Presidenten
[09:33:13 ]: Etter ønske fra kommunal- og forvaltningskomiteen
vil presidenten ordne debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe
og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får også en taletid på inntil 3 minutter.
Terje Sørvik (A) [09:33:49 ] (ordfører for saken): Komiteen
har i denne innstillingen behandlet endringer i Finnmarksloven som
følge av deling av Troms og Finnmark fylke tilbake til de opprinnelige
to fylkene fra før sammenslåingen i 2020. Finnmarksloven gjelder
forvaltning av grunn og naturressurser i Finnmark. Endringene i
loven medfører navneendringer, og forvaltning av oppgavene i loven
legges til Finnmark fylke.
Komiteen inviterte
til skriftlig høring i behandlingen. Det kom ingen skriftlige innspill.
Det er en samlet
komité som fremmer tilrådingen i saken, og jeg vil takke komiteen
og komitéråden for samarbeidet.
Statsråd Sigbjørn Gjelsvik [09:34:49 ] : Som følgje av at Stortinget
har vedteke at Troms og Finnmark fylke skal delast frå 1. januar
2024, og Finnmark igjen vert eit eige fylke, må det òg gjerast endringar
i Finnmarkslova.
Finnmarkslova
gjeld forvaltning av grunn og naturressursar i Finnmark fylke. Lova
vart vedteken i 2005 av eit breitt og tverrpolitisk fleirtal i Stortinget.
I samband med samanslåinga av fylka Troms og Finnmark vedtok Stortinget
endringar i Finnmarkslova. Dette var reglar om det geografiske verkeområdet
for lova, val av medlemmar til styret i Finnmarkseiendommen og reglar
for utdeling av overskot. Desse endringane var påkravde fordi nemninga
Finnmark fekk endra tyding i lova.
Når Finnmark no
igjen vert eit eige fylke, må dette gjerast om. I lova er det vist
til Troms og Finnmark fylke, Troms og Finnmark fylkeskommune og
Troms og Finnmark fylkesting. Regjeringa gjer framlegg om å endre lova
slik at det vert vist til instansane i Finnmark. På denne måten
vil ein gå tilbake til ordninga som var før fylkeskommunane Troms
og Finnmark vart samanslegne.
Når det gjeld
statsforvaltaren, gjer regjeringa framlegg om å utforme føresegnene
slik at det vil fungere uavhengig av korleis den geografiske inndelinga
er mellom dei ulike statsforvaltarembeta. Dei endringane regjeringa
gjer framlegg om, er altså tekniske endringar der regjeringa inviterer
Stortinget til å gjere dei endringane som er naudsynte i samband
med at Finnmark vert eit eige fylke igjen.
Når departementet
vurderer endringane i Finnmarkslova, har departementet plikt til
å tilby Sametinget konsultasjonar. Sametinget har ikkje ønskt å
konsultere om desse endringane, men viser til standpunktet dei hadde
i konsultasjonane om endringane i Finnmarkslova då fylka vart slegne
saman. Troms og Finnmark fylkeskommune fekk òg høve til å kome med
innspel til forslaget. Dei meinte det ikkje var behov for det.
Eg er glad for
at komiteen samla støttar regjeringa sitt forslag om endringar i
Finnmarkslova.