Presidenten: Etter
ønske fra transport- og kommunikasjonskomiteen vil presidenten ordne
debatten slik: 3 minutter til hver partigruppe og 3 minutter til
medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
fem replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får også en taletid på inntil 3 minutter.
Liv Kari Eskeland (H) [10:35:21 ] (ordførar for saka): Eg
ser ikkje bort frå at flagga i dag kjem til å gå til topps i Kvinnherad,
ettersom me no skal få eit stortingsvedtak på Kvinnheradspakken,
ein pakke som det frå kommunen og fylket si side er vorte jobba
med i fleire år. Tusen takk til komiteen for ei god handsaming av
denne proposisjonen.
Pakken omfattar
i alt seks utbyggingsprosjekt og ei ramme til mindre tiltak på fleire
fylkesvegstrekningar i Kvinnherad kommune. Føremålet for dei fleste
strekka er å utbetra standarden på eksisterande veg samt å byggja
gang- og sykkelveg i tettbygde område, i tillegg til to skredsikringsprosjekt.
Bompengeandelen er sett til 24 pst., noko som gjev pakken ein høg
eigenandel.
Pakken vart starta
opp allereie i 2018 med fylkeskommunale midlar, og ein ser føre
seg å fullføra prosjekta innan 2025. For å redusera kostnadane som
bomstasjonane utgjer, vil innkrevjinga skje på ferjesambanda som
m.a. knyter Kvinnherad saman med nabokommunane.
Ettersom Sunnhordland
er ein bu- og arbeidsregion, er det uvisst kor stor avvisingseffekt
ein auke i ferjebilletten vil ha, då det i stor grad er jobbrelatert
trafikk og næringstrafikk som nyttar ferjetilbodet. Solberg-regjeringa
og sitjande regjering sitt arbeid med å redusera andre ferjekostnadar
er derfor eit viktig bidrag for at ferjeturen ikkje vert eit hinder
for samkvem kommunane imellom.
Både næringsliv
og innbyggjarane ser at det er naudsynt med betre vegar for å få
varer og tenester fram, og det er stor lokal vilje til å ta desse
ekstra kostnadane, noko eit breitt fleirtal i kommunestyre og fylkesting
har konkludert med. Kvinnheradspakken skal bidra til ny vekst og
utvikling i Kvinnherad, noko som vil styrkja heile regionen. Sunnhordland
er ein vekstregion, og eit trygt, godt og framkomeleg vegnett er
heilt nødvendig for å halda på gode arbeidsplassar og utvikla næringslivet
vidare.
Det er verdt å
merka seg at pakken vert styrt i samsvar med dei nye føringane for
porteføljestyring på bompengepakkar, noko som inneber at ein eventuell kostnadsauke
eller inntektssvikt må handterast gjennom porteføljestyring, ikkje
gjennom auka takstar eller forlenging av bompengeperioden. Det betyr
stram styring for at ikkje fylkeskommunale garantiar skal verta løyste
ut.
Me ønskjer Kvinnherad
lykke til med det arbeidet som står igjen, og gler oss til å kunna
køyra på oppgraderte og trafikksikre vegar i Kvinnherad. Det vil
gagna heile regionen. Med det anbefaler eg innstillinga.
Kirsti Leirtrø (A) [10:38:36 ] : Her legger vi fram en proposisjon
med forslag til finansiering av Kvinnheradpakken i Vestland fylke,
til sammen sju tiltak/prosjekter, som har en samlet økonomisk ramme
på 846 mill. kr. Det er lokalpolitisk enighet om prosjektene. En
vil med disse tiltakene og prosjektene gjøre helt nødvendige utbedringer
for å tilpasse veinettet til dagens krav til standard. Det vil bedre
framkommeligheten og tryggheten for myke trafikanter.
Veistrekningene
har en svært høy ulykkesbelastning, og fylkeskommunen vil garantere
for bompengelån. Arbeidet er allerede i gang, med fylkeskommunale midler,
på byggetrinn 1, Furebergfossen bru.
Det å ha bompengeinnkreving
på ferje, slik som det legges opp til her, reduserer innkrevingskostnadene.
En nedgang i ferjekostnadene nå i år med 30 pst. fra i fjor, og med
forventninger om ytterligere nedgang på 20 pst. fra fjorårets nivå,
vil bidra til at de totale ferjekostnadene ikke vil stige til det
uoverkommelige.
Fremskrittspartiet
skriver at de mener at bygging skal skje uten bompenger. Men i posisjon
er det vel ingen som har krevd inn mer bompenger enn dem. Til tross
for dette har vedlikeholdsetterslepet på fylkesveier økt med mellom
2 og 3 mrd. kr hvert år de satt i regjering.
Vi har store utfordringer
foran oss på fylkesveier. Men nå får Kvinnherad sårt tiltrengt utbedring
av sin infrastruktur, og dette er særdeles både gledelig og viktig.
Erling Sande (Sp) [14:41:01 ] (leiar i komiteen): Dei lokale
vegane er viktige for utviklinga av lokalsamfunna våre – tryggleik
for at ein kan kome seg fram utan skade på seg sjølv eller køyretøyet
sitt, tryggleik for at ein kan sende ungane sine langs trygge sykkelvegar,
og tryggleik for at ein kan ferdast utan å få stein eller snøras
i hovudet.
Kvinnherad er
av dei mange plassane i landet som har utfordringar med standarden
på vegane sine. Det er dei ikkje åleine om, men i Kvinnherad og
enkelte andre plassar blir løysinga denne typen pakkar, som gjer
at ein kan oppnå betre standard på vegane og oppnå den utviklinga
ein ønskjer i lokalsamfunna sine. For Kvinnherad sin del vil dette
både gjelde mjuke trafikantar og bilistar, som får betre vegar å
køyre på, og det vil handle om rassikring.
Arbeidet med tiltaka
i pakken har allereie starta, med fylkeskommunale midlar. Det viser,
som også saksordføraren presenterte på ein veldig god måte, at det
er ein viktig pakke for lokalsamfunnet, og pakken har støtte politisk,
både lokalt og frå fylket.
For Senterpartiet,
som er oppteke av å ta heile landet i bruk, er det viktig å peike
på den store verdiskapinga og aktiviteten som skjer i Kvinnherad.
Ønskjer vi busetjing, aktivitet og verdiskaping til fellesskapa
rundt i lokalsamfunna våre – ja, så må vi vere med og tilretteleggje
for det. Vi har ikkje nokon lidenskapeleg godhug for bompengar,
men vi ser at mange plassar er det lokal aksept for bompengar dersom
ein ser at dette går til konkrete prosjekt som løftar fram utvikling
i lokalsamfunnet, og då synest vi det er rett og riktig å leggje
til rette for det.
Vi håpar dei vegforbetringane
som denne pakken medfører, bidreg til ei positiv utvikling i Kvinnherad,
og at innbyggjarane om nokre år opplever ein annan standard på vegane
enn den dei må leve med i dag.
Frank Edvard Sve (FrP) [10:43:29 ] : La det vere klart: Prosjektet
er viktig, det er viktig at det vert bygt veg, men ein kan byggje
veg utan bompengar. Det er ikkje slik som representanten frå Arbeidarpartiet
seier, at det aldri har vore brukt så mykje bompengar som då Framstegspartiet
var i regjering. Nei, det har heller aldri vore bygt så mykje veg
som med Framstegspartiet og Høgre i regjering, for vi bygde altså
vesentleg meir veg, og då vart det bompengeauke. Andelen bompengar gjekk
frå litt over 40 pst. med dei raud-grøne i regjering og ned til
ca. 20 pst. med den borgarlege regjeringa. Så vi bygde meir veg,
det vart mykje, mykje meir veg – 280 km med firefelts veg, bl.a.
Det er litt viktig å få med seg.
Og så er det ikkje
slik at vi i Framstegspartiet brukar bompengar slik som dei raud-grøne
partia gjer, for å finansiere andre område som faktisk bilistane
og transportnæringa ikkje skal bruke, f.eks. planane om å auke bompengeandelen
inn mot Oslo til himmels, 70 pst. er nemnt, for å finansiere ein
gedigen kjempebrølar gjort av bystyregjengen og dei som jobbar med
Fornebubanen. Kva hjelper det bilistane og næringslivet som skal betale
det – eller alle dei bypakkane rundt omkring i landet, der ein skal
finansiere gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikk, som ikkje ein
einaste bilist eller eit einaste vogntog skal bruke? Det er på mange
måtar ein heilt openberr bompengepolitikk som vi i Framstegspartiet
er sterkt imot. Difor er vi også imot å bruke bompengar på dette
prosjektet, og vi har bedt om at ein ser på moglegheita for å byggje
utan bompengar.
Då er framlegget
frå Framstegspartiet fremja.
Statsråd Jon-Ivar Nygård [10:45:39 ] : Prop. 100 S for 2021–2022
gjelder bompengefinansiering av Kvinnheradpakken i Vestland. Jeg
har merket meg at det er et bredt flertall blant medlemmene i transport-
og kommunikasjonskomiteen som i innstillingen stiller seg bak dette
forslaget. Jeg er også glad for at Kvinnheradpakken legger til rette
for at det nå kommer på plass utbedringer på fylkesveier og trafikksikkerhetstiltak
i Kvinnherad kommune.
Kvinnheradpakken
omfatter seks utbyggingsprosjekter og har en ramme til mindre tiltak
på fylkesveistrekninger i Kvinnherad kommune. Arbeidet er startet på
deler av pakken. Vestland fylkeskommune har bedt om at det blir
lagt fram en proposisjon om delvis bompengefinansiering av Kvinnheradpakken.
Det er lokalpolitisk
enighet om opplegget som er foreslått for utbygging og finansiering
av pakken, og Vestland fylkeskommune har vedtatt å stille garanti
for låneopptaket. Finansieringen kommer for øvrig fra kommunale
og fylkeskommunale midler. Og så er det jo, som flere har vært inne
på, lagt opp til at innkrevingen av disse bompengene skal skje på
de tre ferjestrekningene Gjermundshamn–Varaldsøy–Årsnes, Ranavik–Skjersholmane
og Utåker–Skånevik–Matre. Innkrevingen av bompenger skal skje over
en periode på 15 år og kan starte allerede i år.
Presidenten: Representanten
Frank Edvard Sve tok opp forslaget fra Fremskrittspartiet i sted.
Stortingspresidenten fulgte ikke med i timen akkurat da.
Flere har ikke
bedt om ordet til sak nr. 3.
Votering, se voteringskapittel