Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
*) Referatet er ennå ikke korrekturlest.
Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren: «Kommunar har plikt etter lov om kommunale helse og omsorgstjenester m.m. til å betre levekåra for vanskelegstilte og førebyggje sosiale problem. Helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre tenester der det er naudsynt for at pasienten eller brukaren skal få eit heilskapleg og samordna tilbod. Når vi les historia i VG den 14. september om dobbeltdrapet i Ski, er det mange som spør seg kva som svikta og kvifor ikkje det offentlege greip inn og gav hjelp tidlegare. Familien budde i eit forfalle hus, under umenneskelege buforhold og utan pengar eller evne til å ta vare på seg sjølve eller kvarandre. Fleire hadde sendt bekymringsmeldingar, men ingen tok tilsynelatande det heilskaplege ansvaret. Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse?»
Kjersti Toppe (Sp) []: I 2024 drap ei kvinne i 40-åra mor si og bror sin i deira felles heim i Ski. VG har dokumentert at familien levde under svært vanskelege forhold over lang tid. Statsforvaltaren har opna opp tilsynssak, som førte til at kommunen sjølv skulle gå gjennom saka for å førebyggja liknande hendingar i framtida.
Å sjå bilde av korleis familien budde, viser òg kva liv dei levde. Mange reagerer på at det var ganske umenneskelege forhold å leva i. Tingretten skriv i dommen sin i saka at det er vanskeleg å forstå korleis situasjonen kunne utvikla seg slik, og kvifor familien ikkje i større grad fekk hjelp frå det offentlege. Det er nettopp det same spørsmålet vi alle stiller oss: Korleis kunne situasjonen utvikla seg slik, og kvifor fekk ikkje familien i større grad hjelp frå det offentlege?
Helsehjelp skal byggjast på frivilligheit. Det er eit sentralt prinsipp. Tvangstiltak er – heldigvis – strengt regulert. Samtidig er det vanskeleg når vi ser at folk og familiar i realiteten går til grunne, midt iblant oss – og det sjølv om dei får hjelp frå fleire ulike offentlege instansar.
I denne saka les eg i media at heimesjukepleia var på besøk fleire gonger i veka, men tydelegvis har ingen likevel forstått alvoret eller tatt ansvaret for heilskapen, og bekymringsmeldingar har kanskje ikkje fått ein konsekvens. Saka reiser spørsmål om korleis offentlege tenester handterer alvorleg bekymring rundt menneske som lever under svært vanskelege forhold. Spørsmålet er om lovverket er godt nok tilpassa, og om kommunane har god nok praksis når det gjeld å tilnærma seg menneske som lever under slike forhold, eller om terskelen har vorte for høg.
Eg veit at slike bilde som er frå huset i Ski, heller ikkje er uvanlege. I mediedebatten har òg kommuneoverlegar stått fram og sagt at dette kan ein sjå i kva kommune som helst. Det tvilar eg ikkje på, men det gjer denne saka meir prinsipiell og desto viktigare. Skal vi godta at folk går til grunne midt iblant oss, utan at dei får hjelp? Dette kan ofte vera personar som slit med både økonomi, psykisk og somatisk sjukdom og/eller rus.
I 2020 fremja Senterpartiet eit representantforslag om å betra tilbodet for pasientar med rus og psykiske lidingar. Bakgrunnen var eigentleg liknande historier som denne. Den gongen var det ei historie frå Stavanger Aftenblad om ei kvinne som vart kalla Siw, som døydde av overdose, 45 år gamal. Samtidig hadde Avisa Nordland ei historie om ei som vart kalla Mia – eit anna alvorleg eksempel på ein ung person som fall mellom alle stolar i hjelpeapparatet, og der ingen offentlege etatar tok det overordna ansvaret for situasjonen. Det er kanskje ikkje mangel på kunnskap. Vi veit om dei, men det er eit fragmentert hjelpeapparat, der ingen har overblikket og tar tydeleg ansvar.
I behandlinga av representantforslaget eg viste til i 2021, var faktisk Arbeidarpartiet med på eit forslag i Stortinget om å be regjeringa greia ut og innføra eit informasjons- og varslingssystem som kan brukast mellom etatar som i kortare eller lengre periodar behandlar eller følgjer opp personar med alvorleg rusliding og psykisk liding. Dette forslaget fekk ikkje fleirtal, men eg håpar statsråden kan sjå på det på nytt, om det er noko som faktisk kan innførast for iallfall å kunna vera til hjelp i nokon av desse situasjonane – til å betra kommunikasjonen mellom bl.a. spesialisthelseteneste, fastlege, heimesjukepleie, andre kommunale tenester, brannvesen, russosiale tenester, politi, ambulanse osv.
Spørsmålet mitt er: Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper, med personar og familiar som lever under forhold som kan skada deira liv og helse?
Statsråd Jan Christian Vestre []: La meg først få takke representanten for å bringe et viktig spørsmål til diskusjon. Spørsmålet som representanten stiller, er knyttet til en veldig alvorlig og tragisk sak, som jeg tror har gjort dypt inntrykk på oss alle sammen. Jeg har stor forståelse for spørsmålene som reises, både om hvordan situasjonen kunne utvikle seg så langt, og om hjelpeapparatets rolle. Jeg synes også det er mye i denne saken som det er viktig å komme til bunns i og lære av, så jeg er glad for at representanten løfter saken.
Representanten spør om vi skal godta at folk går til grunne i samfunnet rundt oss. Jeg mener at svaret på det er nei. Jeg mener at når tragiske hendelser som dette skjer, må vi gjøre alt vi kan for å lære av dem, og se på: Hvor sviktet eventuelt systemene? Hvor sviktet eventuelt rutinene? Hva kunne ha vært gjort annerledes? Så må vi lære av det, og så må vi iverksette endring basert på lærdommen vi får.
Som representanten er inne på, er det kommunene som har det lovpålagte ansvaret for å tilby nødvendige helse- og omsorgstjenester. Vi har en lov, helse- og omsorgstjenesteloven, som stiller krav om samarbeid med andre tjenesteytere og koordinering når dette er nødvendig for å yte forsvarlige tjenester. I det ligger det også at kommunene skal arbeide systematisk med kvalitetsforbedring og pasient- og brukersikkerhet. De skal også gjennomgå avvik og uønskede hendelser, evaluere og korrigere for å forebygge gjentakelse.
Når det skjer alvorlige hendelser, kan en jo stille spørsmålet om det har vært svikt i samhandling, oppfølging eller koordinering. Derfor er det som sagt viktig at slike hendelser gjennomgås grundig, både for å klargjøre hendelsesforløpet, avdekke om det er svakheter på systemnivå, og igjen lære og gjennomføre nødvendige forebyggende tiltak.
Etter helsetilsynsloven ligger tilsynsansvaret hos Statens helsetilsyn og statsforvalterne. Dersom det kommer fram opplysninger som gir grunnlag for nærmere undersøkelser, også i denne saken, legger jeg selvfølgelig til grunn at tilsynsmyndighetene vil vurdere og følge opp saken innenfor sitt ansvar og mandat.
Jeg er også gjort kjent med at Ukom starter undersøkelse av den nevnte saken. Et av spørsmålene som blir stilt der, er hva lokale og nasjonale myndigheter kan lære av situasjonen, som altså pågikk over flere år, og hvilke faktorer som kan være en fare for sikkerheten og muligheten for å gi adekvat helsehjelp. Når Ukom har fått gjort arbeidet sitt, skal i hvert fall jeg sette meg grundig inn i det arbeidet, og hvis det arbeidet gir grunnlag for å foreslå endringer, vil vi selvfølgelig se nærmere på det og gjerne samarbeide med Stortinget også om det.
Som også representanten er inne på i interpellasjonen, er det et dilemma hvordan vi vurderer hensynet til den enkeltes integritet og selvbestemmelse opp mot retten til nødvendig og forsvarlig helsehjelp. Hovedregelen er, som vi vet, at den enkelte bestemmer over sitt eget liv, og at den enkelte også kan avslå hjelp, selv om andre mener det er fornuftig å ta imot hjelpen. Dette følger av pasient- og brukerrettighetsloven og retten til privatliv. Offentlige myndigheter kan altså ikke gripe inn eller bruke tvang uten at vi har et klart rettslig grunnlag og hjemmel for det.
Et viktig prinsipp er at selvbestemmelse forutsetter beslutningskompetanse, og denne kan falle bort dersom det er overveiende sannsynlig at pasienten ikke forstår hva beslutningen gjelder og konsekvensene av den. Stortinget har jo vedtatt å endre terskelen for beslutningskompetanse med den faktiske konsekvens at samfunnet i større grad enn tidligere kan gripe inn dersom det er behov for det.
Gjentatte avslag fra en person med åpenbart behov for helsehjelp gir også grunn til å undersøke om avslaget bygger på tilstrekkelig forståelse. Hvis personen har beslutningskompetanse, kan avslaget gjøre det vanskelig å yte forsvarlig hjelp. Et avslag betyr likevel ikke at tjenestene skal gi opp. De skal holde døren åpen, bygge tillit og motivere personen til å kunne ta imot hjelp.
Så er det viktig å legge til at for en del er det ikke nok at et tilbud formelt finnes. Hjelpen må også innrettes slik at den faktisk når fram. Da må kommunene også vurdere andre tiltak, noe vi også har diskutert med KS tidligere, f.eks. oppsøkende innsats, hjemmebesøk, faste kontaktpersoner og tverrfaglig samarbeid, slik at informasjonen mellom de ulike leverandørene av tjenester innenfor kommunen deles. Det er helse- og omsorgstjeneste, fastlege, Nav, boligforvaltning og spesialisthelsetjeneste – for å nevne noe. Det er selvfølgelig også slik at kontinuitet og tillitsbygging er særlig viktig for personer som har vanskeligheter med å motta hjelp. Det er viktig at det kommunene tar dette arbeidet på stort alvor, og staten skal selvfølgelig legge til rette for at det kan skje.
Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til statsråden for det han sa. Det er spesielt viktig at statsråden kunne seia at det ikkje er greitt at folk og familiar går til grunne. Det er faktisk eit spørsmål ein ikkje nødvendigvis kunne svara så tydeleg på.
Dei andre forholda statsråden kom inn på i sitt svar, er veldig greie å høyra på, og eg er ikkje ueinig i noko av det statsråden har sagt. Det er påvist at dette er eit lovpålagt ansvar, og at tilsynsmyndigheitene har ein jobb. Han viser til Ukom si undersøking. Eg forstår det òg slik at ein vil kunna ta tak i dette her når den kjem, og sjå på kva dei da føreslår. Han problematiserte òg dilemma rundt dette med sjølvbestemming og retten til å avslå hjelp.
Da eg tok opp dette som ein interpellasjon, hadde eg eit håp om at det skulle koma ei enda større viljeerklæring frå statsråden om at dette var ei sak ein ville gå meir inn i. Ein har som statsråd veldig store moglegheiter. Ein kan kalla inn til store konferansar, ein kan setja i gang grupper, ein kan kalla inn landets kommuneoverlegar for å sjå på kva utfordringa er, kva som er mogleg å gjera – i det heile løfta denne problemstillinga.
Eg har vore på Stortinget i mange år, og eg vert berre så trist når vi får sånne saker om igjen og om igjen. Eg har høyrt altfor mange gongar at vi no skal læra av denne saka, og at vi no skal læra på tvers, men vi lærer jo ikkje. Kanskje dei lærer i den kommunen det gjeld. Når det gjeld Stavanger kommune, vart det òg ein stor debatt nasjonalt etter den «Siw»-saka, som handla om samarbeidssvikt og manglande koordinering – men så er den saka gløymd, og så er det andre kommunar som får dei same utfordringane.
Eg kunne ønska at vi kunne ha fått til eit større løft for denne problemstillinga politisk, og at det òg kom frå statsråden og Helse- og omsorgsdepartementet. Eg forventa ingen absolutte svar og konkrete forslag i dag, men eg kunne ønska at statsråden iallfall kunne ha lova at dette er eit område han skal gå inn i og sjå på kva vi kan gjera for å hjelpa kommunane til å forstå dagens lovverk og praksis.
Til slutt: Eg synest det er spesielt når heimesjukepleia har vore inne fleire gongar i veka – er det noko med informasjonsflyt, ei feiloppfatning av teieplikt osv.? Det er iallfall mine kommentarar no med ein gong.
Statsråd Jan Christian Vestre []: Takk for kloke vurderinger og betraktninger fra representanten. Jeg skal bare passe meg litt som helse- og omsorgsminister for å gå for mye inn i detaljer i en enkeltsak Ukom nå skal gjøre en uavhengig vurdering av. Jeg kjenner ikke alle detaljene i dette sakskomplekset, og det kan også være forhold som ikke er kjent for offentligheten, så jeg mener det i hvert fall er veldig viktig at tilsynsmyndigheter og andre får gjøre sine faglige, uavhengige vurderinger før vi slutter for mye ut av denne saken.
Det jeg kan love representanten, er at hvis det arbeidet munner ut i at det her er systematiske feil på systemnivå – det kan være knyttet til regelverk, det kan være knyttet til kompetanse, det kan være knyttet til ressurser, det kan være knyttet til manglende kommunikasjon og samhandling, som representanten er inne på – så mener jeg at vi har et politisk ansvar for å ta tak i det. Det kommer vi også til å gjøre. Jeg synes for så vidt det er et bra forslag fra representanten og takker for det, om også å invitere landets fylkesleger til dialog om dette, for det kan godt være at både de og andre sitter på viktig innsikt i hvordan forholdene er rundt omkring.
Jeg vil gjerne understreke at det viktigste likevel, når vi nå er der vi er, er at vi lærer av disse sakene. Det tror jeg i alle tilfeller både kommunen og også vi som stat og nasjonale myndigheter har nytte av. Det er først når vi går inn i disse sakene og lærer av dem, at vi kan endre også praksis, hvis det er behov for det, slik at vi forhåpentligvis kan unngå at innbyggerne våre ikke får den oppfølgingen, den hjelpen og den støtten de har krav på, og som vi må gjøre alt vi kan for at de også tar imot.
Jeg vil igjen takke interpellanten for å reise problemstillingene også i Stortinget. Dette er en sak jeg er helt sikker på at vi kommer tilbake til, og som vi vil følge opp også videre. Takk.
Presidenten []: Ønskjer interpellanten ordet til eit avsluttande innlegg? Nei, då er debatten i sak nr. 2 avslutta.