I samsvar med Grunnlova gjev Kongen
denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter
siste melding.
Koronapandemien
har prega det norske samfunnet det siste halvtanna året.
No er dei fleste
innbyggjarane i Noreg over 12 år vaksinerte. Dei fleste opplever
no ein normal kvardag, men samfunnsberedskapen er auka.
Smitteverntiltaka
som vart sette i verk i mars i fjor, førte til den største auken
i arbeidsløysa i etterkrigstida. Særleg var det mange permitterte.
Mange av dei som vart permitterte under pandemien, har kome tilbake
i jobb. Den registrerte arbeidsløysa nærmar seg nivåa frå før pandemien.
Samanlikna med
dei fleste andre land har det økonomiske tilbakeslaget i Noreg vore
moderat. Gjennomgåande har smittetala òg lege lågare enn i dei fleste
andre land. Saman med eit helsevesen som heile vegen har kunna gje
god behandling, har det ført til relativt få dødsfall som har vore
relaterte til covid-19. Sjølv om sjukehusa har vore nøydde til å
prioritere beredskap, har det meste av den ordinære aktiviteten
blitt halden i gang.
Koronapandemien
har også det siste året vore krevjande for barn, elevar og tilsette
i barnehagar og skular. Det har vore eit mål å halde dei ordinære
tenestene for barn og unge opne i så stor grad som mogleg under
pandemien. Trass i smitte har skular og barnehage vore opne, og
vi har ikkje hatt noka nasjonal nedstenging som i fjor.
Koronapandemien
gjorde det òg nødvendig med strenge reglar for innreise til Noreg.
Sidan mars 2020 har politiet, med hjelp frå tolletaten og Forsvaret,
gjennomført kontroll på grensa for å handheve innreiserestriksjonar
og smittevernreglar. Reglane har vore blant dei strengaste i Europa
og har gjort sitt til å halde smittenivået nede. Etter vinteren
har reglane gradvis blitt mjuka opp, i takt med at befolkninga er
blitt vaksinert.
Det har vore sett
i verk omfattande mellombelse finanspolitiske tiltak i møte med
krisa. I tillegg sette Noregs Bank styringsrenta ned til null. Det
har bidrege til at næringslivet har kome seg gjennom krisa, og til
den sterke aktivitetsveksten vi no opplever. Det har òg vore omfattande
tiltak retta mot kultur og frivilligheit.
Verdiskapinga
i norsk økonomi har auka markert det siste året. Ved utgangen av
august var 2,7 pst. av arbeidsstyrken registrert som heilt ledige
hos Nav. Det er om lag 10 000 fleire personar enn før pandemien.
Ved utgangen av
august var det samla sett registrert 140 200 arbeidssøkjarar, det
vil seie summen av heilt ledige, delvis ledige og personar på tiltak,
hos Nav.
Pandemien har
slått ulikt ut, både for næringar og personar. Samla sett står dei
næringane som har vore hardast ramma, for 10 pst. av fastlands-BNP
og rundt ein seksdel av samla sysselsetjing. Aktiviteten i desse
næringane var 20 pst. lågare i juli 2021 enn i februar 2020. Dei
andre 90 pst. av norsk økonomi hadde henta igjen det tapte allereie
før sommaren, med ein vekst på 2,1 pst. frå februar 2020 til juli
2021.
Norsk økonomi
er inne i ei rask opphenting, m.a. driven av vekst i det private
forbruket. Samtidig har krona halde seg relativt svak, særleg målt
mot euro. Det legg til rette for auka aktivitet for eksportretta
næringsliv når etterspurnaden tek seg opp igjen.
Gjeldsveksten
i hushalda har auka litt sidan sommaren i fjor, etter å ha minka
dei tre tidlegare åra. Regjeringa har sett i verk tiltak for ei
meir berekraftig utvikling i gjelda til hushalda.
Verdien av Statens
pensjonsfond utland har stige kraftig dei siste åra og har no kome
opp i nær 12 000 mrd. kr.
Utanrikspolitikken
har vore prega av den internasjonale pandemihandteringa, styrkt
samarbeid med USA, NATO og Europa, Noregs medlemskap i FNs tryggingsråd
og arbeidet med å nå berekraftsmåla innan 2030.
Gjennom arbeidet
i Tryggingsrådet fremjar vi norske interesser, respekt for og etterleving
av folkeretten, og dessutan ein regelstyrt multilateral verdsorden
og internasjonalt forpliktande samarbeid.
I europapolitikken
arbeider regjeringa for at EØS-avtalen skal halde fram med å vere
ei velfungerande ramme for Noregs samarbeid med EU.
Samarbeid om Europas
grøne giv bidreg til omstilling og skaper moglegheiter for norsk
næringsliv.
Inngåinga av frihandelsavtalen
med Storbritannia hadde mykje å seie for norsk verdiskaping og arbeidsplassar.
I april underteikna
regjeringa ein tilleggsavtale om forsvarssamarbeid med USA for å
styrkje samarbeidet i ramma av NATO.
Regjeringa har
lagt fram ein ny langtidsplan for forsvarssektoren. I den vedtekne
langtidsplanen har regjeringa prioritert ei ytterlegare styrking
av Forsvaret og sett i verk ei rekkje tiltak for å styrkje forsvarsevna.
Etter 20 års militært
engasjement i Afghanistan har forsvarspersonellet returnert til
Noreg, og det militære oppdraget er avslutta.
Over tid har Forsvarets
innsats i Afghanistan hausta mange lovord frå allierte og partnarar,
og dette har blitt forsterka etter den krevjande evakueringa frå
Kabul nyleg.
Regjeringa har
lagt stor vekt på arbeidet med beredskap i dei ti åra som har gått
sidan terroren 22. juli 2011, og alle tilrådingane frå Gjørv-kommisjonen
er følgde opp.
Gjennomføringa
av politireforma har styrkt kvaliteten på arbeidet til politiet
og gjeve meir einskaplege tenester. Målet om to politifolk per 1 000
innbyggjarar er nådd. Dei nasjonale krava til responstid i alle
tre tettstadskategoriar vart nådde i 2020, for første gong sidan målingane
starta i 2015.
I november i fjor
opna Politiets nasjonale beredskapssenter.
For å styrkje
evna til å førebyggje og handtere terror har regjeringa utvikla
ein kontraterrorstrategi.
For mange arbeidssøkjarar
er kompetanseheving nødvendig for å kome i arbeid. Med eit nytt
dagpengeregelverk frå 1. oktober i år vil det bli enklare å kombinere dagpengar
med utdanning og opplæring. Det er særleg lagt til rette for at
fleire kan fullføre fag- og yrkesopplæring.
Regjeringa sin
strategi mot arbeidslivskriminalitet vart oppdatert i februar.
Etter forslag
frå regjeringa har Stortinget vedteke lovendringar om oppheving
av plikta til å fråtre stillinga ved ei lågare aldersgrense enn
den alminnelege aldersgrensa. Å gje eldre arbeidstakarar ei moglegheit
til å halde fram i jobb dersom dei ønskjer det, er bra både for kvar
enkelt og for samfunnet.
I juni la regjeringa
fram Meld. St. 32 for 2020–2021, Ingen utenfor – en helhetlig politikk
for å inkludere flere i arbeids- og samfunnsliv.
Regjeringa sette
i 2018 ned eit sysselsetjingsutval. Utvalet har overlevert to rapportar,
med forslag til tiltak for auka inntektssikring og auka sysselsetjing.
Regjeringa arbeider med å vurdere forslaga frå utvalet i lys av høyringa.
I fjor haust tok
skulane i bruk dei nye læreplanane som er utvikla gjennom fagfornyinga.
Utdanningsløftet
vart innført i møte med pandemien og er vidareført i 2021. Dette
inneber ei betydeleg satsing på kompetanse og auka kapasitet i vidaregåande opplæring.
Det har òg gjeve ein historisk vekst i talet på studieplassar i
fagskular, universitet og høgskular.
Ny integreringslov
vart innført frå 1. januar i år. Lova legg vekt på differensiering
av introduksjonsprogrammet for kvar enkelt.
Tolkelova vart
fremja for og vedteken av Stortinget i vår. Lova gjer det tydeleg
kva for ansvar offentlege organ har når det gjeld å bruke tolk.
Regjeringa har
lagt fram ei likeverdsreform som skal gjere kvardagen enklare for
barn som har behov for samansette tenester, og familiane deira.
Frå 1. september
vart barnetrygda for barn under seks år auka med 3 600 kr i året.
Barnetrygda har dermed auka med 8 200 kr sidan 2018 for denne aldersgruppa.
Eingongsstønaden
ved fødsel har blitt heva vesentleg dei siste åra. Ytinga har auka
frå litt over 35 000 kr i 2013 til over 90 000 kr i 2021.
Etter forslag
frå regjeringa vedtok Stortinget i juni ny barnevernslov som skal
styrkje rettstryggleiken for barn og foreldre.
Regjeringa har
nedsett barnevernsutvalet, som skal vurdere korleis barnevernet
kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege
og samansette sakene.
Det er viktig
at alle land aukar klimaambisjonane, slik at 1,5-gradersmålet er
innanfor rekkjevidde. Noreg melde inn eit forsterka mål for 2030
til FN allereie i 2020 om å redusere utsleppa med minst 50 og opp
mot 55 pst. I 2050 skal utsleppa reduserast med 90–95 pst. Måla
er no lovfesta.
I januar la regjeringa
fram ei melding til Stortinget med ein klimaplan for 2021–2030.
Den viser korleis Noreg skal oppfylle klimamålet for 2030 og samtidig
skape grøn vekst.
I juni la regjeringa
fram ei stortingsmelding om langsiktig verdiskaping frå norske energiressursar.
Nye næringar, som hydrogen og havvind, styrking av straumnettet
og ei framtidsretta olje- og gassnæring med låge utslepp skal bidra
til vidare verdiskaping. Meldinga inneheld òg ein strategi for smart
og effektiv elektrifisering av Noreg og eit vegkart for hydrogen.
Stortinget gav
i fjor si tilslutning til Langskip, det norske prosjektet for fangst
og lagring av CO2. Bygginga har
starta, og det er internasjonal interesse for å bruke det norske
CO2-lageret.
Det tragiske kvikkleireskredet
i Gjerdrum rett før nyttår kravde ti menneskeliv og gjorde store
materielle skadar. Det er løyvd ressursar til sikring og opprydding etter
hendinga. Eit regjeringsoppnemnt utval undersøkjer årsaker til kvikkleireskred
og vurderer førebyggjande tiltak mot kvikkleireskred i heile landet.
Regjeringa la
i november 2020 fram ei stortingsmelding som presenterer regjeringa
sin strategi for trygg nedbygging av norske atomanlegg og handtering
av nasjonalt radioaktivt avfall.
Regjeringa har
lagt fram ei stortingsmelding om maritim næring med særleg vekt
på å fremje klima- og miljøvennleg skipsfart, digitalisering av
maritim sektor og norsk maritim kompetanse.
Regjeringa har
lagt fram ei melding til Stortinget om berekraftsmåla, med ein handlingsplan
som viser korleis heile samfunnet skal engasjerast for at vi skal
nå måla innan 2030.
Stortinget behandla
distriktsmeldinga hausten 2020. Tre distriktspolitiske strategiar
skal bidra til vekstkraft, likeverdige tenester, berekraftig utvikling
og attraktive bu- og arbeidsregionar over heile landet.
Stortingsmeldinga
om vår felles digitale grunnmur gjev retning for utvikling av mobil-,
breibands- og internettenester, som er fundamentet for digitalisering
i alle sektorar.
Aktiviteten innanfor
bygging og vedlikehald av veg og jernbane er framleis høg, og arbeidet
med jernbanereforma held fram. Det er i 2021 sett i gang konkurranse om
drift og vedlikehald av jernbanenettet.
Regjeringa sitt
forslag til ny lov om kollektiv forvaltning av opphavsrett vart
vedteke av Stortinget og tredde i kraft i år. Lova skal sikre effektiv,
forsvarleg og open forvaltning.
Årets jordbruksoppgjer
enda i brot då jordbruksorganisasjonane ikkje ville gå i forhandlingar.
Regjeringa gjekk difor til Stortinget med eit forslag basert på
tilbodet frå staten.
Etter ein markert
nedgang i 2020 som følgje av lågare prisar på olje og gass har overskotet
på driftsbalansen auka så langt i år. I første halvår var overskotet
på 185 mrd. kr. Det er ein auke på vel 140 mrd. kr frå den same
perioden i fjor. Overskotet på driftsbalansen har ikkje vore høgare
i eit første halvår sidan 2014.
Den gjennomsnittlege
lønsveksten frå 2019 til 2020 var på 3,1 pst. Løningane auka meir
enn konsumprisane, og realløna etter skatt voks med 1,8 pst. i fjor.
I første halvår i år var løningane 2,5 pst. høgare enn i den same perioden
i fjor. I same periode steig konsumprisane med 2,9 pst.
Petroleumssektoren
har blitt mindre dominerande i norsk økonomi etter oljeprisfallet
i 2014. Det må m.a. sest i samanheng med utviklinga i prisane på
olje og gass. Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda
var i fjor på 107 mrd. kr.
Eit av måla i
IA-avtalen er å redusere sjukefråværet med 10 pst. frå 2018. Sjukefråværet
i 2020 var høgare enn sjukefråværet i 2018, også når det blir korrigert
for koronarelatert fråvær. Det sesongjusterte sjukefråværet i første
halvår 2021 var på same nivå som i 2020.
Ved utgangen av
andre kvartal 2021 budde det om lag 5,4 millionar personar i Noreg.
Det er ein auke på 10 800 frå utgangen av 2020. Om lag 80 pst. av
befolkningsauken første halvår 2021 kom av fødselsoverskot, medan
om lag 20 pst. kom av nettoinnvandring. I 2020 auka befolkninga
med om lag 23 800 personar, med om lag like store bidrag frå nettoinnvandring
og fødselsoverskot. Det vart fødd om lag 53 000 barn i 2020, om
lag 1 500 færre enn i 2019.
Covid-19-pandemien
har vist kor tett verda heng saman, og har understreka verdien av
multilateralt samarbeid i møte med globale utfordringar.
Tett samarbeid
med nordiske og andre nærståande europeiske land, og EU, har vore
avgjerande for Noreg i møte med pandemien. Vi har fått mykje igjen
for tilliten og det gode samarbeidet vi har investert i og bygd
over tid.
Noreg tok tidleg
på seg ei leiarrolle i arbeidet med å sikre rettferdig global tilgang
til covid-19-vaksinar, medisinar og testar. Sidan september 2020
leier Noreg saman med Sør-Afrika fasiliteringsrådet for den internasjonale
koalisjonen for nedkjemping av koronapandemien, «Access to Covid-19
Tools Accelerator», ACTA. ACTA har bidrege til å utvikle vaksinekandidatar
og hurtigtestar i eit tempo verda aldri tidlegare har sett. Vaksinepilaren
Covax planlegg å levere meir enn 1,8 milliardar vaksinedosar før
tidleg 2022.
Covid-19 er ikkje
berre ei global helsekrise. Det er ei økonomisk og sosial krise
som har ført millionar av menneske inn i svolt og fattigdom. Menneskerettane, m.a.
rettane til jenter og kvinner, har kome under press. Noreg held
fram med å setje helse, utdanning, jobbskaping, menneskerettar,
godt styresett, svoltnedkjemping og likestilling i sentrum av den
internasjonale innsatsen vår for gjenoppbygging etter pandemien.
Samla norsk støtte til den globale covid-nedkjempinga – inkludert innsats
for å motverke sosioøkonomiske konsekvensar av pandemien – er på
rundt 12 mrd. kr.
Pandemien har
ført til ei forverring i den globale humanitære situasjonen. Ifølgje
FN treng meir enn 235 millionar menneske humanitær bistand og vern
i 2021, ein auke på 40 pst. frå 2020. Difor har regjeringa gjeve
ei rekordhøg humanitær støtte på 6,3 mrd. kr for 2021.
Fattigdom og svakare
skuletilbod gjer barn meir utsette for vald og overgrep. Førekomsten
av barnearbeid aukar. Regjeringa vidarefører leiarrolla for utdanning
i utviklingsland, og vi held fram med å prioritere innsatsen for
særskilt sårbare grupper.
Noreg har auka
støtta til landbruk, matsikkerheit og mat frå havet. Under FNs toppmøte
om matsystem i september bidrog Noreg til styrkt engasjement for
å oppnå berekraftsmål 2, om å nedkjempe svolt. Regjeringa trappar
opp støtta til klimatilpassing med særleg vekt på å førebyggje klimarelaterte
katastrofar og sikre matforsyninga i sårbare land. I juli 2021 sette
regjeringa av 10 mrd. kr over fem år til eit nytt fond som skal
investere i fornybar energi i utviklingsland, med mål om å bidra
til reduserte klimagassutslepp gjennom utfasing av kol. Fondet skal
òg bidra til å mobilisere kommersiell kapital.
Høgnivåpanelet
for ein berekraftig havøkonomi, leidd av statsministeren og med
deltaking frå 14 andre stats- og regjeringssjefar, la i desember
2020 fram ein handlingsplan for berekraftig havforvaltning globalt.
Frå i år skal
Noreg delta i Det europeiske forsvarsfondet, som skal fremje forsvarsforsking
og kapabilitetsutvikling.
Gjennom EØS-midlane
bidreg Noreg til sosial og økonomisk utjamning i EU og til å fremje
rettsstaten, menneskerettane og dei demokratiske verdiane. Dette er
viktig i ei tid då vi opplever aukande press mot både rettsstaten
og den internasjonal rettsordenen – også i Europa.
Pandemien gjev
auka grobotn for konflikt og skaper vanskar for partar som prøver
å skape fred. Noreg har prioritert å vidareføre innsatsen vår i
ei rekkje freds- og forsoningsprosessar.
Det globale nedrustings-
og ikkje-spreiingsregimet for masseøydeleggingsvåpen er under press.
Noreg arbeider for at dei internasjonale nedrustingsmekanismane
skal fungere. Det siste året har Noreg sete i styra for både Det
internasjonale atomenergibyrået, IAEA, og Organisasjonen for forbod
mot kjemiske våpen, OPCW.
Nordområda er
Noregs viktigaste strategiske ansvarsområde. Dette vart tydeleg
understreka i nordområdemeldinga frå regjeringa. Gjennom det toårige
formannskapet i Barentsrådet har Noreg fremja samarbeid og tillit
over landegrensene. Saman med innsatsen for å styrkje samarbeidet
i Arktisk råd er dette viktig for å sikre vidare stabilitet og fredeleg
utvikling i nord.
Regjeringa har
vidareført det bilaterale samarbeidet med Russland. Noreg har signert
ein tilleggsprotokoll til ein avtale med Russland som bidreg til
å redusere risikoen for misforståingar og ulykker til sjøs og i
lufta. Sjølv om mykje av samarbeidet fungerer godt, er forholdet mellom
Vesten og Russland stadig prega av den anstrengde tryggingspolitiske
situasjonen i Europa og eit betydeleg verdi- og interessegap.
NATO er hjørnesteinen
i norsk tryggingspolitikk. Under NATOs toppmøte i juni 2021 vart
det vedteke fleire tiltak for å styrkje NATOs politiske dimensjon,
gjennom NATO 2030.
Noreg har bidrege
substansielt til NATOs operasjonar, misjonar og ståande styrkar,
og har stilt militære styrkar til innsats i Irak, i Baltikum, i
FN-operasjonar i Midtausten og i Afrika. Vi støttar òg land på Balkan
og ved Svartehavet med kapasitetsbygging.
Russland kjem
framleis til å vere ein dimensjonerande faktor for norsk sikkerheits-
og forsvarspolitikk, samtidig som det blir viktig å følgje med på
utviklinga i Kina. I tillegg er ny og banebrytande teknologi, utfordringar
i det digitale domenet og det ytre rommet sentrale problemstillingar.
Styrkinga av Hæren
er vidareført gjennom oppbygging av Finnmark landforsvar. Etablering
av eit jegerkompani ved grensevakta i Sør-Varanger held fram, og full
operativ kapasitet blir forventa i 2022. Mekaniseringa av Brigade
Nord held fram. Hæren har òg fått tilført nytt artilleri.
Luftforsvaret
blir fornya vesentleg med mange nye materiellsystem. Omfordelinga
av Forsvarets Bell 412-helikopter mellom Bardufoss og Rygge, i tråd
med Stortingets avgjerd om delt helikopterløysing, blir sluttført
i 2021.
Den 8. juli i
år signerte Noreg, i eit strategisk samarbeid med Tyskland, kontraktar
for nye ubåtar og sjømålmissil.
Det blir arbeidd
kontinuerleg med å ta igjen vedlikehaldsetterslep og forbetre tilgangen
på materiell og reservedelar i Forsvaret, og fleire avdelingar har
fått auka bemanning. Cyberforsvaret styrkjer evna si til å verne IKT
i Forsvaret.
Samarbeidet mellom
Politiets tryggingsteneste og Etterretningstenesta er forsterka
gjennom etableringa av Felles etterretnings- og kontraterrorsenter.
Regjeringa har
lagt fram ei stortingsmelding med ein oppdatert nasjonal forsvarsindustriell
strategi.
Pandemien har
det siste året prega også Forsvaret. Fleire øvingar er blitt reduserte
eller kansellerte, under dette vinterøvinga Joint Viking 2021. Forsvaret
har likevel halde ved like ei operativ evne og løyst hovudoppdraga
sine. Saman med allierte har Forsvaret sikra ei truverdig avskrekking
og evne til å forsvare Noreg, også under pandemien.
Etter oppmoding
har Forsvaret støtta sivile styresmakter med handteringa av pandemien,
m.a. gjennom Heimevernets bistand til politiet i samband med forsterka
grensekontroll.
Regjeringa følgjer
opp arbeidet med anerkjenning og varetaking av veteranar frå internasjonale
operasjonar. Regjeringa har føreslått fleire lov- og forskriftsendringar
for å styrkje erstatningsvernet for veteranar frå internasjonale
operasjonar. Forsvarsdepartementet har sett ned eit forum for veteranforsking
som innan utgangen av 2021 skal kartleggje prioriterte forskingsområde
på fagfeltet.
Koronakommisjonen
fremja i april i år den første rapporten sin, som gjev ein grundig
gjennomgang av styresmaktene si handtering av pandemien. Rapporten har
vore på offentleg høyring, og over 520 høyringsinnspel har kome
inn.
Rapporten frå
kommisjonen og oppfølginga er viktig for at vi skal lære av pandemien
og bruke han til å styrkje beredskapen ytterlegare.
Talet på asylsøkjarar
til Noreg er framleis lågt. Dette heng saman med tiltak på EUs yttergrense,
europeisk samarbeid med tredjeland og reiserestriksjonar knytte til
covid-19.
For å invitere
til debatt om det vidare arbeidet mot barne-, ungdoms- og gjengkriminalitet
la regjeringa fram ei stortingsmelding om temaet i juni 2021.
Regjeringa fremja
i juni 2021 ei stortingsmelding om kriminalomsorga som føreslår
fleire tiltak for å tilpasse kriminalomsorga og straffegjennomføringa
til nye samfunnsvilkår.
Regjeringa har
lagt fram ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar, med ein
eigen del om vald og overgrep i samiske område. Dessutan har regjeringa
lagt fram ein strategi mot internettrelaterte overgrep mot barn.
Det er løyvd midlar
til teknisk utstyr og til dømmande årsverk i domstolane. Tilsvarande
er kapasiteten i påtalemakta styrkt. Auka kapasitet er nødvendig
for å få behandla fleire alvorlege straffesaker raskare.
Ny domstolsstruktur
i førsteinstans tredde i kraft våren 2021. Den nye strukturen legg
godt til rette for å auke effektiviteten og fleksibiliteten i domstolane.
Den 16. oktober
2020 la regjeringa fram Meld. St. 5 for 2020–2021, Samfunnssikkerhet
i en usikker verden. Det er den andre samfunnssikkerheitsmeldinga
under regjeringa Solberg. I meldinga blir det fremja tiltak innanfor
fleire område, samtidig som ho understrekar at dagens utfordringsbilete,
med m.a. aukande globalisering, digitalisering, klimaendringar og
endringar i det tryggingspolitiske biletet, gjer førebygging viktigare
i arbeidet med samfunnssikkerheit.
Eit viktig bidrag
i det førebyggjande arbeidet vårt er implementering av sikkerheitslova.
Alle departement har identifisert grunnleggjande nasjonale funksjonar innanfor
sin sektor. Dette er ein kontinuerleg prosess som skal gjere oss
i stand til å følgje samfunnsutviklinga, også innanfor førebyggjande
nasjonal sikkerheit.
Det er sett i
verk omfattande tiltak for å gje kompensasjon til personar som har
mista jobb og inntekt i møte med koronapandemien.
Gjennom endringar
i permitteringsordninga fekk arbeidsgjevarar redusert lønskostnadene
sine, utan å måtte seie opp tilsette. Arbeidstakarane som blir permitterte,
vart sikra inntekt gjennom å få dagpengar.
Regjeringa har
òg sett i verk omfattande mellombelse endringar i regelverket for
sjukepengar, omsorgspengar og arbeidsavklaringspengar. Særreglane
har bidrege til at folk lettare har kunna etterleve karanteneplikta. Dei
har avlasta utgiftene for arbeidsgjevar, og dei har sikra inntekt
til arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar
for tapt inntekt som følgje av koronarelatert fråvær.
Det er viktig
å hindre at tiltak verkar passiviserande når aktiviteten kan ta
seg opp, noko som kan forsterke og forlengje negative konsekvensar
av pandemien. Samtidig må det takast omsyn til at det er uvisse
rundt tempoet i gjenopninga av samfunnet vårt.
Det har vore ei
prioritert oppgåve for Arbeidstilsynet å følgje opp verksemdene
med kontroll av smitteverntiltak på arbeidsplassar og avvikling
av karantene.
Arbeids- og velferdsetaten,
Nav, har også i 2021 fått styrkt driftsløyvinga mellombels, med
866 mill. kr. Styrkinga går m.a. til å betre saksbehandlingstidene,
følgje opp arbeidssøkjarar, sikre godt tilgjenge ved Nav kontaktsenter
og å sikre tilbakebetaling av forskot på dagpengar i rett tid.
Krisa har særleg
ramma dei med lite utdanning og svak tilknyting til arbeidslivet.
Det er difor sett inn omfattande tiltak for unge, langtidsledige
og andre sårbare grupper. Inkluderingsdugnaden har blitt styrkt
i 2021.
Det norske reguleringsregimet
for helse, miljø og sikkerheit i petroleumsnæringa fungerer i hovudsak godt
og bør vidareførast. Omstillingar og endringar i petroleumsnæringa
kan påverke risikonivået. Eit framleis godt partssamarbeid, kunnskapsutvikling
og eit sterkt tilsyn er ein føresetnad for framleis god utvikling.
Regjeringa sin ambisjon om at norsk petroleumsverksemd skal vere
verdsleiande på HMS, ligg fast.
Eit partssamansett
utval har vurdert utfordringar i arbeidslivet i framtida og behovet
for tydelegare reguleringar i arbeidsmiljølova. Utvalet leverte
utgreiinga si 23. juni. Utgreiinga er send på høyring med frist 1. november.
I tillegg til
at regjeringa har løyvd midlar til kommunesektoren for å motverke
konsekvensane av pandemien og smitteverntiltaka, har ho løyvd midlar
til digitalisering og tiltak for å bidra til auka sosial og fagleg
læring. Det er òg løyvd midlar til sommarskule for elevar i grunnskulen.
Regjeringa har
lagt fram ein ny strategi for arbeid med kvalitet i barnehagane
mot 2030. Strategien peiker ut ambisjonane regjeringa har for barnehagesektoren
i åra fram mot 2030.
Vidare har regjeringa
innført eit nytt kapittel i barnehagelova med krav til korleis barnehagen
skal sikre at barna har eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø. Regjeringa
har sendt på høyring eit forslag til endring i barnehagelova om
krav til rekneskapsmessig skilje for private barnehagar som driv
fleire barnehagar i same verksemd eller konsern, for å sikre eit
godt tilsyn og openheit om økonomien til dei private barnehagane.
Regjeringa si
satsing på SFO støttar opp om kvalitet og innhald i tilbodet gjennom
ein ny nasjonal rammeplan for SFO, og gjev redusert foreldrebetaling
for familiar med låg inntekt.
Arbeidet mot mobbing
er eit høgt prioritert område for regjeringa. I mars signerte regjeringa
og 14 organisasjonar ein fornya avtale om partnarskap mot mobbing.
Som oppfølging
av stortingsmeldinga Tett på – tidlig innsats er det gjennomført
endringar i velferdstenestelovgjevinga for å styrkje oppfølginga
av utsette barn og unge og familiane deira gjennom meir samarbeid mellom
velferdstenestene.
Regjeringa si
satsing på kompetanseutvikling for lærarar i barnehage og skule
held fram. Regjeringa har utnemnt eit offentleg utval som skal vurdere
og føreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning.
Regjeringa har
lansert ein ny handlingsplan for digitalisering i grunnopplæringa
for å gjere skulane betre til å utnytte moglegheitene som digitale
ressursar gjev.
Opplæringslova
regulerer skulekvardagen til over 850 000 barn, unge og vaksne og
arbeidsdagen til over 100 000 lærarar og andre som jobbar i skulen.
På bakgrunn av NOU 2019: 23 er forslag om ny opplæringslov sendt
på høyring.
Regjeringa har
vedteke nasjonale reglar om fritt skuleval for vidaregåande skular,
som inneber at fylkeskommunane anten må ha fritt skuleval i heile
fylket eller fritt skuleval innanfor fastsette inntaksområde.
Stortinget har
med breitt fleirtal vedteke Meld. St. 21 for 2020–2021, Fullføringsreformen.
Med fullføringsreforma vil regjeringa leggje til rette for at fleire
skal fullføre og bestå.
Dei siste åra
har det vore ein historisk vekst i talet på nye studieplassar i
høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa la før sommaren fram ein
ny strategi for fagskulane som skal bidra til auka kvalitet.
Stortinget har
vedteke å presisere krav til kunnskapsgrunnlaget i fagskuleutdanninga,
og å fjerne avgrensinga i minstelengda for fagskuleutdanning.
For å bidra til
auka kvalitet i høgare utdanning har regjeringa lagt fram tre nye
stortingsmeldingar om høvesvis auka internasjonal studentmobilitet,
auka arbeidslivsrelevans og styring av dei statlege universiteta og
høgskulane.
Før sommaren la
regjeringa fram ein strategi som skal auke omfanget av desentralisert
og fleksibel utdanning av høg kvalitet. Ambisjonen er at utdanning
er tilgjengeleg for alle, uavhengig av kvar dei bur, og kva livssituasjon
dei er i.
Regjeringa har
utnemnt eit utval som skal vurdere regelverket for opptak til høgare
utdanning, og lagt fram ein strategi for forskarrekruttering og
karrierevegar i akademia.
Noreg vil delta
i EUs program for forsking og innovasjon, Horisont Europa, og EUs
program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+, i
perioden 2021–2027, og har lagt fram strategiar for norsk deltaking.
Regjeringa har òg lagt fram ein strategi for samarbeidet med Brasil,
Canada, India, Japan, Kina, Russland, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA
om forsking og høgare utdanning i perioden 2021–2027.
Regjeringa etablerte
Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, HK-dir, 1. juli
2021. Direktoratet er eit resultat av samanslåing av Diku, Kompetanse
Norge, Universell og delar av Unit og NSD. Det vil òg få oppgåver
frå NOKUT.
Det nye veterinærbygget
på Ås er ferdig oppført i 2021.
Stortinget har
vedteke endringar i universitets- og høgskulelova. Endringane gjeld
m.a. formålet og verkeområdet i lova, godkjenning av utdanning og
realkompetanse, opptak, eksamen og sensur, fusk, studentrepresentasjon,
læringsmiljø, politiattest, tilsetjingar og styringa og leiinga
i institusjonane.
Den 1. juli 2021
sende regjeringa på høyring endringar i universitets- og høgskulelova
som m.a. gjeld kva rett studentane har til permisjon, og som tydeleggjer
føresegna om læringsmiljø og tilretteleggingsplikta institusjonane
har overfor studentar med funksjonsnedsetjing eller andre særskilde
behov.
Regjeringa har
sett ned ei eiga ekspertgruppe som skal sjå på den akademiske ytringsfridomen
i Noreg.
Koronakrisa førte
til ein vanskeleg arbeidsmarknad for mange, også studentar. Regjeringa
har difor i to rundar gjeve studentar som har mista deltidsinntekt
ved sida av studia, moglegheit til å søkje eit tilleggslån med stipendandel
i Lånekassen. I tillegg løyvde regjeringa midlar til studentsamskipnader,
fagskular, høgskular og universitet til fleire sosiale lågterskeltilbod
for studentar, betre psykiske helsetilbod og pengar til å løne studentar
for å drive fagleg og sosial oppfølging av studentar.
Personar med innvandrarbakgrunn
har vore overrepresenterte blant dei med påvist smitte og covid-19-relaterte
innleggingar gjennom heile pandemien. Regjeringa har sett i verk
ei rekkje tiltak retta mot innvandrarbefolkninga, m.a. for å nå
betre ut med informasjon. To hurtigarbeidande ekspertgrupper har
vore nedsette, og tilrådingane er i det store og heile følgde opp
eller påbyrja. Gjennom tre integreringspakkar har regjeringa styrkt
opplæringstilbodet for flyktningar og andre innvandrarar som nyleg
har kome til landet.
Den 9. juni 2021
lanserte regjeringa ein strategi for kvardagsintegrering som skal
bidra til at personar med innvandrarbakgrunn i større grad deltek
i sivilsamfunnet, og som skal løfte og støtte innsatsen i sivilsamfunnet
for integrering.
Å førebyggje negativ
sosial kontroll og æresrelatert vald er høgt prioritert av regjeringa.
Det er behov for både å vidareutvikle og styrkje innsatsen på feltet,
og 15. juni 2021 vart ein ny handlingsplan, Frihet fra negativ sosial
kontroll og æresrelatert vold (2021–2024), lansert.
Sjukehusbudsjettet
er særleg styrkt i 2021 for å kompensere for auka kostnader til
beredskap og smittevern som følgje av pandemien.
Den ekstraordinære
driftssituasjonen i 2021 har ført til ønskt utvikling innanfor enkelte
område. Eit døme på dette er auken i bruk av video- og telefonkonsultasjonar.
Regjeringa har
arbeidd for å sikre at befolkninga har tilgang til legemiddel under
covid-19. Det er inngått avtalar og bygd opp omfattande beredskapslager
av forsyningskritiske legemiddel. Det blir no greidd ut korleis beredskapslageret
best kan innrettast.
Det er bygd opp
eit nasjonalt lager av smittevernutstyr, og regjeringa vil føreslå
ei permanent innretning også for dette lageret.
Covid-19-pandemien
har vist at vi er avhengige av internasjonalt samarbeid, m.a. for
tilgang til legemiddel. Regjeringa arbeider for norsk deltaking
i EUs styrkte helseberedskapssamarbeid for å vere betre rusta til
å møte noverande og framtidige helsekriser.
Pandemien har
ramma skeivt. Mange av dei som var sårbare før pandemien, har blitt
hardast ramma. I mars 2021 sette regjeringa ned ei ekspertgruppe
som såg på kva konsekvensar pandemien har hatt for folks psykiske helse,
livskvalitet og rusmiddelbruk. Regjeringa har seinare føreslått
konkrete tiltak for kvar innsatsen bør styrkjast.
Gjennom pandemien
har regjeringa sett i verk ei rekkje tiltak for å redusere dei negative
konsekvensane av smitteverntiltaka for helsa og livskvaliteten til
befolkninga. Den 10. november 2020 la regjeringa fram ein tiltakspakke
på 158 mill. kr for 2021-budsjettet, retta mot sårbare grupper og
menneske som er ramma av einsemd og isolasjon. Den 29. januar vart
det lagt fram endå ein tiltakspakke for barn og unge og studentar,
med tiltak til 2,2 mrd. kr. I revidert nasjonalbudsjett for 2021 vart
det løyvd ytterlegare 750 mill. kr for å styrkje psykisk helse-
og rusarbeid.
Etter ein betydeleg
auke i smittetilfelle og sjukehusinnlagde frå hausten 2020 var det
i vår lågare spreiing av koronaviruset. Gjenopninga av samfunnet
har skjedd kontrollert og etter gjenopningsplanen til regjeringa, som
vart lagd fram 7. april. I gjenopninga er barn og unge prioriterte
først, deretter arbeidsplassar og næringsliv.
Aukande vaksinasjonsgrad,
kontroll på importsmitte og handtering av smitteutbrot gjennom TISK-arbeidet
i kommunane har vore viktige element i planen. Den betydelege auken
i smitte i sommar har ikkje medført ein tilsvarande auke i innleggingar
og dødsfall, noko som kjem av vaksineringa. Alle over 16 år har
no fått tilbod om vaksine. Vaksinasjonen av unge mellom 12 og 18
år har no kome så langt at det er liten risiko for at pandemien
skal kome ut av kontroll og true kapasiteten i helsestenesta.
Laurdag 25. september
gjekk Noreg over til ein normal kvardag med auka beredskap. Då vart
alle restriksjonar innanlands, med unntak av kravet om å gå i isolasjon
dersom ein er sjuk, fjerna. Lokale koronautbrot skal framleis kunne
handterast i tett samarbeid med Folkehelseinstituttet. Beredskapen
i kommunane, fylka og helseforetaka vil framleis vere høg.
Per 31. august
2021 er det totalt registrert 822 covid-19-assosierte dødsfall.
Deltaking i EUs
vaksineinnkjøpssamarbeid har sikra tilgang til koronavaksinar. Kommunane
har gjennomført vaksinasjon av befolkninga gjennom koronavaksineprogrammet.
Det er etablert
eit koronasertifikat til bruk i Noreg for å lette moglegheiter for
trygg ferdsel over landegrensene.
Regjeringa følgjer
opp Meld. St. 15 for 2017–2018, Leve hele livet – en kvalitetsreform
for eldre. Gjennomføring av meldinga er avhengig av ei rekkje nye
strategiar og planar som er gjeldande frå 2020–2021.
Regjeringa har
lagt fram ein ny plan for kompetanse, rekruttering og fagutvikling
i den kommunale helse- og omsorgstenesta og den fylkeskommunale
tannhelsetenesta, Kompetanseløft 2025.
Regjeringa har
lagt fram Demensplan 2025 som skal bidra til å skape eit meir demensvenleg
samfunn og forbetre tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande.
I desember 2020
la regjeringa fram ein samla pårørandestrategi og handlingsplan.
Det er viktig at pårørande får den støtta og avlastinga dei treng,
slik at dei kan fullføre utdanning, stå i jobb og leve eit godt
liv.
Regjeringa har
lagt fram ein nasjonal strategi for godt kosthald og ernæring hos
eldre i sjukeheimar og hos dei som får heimetenester. Strategien
skal bidra til å skape gode måltidsopplevingar og redusere feil-
og underernæring hos eldre.
Vidare har regjeringa
lansert sikkerheitsstandard i sjukeheimar, eit leiarverktøy for
systematisk arbeid med forbetring av kvalitet og sikkerheit.
Regjeringa har
lagt fram ein nasjonal alkoholstrategi for 2021–2025, der hovudlinjene
i alkoholpolitikken blir vidareførte, og der det blir føreslått
tiltak for å redusere skadeleg alkoholforbruk.
Regjeringa har
lagt fram forslag til ei rusreform, med endringar i m.a. straffelova
og helse- og omsorgstenestelova. Reaksjonar mot personar som blir
tekne for bruk og innehav av narkotika til eigen bruk, skulle endrast
frå straff til hjelp, behandling og oppfølging. Forslaget fekk ikkje
fleirtal i Stortinget.
I samarbeid med
KS og eit utval kommunar har regjeringa byrja arbeidet med å førebu
realisering av felles kommunal journal for kommunar utanfor helseregionen
Midt-Noreg. Målet er tryggare og betre helse- og omsorgstenester
og ein enklare arbeidskvardag for helsetilsette.
Regjeringa har
styrkt arbeidet med nasjonale e-helseløysingar, som kjernejournal,
helsenoreg.no, e-resept og grunndata. Dessutan har regjeringa starta
arbeidet med å etablere ei nasjonal teneste for deling av laboratorie-
og radiologisvar, og sett i gang eit arbeid med å greie ut korleis
vi skal arbeide vidare for å styrkje den digitale samhandlinga.
Regjeringa har
sendt på høyring forslag til endringar i lov og forskrift for tilgjengeleggjering
av og betaling for nasjonale e-helseløysingar. Med lovforslaget
blir det lagt til rette for digitalisering i helse- og omsorgssektoren
og betre samhandlingsevne.
Regjeringa vil
gjere helsedata lettare tilgjengelege for forsking og analyse og
har starta arbeidet med å byggje Helseanalyseplattforma. Vidare
har regjeringa vedteke at Helsedataservice, som er førstelinjetenesta
for tilgang til helsedata, skal liggje på Tynset.
I januar lanserte
regjeringa den første nasjonale handlingsplanen for kliniske studium.
Målet om å doble talet på kliniske studium innan 2025 vil gje mange fleire
pasientar moglegheit til å kunne delta i kliniske studium. Visjonen
er at klinisk forsking skal vere ein integrert del av pasientars
behandlingstilbod.
Regjeringa følgjer
opp opptrappingsplanen for barn og unge si psykiske helse for 2019–2024.
I 2021 er det løyvd 170 mill. kr til tiltak i planen.
Regjeringa har
lagt fram ei stortingsmelding om prinsipp for prioritering i helse-
og omsorgstenesta, Meld. St. 38 for 2020–2021, Nytte, ressurs og
alvorlighet – prioritering i helse- og omsorgstjenesten. Meldinga
er ei oppfølging av NOU 2018: 16, Det viktigste først, frå Blankholm-utvalet.
I dei ulike tiltakspakkane
har regjeringa heile tida vurdert behov for og føreslått kompenserande
tiltak for barn og unge. Nasjonal tilskotsordning for å inkludere barn
og unge er for 2021 auka med over 100 mill. kr. Auken skal bidra
til betre ferie- og fritidstilbod til barn og unge under pandemien.
Innsatsen mot
vald og overgrep er styrkt. Samla satsing på opptrappingsplanen
mot vald og overgrep i planperioden er no i overkant av 1,1 mrd. kr.
Innsatsen mot vald og overgrep vart auka i 2021.
Nasjonal tilskotsordning
for å inkludere barn og unge er for 2021 auka med over 100 mill. kr.
Auken skal bidra til betre ferie- og fritidstilbod til barn og unge
under pandemien.
Hausten 2020 la
regjeringa fram strategien Like muligheter i oppveksten – regjeringens
samarbeidsstrategi for barn og ungdom i lavinntektsfamilier (2020–2023). Målet
er å førebyggje at fattigdom og utanforskap går i arv.
Hausten 2021 la
regjeringa fram Rett på nett – nasjonal strategi for trygg digital
oppvekst. Strategien omfattar m.a. korleis barn og unge skal medverke
til arbeidet, korleis foreldre og vaksne som jobbar med barn, skal
få betre kompetanse, og korleis ein skal sikre person- og forbrukarvernet
for barn og unge.
Etter forslag
frå regjeringa har Stortinget vedteke endringar i folketrygdlova
om at foreldra fritt kan utsetje foreldrepengar fram til barnet
fyller tre år. Dette skal gjere foreldrepengeordninga enklare og
meir tilpassa dei behova familiane har.
Stortinget har
vedteke forslag frå regjeringa om endringar i ekteskapslova. Forslaget
inneber at ekteskap som er inngått etter utanlandsk rett, som hovudregel ikkje
skal anerkjennast dersom éin eller begge partar var under 18 år
då dei gifta seg. Formålet er å verne barn som kjem til Noreg, mot
å bli rekna som gifte her.
Etter forslag
frå regjeringa vedtok Stortinget i juni openheitslova. Lova skal
fremje respekten verksemder har for grunnleggjande menneskerettar
og anstendige arbeidsforhold i produksjonen av varer og leveringa
av tenester. Lova er eit viktig verkemiddel i kampen mot menneskehandel.
Stortinget vedtok
i juni etter forslag frå regjeringa endringar i marknadsføringslova
som inneber at annonsørar i både bilete og i levande framstillingar
får plikt til å merkje reklame der kroppsfasong, storleik eller
hud er endra ved retusjering eller anna manipulering.
Regjeringa la
i juni fram eit forslag om å lovfeste at barnevernstenesta skal
vurdere behovet for tverrfagleg helsekartlegging av barn som skal
flyttast ut av heimen. Helsekartlegging skal bidra til at barn og
unge som blir flytta ut av heimen, får betre omsorg, hjelp og oppfølging.
Auka løyvingar
til kyrkjebygg har gjeve kommunane viktige tilskot til innsatsen
for å sikre bygga mot ròte og brann.
Etter forslag
frå regjeringa vedtok Stortinget i juni ny lov om Opplysningsvesenets
fond. Lova legg det rettslege grunnlaget for å dele verdiane i fondet
mellom staten og Den norske kyrkja.
Rapporten for
2019 frå Det internasjonale naturpanelet dokumenterer omfattande
negative endringar i miljøet på land og i havet. Naturpanelet seier
at det må radikale endringar til for å snu den negative utviklinga. Regjeringa
gjennomfører fleire tiltak for å ta vare på trua natur og aukar
vernet av skog, hav og annan verdifull natur etter naturmangfaldslova.
Sidan oktober 2020 er det verna 74 skogområde. Over 5 pst. av all
skog i Noreg er no verna.
Regjeringa har
i 2021 lagt fram Naturstrategi for våtmark, som er ein heilskapleg
strategi på tvers av sektorar for berekraftig bruk av økosystemet
våtmark. Regjeringa har òg lagt fram Helhetlig tiltaksplan for en
ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv, som slår fast regjeringa
sine viktigaste prioriteringar for Oslofjorden fram mot 2026, og
Tiltaksplan for ville pollinerende insekter, som lanserer 24 tiltak
for å sikre levedyktige bestandar av ville, pollinerande insekt
fram mot 2028. Vidare har regjeringa gjeve si tilslutning til ein
oppfølgingsplan for trua natur, som slår fast tiltak og verkemiddelbruk
for å betre statusen for 23 artar og 12 naturtypar.
Regjeringa har
lagt fram ein omfattande og grundig nasjonal strategi for sirkulær
økonomi. Strategien skal bidra både til auka berekraft, auka verdiskaping
og arbeidsplassar for norsk næringsliv.
Regjeringa vil
prioritere arbeidet med å verne viktige område for marin natur og
la i april fram ei melding til Stortinget med ein heilskapleg nasjonal
plan for dette. I juni vart Van Mijenfjorden verna for å vareta
isavhengige artar på Svalbard.
Vidare følgjer
regjeringa opp nye nasjonale mål for kulturmiljøfeltet ved m.a.
å setje i gang arbeidet med nye bevaringsstrategiar og forslag til
ny kulturmiljølov.
USA, Storbritannia
og Noreg har fått med ei rekkje av dei største selskapa i verda
på å betale skogland for redusert avskoging. Medan utviklinga har
gått feil veg i Brasil, har Indonesia dei siste fire åra redusert
avskoginga kraftig.
I 2020 tok Olje-
og energidepartementet imot utbyggingsplanar for tre nye olje- og
gassprosjekt. Per august 2021 hadde departementet teke imot tre
utbyggingsplanar.
I 2020-runden
av tildeling av førehandsdefinerte område vart det tildelt 61 utvinningsløyve
til 30 oljeselskap. I 25. konsesjonsrunde vart det tildelt fire
utvinningsløyve til sju oljeselskap.
Petroleumsinvesteringane
var på om lag 155 mrd. kr i 2020 og er venta å gå ned i 2021 og
dei næraste åra. For å halde oppe aktivitetsnivået på mellomlang
sikt er det nødvendig å gjere nye funn og å identifisere fleire
tiltak for auka utvinning på eksisterande felt.
Den samla produksjonen
i 2020 var på rundt 3,9 millionar fat oljeekvivalentar per dag,
noko som var ein svak auke samanlikna med året før. Det blir anslått at
den samla produksjonen aukar fram mot 2024. Noreg dekkjer mellom
20 og 25 pst. av EUs gassforbruk og bidreg i overgangen til eit
fornybart lågutsleppssamfunn i Europa. Det er 91 felt i produksjon,
og ytterlegare 16 prosjekt er under utbygging over heile sokkelen.
Olje- og gassnæringa
kjem framleis til å spele ei viktig rolle i norsk økonomi i overskodeleg
framtid og gje eit betydeleg bidrag til framtidig finansiering av
det norske velferdssamfunnet. Dei samla petroleumsinntektene til
staten blir anslått til om lag 155 mrd. kr i 2021, tilsvarande om
lag 13,5 pst. av dei samla inntektene til staten.
Leverandørindustrien
til petroleumssektoren er Noregs nest største næring, etter sal
av olje og gass, og skaper svært mange arbeidsplassar og lokal næringsutvikling
i alle fylke i landet. Om lag 30 pst. av omsetninga til leverandørindustrien
kjem frå internasjonale marknader. Covid-19-pandemien og det samtidige
oljeprisfallet har ramma den internasjonale leverandørindustrien
hardt. For å unngå at nye utbyggingsprosjekt på norsk sokkel vart
utsette av selskapa, med tilhøyrande svikt i marknadsmoglegheitene
for leverandørindustrien, vedtok Stortinget mellombelse endringar
i petroleumsskatten. Det har til no ikkje blitt stans i planlegginga av
nye utbyggingar og prosjekt på norsk sokkel. Prosjekta inneber potensial
for oppdrag til leverandørindustrien.
Den gjennomsnittlege
kraftprisen for 2020 var på 9,7 øre/kWh. Dette er over 28 øre lågare
enn i 2019. Vi må tilbake til år 2000 for å finne ein årspris på
liknande nivå. Så langt i 2021 har gjennomsnittleg kraftpris vore 48 øre/kWh
per veke 37, noko som hovudsakleg kjem av tørt vêr og stigande prisar
på gass, kol og CO2-kvotar.
I 2020 enda kraftproduksjonen
på 154,2 TWh. Dette er ny produksjonsrekord og om lag 10 TWh over
gjennomsnittet dei siste fem åra. Kraftforbruket gjekk ned med 0,8 TWh
frå 2019 og enda på 133,7 TWh. Noreg hadde ein rekordhøg nettoeksport
på 20,5 TWh i 2020. Så langt i år har Noreg hatt ein nettoeksport
på 10,8 TWh per veke 34.
Eit nytt straumsamband
mellom Noreg og Tyskland vart sett i drift i desember 2020. I vår
vart også sambandet mellom Noreg og Storbritannia ferdig bygd, og
det skal etter planen setjast i drift hausten 2021. Kraftutveksling
med andre land gjer det mogleg å dra gjensidig nytte av forskjellar
i naturressursar, produksjonssystem og forbruksmønster.
Regjeringa har
som mål at Noreg skal vere ein leiande havnasjon. Norsk fiskeri-
og havbruksnæring er ei lønsam, berekraftig og viktig næring for
Noreg, med produksjon av mat som verda treng. Havpolitikken til regjeringa
skal bidra til å utløyse potensialet for størst mogleg samla verdiskaping
i dei eksisterande havnæringane, innanfor berekraftige rammer. Regjeringa
vil òg leggje til rette for at nye havnæringar kan utviklast og vekse.
Som ein del av berekraftig forvaltning av dei marine ressursane
våre blir det sett i verk ein heilt ny og smartare ressurskontroll
basert på bruk av ny teknologi.
Fiskeriavtalar
med andre kyststatar er ein svært viktig del av ei langsiktig berekraftig
forvaltning av fiskeribestandane, og det blir jobba kontinuerleg
for å forbetre desse.
Frå 1. juli 2021
blir eksportfinansieringsordningane forvalta av Eksportfinansiering
Noreg, Eksfin, etter samanslåing av GIEK og Eksportkreditt Noreg.
Regjeringa er oppteken av å gå saman med næringslivet for å sjå
på moglegheitene for å auke eksporten frå Noreg. Difor har regjeringa
teke initiativ til samarbeid om strategiske eksportsatsingar gjennom
Eksportstrategirådet. I statsbudsjettet for 2021 er det løyvd 75 mill. kr
til strategiske eksportsatsingar gjennom Eksportstrategirådet, jf.
revidert nasjonalbudsjett 2021.
Regjeringa prioriterer
EU-program høgt og har føreslått at Noreg skal delta i ei rekkje
program av betydning for norsk næringsliv i den neste programperioden,
som går frå 2021 til 2027.
Det grøne skiftet
er svært viktig for norsk næringsliv og er difor ein vesentleg dimensjon
i forvaltninga av statens eigarskap i selskap. I statens eigarrapport
for 2020, utgjeven i juni 2021, var det for første gong inkludert
informasjon om klimagassutslepp på selskapsnivå. Vidare var «bærekraftig
verdiskaping – verden mot netto null i 2050» tema for eigarskapskonferansen.
Sidan brexit i
2016 har norske borgarar og norsk næringsliv stått i ein uføreseieleg
situasjon. I juni 2021 kom Noreg i mål med forhandlingane om ein
omfattande frihandelsavtale med Storbritannia. Frihandelsavtalen
sikrar at norske bedrifter får minst like god tilgang til den britiske
marknaden som EU-landa. Avtalen sørgjer for at Noreg og norsk næringsliv
framleis har moglegheita til å halde ved like og konkurrere om marknadsdelar
i ein av dei viktigaste eksportmarknadene våre.
Regjeringa er
oppteken av å betre bruken av ressursar i samfunnet og at offentlege
reguleringar skal styrkje konkurransekrafta til norsk næringsliv.
Sidan 2018 er det gjennomført forenklingstiltak som anslagsvis gjev gevinstar
for næringslivet på om lag 11 mrd. kr årleg. Regjeringa sitt mål
om 10 mrd. kr er dermed overoppfylt.
Regjeringa har
inngått ein femårig avtale med Statistisk sentralbyrå, SSB, som
inneber at SSB skal lage ny og forbetra grensehandelsstatistikk.
Regjeringa har
sett i verk ei rekkje tiltak for at norsk næringsliv framleis skal
satse på forsking, innovasjon og grøn omstilling, trass i det økonomiske
tilbakeslaget etter virusutbrotet. Verkemiddelaktørane har omstilt
seg raskt for å hjelpe bedriftene.
Bedrifter innanfor
reiselivs-, serverings- og eventbransjane er blant dei som har opplevd
størst nedgang i aktiviteten sin under pandemien. Mange tilsette
er blitt permitterte som følgje av reiserestriksjonar, avlyste arrangement
og nedstengt uteliv.
Tilskotsordninga
for bedriftsutvikling i reiselivs-, event- og serveringsnæringane,
omstillingsordninga, skal gje tilgang til likviditet slik at dei
kan gjennomføre omstillingsprosjekt for å tilpasse seg smitteverntiltak
og endringar i marknadene som følgje av koronapandemien. Sidan mars
2020 har Stortinget løyvd 1,6 mrd. kr til ordninga. Alle midlane
er lyste ut. Ramma for ordninga var i 2020 på 250 mill. kr. I 2021
er ramma totalt 1,35 mrd. kr.
Kommunane har
gjort ein heilt avgjerande innsats i handteringa av koronapandemien.
Dei har sørgt for vern av befolkninga gjennom smitteverntiltak og
vaksinasjon, samtidig som kommunale tenester er leverte under nye
og krevjande omstende.
I 2020 fekk kommunesektoren
om lag 18 mrd. kr i ekstraløyvingar, grunngjeve i koronapandemien,
og av desse var 12 mrd. kr kompensasjon for meirutgifter og mindreinntekter.
Staten og KS er samde om at kommunesektoren er godt kompensert for
dei økonomiske konsekvensane av pandemien i 2020. I 2021 er det
så langt løyvd meir enn 23 mrd. kr ekstra til kommunesektoren som
følgje av pandemien.
For å bøte på
situasjonen for mange verksemder som er særleg hardt ramma av lokale
eller nasjonale smitteverntiltak, har Stortinget løyvd til saman 3,05 mrd. kr
via kommunane. Dette er midlar som kjem i tillegg til nasjonale
kompensasjonsordningar. Kommunane har stort handlingsrom i innretninga
av midlane og jobbar for å få midlane raskt ut til lokale verksemder.
Den ordinære kommuneøkonomien
er styrkt også i 2021. I RNB er veksten i dei frie inntektene til
kommunesektoren i 2021 anslått til 5,9 mrd. kr.
Kommunane er den
viktigaste planmyndigheita og skal vere ein pådrivar for samfunnsutviklinga.
Samfunns- og arealplanlegging etter plan- og bygningslova er ein
av nøklane til berekraftig utvikling i heile landet og for at Noreg
skal nå berekraftsmåla innan 2030.
Regjeringa legg
vekt på at samfunnssikkerheit og klimatilpassing blir eit gjennomgåande
tema frå plansak til utbygging. Samordna areal- og transportplanlegging
og planlegging for ei klimavenleg by- og tettstadsutvikling i heile
landet er effektive verkemiddel i arbeidet med å motverke klimaendringar.
Regjeringa held fram med å prioritere digitalisering av det geografiske
kunnskapsgrunnlaget og av plan- og byggjesakprosessar. Regjeringa
bidreg òg til forenkling og tydeleggjering av regelverket for plan-
og byggjeprosessar for å få meir effektive prosessar for bygging
av bustader, infrastruktur og næringsområde.
Arbeidet med byggjetrinn 1
i det nye regjeringskvartalet er sett i gang. Dette omfattar m.a.
rehabilitering av H-blokka og dei nye bygga A og D.
Regjeringa har
lagt fram ein ny nasjonal strategi for den sosiale bustadpolitikken
for 2021 til 2024, Alle trenger et trygt hjem. Strategien forsterkar
innsatsen for dei som ikkje klarer seg sjølve på bustadmarknaden.
Ei ekspertgruppe går gjennom bustøtteordninga.
Regjeringa er
oppteken av at alle skal få delta aktivt i dei demokratiske avgjerdsprosessane.
Etter at Stortinget i juni vedtok eit nytt kapittel om konsultasjonar
i samelova, har regjeringa starta arbeidet med å gjennomføre dei
nye lovreglane. Det er utarbeidd ein eigen rettleiar for kommunane
om korleis konsultasjonar med samiske interesser kan gjennomførast.
I januar la regjeringa
fram ein oppdatert og fornya handlingsplan mot antisemittisme, og
ho held fram arbeidet med å følgje opp tiltaka i planen.
Strategien Digital
hele livet legg vekt på korleis Noreg skal motverke digital utanforskap.
Alle innbyggjarar skal kunne meistre digitale verktøy, slik at dei
lett kan få tilgang på offentlege tenester og ytingar dei har rett
på.
Stortingsmeldinga
Data som ressurs understrekar kor viktig dataøkonomien er for vidare
økonomisk vekst og auka sysselsetjing i Noreg. Ei betre utnytting
av data er viktig om Noreg skal lykkast i overgangen til eit meir
berekraftig samfunn og ein grønare økonomi. Ein oppdatert datasenterstrategi
har fleire nye tiltak som skal bidra til at Noreg er eit attraktivt
land å investere i for datasenter og anna databasert næringsliv.
Det er fremja
ein eigen proposisjon om endringar i ekomlova som innfører ei plikt
til å lagre IP-adresser. Dette gjev politiet eit viktig verktøy
for å kunne etterforske alvorleg kriminalitet.
Stortinget behandla
i juni meldinga om Nasjonal transportplan 2022–2033. Planen skal
bidra til eit effektivt, miljøvenleg og trygt transportsystem i
heile landet. For å få betre bruk av midlane frå fellesskapet blir
det lagt vekt på å optimalisere ressursbruken og innføre porteføljestyring
i heile sektoren.
Regjeringa legg
nullvisjonen om eit transportsystem der ingen blir drepne eller
hardt skadde, til grunn for arbeidet sitt. I perioden 2010–2020
hadde vi Europas største reduksjon i talet på trafikkdrepne, med
55 pst. Med 93 trafikkdrepne i 2020 kom vi for første gong i moderne
tid under 100 drepne i vegtrafikken, som er det lågaste talet sidan
andre verdskrigen. Auken i talet på hardt skadde på om lag 10 pst.
viser likevel at det er behov for å forsterke innsatsen i trafikksikkerheitsarbeidet.
Fleire veganlegg
har opna for trafikk. Skredsikringsprosjektet rv. 13 Vik–Vangsnes
vart offisielt opna i januar 2021, medan ny E6 i Soknedal i Trøndelag
vart offisielt opna i oktober 2020. I juni 2021 opna E18 Varoddbrua
i Agder. Nye Vegar AS har bygd ut strekninga Brumunddal–Moelv, som
opna hausten 2020.
Mange brukar ferje
i kvardagen. Også næringslivet er avhengig av eit godt ferjetilbod.
Det er løyvd midlar, slik at takstane for riks- og fylkesvegferjesamband
kan reduserast med 25 pst. i andre halvår 2021.
Bompengebelastninga
er redusert m.a. gjennom nedlegging av bomstasjonar, tilskotsordning
for reduserte takstar utanfor byområda og auka statlege andelar i
prosjekt. For dei fire største byområda blir ordninga med statleg
finansieringsdel på 50 pst. for store kollektivprosjekt vidareført.
I tillegg er det for desse byområda i 2021 sett av om lag 925 mill. kr
til auka statleg tilskot frå 50 til 66 pst. for store kollektivprosjekt.
Vidare arbeider
regjeringa for ein samordna areal- og transportpolitikk i byområda,
og det vidareutvikla nullvekstmålet seier at i byområda skal klimagassutslepp,
kø, luftforureining og støy reduserast gjennom effektiv arealbruk
og ved at veksten i persontransporten blir dekt med kollektivtilbod,
sykkel og gange. I 2020 vart det inngått byvekstavtale også for
Oslo-området, slik at alle dei fire største byområda no har byvekstavtalar.
Regjeringa har
styrkt reguleringa av jernbanen slik at det ligg betre til rette
for velfungerande jernbanemarknader. Gjennomføring av EUs fjerde
jernbanepakke gjev eit rammeverk for ei vidare satsing på jernbanen innanfor
EØS-samarbeidet. For å leggje til rette for open og rettferdig konkurranse
om vedlikehald av jernbanen er Spordrift AS skild ut frå Bane NOR SF
og eigarskapen overført til staten ved Samferdselsdepartementet.
Regjeringa har vedteke å overføre fellesprosjektet Ringeriksbanen
og E16 Høgkastet–Hønefoss til Nye Vegar AS.
Kystverket er
frå 1. januar 2021 omorganisert og er no organisert etter funksjonar
med fire verksemdsområde. Dette vil styrkje Kystverket som ein kostnadseffektiv
etat med robuste fagmiljø og gjere etaten rusta til å møte framtidige
utfordringar og krav.
Nedstenginga av
Noreg og innføringa av omfattande smitteverntiltak som følgje av
utbrotet av covid-19 har tidvis medført kapasitetsutfordringar og
til dels kritisk inntektssvikt i luftfarten og for tilbydarar av
kollektivtransport og drosje. Den samfunnskritiske transporten har
likevel vore halden i gang gjennom ulike administrative, regulatoriske
og økonomiske tiltak, slik som statlege kjøp av transporttenester
og gjennomføring av nødvendige unntak frå innreise- og karantenereglar
for kritisk personell.
Luftfarten er
ein bransje som er hardt ramma på grunn av pandemien. Regjeringa
har gjennom ei rekkje ulike verkemiddel bidrege til at norsk luftfart
har fungert godt gjennom pandemien. Flysikkerheita er framleis god,
det er verksam flykonkurranse i Noreg, og flytilbodet er godt. Staten
har mellombels kjøpt regionale flyruter for å sikre eit minstetilbod
som ikkje blir dekt av marknaden sjølv.
Ei rekkje kultur-,
frivilligheits- og idrettsarrangement er blitt heilt eller delvis
avlyste som følgje av smittevernrestriksjonar i møte med virusutbrotet.
For å avgrense dei økonomiske skadeverknadene og stimulere til at
arrangement blir haldne der det har vore mogleg, har regjeringa
i 2021 vidareført kompensasjons- og stimuleringsordningar for kultur,
idrett og frivilligheit.
Regjeringa har
lagt fram forslag til ei ny pengespellov. Lova skal erstatte tre
eksisterande lover og inneber at pengespelfeltet vil bli regulert
av eit oppdatert og heilskapleg lovverk.
Etter samtykke
frå Stortinget har regjeringa ratifisert Marrakechtraktaten og innført
nasjonale reglar som skal gi betre tilgang til litteratur i tilgjengelege
format for personar som er blinde, har nedsett synsevne eller andre
funksjonsnedsetjingar som gjer lesing vanskeleg.
I juni la regjeringa
fram ein ny handlingsplan om kjønns- og seksualitetsmangfald.
Regjeringa har
nedsett eit offentleg utval som skal greie ut korleis vi kan sikre
eit samfunn som gjev rom for mangfald og det å vere annleis. Likeverds-
og mangfaldsutvalet er ein del av regjeringa si likeverdsreform
og skal føreslå tiltak som kan bidra til likestilling og demokratisk
deltaking for personar med funksjonsnedsetjing.
Det er lagt fram
ei stortingsmelding om museumssektoren: Meld. St. 23 for 2020–2021,
Musea i samfunnet – tillit, ting og tid.
Nybygget til Nasjonalmuseet
er ferdigstilt.
I mars la regjeringa
fram ei historisk melding om barne- og ungdomskultur som eit samla
politisk satsingsområde på nasjonalt nivå, som også omfattar kulturskulen.
Regjeringa har
lagt fram ein strategi om scenekunst. Vidare har regjeringa lagt
fram ein ny handlingsplan for universell utforming, og ho har lansert
ein strategi for ein meir likestilt utdannings- og arbeidsmarknad.
Regjeringa har
sett ned eit offentleg utval som skal greie ut tilgangen til norsk
teiknspråk. NOU-en skal leverast til Kulturdepartementet våren 2023.
I september la
regjeringa fram ein idrettsstrategi. Med denne strategien vil regjeringa
fremje mangfald og inkludering i idrett og bidra til å styrkje idrettsaktiviteten
etter pandemien.
Det vedtekne jordbruksoppgjeret
inneber ei betydeleg styrking av klima- og miljøsatsinga i jordbruksavtalen,
under dette investeringar i klimatiltak som skal bidra til utsleppsreduksjonar.
Regjeringa prioriterte auka produksjon og sjølvforsyning på område
der det er marknadsmoglegheiter.
Nedbygging av
dyrka jord er gradvis redusert dei siste åra. Regjeringa har lagt
fram ein oppdatert jordvernsstrategi og fastsett eit mål om at årleg
omdisponering av dyrka jord skal vere redusert til 3 000 dekar innan
2025.
Regjeringa har
blitt samd med Norske Reindriftsamers Landsforbund om ein reindriftsavtale
for 2021–2022. Avtalen inneber ei betydeleg styrking av rammevilkåra
for næringa og prioriterer å ta vare på areala til reindrifta, kriseberedskap
og tiltak for å vareta norske reindriftsutøvarar som ikkje kan bruke
beiteområda sine i Sverige.