Stortinget - Møte torsdag den 27. april 2023
President: Ingrid Fiskaa
Formalia
President: Ingrid Fiskaa
Presidenten []: Det ligg føre to permisjonssøknader:
-
frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Trine Lise Sundnes frå og med 27. april og inntil vidare
-
frå Venstres stortingsgruppe om studiepermisjon for representanten Grunde Almeland i dagane 2. og 3. mai
Etter forslag frå presidenten blei samrøystes vedteke:
-
Søknadene blir behandla straks og innvilga.
-
Vararepresentantane, Agnes Nærland Viljugrein og Sofie Høgestøl, blir innkalla for å møta i permisjonstida.
Presidenten []: Agnes Nærland Viljugrein er til stades og vil ta sete.
Cato Brunvand Ellingsen vil setja fram eit representantforslag.
Cato Brunvand Ellingsen (SV) []: Jeg er glad for på vegne av representanten Kathy Lie og meg selv å legge fram et representantforslag om personer med utviklingshemmings møte med strafferettspleien.
Presidenten []: Forslaget vil bli behandla etter reglementet.