Stortinget - Møte onsdag den 7. juni 2023

Dato: 07.06.2023
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhold

Formalia

President: Nils T. Bjørke

Presidenten []: Representanten Gisle Meininger Saudland, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Representanten Hege Bae Nyholt vil setja fram eit representantforslag.

Hege Bae Nyholt (R) []: På vegne av stortingsrepresentantene Seher Aydar, Bjørnar Moxnes, Tobias Drevland Lund og meg selv vil jeg sette fram et representantforslag om tilbakekjøp av velferdseiendommer.

Jeg ber om hastebehandling etter Stortingets forretningsorden § 39 c.

Presidenten []: Forslaget vil verta handsama etter reglementet.

Før sakene på møtekartet vert tekne opp til handsaming, vil presidenten opplysa om at møtet i dag held fram utover kl. 16.

Etter ynske frå familie- og kulturkomiteen vil sakene nr. 1 og 2 verta handsama under eitt.