Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren: «Kommunar har plikt etter lov om kommunale helse og omsorgstjenester m.m. til å betre levekåra for vanskelegstilte og førebyggje sosiale problem. Helse- og omsorgstenesta skal samarbeide med andre tenester der det er naudsynt for at pasienten eller brukaren skal få eit heilskapleg og samordna tilbod. Når vi les historia i VG den 14. september om dobbeltdrapet i Ski, er det mange som spør seg kva som svikta og kvifor ikkje det offentlege greip inn og gav hjelp tidlegare. Familien budde i eit forfalle hus, under umenneskelege buforhold og utan pengar eller evne til å ta vare på seg sjølve eller kvarandre. Fleire hadde sendt bekymringsmeldingar, men ingen tok tilsynelatande det heilskaplege ansvaret. Kva gjer statsråden for å unngå liknande historier om manglande hjelp til utsette grupper med personar og familiar som lever under forhold som kan skade deira liv og helse?»