Stortinget - Møte fredag den 14. juni 2024 *

Dato: 14.06.2024
President: Svein Harberg
Dokumenter: (Innst. 432 S (2023–2024))

Søk

Innhold

*) Referatet er ennå ikke korrekturlest​.

Sak nr. 1 [09:01:19]

Innstilling fra Stortingets presidentskap om valg til Stortingets kontrollutvalg for etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste (EOS-utvalget) (Innst. 432 S (2023–2024))

Talere

Andre visepresident Nils T. Bjørke []: Presidentskapet legg med dette fram Innst. 432 S for 2023–2024, om val til Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og sikkerheitsteneste, EOS-utvalet. Innstillinga er samrøystes.

Etter EOS-kontrollova vel Stortinget eit utval til å kontrollera EOS-tenestene som vert utførte av den offentlege forvaltninga eller i regi av ho. Valet skjer etter innstilling frå Stortingets presidentskap. Utvalet skal ha sju medlemer, medrekna leiar og nestleiar, som vert valde for ein periode på inntil fire år. Medlemene kan berre attveljast éin gong og til saman ha vervet i åtte år.

Valperioden for fire av EOS-utvalets medlemer går ut 30. juni 2024. To av desse tek ikkje attval.

Eg vil kort nemna at reglane om oppnemningstid og maksimal funksjonstid i EOS-utvalet vart endra med verknad frå 1. januar 2023. Lovendringa fekk verknad for dei som allereie var medlemer av EOS-utvalet, og som allereie var valt for fem år. Det påverka også intervalla for Stortingets val av medlemer.

Presidentskapet meiner at det bør leggjast til rette for at Stortinget vel medlemer til EOS-utvalet annakvart år.

Som det er gjort greie for i innstillinga, gjer dette at medlemet og leiaren av utvalet, som er på attval etter ein valperiode på fem år, berre kan attveljast for tre år. Vidare, for å leggja til rette for at Stortinget vel medlemer til EOS-utvalet annakvart år, føreslår presidentskapet at dei to nye medlemene vert valde for tre år, sjølv om dei kan veljast for «inntil fire år».

Det vert føreslått at noverande leiar av EOS-utvalet, Astri Aas-Hansen, vert vald som leiar av EOS-utvalet for ytterlegare tre år, og at noverande medlem av utvalet, Erling Johannes Husabø, vert vald som medlem for nye tre år, begge frå 1. juli 2024 til 30. juni 2027.

Som nye medlemer av EOS-utvalet føreslår presidentskapet at Åsa Elvik og Hege Solbakken vert valde for tre år, frå 1. juli 2024 til 30. juni 2027.

Eg viser elles til merknadene og legg fram tilrådinga frå eit samrøystes presidentskap.

Votering, se voteringskapittel

Presidenten []: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 1.

Sakene nr. 2 og 3 vil bli behandlet under ett.