Stortinget - Møte onsdag den 19. juni 2024

Dato: 19.06.2024
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 437 S (2023–2024), jf. Prop. 98 S (2023–2024))

Søk

Innhold

Sak nr. 1 [10:01:28]

Innstilling fra næringskomiteen om Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2024/2025) (Innst. 437 S (2023–2024), jf. Prop. 98 S (2023–2024))

Talere

Sigrid Zurbuchen Heiberg (MDG) [] (ordførar for saka): Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova den viktigaste reiskapen for å følgja opp måla og retningslinjene i reindriftspolitikken. Reindriftspolitikken i Noreg byggjer på Stortingets behandling av Meld. St. 32 for 2016–2017, Reindrift – Lang tradisjon – unike muligheter. Det overordna politiske målet er at reindrifta skal vera økologisk, økonomisk og kulturelt berekraftig.

Regjeringa har lagt fram for Stortinget ein proposisjon om reindriftsavtalen 2024/2025, som vart inngått av staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund den 8. februar 2024. Partane i avtalen er einige om ei ramme for avtalen på 225 mill. kr, som er ein auke på 25 mill. kr samanlikna med inneverande avtale. Hovudprioriteringane i avtalen er direkte tilskot, ivaretaking av areala til reindrifta, klimatilpassing og beredskap.

Alle partia i komiteen unnateke Framstegspartiet står bak tilrådinga i innstillinga. Framstegspartiet fremjar i tillegg fire mindretalsforslag. Dei føreslår å

  • be regjeringa endra tilskotsordningane slik at dei i større grad stimulerer til auka produksjon

  • revidera reindriftslova

  • innføra fritak frå vegbruksavgifta for reindriftskøyretøy

  • redusera bestandsmåla for rovvilt

Proposisjonen inneheld òg ein lengre omtale av Fosen-saka, som har skapt mykje debatt og engasjement dei siste åra. I domen frå Høgsterett den 11. oktober 2021 vart vedtaket om konsesjon til vindkraftutbygging på Fosen kjend ugyldig fordi utbygginga krenkjer retten reindriftssamane har til kulturutøving. Høgsterett fann vidare at dei avbøtande tiltaka i konsesjonane ikkje var tilstrekkeleg for å unngå vesentlege negative konsekvensar for reindrifta i området, og at vedtaket difor var i strid med artikkel 27 i FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar.

Ein meklingsprosess vart sett i gang i mars 2023, og det er no inngått minnelege avtaler mellom sijtene i Fosen reinbeitedistrikt og vindkraftselskapa. Sør-Fosen sijte og Fosen Vind DA vart einige om ein avtale 18. desember 2023, mens Nord-Fosen sijte og Roan Vind DA vart einige om ein avtale 6. mars 2024. Avtalen forpliktar staten til bl.a. å skaffa til vegar eit tilleggsareal utanfor Fosen reinbeitedistrikt som kan brukast som vinterbeite for begge sijtene.

Bengt Rune Strifeldt (FrP) []: I dag vil jeg utbringe store gratulasjoner til reindriftsnæringen, men jeg burde kanskje heller kondolere. Aldri før har reindriftsnæringen vært så subsidiert som nå. Reindriftsavtalen har de siste seks årene økt med formidable 101,9 mill. kr og er nær doblet til årets historisk høye tilskudd på 225 mill. kr. Det er fantastisk når man tar utgangspunkt i at det er en næring bestående av kun 961 årsverk.

Det er stor politisk enighet om at reindriftsavtalen må videreføre arbeidet for å utvikle reindriftsnæringen som en rasjonell, markedsorientert næring som er bærekraftig i et langsiktig perspektiv, men det er få parti som er villig til å ta de nødvendige grepene for å nå de målene. En enstemmig komité er også enig i viktigheten av at økologisk, økonomisk og kulturell bærekraft er likestilt, men det er få partier som er villig til å ta de nødvendige grepene for å nå de målene. Det virker heller å være en politisk villet handling å gjøre denne viktige næringen og kulturbæreren mer og mer tilskuddsavhengig, framfor å utvikle reindriftsnæringen som en rasjonell, markedsorientert næring som er bærekraftig i et langsiktig perspektiv.

Fremskrittspartiet mener det er bekymringsfullt at det legges opp til en så betydelig økning i tilskudd. Det vil gjøre reindriftsnæringen ytterligere avhengig av statstilskudd. Produksjonsbaserte inntekter utgjør knappe 45 pst. av inntektene i næringen.

Reindriftsnæringen er en arealavhengig næring, og tilgangen til nødvendige arealer er en sentral forutsetning for at næringen oppnår målene om økt produksjon og lønnsomhet. De siste tiårene har mediebildet av reindriften vært preget av beitekrise, nedbygging av natur og beiteområder og at reindriften må sikres tilgang til nødvendige arealer. Det er en sannhet med store modifikasjoner. Det er avgjørende at reintallet er tilpasset beitegrunnlaget for å nå målet om en bærekraftig reindrift. Det er i den sammenheng viktig å påpeke at reintallet i Finnmark er doblet fra 1970 og fram til 2019–2020.

Vi kan i stor grad konkludere med at den store økningen i reintall er reindriftens største utfordring, uten at det er politisk vilje til å gjøre de nødvendige grepene. I dag er det meste av beitekapasiteten utnyttet utover det som er bærekraftig, og med de siste års gjentatte beitekriser er det tvingende nødvendig å gjøre nye vurderinger av om reintallet er i samsvar med beiteressursene. I store deler av Finnmark er naturen såpass nedbeitet at den framstår nærmest som en arktisk ørken, og man burde kanskje vurdert å rødliste reinlav.

Det er dessverre ikke politisk vilje i denne salen til å ta de nødvendige grepene. For hvert år som går, blir reindriften mindre og mindre økologisk og økonomisk bærekraftig, og den vil som følge av det over tid også tape sin kulturelle bærekraft – med Stortingets velsignelse. Det er kanskje en villet politisk handling.

Jeg tar med det opp Fremskrittspartiets forslag.

Presidenten []: Da har representanten Bengt Rune Strifeldt tatt opp de forslagene han refererte til.

Statsråd Geir Pollestad []: Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftsloven den viktigaste reiskapen for å følgja opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. Reindriftsavtalen 2024/2025 legg til rette for ei berekraftig reindrift. Med ei ramme på 225 mill. kr inneber denne avtalen eit betydeleg løft for næringa.

Avtalen omfattar både direkte tilskot og utviklings- og investeringstiltak for næringa. Hovudprioriteringa til avtalepartane er direkte tilskot, ivaretaking av areala til reindrifta, klimatilpassing og beredskap. Avtalen bidreg til å styrkja rammevilkåra for reindrifta.

Dei direkte tilskota aukar med 16 mill. kr. Tilskota er produksjonsavhengige og premierer dei som har god produksjon. I denne avtalen er både inntektsgrensa for produksjonspremien og kalveslakttilskotet auka – dette for å gje eit insentiv til å auka verdiskapinga og produksjonen ytterlegare.

Slakteuttaket i driftsåret 2023/2024 var det høgaste på fire år, og prisen på reinkjøt har dei siste ti åra auka med 120 pst. Det er gjort eit godt arbeid over tid med marknadstiltak og profesjonalisering av verdikjeda, som har bidrege til at reinkjøtet har fått ein plass blant eksklusive råvarer. Eit eksempel på dette er at reinkjøt var hovudråvare under Bocuse d’Or i Trondheim tidlegare i år.

Reindrifta er ei næring med store moglegheiter. Reindrifta er ein heilt sentral del av samisk kultur, og ei berekraftig reindrift bidreg til å oppretthalda og styrkja både kultur og språk. Det er moglegheiter for å utvikla tilleggsnæringar knytte til reindrift og med det auka inntektsgrunnlaget.

Samtidig er det ei rekkje forhold som påverkar reindrifta og skapar utfordringar. Reindrifta er ei naturbasert næring og har allereie merka konsekvensane av klimaendringane i mange år. Sidan 2020 har det vore beitekrise i større eller mindre delar av Reindrifts-Noreg kvart år. Låste beite gjer at reinen ikkje finn mat, og at reineigarar må fôra. Det er gjennomført omfattande tiltak for å sikra dyrevelferd og produksjon i desse periodane.

Konkurransen om areala er aukande. Denne utfordringa vert forsterka av at klimaendringane gjer det nødvendig å endra arealbruken. Konfliktnivået mellom reindrifta og energisektoren har vore høgt. Særleg er dette synleggjort i Fosen-saka. Regjeringa la difor fram ein tiltakspakke for reindrift og energi i desember 2023. Tiltakspakken skal bidra til å nå måla om auka energiutbygging og samtidig ivareta dei reindriftspolitiske måla om ei berekraftig reindrift.

I nokre område har reindrifta eit så høgt tap til rovvilt at det går ut over produksjon og lønsemd, i tillegg til den belastinga dette utgjer for den enkelte reineigaren. Eg vil understreka at regjeringa følgjer opp signala frå Hurdalsplattforma om ein meir restriktiv rovviltpolitikk, og eg er einig med komiteens medlemer frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet i at beiteprioriterte område skal respekterast.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Eg skal gjere det raskt, for dette er først og fremst ein kommentar til innlegget og initiativet til Framstegspartiet.

Det er veldig stor distanse mellom det som er Framstegspartiet sitt syn på reindrifta, og det som er iallfall SV – og eg vil tru dei fleste andre partia på Stortinget – sitt syn på reindrifta. Framstegspartiet anerkjenner ikkje at dette er ei kulturberande næring, og ser på det meir som ei rein produksjonsnæring og legg opp forslag deretter. Eg vil seie at dersom det er éin ting vi som nasjon har forplikta oss til – og så vidt eg hugsar, har også Framstegspartiet støtta det – er det ved tilslutning til både ILO-konvensjonar og andre konvensjonar, rammeverket i FN og endringar av Grunnloven som gjer at menneskerettar kjem inn der, å anerkjenne samane som urfolk i Noreg og dei forpliktingane det også gir oss. Da er det openbert at det å ha ei reindriftsnæring som mange i den samiske befolkninga kan ha kontakt med, er eit poeng i seg sjølv, når vi veit kor nært knytt delar av den samiske kulturen er til reindrifta, både i språk, praksisar osv. – det som utgjer ei kulturberande næring.

Så veit vi også at den samiske kulturen er mangefasettert. Både i innlandet og langs kysten er han knytt til reindrift, andre delar av han er ikkje det, men reindrifta er ei viktig kulturberande næring, som gjer at vi ikkje kan ha heilt vanleg næringspolitikk for den.

Elles vil eg seie at eg har sympati når det gjeld det trykket som rovvilt har på reindrifta, og berre det å få gjennomført dagens vedtatte bestandsmål vil i seg sjølv vere viktig for å forhindre ei såpass stor øydelegging av ei såpass viktig kulturberande næring.

Bengt Rune Strifeldt (FrP) []: Jeg tegnet meg, og så trakk jeg meg, men så måtte jeg tegne meg igjen da Knag Fylkesnes gikk på talerstolen. Jeg vil ha meg frabedt påstanden om at Fremskrittspartiet ikke anerkjenner reindriften som en viktig kulturbærer. Det står vi fullt og helt bak. Min bekymring er at den økologiske bærekraften kommer til å ødelegge for den kulturelle bærekraften, som jeg var inne på i mitt innlegg. Vi har områder som er tilnærmet arktisk ørken. Det er ikke i nærheten av å være økologisk bærekraftig. Reintallet er nær doblet fra 1970 og fram til i dag. Skal vi i framtiden ha en økologisk bærekraftig reindrift som også er en viktig kulturbærer for den samiske kulturen, er vi nødt til å ta de nødvendige politiske grepene i dag. Men det er ikke regjeringspartiene og SV villig til. På samme måte som på andre matproduksjonsområder er det planøkonomisk styre, og det er planøkonomisk styre av reindriften som er verktøyet for SV og regjeringen.

Som statsråden var inne på, har det vært økt slakteuttak de siste årene. Prisene på reinkjøtt har skutt i været. Det gjør, som Arbeiderpartiet formulerer det, at vanlige folk ikke har råd til det lenger. Det har medført at vi nå sitter med 558 tonn reinkjøtt på lager, som man sliter med å bli kvitt. Det er vel en av grunnene til at man er nødt til å øke tilskuddene for at reindriften skal framstå som økonomisk bærekraftig.

I 2004 var det rundt 500 tonn reinkjøtt på lager. Da ble det ropt krise. I fjor var det 225 tonn reinkjøtt på lager. I år er det økt til 558 tonn. Så det er en bekymringsfull utvikling innenfor reindriftsnæringen, og jeg må jo bare si at det også er en villet politisk handling fra regjeringspartiene, med støtte fra SV.

Det er flere grep man kan ta overfor reindriftsnæringen for å lette det for dem som driver dette seriøst, bl.a. med tanke på avgiftslette for drivstoff til kjøretøy som benyttes i reindriftsnæringen. Tidligere har andre partier støttet det, men vi ser at de har ramlet av lasset i år, så vi står i dag alene om å ønske det for reindriftsnæringen. Vi ønsker også å se på hvordan rovviltforvaltningen kan innrettes for å ivareta reindriften på en bedre måte. Intensjonen til Fremskrittspartiet er at vi skal jobbe for at reindriftsnæringen skal være økologisk bærekraftig, at den skal være økonomisk bærekraftig og derigjennom også kunne være kulturelt bærekraftig i framtiden.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Eg vil beklage til representanten Strifeldt at eg berre antok det. Eg synest det er veldig bra at Framstegspartiet anerkjenner reindrifta som ei viktig kulturberande næring. Ingenting er heller betre enn å høyre at også Framstegspartiet tar omgrepet «økologisk berekraft» i sin munn. Det gjer at eg får trua på framtida.

Det er også nokre viktige poeng i innlegget til Strifeldt. Ta det han kallar planøkonomi eller planstyrt forvaltning av reindrifta, og at det har vore ei ulykke: Viss ein tar bort antydinga om kommunisme som ligg i det, og erstattar det med statleg styring – altså at det har vore for mykje statleg styring av reindrifta – er det heilt riktig. Det har vore ein grunnleggjande kritikk som ikkje berre har kome frå SV. Representanten Strifeldt vil kunne sjå at vi har vore tydelege på det også i dei periodane han ikkje har vore på Stortinget. Noko av ulykka i reindrifta har vore at staten har forsøkt å overføre forvaltningstrekk som ein finn i jordbruket i dag, noko som av forskarar blir kalla «agrarifisering» av reindrifta. Ein har tenkt at ein har kunnskap om kyr og sauer, og at ein berre kan overføre det til reindrift.

Det kom nyleg ut ei bok som hadde ei stor samling artiklar der gjennomgangstonen var at noko av det mest problematiske som har skjedd med den norske reindrifta, og som har vore til skade for denne kulturnæringa, har vore at staten har overført denne typen forvaltningstrekk, antakeleg på autopilot. Ein har ikkje gått inn i næringa og sett på særeigenheitene og den forvaltninga som har vore der – den sida-baserte og interne forvaltninga, som fungerte i lang tid, men som no slår veldige sprekkar.

Dei same forskarane problematiserer også kritikken om at dette ikkje er økologisk berekraftig, og at det har vore eit overbeite. For det første nyanserer dei det. Det er ikkje i alle delar av reinbeiteområda i landet at dette er eit problem.

Dei peiker også på at ein betydeleg del av problema dette har ført til, kjem frå at ein har fått ei orientering mot auka produksjon som mål. Det er der eg meiner Framstegspartiet må sjå seg sjølv i spegelen. Forslag nr. 1 handlar jo om nettopp det – at auka produksjon skal vere målet. Auka produksjon vil føre til færre aktørar og meir konsentrasjon. Færre vil få ta del i denne kulturberande næringa, og det vil bli ei viktig kulturnæring for stadig færre i det samiske samfunnet. Ikkje minst vil det også starte eit kappløp mot det som vil bli redusert økologisk berekraft. Det som var den opphavlege modellen, var ikkje storproduksjon og store volum. Det har vore ein heilt annan måte å gjere reindrift på.

Dette er ein viktig og grunnleggjande diskusjon der det ikkje følgjer med nokon forslag frå SV si side, men det er i alle fall ei sterk grunngjeving av kvifor vi ikkje går inn på dei forslaga som Framstegspartiet legg fram i denne saka.

Runar Sjåstad (A) []: Det var fornøyelig å høre småkranglingen mellom Fremskrittsparti-representanten Strifeldt og Knag Fylkesnes fra SV, og jeg burde kanskje bare ha lent meg tilbake og ikke blandet meg inn. Representanten Strifeldt ble veldig fornærmet på egne vegne av at Knag Fylkesnes hadde tillagt ham og Fremskrittspartiet meninger de slett ikke har. Samtidig var Strifeldt rimelig klar på – og brukte mye av taletiden sin på det – å beskrive det han mente var meningen bak regjeringspartienes politikk og SVs politikk.

Det er ingen tvil om at reindriften er en viktig næring. Den er viktig for sysselsetting, og den er viktig i sin rolle som kulturbærer. Den er også viktig for å bevare det samiske språket og samisk identitet. Samtidig vet vi at det er en veldig arealkrevende næring. Da er det viktig at vi har en bærekraftig reindrift der antall dyr er tilpasset ressursgrunnlaget. Det er også en prioritert oppgave for regjeringen. Det har også noe å si når det gjelder å ta ned konfliktnivået knyttet til annen aktivitet og annen næringsutøvelse, men også når det gjelder dyrevelferd.

Det ble vist til at det har vært en ganske stor prosentvis økning i overføringene til reindriften gjennom reindriftsavtalen. Det er en avtale som har blitt framforhandlet. Reindriften har – som alle andre – sett økte kostnader knyttet til å få driften sin til å gå opp. Det er da ikke unaturlig at rammene for avtalen øker.

Det er helt korrekt, som representanten Strifeldt sier, at det nå meldes om at det er 558 tonn på lager. Det er også vist til en stor prisøkning på reinsdyrkjøtt som én av årsakene. Det kan godt hende. Reindriften er også veldig klar over dette og ser etter nye markeder, bl.a. Asia, hvor man kanskje er villig til å betale, for dette er et ganske eksklusivt produkt. Ja, det er 558 tonn på lager, men hvis vi setter det i perspektiv, er den årlige produksjonen – eller slakteuttaket – ca. 1 600 tonn. Det er ikke uvanlig å ha sauekjøtt, korn og andre ting også på lager til det er sesong og økt etterspørsel og til man får oppnådd pris. Så det er ikke noe rart i seg selv.

Når det gjelder 1 600 tonn reinkjøtt, tar man ut seks ganger så mye elg – ca. 9 000 tonn elg – som springer fritt i de norske skogene. Det skjer selvfølgelig over hele landet, men det betyr at vi her har et eksklusivt produkt som utgjør ca. én sjettedel av uttaket vi har av elg det samme året. Så det skal ikke nødvendigvis prises lavt og selges billig. Det er også sesongbetont. Vi må få nye markeder, og vi må få opp kjennskapen til, kunnskapen om og bruken av reinkjøtt.

Presidenten []: Representanten Bengt Rune Strifeldt har hatt ordet to ganger tidligere og får ordet til en kort merknad, begrenset til 1 minutt.

Bengt Rune Strifeldt (FrP) []: Representanten Knag Fylkesnes var inne på statlig styring. Jeg mener reindriften i stor grad har en manglende statlig styring, og at man stilltiende har akseptert en dobling av reintallet fra 1970 og fram til i dag, noe som gjør at vi har arktisk ørken rundt omkring.

Vi har sidaene og indre selvstyre, men vi ser at det ikke har fungert. Vi har bl.a. hatt flere saker i denne salen hvor vi har diskutert sidaene. Vi har et så høyt reintall at man – litt humoristisk sagt – jevnlig må fôre rein med blomster fra gravsteder. Hammerfest har store utfordringer med å holde reinen borte fra gravplassene der.

Færre får ta del i næringen, sies det. Ja, det er en næring som er begrenset av begrensede beiteressurser. Man kan ikke la den utvikle seg i antall. Det ville være drepen for næringen.

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Votering, se voteringskapittel