Presidenten [13:58:24 ]: Etter ønske
fra næringskomiteen vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til
hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det – innenfor den fordelte taletid
– bli gitt anledning til replikkordskifte med inntil seks replikker
med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og de som måtte
tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får også en
taletid på inntil 3 minutter.
Bengt Rune Strifeldt (FrP) [13:59:00 ] (ordfører for saken):
Først vil jeg takke komiteen for samarbeidet under behandlingen
av saken, som er et representantforslag fra Miljøpartiet De Grønne
om å sikre at norsk kommersielt skogbruk bidrar til å nå målene
i naturavtalen. Representantforslaget omhandler skogforvaltning
og oppnåelse av målsettingene i naturavtalen. I behandlingen av
saken er det kommet inn tre høringsinnspill, fra Norges Bonde- og
Småbrukarlag, NOAH og Norges Skogeierforbund.
Skogbruk er en viktig næring som forvalter
et særlig naturansvar. Naturavtalen som ble inngått i 2022, legger opp
til at partene i avtalen legger fram nasjonale handlingsplaner for
naturmangfold i tråd med naturavtalen innen neste partsmøte høsten
2024, og at regjeringen jobber med tiltak her. Statsråden informerte
i sitt svarbrev til Stortinget om at tiltakene i handlingsplanen
vil bli lagt fram som en melding til Stortinget. Vi ser fram til at
den kommer til Stortinget.
Den 29. mars 2023 ble det framlagt en rapport
fra Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet om kunnskapsgrunnlaget
om økologisk tilstand i norsk skog. Rapporten viser en positiv utvikling
innenfor de fleste miljøparameterne direktoratene bruker for å beskrive tilstanden.
Det er derfor viktig å påpeke at miljøtilstanden i norsk skog er
god, og at den er under positiv utvikling.
Av landets produktive skogareal eies 77 pst.
av privatpersoner. Eiendomsretten er et av samfunnets grunnleggende
prinsipper, og det må først og fremst være opp til skogeieren selv
hvordan en forvalter egen skog. Fremskrittspartiet er tydelig på
at skogeierne skal ha rett til å råde over egen eiendom og benytte
seg av ressursene de selv eier. Norske skogeiere tar ansvar for naturmangfoldet,
og det er allerede i dag et lovverk som ivaretar naturmangfoldet,
komplementert av en stor tilslutning til frivillig vern av skog.
Arts- og naturmangfold skjer best gjennom frivillig samarbeid med
skogeierne.
Skognæringen bidrar til sysselsetting og verdiskaping
i store deler av landet. Et aktivt skogbruk gjennom bruk, hogst
og planting er med på å skape en sterk næring og sørger for opptak
av CO2 . Mindre hogst av skog vil føre til økt behov for
import av tømmer, som igjen kan føre til økt hogst i land med svakere
naturvernhensyn enn i Norge. Fremskrittspartiet mener derfor at strenge
reguleringer som vil være til hinder for aktivitet i skogbruket,
er negativt fra både et nærings- og et naturmangfoldperspektiv.
Derfor velger vi å stemme mot dette, og jeg regner med at de andre
partiene redegjør for sine standpunkt.
Solveig Vitanza (A) [14:02:15 ] : Jeg takker forslagsstillerne
for at de tar opp et viktig tema for Stortinget. Det globale Kunming–Montreal-rammeverket
for naturmangfold som ble inngått i desember 2022, skal legge fram
nasjonale handlingsplaner for naturmangfold, i tråd med naturavtalen
og det globale målet den inneholder. Regjeringen skal dermed følge
opp fra norsk side med å lage en ny handlingsplan for naturmangfold,
og dette skal legges fram som en melding for Stortinget. Vi velger
derfor å avvente denne meldingen og kommer ikke til å stemme for
forslaget.
For oss i Arbeiderpartiet er det viktig at
vi har gode tiltak som skal bidra til å opprettholde og forbedre
økosystemet i skogen. Skog er en viktig del av økosystemet for norsk
naturmangfold. Om lag 60 pst. av de kjente artene på fastlandet
i Norge er tilknyttet skog. Skogbruket blir i dag drevet på basis
av et lov- og regelverk med klar understreking av miljøansvaret
til skogbruket. I tillegg er det egne private sertifiseringssystemer.
Fordi skogbrukstiltak kan føre til negativ miljøpåvirkning, er det gjennom
lang tid utviklet miljøhensyn i skogpolitikken, og det er utviklet
miljøstandarder for det praktiske skogbruket. Det meste av skogarealet
som er aktuelt for skogsdrift, er etter hvert omfattet av skogbruksplaner med
miljøregistreringer, og både offentlige og private regelverk krever
at skogeierne skal ha kunnskap om miljøkvalitetene i områdene før
det kan gjennomføres ulike skogstiltak. Disse hensynene skal sammen
sikre at ulike livsmiljøer i skogen blir tatt vare på over tid.
Jeg er glad for at både staten og skogeierne
har et omforent mål om å ivareta mangfoldet i norsk skog. Et aktivt
skogbruk og produksjon av produkter basert på trevirke er viktig
i alle deler av landet. En ansvarlig og langsiktig forvaltning er
en forutsetning for å produsere skog med kvalitetstømmer og slik
bidra til framtidig verdiskaping og karbonbinding. En mer offensiv
politikk for skogindustrien er god næringspolitikk, god distriktspolitikk
og god klimapolitikk. Gode avveininger mellom aktivitet og miljøhensyn,
mellom natur, klima, bruk og vern, skal stå sentralt i en bærekraftig
skogpolitikk.
Olve Grotle (H) [14:05:06 ] : Det er viktig å ta vare på naturen,
og det er viktig å ta vare på skogen. Eit berekraftig skogbruk er
avgjerande for å bevare norsk natur og livet som er her. Korleis
vi forvaltar skogen, speler ei kritisk rolle i miljøforvaltninga
og økonomien vår, og det krev kloke grep for å sikre at vi etterlet
komande generasjonar ei grønare framtid.
For det første må vi sørgje for berekraftig
forvalting. Det inneber å unngå overhogst og å sikre at nyplanting og
regenerering av skogen skjer i eit berekraftig tempo. Vi må verne
om det biologiske mangfaldet i skogane våre ved å bevare gamle trær
og daude treverk og oppretthalde varierte skogstrukturar.
For det andre må vi redusere bruken av kjemikaliar i
skogbruket, som kan ha skadelege effektar på vassvegar og jordsmonn.
Teknikkar for å kontrollere erosjon er òg viktig, særleg i utsette
område, for å verne om jordas fruktbarheit og førebyggje avrenning.
Vidare må vi satse meir på klimasmarte skogbrukspraksisar.
Dette inneber val av tresortar som toler endra klimaforhold, og
metodar for å auke karbonopptaket i skogane. Til slutt er det essensielt
å engasjere samfunnet og skogbrukarane i forvaltningsavgjerder,
spreie kunnskap om berekraftige praksisar og støtte opp om det frivillige
skogvernet.
Vi må sikre at norsk skogbruk bidreg positivt
til miljøet og framleis er ein berekraftig ressurs for Noreg. I
Høgre ser vi her fram til debatten knytt til Noregs oppfølging av
den internasjonale naturavtalen.
Jenny Klinge (Sp) [14:07:12 ] : Å forvalte naturen og skogen
på best mogleg måte er eit mål som det kan vere rimeleg enkelt å
bli einige om. Likevel kan det vere eit enormt sprik i kva vi legg
i kva som er best.
Representantforslaget frå Miljøpartiet Dei
Grøne om å sikre at norsk kommersielt skogbruk bidrar til å nå måla
i naturavtalen, har gode intensjonar som vi i Senterpartiet deler.
Likevel vil vi understreke kor viktig det er at eventuelle endringar
i lovverk og pålegg overfor skognæringa blir gjorde på bakgrunn
av heilskaplege vurderingar og ei god forståing av korleis eksisterande reglar
fungerer eller ikkje fungerer.
I den naturavtalen som vart inngått i 2022,
blir det peikt på at partane innan neste partsmøte hausten 2024,
altså seinare i år, skal leggje fram nasjonale handlingsplanar for
naturmangfald. Regjeringa arbeider no med dei tiltaka som skal inn
her, og har varsla at tiltaka i handlingsplanen kjem til å kome
som ei stortingsmelding. Dette er anledninga for å kunne ta veloverveigde val
om skogbruket for framtida, med tanke på å oppretthalde og forbetre
økosystema i skogen.
Eg vil ikkje gå detaljert inn i forslaga frå
Miljøpartiet Dei Grøne, for det kjem som sagt ei stortingsmelding
etter kvart som gjev høve til å diskutere ulike relevante tema grundig,
men eg vil kort kommentere forslaget om generell meldeplikt for
hogst. Dette er ein type tiltak som kanskje kan verke fornuftig
nok heilt til ein begynner å sjå for seg dei praktiske og negative
konsekvensane av forslaget og stiller det opp mot dei sannsynlege
positive verknadene. Massivt byråkrati med bortimot null effekt
er truleg svaret på det reknestykket.
Vi i Senterpartiet er opptekne av naturen og
vil definitivt vere med på tiltak som kan gje positiv effekt. Det er
likevel viktig å unngå krav som skaper irritasjon og meirarbeid
i staden for samarbeid og framsteg. Å truge med straff er heller
ikkje nødvendigvis det mest effektive. Derimot er god kunnskap,
god rådgjeving og god oppfølging vesentleg.
Slik det har vorte etter at drift med skogsmaskin
vart hovuddriftsforma i skogen, er det vanlegvis skogeigarforeiningane
som står for hogsten på vegne av skogeigar. Å bryte sertifiseringsreglane
kan få store konsekvensar, som at ein ikkje får selt produkta vidare
til f.eks. Tyskland. Dette er i seg sjølv preventivt.
Det vil vere viktig for naturbevaringa og skogforvaltinga
for framtida at vi har eit godt kunnskapsgrunnlag om både naturverdiar
og gode driftsformer med tanke på både økologi og økonomi. Skal
vi ha eit regelverk og ei forvalting som vi kan stole på at verkar,
må lover og tiltak vere gjennomtenkte.
Alfred Jens Bjørlo (V) [14:10:19 ] : Eg vil på vegner av Venstre
først av alt takke forslagsstillarane frå Miljøpartiet Dei Grøne
for å ha reist dette representantframlegget om eit viktig tema,
som eigentleg ikkje handlar om det er slik at skogbruket i fortid
har vore drive naturvenleg og miljøvenleg eller ikkje. Det handlar
om korleis skogbruket i framtida må drivast, sett i lys av det nye
globale Montreal-rammeverket for naturmangfald, naturavtalen, som
Noreg har slutta seg til, og som stiller skjerpa krav til korleis
vi driv eigentleg alle typar areal- og naturforvaltning i Noreg,
men også skogbruk og det kommersielle skogbruket for skog i privat
eige. Det er det denne saka strengt teke handlar om, og – som det blir
sagt i ein merknad i saka som Venstre, SV, Raudt og Miljøpartiet
Dei Grøne og Høgre stiller seg bak – at når naturavtalen no kjem,
får det også konsekvensar for måten vi driv det kommersielle skogbruket
på. Eg vil rose Høgre for å ha slutta seg til det prinsippet, sånn
at det no faktisk berre er Framstegspartiet som står saman med Senterpartiet
og deira støtteparti i landbruks- og skogpolitiske saker, Arbeidarpartiet,
om å avvise dette. Då er vi komne eit betydeleg steg vidare.
Som det er sagt frå fleire talarar, har regjeringa
varsla at ein vil kome med ei melding til Stortinget om oppfølging
av naturavtalen. Det betyr at veldig mange av dei konkrete framlegga
ser vi det som mest naturleg og rett å ta stilling til der, men
nokre av framlegga som Venstre er med på i dette Dokument 8-framlegget,
meiner vi det er fornuftig å slutte seg til allereie her og no.
Det handlar om prinsippet om at kommersiell skogdrift i Noreg skal vere
ein aktiv bidragsytar for å oppfylle forpliktingane i naturavtalen,
og at vi i samråd med næringa gjennomgår PEFC-skogstandarden, for
å sikre at ein samla sikrar bevaring og oppbygging av naturmangfald
i skog som blir driven kommersielt. Det gjeld også ei sak som Venstre
tek opp i kvart einaste statsbudsjett, nemleg at vi har tilskotsordningar
i landbruket og skogbruket som er direkte kontraproduktive når det
gjeld å nå naturmål for skog. Dei kan vi fase ut. Det gjev betre
naturvern, og det sparar skattebetalarane og staten for pengar.
Det er to gode fluger i ein smekk.
I tillegg legg Venstre fram eit laust framlegg
i salen i dag som gjeld å be regjeringa forskriftsfeste eit forbod mot
hogst og andre skogbrukstiltak i hekketida – ikkje i skog generelt,
som ligg inne i det opphavlege framlegget i saka, men i skog med
høg tettleik av hekkande fugl.
Med det vil eg fremje dei tre mindretalsframlegga
i innstillinga som Venstre er med på, og vårt lause framlegg.
Presidenten [14:13:33 ]: Da har representanten
Alfred Jens Bjørlo tatt opp de forslagene han refererte til.
Rasmus Hansson (MDG) [14:13:46 ] : Vi får forutsette at når
regjeringen har signert den globale naturavtalen, er det fordi den
er enig i at tilstanden i norsk natur og norsk skog ikke er god
nok. Den største naturtypen på land er skog, og størstedelen av
skogen drives kommersielt. Som representanten Bjørlo nettopp påpekte: Skal
vi oppfylle naturavtalen for skog, må skogbruket og skogsdriften
bli en del av virkemidlene for å oppnå dette.
I dag er vedtatt vernemål for skog 10 pst.
Vi har vernet 5 pst. Naturavtalen sier at 30 pst. skal være effektivt bevart
i samsvar med bevaringsformål, og dessuten at det skal være iverksatt
effektiv restaurering av minst 30 pst. av arealet med forringede
økosystemer innen 2030. Ingen med peiling på skogsbiologi er uenig
i at dette arbeidet ligger langt etter skjema, og at regjeringen derfor
har kjempedårlig tid.
Derfor har Miljøpartiet De Grønne vært så vennlig
å foreslå en del opplagte tiltak:
Miljøpartiet De Grønne foreslår at
regjeringen gjør kommersiell skogsdrift til en aktiv bidragsyter
til naturavtalen. Regjeringen sier i denne saken nei.
Miljøpartiet De Grønne foreslår at den frivillige miljøsertifiseringen
PEFC, som regjeringens miljøtiltak i skog hviler på, skal oppgraderes.
Regjeringen sier nei.
Miljøpartiet De Grønne foreslår at den sterkt mangelfulle
forskriften for bærekraftig skogsdrift skal styrkes. Regjeringen
sier nei.
Miljøpartiet De Grønne foreslår å kutte direkte subsidiering
av naturødeleggelse i skog. Nei, sier regjeringen.
Miljøpartiet De Grønne foreslår at kommunene selv skal kunne
kreve meldeplikt for hogst, men da blir regjeringen plutselig motstander
av kommunal selvråderett.
Miljøpartiet De Grønne foreslår at staten ikke skal ta betalt
av staten for å verne statens skog og i hvert fall ikke profittere
på vern, men det vil regjeringen.
Det er regjeringen selv som har vedtatt sterkt
økte forventninger til miljøvern i skog. Hvis regjeringens svar på
Miljøpartiet De Grønnes forslag også kommer til å bli de svarene
vi får i den varslede stortingsmeldingen, når den en gang ser dagens
lys, vil den meldingen bety at lyset slukker for alt håp om å oppfylle
naturavtalen. Hvis regjeringen derimot skulle ombestemme seg innen
den tid og gjennomføre det Miljøpartiet De Grønne foreslår i denne
saken, er det selvfølgelig veldig bra, men da er det også enda et
eksempel på at sittende regjering, som tidligere regjeringer, mener
det er enda viktigere å somle og vente med miljøpolitikk enn å gjennomføre
miljøpolitikk når den trengs og vi har veldig dårlig tid.
Med det tar jeg opp forslagene Miljøpartiet
De Grønne er med på.
Presidenten [14:16:44 ]: Da har representanten
Rasmus Hansson tatt opp de forslagene han refererte til.
Statsråd Geir Pollestad [14:17:01 ] : Skognæringa er viktig
for Noreg. Eit aktivt og lønsamt skogbruk og ein konkurransedyktig
skogindustri har betydning for eit levedyktig landbruk, sysselsetting,
industri og næringsutvikling i store delar av landet. Den norske
skogen har gjennom dei siste hundre åra blitt bygd opp frå å vera fullstendig
uthogd tidleg på 1900-talet til no å vera livskraftig og produktiv
skog som me kan hausta store mengder virke frå. Rolla skogen spelar
som leverandør av råvarer til det grøne skiftet, vert endå viktigare
i åra som kjem. Vi klarer ikkje omstillinga frå fossilt til fornybart
utan å bruka skogen aktivt.
Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet
har saman levert eit felles kunnskapsgrunnlag om den økologiske
tilstanden i norsk skog og vurdert framtidig miljøutvikling i skogen.
Dei har peikt ut ei rekkje indikatorar som er eigna til å beskrive
tilstanden. Dei fleste av desse indikatorane viser ei positiv utvikling.
Det betyr altså at miljøomsyna politikken og skognæringa tek, gjev
gode resultat og vil fortsetja å gjera det i åra som kjem. Eg merkar
meg at komiteen viser til denne rapporten i innstillinga.
Skog med bestandsalder på over 160 år er aukande
i omfang og utgjer no mellom 3 og 4 pst. av all produktiv skog.
Mange artar er avhengige av gamal skog, kor det òg er mykje daudt
trevirke. Mengda daud ved i skog har auka mykje dei siste 30 åra,
og ho er framleis aukande. Det er bra for ei rekkje artar. Andre
parametrar som har framgang, er innblanding av lauvtre i barskog,
innslaget av store, gamle tre og sjikting i skogen.
Eg meiner at dagens krav i lov og forskrift,
kombinert med krava i marknaden til sertifisering med miljøomsyn,
gjev gode resultat, og ikkje minst gjev det resultat på ein effektiv
måte. Me bør ikkje leggja opp til at det offentlege skal regulera
meir enn nødvendig.
Eg er glad for – etter å ha høyrt på innlegga
– at det verkar å vera brei støtte til det som er regjeringa si
linje, og at det er eit fleirtal i komiteen som ikkje støttar dei ulike
forslaga. Det er ikkje behov for denne typen inngripande og kostnadskrevjande
tiltak. Samtidig er det alltid mogleg å verta betre i gjennomføringa
av eit berekraftig skogbruk som tek omsyn til naturmangfaldet, og det
er viktig for at me stadig søkjer meir og betre kunnskap på dette
feltet.
Det kjem òg framover til å vera utvikling i
skogpolitikken, og den må vera eit samarbeid mellom myndigheiter
og næring.
Presidenten [14:20:00 ]: Det blir replikkordskifte.
Rasmus Hansson (MDG) [14:20:16 ] : Etter at regjeringen i denne
saken har henvist til en kommende stortingsmelding og derfor sagt
at de ikke ønsker å ta stilling til Miljøpartiet De Grønnes forslag,
slapp statsråden for et øyeblikk siden en svær katt ut av sekken. Han
sa at det ikke er behov for denne typen tiltak i norsk skogbruk.
Er det statsrådens svar på hva som kommer til å stå i den stortingsmeldingen
som skal oppfylle naturavtalen? Blir det en stortingsmelding som
kommer til å slå fast at det ikke er nødvendig med nye og aktive
miljøtiltak for skog av den typen som Miljøpartiet De Grønne foreslår?
Eller ønsker statsråden å nyansere det utsagnet lite grann og gå
inn på f.eks. noen av de tiltakene vi foreslår, som helt åpenbart
er viktige for å oppnå bedre miljøtilstand i skog?
Statsråd Geir Pollestad [14:21:15 ] : Som eg har gjort greie
for i svarbrevet til komiteen, støttar eg ikkje nokon av dei forslaga
Miljøpartiet Dei Grøne har fremja i dette representantforslaget.
Så er det jo sjølvsagt altfor tidleg å slå fast kva som skal stå
i ei stortingsmelding som framleis ikkje er skriven og lagt fram.
Representanten vil få kunnskap om kva som er politikken til regjeringa
på dette feltet når den meldinga er klar, og når ho vert lagd fram
for Stortinget og til behandling i Stortinget. Eg kan altså ikkje
no gjera greie for kva som skal stå i den meldinga.
Rasmus Hansson (MDG) [14:21:53 ] : Jeg takker for den opplysningen.
Det som da er interessant for allmennheten å vite, er for det første
om statsråden kan antyde når stortingsmeldingen om oppfølging av
naturavtalen kan tenkes å komme, og om statsråden i det hele tatt
kan varsle noen konkrete tiltak for å bedre miljøtilstanden i skog.
Det at en rapport påpeker at noen parametere er i bedring, er jo
langt fra det samme som at miljøtilstanden i norsk skog, som inneholder omtrent
halvparten av de rødlistede artene på fastlandet i Norge, er god.
Statsråd Geir Pollestad [14:22:39 ] : Eg trur spørsmålet om
når meldinga kjem frå klimaministeren, må rettast til klimaministeren,
men me jobbar jo med oppfylging av naturavtalen. Det er heller ikkje
sånn at dette feltet er statisk. Det er eit løpande samarbeid mellom både
skogbruket og miljøorganisasjonane knytt til desse standardane.
Den enkelte grunneigar gjer jo sine vurderingar, og det kjem òg
til å vera vurderingar av regelverket på dette feltet framover.
Det er ein konklusjon om at ingenting kjem til å skje, men me kjem
jo til å leggja fram ei melding som følgjer opp naturavtalen, og der
er det òg eit element i bruk. Det er ikkje sånn at vern er det einaste
svaret. Me treng både å få sikra varar til det grøne skiftet, å
binda meir karbon i skogen i framtida og å ha ein aktiv bruk av
skogen.
Rasmus Hansson (MDG) [14:23:39 ] : Som statsråden muligens
har lagt merke til, handler ikke ett eneste forslag i denne saken
om vern. Det handler om bruk, og det handler om hvordan man bruker.
Dette er jo en utstrakt hånd til både skognæringen og Senterpartiet,
som er veldig glad i påstanden «bruk er det beste vern». Man kan
diskutere hvor logisk en sånn påstand er, men det kan vi legge til
side her. Forslaget handler altså bare om bruk. Da gjentar jeg spørsmålet om
statsråden på noe som helst punkt kan varsle endringer i hvordan
skogen skal brukes, av hensyn til det målet som regjeringen selv
har vedtatt, nemlig å oppfylle den uhyre ambisiøse naturavtalen.
Statsråd Geir Pollestad [14:24:30 ] : Eg kjem ikkje til å varsla
noko om kva klimaministeren tenkjer skal stå i stortingsmeldinga
om oppfylging av naturavtalen. Det tenkjer eg at me skal leggja
fram for Stortinget når det er klart, og når ein har gjort dei avvegingane
som trengst.
Så vert det hevda at desse representantforslaga handlar
om bruk. Ja, det kan for så vidt vera, men dei handlar om avgrensingar
i bruken. Me treng å ha ei levande skognæring, sånn at me får nok
treverk til det grøne skiftet, og me treng nytt byggemateriale.
Det er behov for meir skog. Skogen er òg ein svært viktig bindar
av karbon, og det ønskjer ein at han skal vera meir framover. Då
meiner eg det er eit viktig prinsipp at me òg bruker skogen.
Presidenten [14:25:19 ]: Replikkordskiftet
er omme.
Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 9.
Votering, se tirsdag 14. mai