Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Jorunn Hageler
Presidenten [10:00:27 ]: Vyrde medrepresentantar!
Den 31. januar 2023 gjekk Jorunn Hageler bort.
Jorunn Hageler hadde pågangsmot – ho let seg ikkje stoppa av hindringar
utan kamp.
Ho blei fødd i 1946 i Sortland i Nordland,
som dotter av industriarbeidar Kåre Innvik og Signe Nikolaisen.
Sjølv med ei solid utdanning, lærarskule og fleire grunnfag, gløymde
ho aldri bakgrunnen sin i arbeidarrørsla. Det kom til uttrykk i både
lærargjerninga – ho var m.a. fagrettleiar i samlivslære og i likestilling
i Steinkjer kommune – og det politiske engasjementet hennar.
Hageler var feminist. Ho arbeidde for å minska
sosiale forskjellar og var særleg oppteken av levekåra til barn
og unge, likestilling mellom kjønna og livssituasjonen til skeive. Difor
blei det eit naturleg val for Hageler å bli med i Sosialistisk Venstreparti.
Ho hadde eit solid politisk verke. Ho var medlem
av kommunestyret i Steinkjer frå 1980 til 1997, leiar i Steinkjer SV
frå 1988 til 1991 og leier i Nord-Trøndelag SV frå 1991 til 1993.
I tillegg til å ta på seg verv arbeida ho utanomparlamentarisk.
Hageler var ein dyktig debattant og skribent og hadde stor arbeidskapasitet.
Ho var like mykje aktivist som folkevald. Ho etablerte eit dokketeater
for barn og barnefamiliar, og saman med andre SV-arar var ho med
på å oppretta Kristoffer Bokkafé, ein kulturell møteplass for venstresida
på Steinkjer.
I 1993 blei Jorunn Hageler vald inn på Stortinget
for SV og fekk plass i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen på
Stortinget. I 1997 mista SV representasjonen frå Nord-Trøndelag,
og Hageler gjekk i ein periode tilbake til jobben som adjunkt ved
Egge ungdomsskule. Dette var ei tid då mange flyktningar kom til
Noreg, og ho ønskte å engasjera seg i internasjonalt arbeid.
Hageler blei «democratization officer» for
OSSE i Tuzla i Bosnia-Hercegovina frå 2000 til 2001. Etter dette
slo ho seg ned i Steinkjer saman med sambuaren sin. Ho trekte seg
tilbake frå politikken og fekk etter kvart store helseproblem.
Jorunn Hageler døydde frå oss altfor tidleg,
77 år gamal. Me lyser fred over minnet til Jorunn Hageler.
Representantane høyrde ståande på presidentens
minnetale.
Presidenten [10:04:11 ]: Følgjande innkalla
vararepresentantar tek no sete:
For Aust-Agder: Dagfinn Homdal Svanøe
For Hordaland: Ulvar Akselsen
For Oslo: Marit Vea
Frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe ligg det
føre søknad om permisjon for representanten Sverre Myrli i tida
frå og med 21. til og med 23. oktober for å delta på reise i regi
av NATOs parlamentariske forsamling til Brasilia og Sao Paulo, Brasil.
Etter forslag frå presidenten blei
samrøystes vedteke:
Søknaden blir handsama straks og innvilga.
Vararepresentanten, Marie Østensen, blir innkalla for å møta
i permisjonstida.
Presidenten [10:04:49 ]: Marie Østensen
er til stades og vil ta sete.
Frå Statsministerens kontor har Stortinget
motteke følgjande brev, datert 17. oktober 2025:
«I dag klokken 11.00 ble det avholdt
statsråd på Det kongelige slott under ledelse av Hans Majestet Kongen.
Det ble truffet følgende vedtak om endringer i regjeringen mv.:
Statsministerens kontor
Statssekretær Kjetil Skeide Edvardsen gis avskjed i nåde som
statssekretær for statsråd Lene Vågslid i Barne- og familiedepartementet
med virkning fra og med 3. november 2025.
Utnevning av kommunikasjonssjef Siri Storstein Hytten til statssekretær
for statsråd Lene Vågslid i Barne- og familiedepartementet med virkning
fra og med 17. oktober 2025 kl. 12.00.
Statssekretær Elisabeth Sæther gis avskjed i nåde som statssekretær
for statsråd Terje Aasland i Energidepartementet med virkning fra
og med 17. oktober 2025 kl. 12.00.
Statssekretær Astrid Bergmål gis avskjed i nåde som statssekretær
for statsråd Terje Aasland i Energidepartementet med virkning fra
og med 20. oktober 2025.
Utnevning av leder for samfunnskontakt Marte Haabeth Grindaker
og politisk rådgiver Snorre Erichsen Skjevrak til statssekretærer
for statsråd Terje Aasland i Energidepartementet med virkning fra
og med 17. oktober 2025 kl. 12.00.
Statssekretær Bhanuja Rasiah gis avskjed i nåde som statssekretær
for statsråd Jan Christian Vestre i Helse- og omsorgsdepartementet
med virkning fra og med 17. oktober 2025 kl. 12.00.
Statssekretær Maria Varteressian gis avskjed i nåde som statssekretær
for statsråd Espen Barth Eide i Utenriksdepartementet med virkning
fra og med 20. oktober 2025.
Utnevning av statssekretær Astrid Bergmål til statssekretær for
statsråd Espen Barth Eide i Utenriksdepartementet med virkning fra
og med 20. oktober 2025.
Utnevning av statssekretærene Elisabeth Sæther og Bhanuja Rasiah
til statssekretærer for statsminister Jonas Gahr Støre med virkning
fra og med 17. oktober 2025 kl. 12.00.
Konstitusjon av advokat Anette Stegegjerdet Norberg som statssekretær
for statsråd Lubna Boby Jaffery i Kultur- og likestillingsdepartementet
i perioden fra og med 17. oktober 2025 kl. 12.00 til og med 31.
desember 2025.»
Presidenten vil tilrå at det refererte brevet
blir lagt ved protokollen, og ser det som vedteke.
Statsråd Astri Aas-Hansen [10:07:33 ]: På
vegne av regjeringen har jeg den ære å overlevere en kongelig proposisjon.
Presidenten [10:07:55 ]: Proposisjonen
vil bli handsama etter reglementet.
Representanten Mahmoud Farahmand vil setja
fram eit representantforslag.
Mahmoud Farahmand (H) [10:08:10 ]: Det er en ære for meg,
på vegne av stortingsrepresentantene Anna Molberg, Tone Wilhelmsen
Trøen, Henrik Gottfries Kierulf og meg selv, å fremme et representantforslag
om økt maksstraff for voldtekt og utvidet unntak fra foreldelsesfrist.
Presidenten [10:08:26 ]: Representanten
Anna Molberg vil setja fram eit representantforslag.
Anna Molberg (H) [10:08:37 ]: Jeg vil på vegne av representantene
Amalie Gunnufsen, Margret Hagerup, Aleksander Stokkebø og meg selv
framsette et representantforslag om å la ansatte med VTA-plass jobbe
utover pensjonsalder.
Presidenten [10:08:52 ]: Forslaga vil
bli handsama etter reglementet.
Presidenten vil opplysa om at det blir votering
no innleiingsvis. Sak nr. 4, Referat, vil då bli handsama før sak
nr. 3, og presidenten ber representantane om å bli sitjande til
voteringa er ferdig.
Vidare vil presidenten gjera merksam på at
sak nr. 1 på møtekartet ikkje har vore offentleg i dei 48 timane
reglementet krev, jf. forretningsordenen § 46. Presidenten vil likevel gjera
framlegg om at saka blir teken opp til handsaming.
Ingen innvendingar er komne mot det – og presidenten ser
det då som vedteke.