Presidenten: Etter
ønske fra næringskomiteen vil presidenten orden debatten slik: 3 minutter
til hver partigruppe og 3 minutter til medlemmer av regjeringen.
Videre vil det
– innenfor den fordelte taletid – bli gitt anledning til inntil
sju replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen,
og de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid,
får også en taletid på inntil 3 minutter.
Olve Grotle (H) [17:44:07 ] (ordførar for saka): La meg starte
med å takke komiteen for eit godt samarbeid i saka. Saka gjeld,
som nemnt, eit representantforslag frå stortingsrepresentantane
Alfred Jens Bjørlo, Ingvild Wetrhus Thorsvik og André N. Skjelstad
om å gjere det lettare for gründerar, investorar og arbeidstakarar
frå land utanfor EØS-området å etablere seg og satse i Noreg. Det
er i alt blitt fremja tolv enkeltforslag.
I saka har næringsminister
Jan Christian Vestre uttalt seg i brev av 10. februar 2022 til komiteen.
Statsråden har òg svart på to spørsmål den 16. mars. Det er vidare
blitt halde skriftleg høyring i saka, noko som har resultert i fleire
skriftlege innspel i denne.
Ein samla komité
delar forslagsstillarane sitt syn om at vi som samfunn er avhengig
av nyskaping og innovasjon, og at dei små ideane får vekse seg store.
Komiteen peikar vidare på at det er viktig at det blir lagt endå
betre til rette for at gründerar, investorar og arbeidstakarar frå land
utanfor EØS-området kan etablere seg og satse i Noreg. Komiteen
er òg samd med forslagsstillarane om at vi treng både norske og
utanlandske gründerar og investorar som kan etablere vekstbedrifter
i nye, grøne næringar.
Komiteen har
òg merkt seg statsråden sin gjennomgang av enkeltpunkta i forslaget,
og at regjeringa i hovudsak ikkje ser behov for desse no. I denne
gjennomgangen er det òg vist til at Solberg-regjeringa har hatt
ein gjennomgang av tematikken.
Eg vil no gå
over til å gjere greie for Høgre sine synspunkt i saka. Først vil
eg gje honnør til Venstre-representantane for å ha reist denne saka.
Høgre deler intensjonane i forslaget om at Noreg må styrkje sin
posisjon som eit attraktivt og konkurransedyktig land for gründerar, investorar
og arbeidstakarar, og at dette ikkje minst må gjelde dei som kjem
frå land utanfor EØS-området. Skal Noreg greie dette, er det viktig
at vi har målretta, funksjonelle og gode ordningar, og vi må vere
opne for at ting kan gjerast betre og meir treffsikkert enn dagens
ordningar greier.
Høgre meiner
likevel at det generelt i saka vil vere føremålstenleg og klokt
med ein større og grundigare gjennomgang av dei tiltaka og verkemidla
som finst allereie i dag, før vi set i gang med nye initiativ og
tiltak. Vi viser her òg til det arbeidet som blei gjort då Solberg-regjeringa
hadde sin gjennomgang av sakstemaet, og som regjeringa både har
vist til og gått nærmare gjennom i sin uttale til representantforslaget.
Til dette kjem
at Høgre er i ferd med å setje i gang eit arbeid som knyter seg
til nettopp gründer- og oppstartsbedrifter, der fleire av dei spørsmåla
som er reiste i dette forslaget, også vil måtte inngå. Forutan at
Høgre ønskjer å greie ut og få meir kunnskap om situasjonen og utfordringane
for bransjen, har vi difor òg eit ønske om å sjå ting i heilskap
før vi bestemmer oss for enkelttiltak. Etter dette meiner vi det
per i dag ikkje vil vere riktig å følgje opp dei forslaga som er
fremja.
Når det gjeld
forslag nr. 4, derimot, der «Stortinget ber regjeringa legge fram
ein strategi for å tiltrekke seg fleire internasjonale investorar
til norske vekstselskap», vil Høgre støtte det. Vi viser her til
behovet for kapital for vekstselskap, og at det blir sett på som
ei hovudsvakheit i kapitalmarknaden i dag, noko som òg er blitt framheva
i høyringsutspela som er komne inn. Vi meiner difor at det er grunnlag
for å utarbeide ein strategi for å tiltrekkje seg fleire internasjonale
investorar til norske vekstselskap.
Karianne B. Bråthen (A) [17:47:35 ] : Alle land som vil se
vekst og utvikling, er avhengige av vanlige folk med store ideer.
Sånne folk finnes det allerede mange av i Norge: vanlige folk som
vil realisere en stor plan, vanlige folk som vil skape framtidens
arbeidsplasser – for seg selv og for fellesskapet. Men Norge er
en liten, åpen økonomi i internasjonal konkurranse. Utenlandske
impulser og løsninger er viktige for å videreutvikle norsk næringsliv.
Skal vi ligge fremst i utvikling og omstilling mot et fornybart
samfunn, er vi avhengige av at Norge også klarer å tiltrekke seg
høykompetent arbeidskraft fra utlandet.
Norge er mulighetenes
land. Vi har et mangfoldig virkemiddelapparat i verdensklasse som
allerede i dag gir råd og støtte til store og små bedrifter i utvikling,
endring og vekst. I tillegg har vi verdens beste velferdsstat, et sosialt
sikkerhetsnett som gjør det mulig for vanlige folk – uansett bakgrunn
– å satse på ideen sin. Vi gir internasjonalt konkurransedyktige
og forutsigbare rammer for at folk skal kunne etablere nye bedrifter,
skalere opp eksisterende virksomhet og skape flere arbeidsplasser.
Denne regjeringen
vet at det haster å omstille norsk økonomi. Etter åtte tapte år
med store ord og festtaler er omstillingstakten forsvinnende lav.
Jeg kan berømme initiativtakeren bak representantforslaget, men
det framstår nokså populistisk fra forslagsstillende parti, som
inntil nylig selv styrte både Næringsdepartementet og det norske
virkemiddelapparatet, og som står ansvarlig for å etterlate seg
en milelang saksbehandlingskø for oppholdstillatelser. Den nye regjeringen
er heldigvis godt i gang med å rydde opp, men slikt tar tid.
Gründere, oppstartsbedrifter
og kompetansearbeidskraft er helt nødvendig for at landet vårt skal
kunne utvikle seg, for at økonomien skal kunne vokse, og for at
vi skal kunne skape flere trygge, grønne jobber for vanlige folk
rundt om i hele landet. Arbeiderparti–Senterparti-regjeringen arbeider
hver dag for at bedrifter skal få riktig kompetanse, for at virkemiddelapparatet skal
gi nødvendig hjelp og støtte, og for at gode ideer skal kunne få
vokse seg store.
Sivert Bjørnstad (FrP) [17:49:53 ] : Tilgang på kapital og
kompetanse er helt avgjørende for å skape verdiskapende arbeidsplasser
og bedrifter. I Norge har vi – som de fleste er kjent med – mye
kapital, selv om det ikke alltid allokeres til de beste eller mest
lønnsomme prosjektene. Det er det imidlertid fullt mulig å gjøre
noe med her hjemme, f.eks. når det gjelder skatteinsentiver og andre
rammebetingelser. Blant annet fremmer vi forslag i dag om at ordningen
med kapitalfunn må utvides, sånn at flere nordmenn investerer i
oppstartsbedrifter som kan vokse seg store og sterke.
Men som sagt
er det ikke kapital i seg selv som er den største utfordringen i
Norge. Når det gjelder kompetanse, ser det imidlertid verre ut.
Norge er et stort land i areal, men med få folk. Demografien er
utfordrende og kommer til å bli enda verre i tiårene som kommer.
Vanligvis har vi tenkt på håndverksfagene og helse- og omsorgsyrkene
når det har vært snakk om import av arbeidskraft. Selv om det fortsatt
er hovedvekten, har vi i stadig større grad også behov for mer høykompetent teknologisk
arbeidskraft i Norge. Mange av disse er kreative; de «gründer» ofte
bedrifter, skaper innovasjoner, skaper verdiskapende arbeidsplasser
og bedrifter – akkurat det vi trenger mer av i Norge. I dag er det
gjennom EØS-avtalen ganske enkelt for europeiske borgere å komme
til Norge og utvikle ideen sin, men kommer man fra Sør-Afrika, India
eller USA, er det vanskeligere. Det finnes over årene flere eksempler
på driftige folk som har blitt utvist på grunn av for firkantede
regler på dette området. I motsetning til mange sammenliknbare land
i Europa, som f.eks. Estland, Sverige, Tyskland og Nederland, gjør
ikke Norge nevneverdige tiltak for å gjøre det så enkelt som mulig
å være gründer eller investor som ikke-europeisk statsborger.
Den forrige regjeringen
gjorde heller ikke nevneverdig mye for denne gruppen. Til tross
for både fine formuleringer i regjeringserklæringen og trykk fra
Fremskrittspartiet i Stortinget stoppet arbeidet opp. Det bemerket
også Arbeiderpartiet flere ganger, men nå som de selv er i posisjon,
er det glemt, og det er «business as usual». Næringsminister Vestre,
med sin aktive næringspolitikk og trang til eksport, kunne her satt
et godt eksempel og kommet gründer- og oppstartsmiljøet i Norge
i møte. Det er jo disse som taper på denne tilbakelente holdningen;
det er ikke opposisjonen i Stortinget. Det er selvsagt også statsfinansene
på litt sikt.
Dette er forslag
som jeg nå tar opp, og som i all hovedsak ikke koster all verden.
De gir stort handlingsrom til regjeringen i utformingen av konkrete
forslag, og de adresserer et konkret problem som det dessverre ikke
er politisk vilje til å løse. Det er synd.
Presidenten: Da
har representanten Sivert Bjørnstad tatt opp de forslagene Fremskrittspartiet
sammen med Venstre og Miljøpartiet De Grønne står bak.
Alfred Jens Bjørlo (V) [17:53:11 ] : Det er ikkje ofte Framstegspartiet
og Venstre står skulder ved skulder i ein debatt som handlar om
innvandring, men det gjer vi altså her i dag. Det er underleg og
litt urovekkjande å høyre innlegga frå Høgre og Arbeidarpartiet
i debatten i dag, i denne saka som handlar om Venstre sine framlegg
om å gjere Noreg til eit meir attraktivt land for gründerar, investorar
og arbeidstakarar frå land utanfor EØS-området til å etablere seg
og satse i. Det er sagt mange fine ord, samtidig som Arbeidarpartiet
og Høgre vil stemme imot omtrent alle framlegga i saka.
Det denne saka
handlar om, er ikkje spissfindige detaljar – det er ramme alvor.
Det handlar om at Noreg må klare å opne opp litt meir for folk frå
andre land for å kunne lukkast med den enorme næringsomstillinga
vi skal gjennom i åra som kjem.
Eg håpar Stortingets
medlemar frå Arbeidarpartiet og Høgre faktisk har lese dei mange
høyringsinnspela frå eit samla Gründer-, Startup- og Næringsliv-Noreg
om at det i dag ikkje er lagt godt nok til rette for at gründerar og
arbeidstakarar med spesiell kompetanse frå land utanfor EØS, kan
etablere seg i Noreg. Eg hadde håpt det ville gjere eit visst inntrykk
når 150 sentrale personar i det norske startup-miljøet gjekk saman
i eit opprop til oss der dei sa at det noverande innvandringssystemet ikkje
fungerer i praksis for talent som vil byggje framtidas arbeidsplassar
i Noreg, og der dei innstendig ber oss om å ta dei første stega
i retning av eit gründervisum no.
Eg hadde håpt
det ville gjere inntrykk å lese Osloregionen interkommunalt politiske
råd si undersøking om korleis internasjonale studentar, arbeidstakarar
og andre som har flytta hit, opplever det å komme til og bu i landet
vårt. Dei funna burde få alle alarmklokker til å ringje. Desse menneska,
som vi desperat treng for å byggje framtidas Noreg, føler seg som
andrerangs borgarar i eit land som ikkje ønskjer at dei er her,
og at dei statlege byråkratiske hindra dei møter, er laga for å
stengje ute dei som næringslivet etterspør mest. Dei opplever månadlange
køar, misvisande informasjon, dårleg kundebehandling og ein opplevd
motvilje mot internasjonale personar. Vi har rett og slett stilt
oss slik at dei menneska frå utlandet som vi treng for å få samfunnet
til å gå rundt og byggje framtidas Noreg, i dag blir behandla av den
norske staten som rusk i maskineriet, ikkje som ein del av maskina.
Så det er vanskeleg å forstå at fleirtalet i denne salen meiner
dagens system fungerer heilt fint og gjev gode moglegheiter for
menneske frå utanfor EØS, og at vi ikkje må rokke ved systemet.
Eg må berre orsake,
president, men verda, Noreg og tusenvis av internasjonale talent
har ikkje tid til å vente meir. Vi treng gründervisum og andre tiltak
for eit meir ope og meir venlegsinna Noreg overfor dei som vil kome hit
og vere med og byggje framtida, og vi treng det no. Arbeidarpartiet
og Høgre står opp for systemet. Venstre og andre parti som står
saman med oss om forslag her i dag, står opp for folk. Kampen for
eit meir ope og meir venlegsinna Noreg overfor folk utanfrå er ikkje
over her i dag. Den kampen skal Venstre og andre gode krefter halde
fram, og vi skal vinne.
Eg tek med dette
opp forslaga nr. 11 og 12.
Presidenten: Representanten
Alfred Jens Bjørlo har tatt opp de forslagene han refererte til.
Statsråd Jan Christian Vestre [17:56:38 ] : Regjeringen setter
stor pris på oppmerksomheten om og engasjementet for gründerskap
og vekstbedrifter. Det er et engasjement vi deler. Skal vi hevde
oss i den internasjonale konkurransen, må vi tiltrekke oss utenlandske
talenter, og da skal vi selvfølgelig ikke lage unødige hindre for
mennesker, også fra utenfor EØS-området, som velger å komme til
Norge med ideer, kompetanse, nettverk og kunnskaper om utenlandske
markeder som vi sårt trenger i det grønne næringsskiftet vårt. Vi
trenger disse ressursene skal vi få realisert de høye ambisjonene
som vi alle har, enten det gjelder eksport eller nye grønne verdikjeder.
Som næringsminister
har også jeg latt meg inspirere i møter med miljøene vi har i økosystemet
for gründere og oppstartsbedrifter over hele landet vårt, og jeg
kan vitne om at de utenlandske talentene er godt representert hos
mange av disse. Ja, vi trenger flere av disse gründerne, men det
er ikke det diskusjonen står om for meg.
Forslaget om
opprettelse av en egen ordning med et såkalt gründervisum er allerede
bredt vurdert, også da partiet Venstre styrte Nærings- og fiskeridepartementet. Det
ble da ansett som en løsning som ikke er hensiktsmessig, slik utlendingsregelverket
er bygd opp i dag. Det er i tillegg krevende å se grunnlaget for
en slik ordning, all den tid det allerede innenfor dagens regelverk
er åpnet for å gi oppholdstillatelse til dyktige, selvstendig næringsdrivende
fra utenfor EØS-området. De krav som regelverket stiller i dag om
oppholdstillatelse, er ikke urimelige, og det ble i høst gjort forenklinger
for å legge bedre til rette for dem som ønsker å komme hit, og som vi
ønsker velkomne med åpne armer. Jeg deler komiteens syn på at det
kan legges enda bedre til rette, men at et gründervisum ikke er
svaret på dette.
Regjeringen vil
at det skal være attraktivt å være gründer i Norge, enten det dreier
seg om norske talenter, talenter fra EØS-området eller talenter
fra utenfor EØS-området. I et bredere perspektiv er totalpakken
det norske samfunnet har å by på, viktig. Jeg er derfor opptatt
av at de samlede rammevilkårene vi tilbyr gründere og vekstbedrifter
i Norge, er så gode som mulig. Vi er etter min oppfatning på riktig
vei. Det er blitt enklere å starte bedrift i Norge. Det er få hindre
for utenlandske statsborgere, og de kan få støtte gjennom et allerede godt
virkemiddelapparat som vi nå jobber for å gjøre enda mer treffsikkert
og enda enklere å finne fram i. Det er et godt økosystem for oppstartsbedrifter,
og her leverer både offentlige og private aktør en verdifull innsats.
Så vi støtter
absolutt ambisjonen om å få flere gründere hit. Vi ønsker sterke
kapitalmiljøer. Vi vil ha så mange som mulig med i det grønne skiftet,
men det mener vi at vi kan gjøre gjennom å forbedre de eksisterende ordningene,
snarere enn å bruke tid på å lage nye.
Presidenten: Det
blir replikkordskifte.
Sivert Bjørnstad (FrP) [17:59:55 ] : Statsråden sa i sitt innlegg
at man ikke skal legge hindringer for den gruppen vi snakker om,
altså gründere fra utenfor EØS-området, men det er nettopp det denne
gruppen opplever i dag. Det har også innspillene til komiteen vist. Som
Bjørlo var inne på, har 150 enkeltpersoner med tilknytning til gründer-
og oppstartsmiljøet uttalt seg, i tillegg til en rekke organisasjoner
tilknyttet oppstartsmiljøet i Norge. Og ikke én av dem, verken av
enkeltpersonene eller gruppene, sier at det er bra slik det er i dag.
Hva er det disse personene ikke har forstått?
Statsråd Jan Christian Vestre [18:00:42 ] : Jeg har også snakket
med mange av høringsaktørene, og jeg opplever at alle er utålmodige,
bl.a. når det gjelder saksbehandlingstid for å få oppholdstillatelse.
De ønsker at vi skal bli flinkere til å gi god informasjon om hvordan det
er å etablere seg i Norge, at vi skal ha flere digitale plattformer
som gjør det enklere å registrere bedrift, få seg et D-nummer raskt,
opprette bankkonto, komme i kontakt med de ulike offentlige etatene,
og ikke minst at det skal være én dør inn til det offentlige virkemiddelapparatet.
Alt dette jobber vi nå intenst med innenfor det rammeverket vi har.
Jeg vil også
legge til at det er fullt mulig for både gründere og andre selvstendig
næringsdrivende fra utenfor EØS-området å få oppholdstillatelse
i Norge. Det er kurante krav som stilles, bl.a. om underhold. Og med
de endringene som ble gjort i fjor høst, er det altså blitt enda
enklere. Vi vurderer gjerne flere tiltak, men da er jeg opptatt
av å komme raskt til målet innenfor det rammeverket vi allerede
har.
Sivert Bjørnstad (FrP) [18:01:43 ] : Det er nettopp derfor
det fremmes mange forslag her i dag, nemlig for å komme raskere
til målet. Det som er trist, er at statsrådens parti er med på å
stemme de forslagene ned – alle som en. Når statsråden nevner at
man skal få D-nummer raskere, er det nettopp et av de forslagene
vi fremmer i dag, at vi skal jobbe med det å få D-nummer raskere,
men det stemmer altså Arbeiderpartiet ned.
Jeg har lyst
til å spørre om det Vestre sa på slutten av sitt innlegg, nemlig
at det kan legges enda bedre til rette for denne gruppen. Da lurer
jeg på: Hvilke konkrete tiltak er statsråden i ferd med å foreta
seg for å legge enda bedre til rette for gründere i Norge?
Statsråd Jan Christian Vestre [18:02:25 ] : Det svarer jeg
gjerne på en gang til. Vi er opptatt av raskere saksbehandling.
Vi er opptatt av å bruke det handlingsrommet vi har til å gi oppholdstillatelse
til både gründere og andre selvstendig næringsdrivende. Det er ikke
all verdens krav som stilles. Vi er opptatt av god informasjon på
mange språk. Vi jobber tett sammen med Brønnøysundregistrene for
å lage digitale plattformer som skal gjøre det mye enklere å etablere
bedrift, få opprettet bankkonto og komme kjapt i gang. Og vi har allerede
lansert den digitale plattformen Én dør inn, som skal gjøre det
mye lettere for også oppstartsbedriftene å få tilgang til de over
18 ulike statlige virkemiddelaktørene vi har, som totalt sett forvalter
over 180 programmer.
I sum vil dette
gjøre det enklere. Og jeg understreker igjen at vi gjerne tar imot
nye innspill til hva som kan gjøres ytterligere bedre, men det er
altså å slå inn åpne dører å foreslå et gründervisum, som reelt
sett ikke innebærer noe mer enn det dagens regler for oppholdstillatelse
bidrar til.
Alfred Jens Bjørlo (V) [18:03:40 ] : Eg merkar meg at statsråden
frå Arbeidarpartiet meiner at eit gründervisum ikkje er svaret.
Då er det litt interessant at Arbeidarpartiet før valet, mens partiet
var i opposisjon, meinte at svaret på dette spørsmålet var nettopp
gründervisum. I 2016 sa dåverande nestleiar og noverande stortingsrepresentant
Hadia Tajik som svar på spørsmål om denne utfordringa:
«Vi ser for oss
flere ting, blant annet et eget gründervisum for utlendinger som
skal jobbe i norske oppstartsbedrifter (…) Med et slikt visum kan
gründerbedriftene få den internasjonale kompetansen de trenger».
Seinast i valkampen
i 2021 sa Terje Aasland, noverande olje- og energiminister, at Arbeidarpartiet
hadde teke til orde for eit nordisk talentrekrutteringsprogram:
«Det er absolutt spennende å tenke
seg ordninger som et gründervisum som en del av et slikt nordisk
program.»
Arbeidarpartiet
meinte gründervisum var ein god idé i 2016, og dei meinte det var
ein god idé i 2021. Kva har endra seg i 2022, som gjer at Arbeidarpartiet
no ikkje meiner gründervisum er ein god idé?
Statsråd Jan Christian Vestre [18:04:40 ] : Jeg er opptatt
av at vi skal føre en pragmatisk næringspolitikk basert på reelle
behov. Vi legger ikke prestisje i hvilke forslag tidligere regjeringer
har verken utredet eller foreslått, og vi er også villige til å
endre synspunkt underveis.
Da dette representantforslaget
kom, gikk vi grundig inn i det. Jeg har vært opptatt av å vurdere
det skikkelig, ikke minst fordi jeg deler representantenes syn på
hvor viktig det er at Norge skal være en attraktiv nasjon for etablerere,
gründere og selvstendig næringsdrivende. Men når vi går inn i dette
og ser at vi med dagens regelverk og enkelte forbedringer av det
kan oppnå det samme uten å lage nye byråkratiske særregler med et
såkalt gründervisum, er jeg mer opptatt av hva som tar oss raskere
til målet, enn av det som kan framstå som litt enkel symbolpolitikk.
Dette forslaget
ble nøye utredet for noen måneder siden, da Venstre styrte Næringsdepartementet,
og det var kanskje en grunn til at den forrige regjeringen, med Venstre
i Næringsdepartementet, valgte å ikke fremme det.
Alfred Jens Bjørlo (V) [18:05:48 ] : Det departementet skal
ha honnør for, er at ein har gjeve ganske grundige og gode svar
til komiteen undervegs, med opplysningar om kva ein har gjort, kva
som er status, og kva andre land gjer. Det vi bl.a. ser av svar
departementet har gjeve, er at veldig mange land i Norden og elles
i Europa etter kvart no har ulike visumordningar for oppstartsselskap
og gründerar. Departementet opplyser sjølv at 16 land i Europa –
16 av EUs 27 medlemsland – per i dag tilbyr ulike typar spesielle
visumordningar for gründerar, deriblant alle dei andre nordiske
landa – Danmark, Sverige og Finland – og det gjeld Estland, Storbritannia,
Nederland og andre land. Dei har eigne designa program for oppstartsselskap
og gründerar.
Kva er det Noreg
har skjønt som ikkje desse landa har skjønt, som spissar denne satsinga
og gjer dette? Slik eg oppfattar det, er det òg eit samla ønske
frå Startup- og Gründer-Noreg om å få ei spissa satsing.
Statsråd Jan Christian Vestre [18:06:50 ] : Vi skal absolutt
se til hva andre land gjør og lære av deres erfaringer, både gode
og dårlige erfaringer. Flere av landene det vises til, har såkalte
gründervisum, men de stiller i tillegg krav om oppholdstillatelse
for å kunne ta arbeid, for å kunne være gründer og for å kunne etablere
egen virksomhet. Da kan en spørre seg hva som er den reelle effekten
av et slikt tiltak utover at det framstår som et hyggelig tiltak,
et symbolsk tiltak, som det selvfølgelig er lett å slutte seg til.
Men igjen: Jeg
er opptatt av at vi skal legge ordentlig til rette for gründerne,
og da bør vi heller jobbe sammen for å se på hvilke hindringer vi
kan justere innenfor dagens regelverk. Dagens regelverk med oppholdstillatelser
er altså ikke i veien for at gründere og andre selvstendig næringsdrivende
kan komme til Norge. Vi har mange eksempler på det. Jeg har selv
møtt mange av disse gründerne, som gjør en fantastisk jobb, men
da må vi altså ha bedre informasjon til dem, og legge bedre til
rette. Vi trenger ikke nye særregler.
Alfred Jens Bjørlo (V) [18:07:52 ] : Eg trur statsråden på
at vi alle ønskjer å få på plass eit regelverk som trekkjer til
seg fleire folk som vil bidra og satse i Noreg. At vi treng det,
trur eg er eit mål vi alle er einige om.
Eg høyrer statsråden
seie at han meiner dagens regelverk eigentleg er godt nok, men samtidig
ser vi at alle organisasjonar som jobbar med Startup-Noreg, startup-selskap,
opplever at det ikkje fungerer godt nok i dag. Det er ein eller
annan mismatch her som vi er nøydde til å løyse.
Som representanten
Bjørnstad heilt korrekt seier, har vi prøvd å leggje fram ein del
forslag om det, til saman tolv forslag. Regjeringspartia og Arbeidarpartiet meiner
at ingen av dei tolv forslaga er det rette forslaget. Statsråden
seier at det skal jobbast kontinuerleg, og at det skal kome nye
forslag. Kan han gje nokre eksempel på tiltak han vil skal kome?
Og når ser han føre seg at ein faktisk vil gripe tak i det Startup-Noreg
sjølv seier, nemleg at dagens system ikkje blir opplevd å fungere
godt nok for dei vi ønskjer skal kome til landet?
Statsråd Jan Christian Vestre [18:08:54 ] : Vi har noen utfordringer,
men de utfordringene blir ikke bedre av å lage nye særordninger
som egentlig ikke løser problemene.
Jeg svarer gjerne
for tredje gang på hvilke tiltak vi ønsker å gjøre. Vi må få opp
kapasiteten på saksbehandling, slik at det går raskere å få oppholdstillatelse.
Vi må få raskere D-nummer til nye folk som kommer hit, slik at de
kan opprette bankkonto. Vi jobber allerede tett med Brønnøysundregistrene
for en helhetlig, digital opplevelse, vil jeg si, for å kunne starte
bedrift, få i gang kontoen, få opp systemene, slik at dette blir
enklere. Vi har allerede levert Én dør inn til virkemiddelapparatet,
som gjør det betydelig enklere, og vi skal lage mer informasjon
på flere språk for gründere, om hvordan de tar seg hit, hvordan
de finner fram i det norske byråkratiet, og ikke minst hvordan vi
kan bistå dem enda bedre.
Hvis representanten
eller andre representanter har flere konkrete innspill til hva vi
kan gjøre, lytter vi selvfølgelig til det, og vil gjerne iverksette
flere tiltak også.
Presidenten: Replikkordskiftet
er avslutta.
Fleire har ikkje
bedt om ordet til sak nr. 16.
Votering, se torsdag 31. mars