Representantforslag frå stortingsrepresentantane Bjørn Lødemel, Nikolai Astrup, Øyvind Halleraker, Ivar Kristiansen og Siri Meling om å setja ned eit ekspertutval for å greie ut framtidas teknologi for framføring av elektrisk straum

Innhold

Til Stortinget

Bakgrunn

Statnett SF har for tida omfattande planar for å forsterke så vel det nasjonale sentralnettet som kraftoverføringa til utlandet. Statnett SF ser i sin nye nettutviklingsplan behov for investeringar i sentralnettet i storleiken 20–45 mrd. kroner i kommande tiårsperiode. Det er eit klart behov for dette, både for å styrkje forsyningssikkerheita innanlands, for å leggje til rette for utbygging av ny kraftproduksjon frå fornybare energikjelder, for å auka verdiskapinga basert på utnytting av fornybare energikjelder, for å bidra til å styrkje forsyningssikkerheita for energi i våre europeiske naboland og for å redusere klimagassutslepp i Europa. På same tid skapar utbygginga av sentralnettet store konfliktar i delar av landet der ein fryktar at store skjemmande kraftlinjer og høgspentmaster vil øydeleggje verdifulle naturlandskap. Dette gjeld ikkje minst i fjordlandskapet på Vestlandet der det er planlagt nye 420 kV linjer som kjem i konflikt med viktige nasjonale og internasjonale landskapsområder, reisemål og nær inn mot UNESCO sine verdsarvområder.

Ein bør ved forsterkinga av sentralnettet også ha sterkare fokus på estetiske omsyn og konsekvensar for miljø og nærføring til busetnad. Mange stader kan kraftlinjer i luftspenn også skape frykt for stråling og redusert livkvalitet. Det er mogleg med ei meir skånsam utbyggjing i høve til desse omsyna ved at delar av nettet kan leggjast i kabel i sjøbotnen eller i jordkabel. Ein bør derfor nytte den planlagde utbygginga av sentralnettet til å utvikle og prøve ut ny teknologi som kan gje ein meir skånsam kraftoverføring gjennom sårbare naturområde, på same tid som forsyningssikkerheita blir teken vare på. Slik teknologi er i dag tilgjengeleg eller er i ferd med å bli det. Eit døme på dette er den såkalla VSC-teknologien. Det føregår også mykje spennande teknologiutvikling på dette området, både når det gjeld kapasitet og pris, og det er viktig å sende klare signal til desse miljøa/bedriftene om at det vil bli stort behov for betre kabelteknologi raskt.

Det bør derfor opprettast eit fagleg utval som er samansett av mellom anna representantar for kabelprodusentar, forskingsmiljø og Statnett SF for å gå gjennom nye teknologiske løysingar som kan takast i bruk i framtidas kraftnett. Det blir understreka at oppretting av eit slikt utval ikkje skal gå på kostnad av nødvendig utbygging av sentralnettet for mellom anna å sikre forsyningstryggleiken for elektrisk straum.

Framlegg

På denne bakgrunn fremmar forslagsstillarane følgjande

framlegg:

Stortinget ber Regjeringa oppnemne eit fagleg utval som skal gå gjennom ulike teknologiske løysingar som kan gje ei sikker og meir skånsam kraftoverføring gjennom sårbare naturområder i framtida, herunder bruk av jord- og sjøkabel, og leggje fram sine tilrådingar for Stortinget innan utgangen av 2011.

4. desember 2009