funksjonen er ikkje mind-re avgjerande i dag, med fjordane som gyte- og oppvekstområde for fisk og som grunnlag for store næringar som fiskeri, sjømat og turisme. Norske fjordar er likevel under press frå ytre påverknad. I 2011 plasserte Artsdatabanken fjordane på den første norske raudlista for naturtypar. Grunngjevinga var mellom anna påverknadene frå forureining, marin akvakultur og klimaendringar. Det er store kunnskapshol, og fjordane fekk difor vurderinga «DD» (manglande datagrunnlag) i raudlista.

I store utbyggingssaker der vesentlege interesser står mot kvarandre, er det vanleg at Stortinget vert involvert. Nokre gonger er involvering av Stortinget lovfesta. Dette gjeld til dømes ved store vassdragsutbyggingar. I § 2 i vassdragsreguleringsloven står det:

«Vil en vassdragsregulering øke vannkraften i vassdraget med minst 20.000 naturhestekrefter, eller står betydelige interesser mot hverandre, skal saken forelegges for Stortinget før konsesjon blir gitt, med mindre departementet finner det unødvendig.»

Vidare er det slik at i saker som gjeld store petroleumsutbyggingar, blir utbyggingssaker av eit visst omfang handsama i Stortinget før plan for utbygging og drift og utsleppsløyver vert handsama. Då bygging av gasskraftverk for fyrste gong vart vurdert i Noreg, fremja regjeringa eiga sak for Stortinget, før utsleppsløyva vart handsama.

Når fjordar kjem på raudlista for naturtypar, er det etter forslagsstillarane sitt syn viktig å rydde opp i gamle miljøsyndar, redusere den negative påverknaden frå eksisterande aktivitet, og dessutan gjere særskilte vurderingar for kva løyve ein gjev til nye inngrep og utslepp.

Førdefjorden er ein av Vestlandets viktigaste gytefjordar for torsk og ein viktig sjømatfjord. Den reine og artsrike fjorden har fleire fiskeartar på nasjonal og internasjonal raudliste, og fleire av dei har gyte- og oppvekstområde i dei djupare delar av fjorden, der det er søkt om å dumpe gruveavfall. I Førdefjorden er det etablert sjømatbedrifter som produserer og eksporterer sjømat for store verdiar.

Gruveselskapet Nordic Mining har søkt om å sleppe ut 300 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden i løpet av 50 år frå ei rutilgruve i Engebøfjellet i Naustdal kommune.

Miljødirektoratet seier i brev til Klima- og miljødepartementet 4. november 2014 følgjande om etab-lering av fjorddeponi for gruveavfall i Førdefjorden:

«Vi mener også at kunnskapen som foreligger sannsynliggjør at et fjorddeponi, slik det er forespeilet i planforslaget innebærer risiko for at funksjon, struktur og produksjon i økosystemet i Førdefjorden som helhet forringes.» og «Basert på kunnskapen fra de nye rapportene om naturmangfold, samt kunnskapen fra konsekvensutredningen er vår vurdering at en gjennomføring av Engebøprosjektet vil kunne bidra til at forvaltningsmålet for arter i naturmangfoldloven § 5 ikke nås for kysttorsk, pigghå, blålange og ål.»

og

«De negative miljøkonsekvensene av sjødeponiet som vi har identifisert vil i liten grad kunne reduseres gjennom krav i en eventuell tillatelse etter forurensingsloven.»

Miljødirektoratet har konkludert med at dei miljøfaglege omsyna tilseier at innvendinga som er reist mot planane om deponering av gruveavfall i Førdefjorden, bør takast til følgje.

Repparfjord er ein nasjonal laksefjord med eit artsrikt liv som har kome godt tilbake i løpet av dei nesten 40 åra som har gått sidan Folldal verk slutta med å dumpe gruveavfall i fjorden i perioden 1972–1978. Repparfjordelva er også ei rik lakseelv.

Gruveselskapet Nussir har søkt om å sleppe ut 30 millionar tonn gruveavfall i Repparfjord frå ei kopargruve i Kvalsund kommune i løpet av 15 år.

Den kjemiske tilstanden til Repparfjorden er i dag klassifisert som god, men når det gjeld verknaden av det omsøkte utsleppet, seier Fylkesmannen i Finnmark:

«Fylkesmannen mener at særlig utslippene av nikkel er i strid med vannforskriftens § 7. Det må også vurderes om utslipp av kadmium og kvikksølv er i strid med denne bestemmelsen».

Vassdragsforskrifta § 7 dreier seg om plikt til å redusere utslepp av prioriterte stoff, og kopar, kadmium og kvikksølv står på denne lista.

Direktoratet for Naturforvaltning fraråda giftige utslepp frå gruvedrift i Repparfjord fordi det kan utgjere ein stor trussel for mellom anna kysttorsk og laksefisk i fjorden. Dei viste vidare til vassforskrifta som ikkje kan gje unntak for slik kjemisk forureining. Vassforskrifta er den norske lovfestinga av EUs vassdirektiv.

I sakene om etablering av sjødeponi frå gruveverksemd på stader som Førdefjorden og Repparfjord er det vesentlege interesser som står mot kvar-andre. I lokalmiljøa er det ulik vekting av kva omsyn som skal vege tyngst. Selskapa som søkjer om å byggje ut, ser for seg verdiskaping og arbeidsplassar knytt til gruveaktiviteten.

Eit sentralt spørsmål i begge sakene er konsekvensane av etablering av fjorddeponi for restmassar frå gruvene. Den norske mineralstrategien frå 2013 seier at ein ved alle gruveprosjekt skal vurdere tilbakefylling av restmassar i gruvene, og internasjonalt blir dette vurdert som miljømessig beste praksis. Alternativ bruk av restmassen er også utgreidd. Fjorddeponi er likevel vurdert til å vera rimelegare enn andre løysingar.

Havforskingsinstituttet har gått imot søknadene om fjorddeponi i begge fjordar i sine høyringsuttalar, og mellom anna åtvara mot konsekvensar for fiskeegg og livet på botnen. Dåverande Direktoratet for naturforvaltning uttala at dei var uroa for at utslepp av gruveavfall til fjord vil stri mot dei internasjonale forpliktingane Noreg har tatt på seg, mellom anna gjennom Konvensjonen om biologisk mangfald.

Aktørar som Fiskarlaget, Kystfiskarlaget og havbruksnæringa har engasjert seg til forsvar av reine fjordar som grunnlag for trygg sjømat. Internasjonale marknader for matvarer er særs følsame for miljømessige problemstillingar. NHO reiseliv, næringsorganisasjonen Virke og Norske Lakseelver ser planane om utslepp av gruveavfall som eit trugsmål mot turistnæringa. Friluftsorganisasjonar og natur- og miljøorganisasjonar har òg engasjert seg tilsvarande, og eit internasjonalt opprop mot å gje løyve til utslepp i dei to fjordane er underteikna av 33 internasjonale miljøorganisasjonar med fleire millionar medlemmar.

Forslagsstillarane meiner at i spørsmålet om gruveutslepp til fjordar finst motstridande interesser som må vegast opp mot kvarandre. Fiskeri, sjømat og reiseliv er næringar som er avhengige av reine fjordar og eit godt internasjonalt omdømme, og som kan bli skadelidande ved utslepp av gruveavfall. På den andre sida ynskjer dei to gruveselskapa ei rimeleg løysing på avfallsproblemet knytt til etablering av gruveverksemd.

Då Miljødirektoratet vurderte saka om Førdefjorden, uttala dei at veginga mellom motstridande inte-resser i denne saka til sjuande og sist er ei politisk vurdering. Forslagsstillarane er samd i dette og meiner at Stortinget difor må involverast i spørsmålet.

På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber regjeringa etablere ein praksis om at saker som omhandlar store gruveutbyggingar der vesentlege interesse står mot kvarandre, skal leggjast fram for Stortinget for endeleg avgjerd.

  • 2. Stortinget ber regjeringa leggje fram saka om gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden for Stortinget før innsigelse i reguleringsplan og utslepps-løyve vert slutthandsama.

  • 3. Stortinget ber regjeringa om at saka om gruvedrift og sjødeponi i Repparfjord vert lagt fram for Stortinget før utsleppsløyve vert slutthandsama.

24. mars 2015