Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Forslag frå stortingsrepresentantane Sigvald Oppebøen Hansen og Britt Hildeng om gjennomgang av dei nye reglane i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd. Ytingar under medisinsk rehabilitering og under attføring

Innhold

Til Stortinget

Regjeringa Bondevik I foreslo i Ot.prp. nr. 48 (1998-1999) nye reglar for ytingar under attføring og medisinsk rehabilitering. Gjennom handsaminga av Innst. O. nr. 65 (1999-2000) slutta Stortinget seg til opplegget. Målet var at endringane skulle stimulere til at fleire kom i arbeid. Fleirtalet i kommunalkomiteen uttala mellom anna:

«Komiteen vil påpeke at de siste års sterke økning i antall personer på uføretrygd er bekymringsfull. I åra framover vil det være økende behov for arbeidskraft, og det er derfor viktig at det settes inn større ressurser for at flere skal kunne komme i arbeid.»

Dei nye reglane blei sette i verk frå 1. januar 2002. Ei rekkje reaksjonar kan tyde på at det er utilsikta utslag ved at enkelte grupper har fått stor reduksjon i ytingar eller samla inntekt ved kombinasjon av arbeid og ytingar. Fleire opplyser at dei har så store økonomiske problem ved overgang til den nye ordninga at dei vurderer å bryte av attføringsopplegget og heller søkje uføretrygd.

Ein samrøystes komité uttala under handsaminga:

«Komiteen støtter forslaget og sier seg enig i at det er viktig å unngå ulikheter i stønadsnivå mellom uføretrygd og ytelser til rehabilitering/attføring som kan føre til at uføretrygding blir valgt av økonomiske årsaker.»

Det blir no meldt om vanskar i den administrative gjennomføringa. Dette er forsterka etter at fleirtalet i Stortinget ved handsaminga av statsbudsjettet for 2002 reduserte løyvingane til arbeidsmarknadsetaten med 30 mill. kroner i høve til forslaget frå regjeringa Stoltenberg.

På denne bakgrunnen er det behov for ein rask gjennomgang av utslaga for ulike grupper. Like eins er det behov for ein gjennomgang av ressursbehovet i arbeidsmarknadsetaten for å sikre ei best mogleg iverksetjing av endringane.

Det vert sett fram følgjande

forslag:

Regjeringa blir beden om, innan utgangen av mars 2002, å leggje fram for Stortinget ein gjennomgang av korleis dei nye reglane for attføring og rehabiliteringspengar har slått ut for ulike grupper, og eventuelt fremje forslag til endringar. Forholdet for personar som forsørgjer barn, skal vurderast særskilt.

Mellom dei endringane som skal vurderast, er auke av friinntekta tilsvarande 1 G.

Regjeringa blir samtidig beden om å leggje fram ein gjennomgang av arbeidsmarknadsetaten sine ressursar for iverksetjing av regelendringa med særskilt vekt på at brukarane skal sikrast god hjelp og rettleiing, og at nødvendige skjema skal vere enkle å bruke.

7. februar 2002