Presidenten: Etter
ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne
debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til
medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får også en taletid på inntil 3 minutter.
Erling Sande (Sp) [10:48:17 ] (leiar i komiteen og ordførar
for saka): Proposisjonen om revidert finansieringsopplegg for Askøypakken
ber Stortinget tilretteleggje for fullføring av prosjekt og tiltak
i Askøy kommune i Vestland fylke.
Stortinget slutta
seg til Askøypakken gjennom handsaming av Prop. 197 S for 2012–2013.
Askøypakken har omfatta ti prosjekt i fylkesvegnettet i tillegg
til ei ramme for kollektivtiltak. Dei tiltaka som har kome så langt,
har bidrege til både betre vegstandard, styrkt framkome og høgare
trafikktrygging.
Det har ikkje
late seg gjere å realisere alle tiltaka innanfor gjeldande finansiering.
Grunnen er lågare inntekter fordi trafikken har vore mindre enn
ein føresette, andelen elbilar har vore høgare, og kostnadene i
nokre av prosjekta har auka.
Fordi det er brei
lokalpolitisk semje om at ein ønskjer å fullføre dei resterande
tiltaka, har Askøy kommune og fylkeskommunen saman gått inn for
eit revidert finansieringsopplegg for å sikre fullfinansiering av
tiltaka i pakken. Dei auka inntektene skal kome gjennom ein ekstra
bomstasjon og forlenging av innkrevjingsperioden fram til 2033.
Samferdsledepartementet
varslar at dei sluttar seg til målsetjingane, og viser til dei positive
gevinstane Askøypakken har ført med seg og at dei endringar som her
er føreslåtte, har brei lokalpolitisk støtte.
På bakgrunn av
desse elementa har òg Vestland fylkeskommune stilt garanti for bompengelånet.
Eg vil òg nemne
at departementet peikar på at i retningslinjene for bompengefinansierte
bypakkar er det gjort endringar som medfører at det ikkje lenger
er aktuelt å leggje fram reviderte pakkar for Stortinget utelukkande
for å dekkje kostnadsauke i prosjekta eller sviktande inntekter.
Departementet viser til at ein likevel vil gjere dette, i og med
at vedtaket om utvida bompengeinnkrevjing er gjort av lokale styresmakter
før dei nye retningslinjene var innførte, og difor ikkje skal ha tilbakeverkande
kraft.
I dei nye retningslinjene
er det òg lagt til grunn ein eigendel på 20 pst. for dei kommunale
prosjekta som ikkje har vore lagde fram for Stortinget som ein del
av bypakken tidlegare, men at porteføljen i denne saka ikkje er
omfatta av dette kravet fordi prosjektporteføljen er den same som
Stortinget handsama i Prop. 197 S.
Fleirtalet i komiteen
deler målsetjinga dei lokale styresmaktene har om å realisere Askøypakken
og sluttar seg difor til den reviderte finansieringa. Askøypakken
har bidrege til betre samferdsle og betra trafikktryggleik i kommunen.
Det er bra, og vi ønskjer at det arbeidet skal halde fram.
Eg legg til grunn
at mindretalet i komiteen vil gjere greie for sitt syn.
Liv Kari Eskeland (H) [10:51:31 ] : Som saksordføraren gjorde
greie for, treng Askøy-pakken å få utvida bompengeperioden for å
koma i mål med dei ti prosjekta som ligg i pakken. Lågare trafikk
og auka kostnader er to av faktorane som har gjort ei slik utviding naudsynt.
Den tredje faktoren er ein stor auke i andelen elbilar i kommunen.
I Askøy køyrer no kvar tredje bilist rundt med ein elbil, og det
viser at Askøy er den kommunen i verda som har høgast tettleik av
elbilar. Dette er resultat av ein vilja politikk, men like fullt
eit ansvar me må vera oss bevisst – med elbilfordelane gjennom bomringar
vil bompengegrunnlaget gå ned.
Samtidig er det
greitt å konstatera at politikk og verkemiddelbruk verkar, og at
lågare avgiftsnivå på elbilar både i form av moms, energikostnader,
avgifter og bominntekter fører til at folk endrar kjøpemønsteret
sitt.
Politisk har ein
fått brei støtte frå næringslivet for å forlengja bompengeperioden.
Dette er eit næringsliv som ser nytten av å få på plass gode og
trygge vegar, slik at varer og tenester kjem fram fort og trygt.
Bompengar vil sjølvsagt vera ei ekstra byrde for private og næringsliv.
Samstundes vil ei prioritering av viktige vegprosjekt der ein sjølv
skal vera med på delar av finansieringa, leggja ein dempar på iveren
etter å inkludera fleire prosjekt utover dei ein ser som strengt
nødvendige og som samfunnsmessig vil vera gode investeringar, anten
det handlar om framkomelegheit eller auka tryggleik langs vegane
våre.
Difor er Høgre
trygg på at det er rett å gå for den forlenginga av bompengeperioden
som det her vert bedt om, nettopp fordi det er stor samstemmigheit
lokalt for å få på plass midlar til å starta opp, ferdigstilla og
sluttføra dei siste fem prosjekta som ligg i den opphavlege Askøypakken.
Så er det viktig at departementet i framhaldet tek inn over seg
konsekvensane av at elbilandelen går opp, ikkje berre for denne
pakken, men generelt for alle pakkar, og at ein difor må vurdera
finansieringsnøklane som ligg til grunn.
Me ønskjer Askøy
lykke til med resten av prosjekta som ligg i pakken, og gler oss
til å kunna køyra på oppgraderte og trafikksikre vegar i Askøy.
Det er eg sikker på at alle som ferdast langs vegane i Askøy, også
vil setja pris på.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:54:19 ] : Vi har hatt ein grundig
bompengedebatt på fleire område i dag, så eg vil berre fremje vårt
framlegg, som går ut på å finansiere dette utan bompengar. Prosjektet
er viktig, og det er mogleg å finansiere meir vegbygging utan bompengar. Og
med det er dette framlegget fremja.
Presidenten: Representanten
Frank Edvard Sve har tatt opp det forslaget han refererte til.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:54:57 ] : Askøypakken er, som
flere har vært inne på, en rent fylkeskommunal veipakke. Den omfatter
ti prosjekter og tiltak, i tillegg til en ramme til kollektivtiltak.
Denne pakken har også, som flere har vært inne på, vært behandlet
i Stortinget tidligere. Den var til behandling i 2013, og bompengeinnkrevingen
startet i 2014.
Det har vært kostnadsøkninger
i prosjektene og lavere bompengeinntekter enn forutsatt. Lokale
myndigheter har derfor over tid ønsket å revidere finansieringsopplegget
med et økt bompengebidrag. Med det reviderte finansieringsopplegget,
som blir behandlet her i dag, vil det, i tråd med lokale ønsker,
være mulig å finansiere de fem prosjektene som gjenstår i pakken.
Det vil bidra til bedre veistandard, bedre framkommelighet og bedre
trafikksikkerhet på Askøy. Det økte bompengebidraget vil komme gjennom
etablering av fem nye bomstasjoner og en utvidet innkrevingstid
på fem år, fra 2028 til 2033.
I utgangspunktet,
som også komitélederen var inne på, gjennomføres bompengefinansierte
bypakker innenfor fastsatte økonomiske rammer. Det legger til rette
for at man velger de mest kostnadseffektive løsningene, og det gir
forutsigbarhet og forutsigbare rammer for bompengeinnkrevingen.
Men i denne konkrete saken har lokale myndigheter arbeidet med en
revidering av bompengeopplegget over lang tid, også før Samferdselsdepartementet
skjerpet inn kravene til finansiering av bypakkene. Derfor har vi
valgt å følge opp det lokalpolitiske vedtaket i saken. Så jeg er
glad for innstillingen og håper at den blir vedtatt.
Presidenten: Flere
har ikke bedt om ordet til sak nr. 4.
Votering, se voteringskapittel