Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Framlegg frå stortingsrepresentantane Inge Lønning og Petter Løvik om tiltak for å betre læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar

Innhold

Til Stortinget

Læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar har lenge vore vanskeleg. I opplæringslova heiter det m.a. at: «Departementet skal sørge for at det blir utarbeidet lærebøker og andre læremidler for spesialundervisning». Dette omfattar også læremiddel for blinde og svaksynte. Likevel skjer det gong etter gong at fleire lærebøker ikkje er tilgjengelege ved skulestart.

Tilfredsstillande tilgang på læremiddel er ein viktig føresetnad for å realisere retten til likeverdig opplæring også for blinde og svaksynte elevar. Det må være eit mål at lærebøker tilpassa synshemma (dvs. lærebøker i punktskrift og/eller lydbøker) er tilgjengelege ved starten av eit skuleår.

Problemet er blitt forsterka gjennom nedbygginga av spesialinstitusjonane for blinde og svaksynte elevar. Ei vellykka integrering av synshemma elevar i «vanleg skule» krev tilgang på dei nødvendige spesialpedagogiske hjelpemiddel.

På bakgrunn av dette gjer vi følgjande

framlegg:

Stortinget ber Regjeringa snarast mogleg treffe tiltak som fører til at læremiddelsituasjonen for blinde og svaksynte elevar er fullt ut tilfredsstillande frå og med skulestart hausten 2001.

2. mai 2001