Stortinget - Møte onsdag den 2. februar 2022

Dato: 02.02.2022
President: Ingrid Fiskaa

Søk

Innhold

Formalia

President: Ingrid Fiskaa

Minnetale over tidlegare stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes

Presidenten: Vyrde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant Marie Lovise Widnes gjekk bort 19. november, 91 år gamal. Med hennar bortgang har me mista ei varm og tydeleg stemme. Ho var ei engasjert og frittalande føregangskvinne som våga å stå fremst i rekka i ei tid då kvinnene gjerne heldt seg i bakgrunnen.

Widnes voks opp under enkle kår på Sunnmøre. I 1952 fekk ho gratis utdanning ved arbeidarrørsla sin folkehøgskule på Sørmarka. Denne utdanninga var den einaste ho tok utanom vanleg grunnskule.

Ho var leiar for SV si fylkestingsgruppe i Møre og Romsdal i tolv år før ho vart vald inn på Stortinget i 1989. Som medlem i sosialkomiteen var ho engasjert i saker som kunne gjera det lettare for kvinner å delta i samfunnslivet på lik linje med menn, som barnehageutbygging, eldreomsorg og funksjonshemma sine rettar i samfunnet. Ho var oppteken av nedrusting, asylpolitikk og menneskerettar i og utanfor landegrensene.

For eit breiare publikum var Widnes likevel mest kjent som lyrikar, kåsør og visesongar, ikkje minst for songen om «gangdøra heime», som vart ein gjengangar i Ønskekonserten.

Widnes mottok ei rekkje lokale kultur- og medieprisar, og i 2006 fekk ho både Kongens fortenestemedalje i gull og æresmedlemskap i Noregs Mållag. Ho vil bli hugsa som ein frittalande kristensosialist som alltid kjempa dei svakaste si sak, ein folkevald som kunne utfordra på ein liketil måte med glimt i auget og stor hjartevarme. Ho var eit kvardagsmenneske og tusenkunstnar som spreidde optimisme og framtidstru der ho fór fram.

Med takk for innsatsen og kameratskapen gjennom mange år lyser me fred over minnet til Marie Lovise Widnes.

Representantane høyrde ståande på minnetalen til presidenten.

Presidenten: Representanten Andreas Sjalg Unneland vil setja fram eit representantforslag.

Andreas Sjalg Unneland (SV) []: På vegne av representantene Kari Elisabeth Kaski, Marian Hussein og meg selv fremmer jeg forslag om å bevare Bredtvetskogen.

Presidenten: Representanten Seher Aydar vil setja fram eit representantforslag.

Seher Aydar (R) []: På vegne av representantene Bård Hoksrud, Marian Hussein og meg selv vil jeg fremme forslag om å sikre at leger ikke kan ilegges overtredelsesgebyrer for feil forskrivning av blå resepter.

Presidenten: Forslaga vil bli handsama etter reglementet.