Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe og Heidi Greni om ein handlingsplan for å styrkja symjeferdigheitane hjå born og unge

Innhold

Til Stortinget

Berre halvparten av elevane på femte trinn i grunnskulen kan symje 200 meter. Det viser ei undersøking som Gjensidigestiftelsen og Norges Svømmeforbund fekk utført i 2013. Det er altså minst 150 000 born i Noreg frå fyrste til femte klasse som ikkje kan symje. Noreg ligg langt etter Danmark og Sverige med tanke på kor mange born og unge som er symjedyktige. I Sverige er 86 prosent av born og unge symjedyktige.

Noreg er eit land med lang kyst, og eit folk som i mange situasjonar vil ferdast i og langs vatn. 119 personar i Noreg døydde som følgje av drukning i 2013. Talet er det høgaste sidan 2004 då 141 personar drukna. Ser ein på gjennomsnittet dei siste åra, skjer det om lag 92 drukningsulykker i året i Noreg. Det er eit svært høgt tal, om ein samanliknar med nabolanda. Ifølgje tal frå Norsk Folkehjelp drukna 38 personar i Noreg dei fem fyrste månadane i 2014. Statistikken viser at flest personar druknar mellom mai og august. Undersøkingar viser at fall frå land/brygge i elv/sjø/vatn er den dominerande årsaka ved drukningsulykkene. Forslagsstillarane meiner at betre symjeopplæring kan redusera denne dystre drukningsstatistikken. Forutan at manglande symjeferdigheiter aukar faren for drukningsulykker i Noreg, er også manglande symjeferdigheiter sosialt stigmatiserande og hindrar borna frå sosiale aktivitetar som til dømes padling, fiske og strandliv.

Symjeopplæring er ein del av skulen sitt ansvar i dag:

  • Læreplanen sitt kompetansemål etter 4. årstrinn er at eleven skal kunne «vera trygg i vatn og vere symjedyktig» og «ferdast ved og på vatn og gjere greie for farane».

  • Læreplanen sitt kompetansemål etter 7. årstrinn er at eleven skal kunne «utføre grunnleggjande teknikkar i symjing på magen, på ryggen og under vatn, samt «utføre enkel førstehjelp» som for eksempel hjerte-lungeredning.

  • Læreplanens kompetansemål etter 10. trinn er at eleven skal kunne «symje på magen og ryggen og dukke» samt «forklare og utføre livberging i vatn og livbergande førstehjelp».

Men undersøkingar viser at så mange som halvparten av elevane på femte trinn ikkje kan symje 200 meter. Det viser at altfor mange born og unge ikkje får den opplæringa dei har krav på etter læreplanen og opplæringslova.

Forslagsstillarane meiner at symjeferdigheiter er ein ferdigheit som alle elevar skal kunne tileigne seg i skulen, og at det er eit offentleg ansvar å gi alle elevar ein slik moglegheit. Mange born i Noreg lærer seg å symje av foreldra, gjerne på feriereiser eller ved at dei blir påmeldt private symjekurs. Dette er sjølvsagt positivt. Men dette gjeld langt ifrå alle born og unge, og dei sosiale skilnadane er tydelege. Særleg viser det seg at born med innvandrarbakgrunn i mindre grad lærer seg å symje av familie og vener. Forslagsstillarane meiner difor at alle elevar må sikrast retten til god og individuelt tilpassa symjeopplæring i skulen.

Forslagsstillarane meiner det er eit problem at myndigheitene ikkje har gitt ein klar definisjon på symjedyktigheit. Å vere symjedyktig er eit kompetansemål etter læreplanen, men det finst ikkje ein definisjon på kva det betyr å vere symjedyktig. Norges Svømmeforbund meiner at å vere symjedyktig må definerast til å kunne symje 200 meter. Forslagsstillarane stiller seg bak dette kravet. Berre slik kan kommunane som skuleeigarar målast på evna til å gjennomføre symjeopplæringa i tråd med læreplanen, og alle elevar få tilpassa symjeundervisning.

Det er mange eldre symjeanlegg i Noreg, og mange treng rehabilitering eller å bli skifta ut. Den raud-grøne regjeringa innførte i 2008 rentekompensasjonsordninga for skule- og symjeanlegg. Ordninga var fram til 2014 administrert gjennom Kommunal- og regionaldepartementet. Ny regjering vidareførte ordninga, men overførte ansvaret til Kunnskapsdepartementet. Ordninga skal fortsatt forvaltast av Husbanken. Formålet med ordninga er å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å rehabilitere og investere i skuleanlegg og symjehallar som vert nytta som ein del av skulen sitt opplæringstilbod.

Forslagsstillarane er kjende med at rentekompensasjonsordninga har fungert dårlegare for symjeanlegg, då ordninga i kommunane vert prioritert til skulebygg. I tillegg er erfaringane i mange kommunar at nye skular svært sjeldan blir bygd med skulebasseng, noko som fører til at talet på symjearenaer no vert redusert.

Forslagsstillarane meiner det må meir målretta, økonomiske verkemiddel til for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på symjeanlegg, og sikre nødvendige nybygg. Derfor må rentekompensasjonsordninga forbetrast for symjeanlegg i kommunane. Symjeanlegg blir i stor grad nytta av publikum til uorganisert, fysisk aktivitet og blir brukt mykje av skular, barnehagar og andre kommunale tilbod. Ei slik satsing er difor òg eit viktig folkehelsetiltak.

For å sikre god symjeopplæring i skulen er det viktig med god tilgang til symjehallar, men det er også viktig med gode lærarar som sikrar god kvalitet i symjeundervisninga. Forslagsstillarane viser til behovet for kompetansehevande tiltak for lærarar som skal undervise i symjing og livberging. Det er i dag stor kompetanse i ulike idrettsorganisasjonar og frivillige organisasjonar i å drive symjeopplæring. Forslagsstillarane meiner at det må oppmuntrast til og leggjast til rette for eit samarbeid mellom skule/barnehage og idrettsorganisasjonar og andre frivillige organisasjonar som driv med symjeopplæring og utdannar symjeinstruktørar, fordi dette kan vere ein god måte å sikre kvalitet og kompetanseoverføring på når det gjeld symjeopplæring i skulen.

Forslagsstillarane meiner det er behov for ei konkret satsing med tydelege politiske målsettingar for symjeopplæringa. Det må utarbeidast ein konkret handlingsplan med både overordna målsettingar og klare tiltak for å sikre betre symjeferdigheiter blant born og unge . Målet med handlingsplanen må vere at elevar på femte trinn skal vere symjedyktige innan 2020, det vil seie kunne symje 200 meter, og at kompetansemåla for 7. trinn og 10. trinn blir innfridd for alle elevar. Planen må omhandle fylgjande tiltak:

  • Innføre statleg definisjon på symjedyktigheit – å kunne symje 200 meter.

  • Gjennomgå læreplanen sine kompetansemål for symjing for å lage ferdigheitskrav også tidlegare enn 4. klasse, slik at ein startar symjeundervisninga tidlegare enn i dag.

  • Innføre «symjeknappen» igjen. Alle kommunar må innføre ferdigheitsprøver i symjing for å sikre at alle elevane er symjedyktige og for å sikre tilpassa symjeundervisning til den einskilde elev.

  • Gjennomføre kompetansehevande tiltak til lærarar for å betre kvaliteten i symjeundervisninga, gjerne i eit samarbeid med idretten.

  • Innrette statlege garantiordningar og rentekompensasjonsordninge for skulebygg og symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert prioritert i kommunane.

Forslagsstillarane fremmar på denne bakgrunn fylgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber regjeringa fremma ein konkret handlingsplan for å styrkje symjeundervisninga i Noreg og betre symjeferdigheitene hjå born og unge slik at drukningsulykker kan reduserast.

  • 2. Stortinget ber regjeringa definere symjedyktigheit til å kunne symje 200 meter, og settje mål om at alle elevar på 5. trinn skal vera symjedyktige innan 2020.

  • 3. Stortinget ber regjeringa sikre at kommunar tar i bruk symjeferdigheitstestar – «symjeknappen» - for at alle elevar skal få individuelt tilpassa symjeundervisning.

  • 4. Stortinget ber regjeringa innrette statlege garantiordningar og rentekompensasjonsordningar for skulebygg og symjeanlegg slik at rehabilitering og nybygg av symjeanlegg vert prioritert i kommunane.

20. juni 2014