Søk
Søk i saker og publikasjoner fra Stortinget og regjeringen og redaksjonelle artikler tilbake til 1996. For historiske saker, se eget søk.
Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
President: Nils T. Bjørke
Presidenten: Presidenten vil av smittevernomsyn tilrå at publikumsgalleriet vil halda stengt også under møtet i dag. – Det er vedteke.
Representanten Maria Aasen-Svensrud, som har vore permittert, har igjen teke sete.
Det ligg føre tre permisjonssøknader:
frå Sosialistisk Venstrepartis stortingsgruppe om sjukepermisjon for representanten Mona Fagerås i tida frå og med 24. november og inntil vidare
frå Raudts stortingsgruppe om omsorgspermisjon for representanten Bjørnar Moxnes tysdag 24. november
frå Miljøpartiet Dei Grønes stortingsgruppe om velferdspermisjon for representanten Une Bastholm tysdag 24. november
Presidenten vil føreslå at desse søknadene vert behandla straks og innvilga. – Det er vedteke.
Frå første vararepresentant for Oslo, Per Espen Stoknes, ligg det føre søknad om fritak frå å møta i Stortinget under representanten Une Bastholms permisjon, av velferdsgrunnar.
Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:
Søknaden vert behandla straks og innvilga.
Følgjande vararepresentantar vert innkalla for å møta i permisjonstida: For Nordland: Marius Meisfjord Jøsevold For Oslo: Seher Aydar og Kristoffer Robin Haug
Presidenten: Marius Meisfjord Jøsevold, Seher Aydar og Kristoffer Robin Haug er til stades og vil ta sete.
Presidenten: Presidenten tilrår at det vert vald ein setjepresident for møta i Stortinget denne veka. – Det er vedteke.
Presidenten føreslår Svein Roald Hansen. – Andre framlegg ligg ikkje føre, og presidenten reknar Svein Roald Hansen som samrøystes vald som setjepresident for møta i Stortinget denne veka.
Statsråd Linda Hofstad Helleland la fram 17 kgl. proposisjonar (sjå under Referat).
Presidenten: Sakene nr. 1–5 vert handsama under eitt.