Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Grunngjeving

Stortinget har ved fleire høve lagt klare føringar og premissar for utviklinga av eit IT- og kunnskapssenter på Fornebu, jf. Budsjett-innst. S. nr. 2 (1997-98) frå familie-, kultur- og administrasjonkomiteen, Innst. S. nr. 232 (1997-98) IT-kompetanse i eit regionalt perspektiv og Innst. S. nr. 99 (1998-99) om enkelte gjenstående spørsmål i forbindelse med etablering av IT-senter på Fornebu.

Den 8. april 1999 sendte Nærings- og handelsdepartementet ut krav og retningsliner for eit IT-og kompetansesenter på Fornebu. (Sjå vedlegg.)

Krava og retningslinene er på fleire punkt i strid med, eller avvik frå, Stortinget sin behandling og vedtak i saka. Arbeiderpartiet og Framskrittspartiet som utgjorde fleirtalet, gjorde i eit brev frå 14. april 1999 til næringsministeren merksam på dette og ba om at departementet snarast foretok endringar eller presiseringar i «Krav og retningslinjer for et IT-kompetanse­senter på Fornebu» slik at dette vart i samsvar med Stortinget sitt fleirtal, slik det kjem til uttrykk i Innst. S. nr. 99 (1998-99) og er gjort greie for i brevet. (Sjå vedlegg.)

I eit svar frå 23. april 1999 konkluderar næringsministeren med følgjande: «På denne bakgrunn anser jeg at det ikke er grunnlag for å gjøre endringer i krav- og retningslinjene.»

Næringsministeren vel altså å ikkje følgje opp Stortinget sitt vedtak og stortingsfleirtalet sine presiseringar. På denne bakgrunn finn ein det naudsynt at Stortinget gjennom eiga behandling får kontroll med at Stortinget sine føresetnader for val av samarbeidande selskap og øvrig gjennomføring er lagt til grunn.