Stortinget - Møte torsdag den 30. januar 2025 (under arbeid)

Dato: 30.01.2025
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Merknader

Referatet er under arbeid. Innleggene blir publisert fortløpende så snart de foreligger.

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Jan Helge Jansen

Presidenten []: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant Jan Helge Jansen gjekk bort 7. mai fjor, 86 år gamal. På Stortinget representerte han Telemark Høgre, frå 1985 til 1989, og sat der som medlem av sosialkomiteen.

Etter oppveksten i Bergen fullførte Jansen teologiske studiar ved Universitetet i Oslo, med embetseksamen i 1965. Undervegs hadde han kortare og lengre studieopphold i Göttingen, Lund og München. Han tok òg aktivt del i studentpolitikken, bl.a. som formann i Den Konservative Studenterforening og Det Norske Studentersamfund.

Etter ordinasjon til prest i Hamar domkyrkje i 1966 var han feltprest i Hans Majestet Kongens Garde, før han gjennom nærmare fire tiår verka som prest i Skien. Der var han kallskapellan i Gjerpen kyrkjelyd og seinare kapellan og sokneprest i Gulset kyrkjelyd. I ei årrekkje var han òg formann for Kirkelig Forum i Grenland.

Etter studietida tok det ikkje lang tid før han vart trekt inn i lokalpolitikken. Han var bystyremedlem i Skien frå 1971 til han vart vald inn på Stortinget, dei siste seks årene òg i formannskapet. Deretter var han medlem av Skien bystyre i ytterlegare to periodar frå 1991. Her engasjerte han seg særleg innan kultur- og utdanningspolitikken og var bl.a. medlem av Fylkeskulturnemnda i Telemark, formann i kulturstyret i Skien, varamedlem til Teaterrådet og medlem av Hovedutvalget for kultur og undervisning. Han hadde òg framståande tillitsverv i Høgre og var bl.a. formann for Telemark Høgre og medlem av Høgres sentralstyre frå 1976 til 1986.

Medrepresentantar på Stortinget beskriver han som ein kunnskapsrik og engasjert kollega, glad i ein frisk debatt og med sans for den gode replikk.

Me lyser fred over Jan Helge Jansens minne.

Representantane høyrde ståande på presidentens minnetale.

Presidenten []: Representantane Jan Tore Sanner, Trine Lise Sundnes og Heidi Nordby Lunde, som har vore permitterte, har igjen teke sete.

Det ligg føre ei rekkje permisjonssøknader:

  • frå Høgre si stortingsgruppe om permisjon for representanten Jan Tore Sanner i tida frå og med 4. februar til og med 7. februar for å delta på OECDs parlamentarikarmøte i Paris, Frankrike

  • frå representantane Åsmund Aukrust, Anne Kristine Linnestad, Turid Kristensen, Kathy Lie, Sigurd Kvammen Rafaelsen, Nils T. Bjørke, Sveinung Stensland, Tove Elise Madland og Hege Bae Nyholt om permisjon i tida frå og med 2. februar til og med 7. februar – alle for å delta på studieopphald for representantar i Brussel, Belgia

  • frå høvesvis Arbeidarpartiet si stortingsgruppe og Høgre si stortingsgruppe om permisjon for representantane Trine Lise Sundnes og Aleksander Stokkebø i tida frå og med 3. februar til og med 5. februar, begge for å delta i den oppnemnde stortingsdelegasjonen til Storbritannia

  • frå representanten Mathilde Tybring-Gjedde om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum i tida frå og med 3. februar til og med 5. februar, og deretter foreldrepermisjon i tida frå og med 6. februar til og med 20. juni

Presidenten vil føreslå at desse søknadene vert handsama straks og innvilga – og ser det som vedteke.

Frå andre vararepresentant for Rogaland, Athar Ali Tajik, ligg det føre søknad om fritak for å møta i Stortinget under representanten Aleksander Stokkebø sin permisjon.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert handsama straks og innvilga.

  2. Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida:

    • For Akershus: Tore Grobæk Vamraak, Tobias Hangaard Linge, Kari Sofie Bjørnsen og Tonje Anderson Olsen 4.–6. februar

    • For Buskerud: Audun Hammer Hovda 4.–6. februar

    • For Finnmark: Agnete Masternes Hanssen 4.–6. februar

    • For Hordaland: Sara Hamre Sekkingstad 3.–6. februar

    • For Oslo: Agnes Nærland Viljugrein 4.–5. februar og Michael Tetzschner 4. februar–20. juni

    • For Rogaland: Irene Heng Lauvsnes og Marte Eide Klovning 4.–6. feb. og Karoline Sjøen Andersen 4.–5. februar

    • For Sør-Trøndelag: John-Peder Denstad 4.–6. februar

Presidenten []: Representanten Kathy Lie vil setja fram eit representantforslag.

Kathy Lie (SV) []: Jeg har den glede av på vegne av representantene Grete Wold, Marian Hussein, Sigrid Zurbuchen Heiberg, Une Bastholm, Rasmus Hansson og meg selv å framsette et representantforslag om lovfesting av fritidstilbud.

Presidenten []: Representanten Olve Grotle vil setja fram eit representantforslag.

Olve Grotle (H) []: På vegner av Helge Orten, Nikolai Astrup, Liv Kari Eskeland, Mari Holm Lønseth, Erlend Svardal Bøe, Sveinung Stensland og meg sjølv har eg gleda av å fremje eit representantforslag om å avvikle normprisordninga ved fastsetting av grunnrenteskatt i havbruket.

Presidenten []: Representanten Mathilde Tybring-Gjedde vil setja fram eit representantforslag.

Mathilde Tybring-Gjedde (H) []: På vegne av representantene Bård Ludvig Thorheim, Tina Bru, Trond Helleland, Mahmoud Farahmand og Liv Kari Eskeland og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om raskere konsesjonsbehandling og mer kraft.

Presidenten []: Representanten Hege Bae Nyholt vil setja fram eit representantforslag.

Hege Bae Nyholt (R) []: På vegne av stortingsrepresentantene Sofie Marhaug og Geir Jørgensen og meg selv har jeg gleden av å framsette et representantforslag om en norsk utlånsordning for undervisningsmateriell.

Presidenten []: Representanten Une Bastholm vil setja fram eit representantforslag.

Une Bastholm (MDG) []: Jeg har gleden av å framsette et representantforslag på vegne av Rasmus Hansson, Sigrid Zurbuchen Heiberg og meg selv om å utrede jaktfrie områder i nasjonalparker.

Presidenten []: Representanten Kjell Ingolf Ropstad vil setja fram eit representantforslag.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF) []: På vegne av Kristelig Folkepartis representanter Olaug Vervik Bollestad, Dag-Inge Ulstein og meg selv vil jeg sette fram et representantforslag om å be det internasjonale atomenergibyrået foreta en gjennomgang av forutsetningene for å etablere kjernekraft i Norge.

Presidenten []: Forslaga vil verta handsama etter reglementet.