Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete, Kjersti Toppe, Trine Skei Grande, Sveinung Rotevatn, Bård Vegar Solhjell og Karin Andersen om at Noreg skal arbeide for eit forbod mot atomvåpen

Innhold

Til Stortinget

Det er ingen gode grunnar til at atomvåpen skal vere lovlege. Medan verdssamfunnet har forbode kjemiske og biologiske våpen, er den tredje typen masseøydeleggingsvåpen, atomvåpen, framleis ikkje forbode. Det skjer på tross av at atomvåpen er mest øydeleggjande av dei alle. Atomvåpen vil i bruk føre til massiv, irreversibel menneskeleg og miljømessig skade. Dei fleste av dagens atomvåpen har mange gonger meir sprengkraft enn dei som vart slept over Japan i 1945. Berre eitt av verdas minst 16 000 atomvåpen kan drepe millionar av menneske i løpet av få sekund, i verste fall. Dei katastrofale effektane av atomvåpen vil gjere det umogeleg for redningsarbeidarar og internasjonale organisasjonar å gje humanitær hjelp. Dette gjer atomvåpen til den største humanitære oppgåva i vår tid.

Det internasjonale regelverket for atomvåpen er svakt i dag. Atomvåpen er regulert gjennom ikkjespreiingsavtalen av 1970, også kalla NPT (Nuclear Non-Proliferation Treaty). Han forbyr land som ikkje har atomvåpen å skaffe seg det, og forpliktar statar som hadde atomvåpen, til å ruste ned og forhandle seg fram til full nedrusting.

Det permanente forhandlingsorganet for multilaterale nedrustingsavtalar, Nedrustningskonferansen («The Conference of Disarmament» (CD)), er konsensusorientert og kan ikkje vise til framgang sidan 1996. Det er likeins lite som tydar på at ein vil sjå framgang i åra som kjem. Atommaktene har redusert våpenarsenala sine, men trass denne internasjonale avtalen har i dag ni land til saman minst 16 000 atomvåpen. USA og Russland har om lag 2 000 av sine våpen i høg beredskap, noko som vil seie at dei kan skytast ut i løpet av få minutt. Det føregår i dag ei stor kjernevåpenmodernisering på begge sider av Atlanterhavet. USA har vedtatt å bruke 84 milliardar dollar på å fornye landet sitt atomvåpenprogram. I Russland er det vedtatt opprusting av atomarsenalet for hundrevis av milliardar dollar. Moderniseringa, og den manglande vilja til å ruste ned, fører no til auka fare for spreiing av atomvåpen til fleire statar. Samstundes med dette veks det fram ikkje-statlege aktørar med stor vilje til å bruke makt, og med ein meir realistisk sjanse til å skaffe seg atomvåpen enn for nokre tiår sidan. Sjansen for at atomvåpen skal bli brukt er slik forslagsstillarane ser det større i dag enn under den kalde krigen. Verdssamfunnet har ikkje ein trygg atompolitikk i dag.

Gjennom fleire år har Noreg arbeidd for å påverke denne fastlåste situasjonen, ved å framheve at atomvåpen har uakseptable, humanitære konsekvensar. På eit møte i NPTs forberedande komité i 2012 tok Noreg saman med andre land til orde for at «alle stater må intensivere sin innsats for å forby atomvåpen og oppnå en verden fri for atomvåpen.»http://www.reachingcriticalwill.org/images/documents/ Disarmament-fora/npt/prepcom12/statements/2May_IHL.pdf Det humanitære initiativet vart så starta med ein konferanse i Oslo i mars 2013. Med dette initiativet har Noreg, saman med andre statar, skapt meir dynamikk og optimisme i internasjonalt kjernefysisk nedrustingsarbeid. Merksemda er endra frå atomvåpen som avskrekkingsmekanismar, til atomvåpen som inhumane masseøydeleggingsvåpen.

Som eit ledd i det humanitære initiativet samla representantar frå verdas statar seg i desember 2014 i Wien til den tredje konferansen om dei humanitære konsekvensane av atomvåpen. Austerrike la ved slutten av møtet fram ei erklæring om at dei lovar å arbeide for å «stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen», og har invitert alle statar til å slutte seg til («associate with») dette løftet. Det austerrikske løftet, også kalla «The Austrian Pledge» er eit verkemiddel for å bringe vidare den dynamikken som så langt er skapt innan det humanitære initiativet. Ved å slutte seg til løftet vil andre land vere med på å understreke dei humanitære argumenta mot atomvåpen, og vise at det er store internasjonale forventningar til at det no må handlast. Det politiske grunnlaget for eit forbod mot kjernevåpen er i aller høgste grad til stades no. Det er viktig at Noreg, Mexico og Austerrike – som så langt har tatt ansvar og vore leiarar i det humanitære initiativet – står saman før NPTs tilsynskonferanse våren 2015.

Slik forslagsstillarane ser det, trengst det ei ny, internasjonal semje om kvar dette arbeidet skal ende: i eit forbod mot atomvåpen. Noreg kan vere ein leiar i dette arbeidet. Landet har tidlegare hatt rolla som internasjonal pådrivar i freds- og nedrustingsspørsmål, og vore leiande i prosessane med internasjonale forbod mot antipersonellminer og klasevåpen. Enkelte hevdar at NATO-medlemskapet vårt gjer det umogeleg. Men det finst ingen juridiske hindringar for at NATO-land kan gå i bresjen for, eller støtte, eit forbod mot atomvåpen.

Noreg bør arbeide saman med dei mange landa som no går inn for ein internasjonal avtale som forbyr atomvåpen. Arbeidet kan følgje same struktur som låg til grunn då klasevåpen vart forbode, med ei kjernegruppe av land som fører det framover. Eit slikt initiativ vil ikkje undergrave NPT, men byggja på han og styrkje han.

På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber regjeringa arbeide for ein internasjonal bindande avtale som forbyr atomvåpen.

  • 2. Stortinget ber regjeringa fremme ei erklæring, eller eit løfte, tilsvarande det løftet Austerrike gav etter den internasjonale konferansen i Wien i desember 2014 om å arbeide for å stigmatisere, forby og avskaffe atomvåpen, også kalla «The Austrian Pledge».

  • 3. Stortinget ber regjeringa ta initiativ til og delta i ei kjernegruppe av land som kan arbeide for eit internasjonalt forbod mot atomvåpen.

12. mars 2015