Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Fredric Holen Bjørdal, Dag Terje Andersen, Anette Trettebergstuen, Lise Christoffersen og Sonja Mandt om eit tryggare arbeidsmiljø for arbeidstakarar i valds- og trugsmålutsette yrke

Innhold

Til Stortinget

Undersøkingar over fleire år viser at nokre yrkesgrupper er særleg utsette for vald og/eller trugsmål om vald i arbeidet. Til dømes viser ein FAFO-rapport frå 2009 at 60 pst. av barnevernstilsette og tilsette i bustader for psykisk utviklingshemma har opplevd vald og/eller trugsmål i løpet av det siste året. Det er ikkje noko som tyder på at desse tala har gått ned sidan 2009. Så store tal tydeleggjer at for somme arbeidstakarar er vald på arbeidsstaden blitt daglegdags.

Dette bryt med intensjonen i arbeidsmiljølova om å sikre eit arbeidsmiljø som er helsefremjande og gjev full tryggleik mot fysiske og psykiske skadeverknader. Seinare års alvorlege hendingar i til dømes Nav og barnevernet har aktualisert dette, og viser at det er behov for ytterlegare tiltak. Å bli utsett for vald og trugsmål kan leie til alvorlege fysiske, psykiske og sosiale konsekvensar for arbeidstakarar. I mange tilfelle vil dette gå ut over arbeidsevna. 137 000 arbeidstakarar blir utsette for vald eller trugsmål minst éin gong i månaden, ifølgje Arbeidstilsynet. Å bli utsett for dette er ikkje ei privatsak, men ei arbeidsmiljøutfordring som må løysast gjennom tett samarbeid mellom partane i arbeidslivet. Dette er i samsvar med arbeidsmiljølova § 4-3 fjerde ledd, som seier at arbeidstakar så langt det er mogleg skal vernast mot vald, trugsmål og uheldige belastningar som følgje av kontakt med andre.

Mange yrke har vald og trugsmål som ei arbeidsmiljøutfordring. Maktutøvande yrke som politi og fengselsvesen, arbeidstakarar som handterer verdisaker, helsepersonell og andre i omsorgs- og sørvisbransjen er mellom dei mest utsette. Dobbelt så mange kvinner som menn rapporterer om vald og trugsmål, og nokre bransjar har negativ utvikling. Til dømes er talet på registrerte hendingar i Nav nesten firedobla frå 2010 til 2013. Nav har sjølv presentert ei rekkje tiltak som ein bør vurdere å innføre for å betre tryggleiken, og fleire tilsetteorganisasjonar meiner ein må ta grep for å betre situasjonen. Det høyrer med til bakgrunnen for at forslagsstillarane no meiner regjeringa må setje i verk fleire tiltak.

Arbeidsmiljølova er ei av våre fremste folkehelselover, og er fundamentet for helse, miljø og tryggleik i arbeidslivet. Ein føresetnad for tryggleik på arbeidsplassen er eit sterkt regelverk, der fast tilsetjing er hovudregelen. Eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø er dessutan avhengig av arbeidstidsordningar som er føreseielege og som tek omsyn til arbeidstakarane si helse, velferd og tryggleik.

Forslagsstillarane meiner regjeringa utfordrar denne tryggleiken med å sende på høyring framlegg til endring av arbeidsmiljølova, og er uroa over verknaden forslaga kan få for den einskilde arbeidstakar. Auka høve til bruk av overtid, auka rammer for snittutrekning av arbeidstid, lågare faktor for beredskapsvakt og ei meir generell opning for søndagsarbeid vil endre arbeidslivet i ei negativ retning. Forslagsstillarane meiner, til liks med mange av høyringsinstansane, at framlegga som no er sende på høyring klårt svekkjer dei verneføremål arbeidsmiljølova er meint å ha, jf. § 1-1.

Lange arbeidsøkter aukar risikoen for ulukker, feilhandlingar, helseskader m.m., og omsynet til å førebyggje slike uheldige effektar bør vege tungt. Slike verneomsyn er i liten grad ivaretekne i regjeringa sitt framlegg. Forslagsstillarane meiner at dagens arbeidsmiljøregelverk er ein føresetnad for tryggleiken på arbeidsplassen, og meiner at arbeidsmiljølova må styrkjast snarare enn svekkjast.

Forslagsstillarane meiner at ein bør vurdere å styrkje tryggleiken til tilsette i risikoyrke gjennom ei ny forskrift til arbeidsmiljølova. Dette er det høve til etter arbeidsmiljølova § 4-3 femte ledd. Sverige har hatt ei slik forskrift sidan 1993. Med ei slik forskrift kan ein få på plass systematiske og heilskaplege analyser i tryggleiksarbeidet. Det vert såleis eit systematisk verkty for arbeidsgjevar, som bidreg til å ta på alvor dei tilsette som står i krevjande arbeidssituasjonar.

Ei slik forskrift vil plassere ansvaret for tryggleikstiltak og utgreiing av slike hjå arbeidsgjevar, og må omfatte alt arbeid der det finst risiko for vald eller trugsmål. I forskrifta må det ligge krav om at arbeidsgjevar skal utgreie tilhøve som har noko å seie for vald eller trugsmål om vald, og setje i verk dei tiltak som er naudsynte, til dømes kor mange tilsette arbeidsplassen må ha for å løyse oppgåvene, kva slags kompetanse, og korleis arbeidet må organiserast. Vidare korleis dei fysiske rammevilkåra må vere, i tillegg til ei vurdering av om arbeidsplassen har kompetanse og moglegheit til trygt å løyse oppgåvene, eller om risikoen er så stor at andre verksemder må involverast. Tryggleiksutstyr for raskt å kunne tilkalle hjelp i farlege situasjonar, strengare krav til risikovurdering ved aleinearbeid, og ansvar for god oppfølging av vald- og trugsmålutsette arbeidstakarar er òg sentralt innhald i ei eventuell ny forskrift. Truleg finst det mange tilfelle der sjukefråvere og uførheit kunne vore unngått dersom oppfølginga hadde vore betre og meir systematisk.

På denne bakgrunn vil forslagsstillarane difor be Stortinget oppmode regjeringa om å vurdere å utarbeide ei forskrift til arbeidsmiljølova om vald og trugsmål.

Etter det tragiske drapet på Nav Grorud hausten 2013 blei det sett ned ei arbeidsgruppe som utarbeidde rapporten «Sikkerhet i arbeids- og velferdsforvaltningen.» Opplæring og trening i handtering av tryggleik, sikring av Nav-kontora og rutinar for informasjonsdeling var mellom dei viktigaste tiltaka i rapporten for å tryggje dei tilsette i Nav. For forslagsstillarane er det viktig at denne rapporten dannar grunnlag for å skape ein tryggare kvardag for dei tilsette. Difor vil forslagsstillarane be Stortinget om å oppmode regjeringa om å følgje opp denne rapporten, og vurdere iverksetjing av dei konkrete tiltaka.

For forslagsstillarane er det viktig at ein tryggare kvardag for dei tilsette i risikoutsette yrke ikkje vert synonymt med meir kontroll, overvaking og bruk av vektartenester. Likevel er det viktig med gode system og rutinar for rapportering, og at tilsynet med verksemder særleg innafor helse og omsorg er sterkt. Forslagsstillarane ber difor Stortinget om å oppmode regjeringa om å styrkje fylkesmannsembetet sin tilsynsfunksjon, og vurdere om arbeidstilsynet har tilstrekkeleg kompetanse på tryggleik, vald og trugsmål. Det er òg naudsynt med ein landsomfattande gjennomgang av HMT-tilhøva i barnevernet.

Det er i dag for lite forsking og dokumentasjon kring området vald og trugsmål i arbeidslivet generelt, og tilstanden i institusjonar spesielt. Til dømes oppmoda Nav-arbeidsgruppa nemnd ovanfor til å greie ut samanhengen mellom talet på tilsette og konsekvensar for vald og trugsmål. Dette er ei utgreiing regjeringa snarast bør setje i verk.

Forslagsstillarane meiner at helse- og omsorgstenester i utgangspunktet er ei offentleg oppgåve. Mange institusjonar, til dømes innafor barnevernet, er kommersielle, og må haldast på ei armlengd avstand av det offentlege. Når innslaget av private behandlingsinstitusjonar blir større og større, og ein ser at mange av dei går med store overskot på å drive omsorgsoppgåver på vegner av det offentlege, kan det vere grunn til å stille spørsmål om tryggleiken, bemanningssituasjonen og kompetansen ved private behandlingsinstitusjonar er god nok. Dette må bli sett i samanheng med ei heilskapleg vurdering av om tilbodet i dag for dei personane med størst rus- eller åtferdsproblem er godt nok og best mogleg organisert.

På denne bakgrunn fremjast følgjande

forslag:

Stortinget bed regjeringa, i samarbeid med partane i arbeidslivet, vurdere gjennomføring av følgjande framlegg, og leggje fram for Stortinget:

  • 1. Vurdere om tryggleiken til arbeidstakarane kan styrkjast gjennom ei forskrift til arbeidsmiljølova om vald og trugsmål.

  • 2. Følgje opp og setje i verk dei konkrete tiltaka i rapporten «Sikkerhet i arbeids- og velferdsforvaltningen.»

  • 3. Styrkje fylkesmannsembetet sin tilsynsfunksjon, og vurdere om Arbeidstilsynet har god nok kompetanse innafor vald og trugsmål i arbeidslivet.

  • 4. Setje i verk landsomfattande tilsyn med helse, miljø og tryggleikssituasjonen innafor barnevernet.

  • 5. Greie ut samanhengen mellom bemanningssituasjonen og vald/trugsmål på arbeidsplassen.

  • 6. Gjennomføre ei heilskapleg utgreiing av om tilbodet i dag for personar med størst rus- eller åtferdsproblem er godt nok og best mogleg organisert. Herunder om tilbodet, kompetansen og bemanninga i private behandlingsinstitusjonar er god nok.

5. november 2014