Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Framlegg frå stortingsrepresentantane Astrid Marie Nistad, Sverre J. Hoddevik og Kjell Opseth om driftsvilkåra for Haugland Rehabiliteringssenter - Institusjon i helseregion III.

Innhold

Til Stortinget.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter (RKHR) vart opna den 24. oktober i 1992. Senteret har 50 senger, og er det einaste i helseregion III, godkjent som opptreningssenter gruppe I.

Det er investert ca. 80 mill. kroner i anlegget, som er på 7 500 m2. Det vart bygt på den gode idé at miljø, helse og menneskerettar kunne sameinast i ein internasjonal institusjon i Noreg, og Røde Kors Nordisk United World College vart bygt på Røde Kors sin grunn, i same tun og opna av rørsla sin høge beskyttar HM Dronning Sonja og UWC internasjonale sin president HM Dronning Noor av Jordan, den 30. september 1995. Det er investert ca. 100 mill. kroner i bygningar. Sidan starten har RKNUWC hatt 200 elevar pr. år frå ca. 80 land.

Institusjonen samarbeidar gjennom felles drifts- og utviklingsselskap Haugland Internasjonale senter som også vart skipa i 1995. Stortinget la i sine handsamingar stor vekt på samarbeidet mellom desse internasjonale organisasjonane innan humanitært arbeid og pedagogikk, som ein del av sine grunngjevingar, då anlegg og driftskapital til RKNUWC vart løyvd i 1993.

Institusjonane er organisert kvar for seg, men er svært avhengig av kvarandre gjennom felles drift og utvikling som gjev økonomiske og faglege fordelar. Til saman representerer verksemdene ca. 100 arbeidsplassar.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter vart bygt etter at LIONS i Noreg gjennom sin Røde Fjæraksjon i 1987 reiste 20 mill. kroner til føremålet, fordi Røde Kors meinte det var rettferdig at Vestlandet skulle få eit rehabiliteringstilbod på lik linje med dei spesielle institusjonane som Beitostølen, i Vallnesfjord m.v. Fordi Vestlandet (helseregion III ) representerer 900 000 menneske, og er 1/5 av landets befolkning.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter fekk ikkje slik godkjenning den gongen, og måtte nøye seg med såkalla I-status.

Eigarane rekna dette likevel som ei mellombels ordning, då det vart sett i gang arbeid frå regjeringshald med utgreiing av rehabiliteringsfaget innan norsk helsevesen.

Ein rekna då sikkert med at ei rimeleg geografisk fordeling av rehabiliteringstenestene ville komme som eit resultat, og med rammevilkår som gjorde det mogeleg å drive dette forsvarleg for institusjonar som oppfylte krav til fagnivå og fasilitetar.

Senteret har i dag ein godt kvalifisert fagstab, med fysioterapeutar, idrettspedagogar, sjukepleiarar og aktivitetsavdeling med vekt på utfordringar innan friluftsliv, riding, handarbeid, medisin og rehabilitering (1 av 5 i helseregion III), og med rådgjeving og samarbeid med sjukehusa i regionen og Sunnaas Sjukehus.

Frå det onkologiske miljøet på Vestlandet kom det i 1997 òg framlegg om forsøksprosjekt innan kreftomsorga. I dag er det på gang eit stort forskingsprosjekt innan rehabilitering av kvinner med brystkreft, i samarbeid med Den Norske Kreftforeining, region- og sentralsjukehusa i helseregion III og Sunnaas Sjukehus. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter arbeider spesielt med dette tema i kopling med hjarte- og smertetilstander, og utvikle spesiell kompetanse.

Norsk forening for fysikalsk medisin og rehabilitering - utdrag frå høringsnotat til Stortingsmelding om rehabilitering 16. april 1997:

«Sunnaas sykehus er naturlig det ledende nasjonale rehabiliteringssykehus i Norge. Det er en målsetting å bygge ut universitetsfunksjonene både ved Sunnaas sykehus og ved de andre regionsykehusene. Samarbeidslinjene mellom regionsykehusene og de fylkeskommunale rehabiliteringsavdelingene må bygges ut og presiseres, og det må også legges vekt på samarbeidslinjene til primærhelsetenesten. De statlige institusjonene Beitostølen og Valnesfjord Helsesportsenter og Rauland attføringssenter, samt Hernes Institutt, har relativt definerte oppgaver, er faglig godt bemannet og tjener som utdanningsinstitusjoner i fagområdet, både for leger, fysioterapeuter og andre faggrupper.

Man ser et klart behov for disse institusjoner som et supplement til fylkeskommunale og regionale avdelinger, spesielt fordi de sistnevnte i stadig større grad blir benyttet som utredningsavdelinger, mens rene behandlingsopphold ofte blir overlatt til de nevnte statlige institusjoner.

Opptreningsinstitusjonene i gruppe I og II er derimot betydelig mer variable med hensyn til kvalitet og organisatorisk bruk under rehabiliteringen.

Man får stadig forespørsler om oppretting av nye i samme kategori, og man vil i denne forbindelse heller prioriterte omgjøring av et tilsvarende senter på Vestlandet, Hauglandsenteret, til en tilsvarende status som de statlige, inklusive utdanningsinstitusjon, på bekostning av nye opptreningsinstitusjoner med usikkert faglig innhold.

Man vil derfor støtte at dette blir en av de konkrete punkter i Rehabiliteringsmeldingen.»

Det regionale helseutval, region III har i samrøystes fråsegn den 29. september 1998 oversendt Sosial- og helsedepartementet følgjande:

«Helseregion Vest har som mål m.a. å sikre ei meir rettvis geografisk fordeling av helsetenesten i landet.

Innan området rehabilitering syner det seg at sentrale deler av austlandsområdet har høvesvis mange institusjonar og fagmiljø, medan Vestlandet har få spesialiserte tilbod, og få institusjonar innan den trygdefinansierte verksemda.

Hauglandsenteret i Fjaler har etablert eit entusiastisk og høgt kvalifisert fagmiljø og har eit anlegg som i dag ikkje vert nytta godt nok pga. refusjonsordninga frå folketrygda. Elevar frå ulike helsefaglege utdanningar får deler av si opplæring ved Hauglandsenteret, og senteret har knytt kontakt mot ei rekke akademiske fagmiljø.

Det regionale helseutvalet arbeider med å lage ein regional plan for rehabilitering, Hauglandsenteret vil passe inn i ein slik plan.»

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter Fagrådet for fysikalsk medisin og rehabilitering Region Vest har i vedtak 12. september 1998 uttalt:

«Fagrådet ønskjer å styrke rehabiliteringstilbodet i regionen, og vil presisere det naudsynte i å etablere ein fagleg godt utbygd rehabiliteringsinstitusjon etter modellen frå Beitostølen og Valnesfjord.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har bygd opp fasilitetar og fagstab til ein slik funksjon og bør sikrast status i regionen som gjev økonomiske levekår for fagutvikling i fysikalsk medisin og rehabilitering, og bli ei integrert del av tilbodet i helseregion III.»

Godkjenning som gruppe I-institusjon gjev berre kr 559 pr. dag i refusjon frå Rikstrygdeverket. Sjølv med ein av landets høgste eigenandelar vert snittprisen berre omlag kr 965. Til samanlikning har dei spesielle institusjonane budsjettnivå som ligg på omlag kr 1 600 pr. dag. Det er liten eller ingen skilnad på fagprogramma.

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har bygd opp ein fagstab som held høg standard, og får mykje offentleg og privat erkjenning for utført arbeid. Vi viser til at Stortinget sin sosialkomité samrøystes har peikt på institusjonen ved fleire høve, sist i budsjettinnstillingen for 1999:

«Komiteen viser til at Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler har igangsett et rehabiliteringstilbud til kreftpasienter, noe som bør inngå i vurderingen av ressurstildelinga til institusjonen».

For Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er det klåre fakta, at institusjonen har makta å bygge opp eit kvalifisert rehabiliteringstilbod i regionen, dette har imidlertid tappa institusjonen for ressursar. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har i dag eit akkumulert underskot, som truar institusjonen sin eksistens som opptreningsinstitusjon. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har i dag ein god fagstab leia av legespesialist i fysikalsk medisin og rehabilitering.

I inneverande statsbudsjett er det lagt på kr 9 på døgnsatsen, noko som dekker ein svært liten brøkdel av reell prisstigning med lønns- og renteutgifter. For Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter sitt vedkommande er utslaga såpass dramatiske at det vert eit berekna underskott for 1999 på kr 1 579 530 i hovudsak som følgje av lønns- og rentestigningen. Dette etter å ha lagt inn ein eigenandel på kr 420 pr. døgn som vel er det høgste i landet.

I dette reknestykket er det då ikkje lagt inn tilstrekkeleg vedlikehaldskostnader, eller naudsynte oppdateringar m.a. på datautstyr m.v. Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har vidare estimert tal kurdøgn svært høgt, og har rekna dette til 89 pst. av kapasiteten.

Skal Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter sikrast som den einaste institusjon med slikt tilbod i helseregion III må staten medverke fram til framtidig status som opptreningsinstitusjon blir fastlagd. Syner til at Stortinget har St.meld. nr. 21 (1998-99) til handsaming.

Samlokaliseringa og utnyttinga av felles arealer og tenester med Røde Kors Nordisk United World College medføre at Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter har ein heilt spesiell ståstad som rehabiliteringssenter. Ikkje minst ved at rehabiliteringssenteret blir nytta i undervisningssamanheng for elevar ved RKNUWC.

På denne bakgrunn vert det gjort følgjande

framlegg:

Stortinget ber Regjeringa medverke til at drifta ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter blir sikra fram til status som opptreningsinstitusjon blir avklart.

15. april 1999.