Stortinget - Møte tirsdag den 8. februar 2022

Dato: 08.02.2022
President: Masud Gharahkhani
Dokumenter: (Innst. 131 L (2021–2022), jf. Prop. 234 L (2020–2021))

Søk

Innhold

Sak nr. 7 [14:19:56]

Innstilling fra justiskomiteen om Endringer i forsikringsavtaleloven mv. (forsikringsdistribusjon mv.) (Innst. 131 L (2021–2022), jf. Prop. 234 L (2020–2021))

Talere

Presidenten: Etter ønske frå justiskomiteen vil presidenten ordna debatten slik: 5 minutt til kvar partigruppe og 5 minutt til medlemar av regjeringa.

Vidare vil det ikkje bli gitt anledning til replikkar, og dei som måtte teikna seg på talarlista utover den fordelte taletida, får ei taletid på inntil 3 minutt.

Odd Harald Hovland (A) []: Ordførar for saka er eigentleg Maria Aasen-Svensrud, men ho har sett seg nøydd til å melde forfall.

Forslaget me har til behandling om endringar i forsikringsavtaleloven, er ei endring som vil gjennomføre EØS-reglar som svarar til delar av Europaparlaments- og rådsdirektiv 2016/97 om forsikringsdistribusjon. I tillegg vert det føreslått ei omstrukturering av forsikringsavtaleloven og reglar om bl.a. erstatning, bevisbyrde og såkalla digitalt førsteval.

Direktivet som er utgangspunktet, skal bidra til auka kundebeskyttelse og styrkje kundane sin tillit til aktørane, og det har som føremål å styrkje den indre marknaden og leggje til rette for like konkurransevilkår ved distribusjon av forsikring. EØS-komiteen vedtok ved avgjerd nr. 214/2018 av 26. oktober 2018 å innlemme forsikringsdistribusjonsdirektivet i EØS-avtalen.

Det vert føreslått i proposisjonen å omstrukturere forsikringsavtaleloven slik at loven får fem delar: ein fyrste generell del med alminnelege plikter, ein annan generell del med prekontraktuelle plikter, to delar om skade- og personforsikringsavtalar og ein siste generell del med reglar om erstatning, fristar, klagebehandling og tilsyn mv.

Det er ein samla komité som føreslår at viktige reglar om kunden sine rettar overfor forsikringsføretak og forsikringsformidlarar vert samla i ein lov – ein lov som styrkjer forbrukarvernet, og som gjev overordna og meir detaljerte krav til informasjon og rettleiing før avtaleinngåing enn slik det er etter dagens reglar.

Forslaget skal òg sikre at kunden får den same beskyttelsen uavhengig av om forsikringa vert seld direkte frå eit forsikringsselskap eller gjennom agent eller meklar. Det vert òg lovfesta eit overordna krav til fagleg forsvarleg framferd for forsikringsføretak og formidlarar, og kunden kan krevje erstatning for tap som følgje av brot på denne plikten. Alle tilbod skal òg vere i samsvar med krava og behova til kunden, og det skal gjerast enklare å få oversikt over forsikringstilbodet og dermed også å kunne samanlikne ulike tilbod. Det vert òg kravd at forsikringsføretak og -formidlarar skal ha gode og effektive rutinar for klagebehandling og tidsfristar for svar på klager.

Til liks med den nye finansavtaleloven vert det føreslått at forsikringsføretaket skal ha bevisbyrda for at føretaket sine pliktar etter lov og forskrift er oppfylt. Ein samla komité viser til viktigheita av at reglane om digitalt førsteval ikkje ekskluderer enkelte forbrukarar frå kommunikasjon med forsikringsføretaka, men at føretaka framleis har gode løysingar for forbrukarar som ikkje har moglegheit til eller ikkje ønskjer å kommunisere digitalt.

Med dette vert det lagt fram eit forslag om endring av forsikringsavtaleloven som forhåpentlegvis styrkjer vårt forbrukarvern når me inngår forsikringsavtalar. Avslutningsvis vil eg takke justiskomiteen for godt samarbeid også i denne saka.

Statsråd Emilie Mehl []: Jeg er glad for at en enstemmig komité støtter forslaget om endringer i forsikringsavtaleloven. Forslaget inneholder flere viktige endringer, som bl.a. skal bidra til økt kundebeskyttelse.

De fleste av oss inngår mange forsikringsavtaler i løpet av livet. Produktene kan være vanskelig å forstå, og valget av forsikring kan ha stor betydning for privatøkonomien. I endringsloven stilles det bl.a. mer omfattende krav til informasjon og veiledning før avtaleinngåelsen. Alle tilbud og anbefalinger om forsikring skal være i samsvar med kundens krav og behov. Det skal bidra til at det blir lettere å velge riktig forsikring, slik at kundene slipper å betale for noe de ikke trenger.

Med lovendringene vil også viktige regler om kundenes rettigheter overfor forsikringsdistributøren bli samlet i én lov, uavhengig av om forsikringen selges av forsikringsselskapet eller gjennom en agent eller megler. Det vil bidra til at kunden lettere kan få oversikt over rettighetene.

Mange av reglene bygger på EU-krav, men det er også foreslått andre endringer. Blant annet legger reglene bedre til rette for elektronisk kommunikasjon og bygger på såkalt digitalt førstevalg. Komiteen har pekt på at det er viktig at reglene ikke ekskluderer enkelte forbrukere fra kommunikasjon med forsikringsforetakene, og jeg er helt enig i at det er viktig å ivareta. Etter lovforslaget kan kundene reservere seg mot elektronisk kommunikasjon, og en forbruker kan også alltid be om å få avtalevilkårene på papir.

Jeg vil også trekke fram at lovforslaget er harmonisert med den nye forsikringsavtaleloven, som er vedtatt, men ikke trådt i kraft. Dermed vil endringene også bidra til å skape bedre sammenheng i reguleringen av ulike typer finansielle tjenester og produkter.

Presidenten: Fleire har ikkje bedt om ordet til sak nr. 7.

Votering, se voteringskapittel

Stortinget tok pause i forhandlingane kl. 14.27.

-----

Stortinget tok opp att forhandlingane kl. 15.

President: Nils T. Bjørke

Presidenten: Følgjande innkalla vararepresentantar tek no sete:

  • for Vest-Agder: Jorunn Gleditsch Lossius

  • for Finnmark: Sigurd Kvammen Rafaelsen

Frå Arbeidarpartiets stortingsgruppe ligg det føre søknad om permisjon etter Stortingets forretningsorden § 5 andre punktum for representanten Maria Aasen-Svendsrud frå og med 8. februar kl. 15 og inntil vidare.

Presidenten tilrår at denne søknaden vert handsama straks og godkjend, og ser det som vedteke.

Vidare vil presidenten tilrå at vararepresentanten, Camilla Maria Brekke, vert innkalla for å møta i permisjonstida, og ser det også som vedteke.

Camilla Maria Brekke er til stades og vil ta sete.