Kjersti Toppe (Sp) [19:16:53 ] : For pasientar med behov for
komplekse og langvarige koordinerte tenester etter spesialisthelsetenestelova
skal det tilbydast koordinator, jf. spesialisthelsetenestelova § 2-5 a.
Denne plikta til å oppnemna koordinator kom i januar 2012 og erstattar
tidlegare reglar om pasientansvarleg lege. Ifølgje Helsedirektoratets
rettleiar om koordinator skal koordinatoren sørgja for nødvendig
oppfølging av den enkelte pasient. Koordinatoren skal også sikra samordning
av tenestetilbodet i samband med opphald på institusjon og overfor
andre tenesteytarar og sikra framdrift i arbeidet med individuell
plan. Oppgåvene til koordinatoren i helsetenesta inneber å koordinera
internt under opphaldet og eksternt med dei som skal følgja opp
etter utskriving. Dersom behovet for kontinuitet og samanheng i
forløpet tilseier det, skal koordinatoren samhandla med personell
og instansar utanfor institusjonen som har eller vil få eit behandlings-
eller oppfølgingsansvar for pasienten. Det vert nemnt eksempel på
dette, som fastlege, koordinator i kommunen, heimesjukepleie eller
spesialistar i andre helseføretak.
Koordinatoren
må samhandla med kontaktlege om pasientar som har fått oppnemnt
det, og det er helseføretakets koordinerande eining som har det
overordna ansvaret for oppnemning, opplæring og rettleiing av koordinatoren.
Det er naturleg at oppnemning av koordinatoren skjer ved den avdelinga
som har det daglege ansvaret for pasienten. Dette er jo heilt tydelege
krav til helseføretaka om korleis koordinatorfunksjonen skal ivaretakast.
I ein interpellasjonsdebatt
fremja av stortingsrepresentant Bent Høie i juni 2017 tok representanten
opp at tidlegare helseminister Ansgar Gabrielsen hadde som hobby,
når han reiste rundt og besøkte sjukehus og helseføretak, å spørja
etter ordninga med koordinator. Det var i perioden 2004–2005, og
det var sjeldan at nokon kunne svara han på om denne ordninga var
etablert. I interpellasjonsdebatten uttalte stortingsrepresentant Høie
at han hadde arva Ansgar Gabrielsens hobby, nemleg å spørja om dette
når han reiste rundt med helse- og omsorgskomiteen og besøkte ulike
helseføretak. Svaret stortingsrepresentant Høie fekk, var det same
som Ansgar Gabrielsen fekk. Stortingsrepresentant Høie sa i interpellasjonen
i 2017 at han òg hadde spurt dåverande helseminister Jonas Gahr
Støre om kor mange pasientar som eigentleg fekk oppnemnt koordinator,
og det fekk ikkje stortingsrepresentant Høie svar på. Det var altså inga
nasjonal oppfølging av dette lovpålegget. Stortingsrepresentant
Høie sa i stortingssalen at han meinte dette var alvorleg, først
og fremst for pasientane, men også at Stortinget hadde lovfesta
noko som ikkje vart følgt opp.
Eg har arva hobbyen
til Ansgar Gabrielsen og Bent Høie. Eg spør når eg besøkjer helseføretak
og sjukehus: Kor mange pasientar har fått oppnemnt koordinator? Det
kan dei ikkje svara på, eller dei kan seia at det gjeld dei pasientane
som er inne i eit pakkeforløp, men elles veit dei ikkje. Eg har
– som stortingsrepresentant Bent Høie gjorde – òg spurt noverande
helseminister om han kan svara på kor mange pasientar som får oppnemnt koordinator,
og eg har fått det same svaret som han. Helseminister Høie kan ikkje
svara på kor mange pasientar som har fått oppnemnt koordinator.
I svar på spørsmål
nr. 15:744 i 2015 til Stortinget uttaler helseminister Høie at han
ikkje stiller krav om spesifikk rapportering på oppfylling av lovkrav.
Departementet har ikkje oversikt over kva sjukehus som tilbyr pasientar
med behov for komplekse eller langvarige og koordinerte tenester,
ein koordinator. Departementet legg som utgangspunkt til grunn at
føretaka oppfyller dei ulike krava i spesialisthelsetenestelova.
Helseminister
Høie har tidlegare uttalt at dersom helseføretak svarar at dei er
i prosess for å oppretta koordinator, samanliknar han det med at
dersom ein av oss vert stoppa av politiet etter å ha køyrt i 70 km/t
i 50 km/t-sona, så svarer vi ikkje politiet at vi er i prosess for
å koma ned i 50 km/t. Det vil ikkje verta akseptert, og da held
vi oss ikkje til lova, og det er ikkje akseptabelt. Slik er det
òg med koordinatorfunksjonen. Når det er lovbestemt at pasientar
skal verta tilbydd koordinator, og det ikkje skjer, er det jo uakseptabelt.
Så til kontaktlege
i spesialisthelsetenestelova: Denne retten, som òg er heimla i den
same lova, skal gjelda for pasientar med alvorleg sjukdom, skade
og lidingar som har behov for behandling og oppfølging over tid. Da
Stortinget behandla denne ordninga med kontaktlege for pasientar
med alvorleg sjukdom, uttalte statsråden at lovendringa òg skulle
rydda opp i sider ved koordinatorordninga som ikkje fungerte.
I ein videoreportasje
frå Dagens Medisin 8. november i år kom det fram fleire tydelege
eksempel på at kontaktlegeordninga heller ikkje fungerer etter hensikta.
Reportasjen følgjer ein pasient med alvorleg nakkeskade og eit forløp
der han får behandling ved fire ulike sjukehus. Pasienten vart for
det første ikkje informert frå nokon av sjukehusa om at han hadde
krav på ein kontaktlege, men oppdaga sjølv nærast tilfeldig at rettigheita
var innført. Han måtte sjølv senda inn klage før han fekk oppnemnt
ein kontaktlege. Pasienten i Dagens Medisin si reportasje fekk heller
ikkje oppnemnt ein kontaktlege for heile pasientforløpet. Tilbakemeldinga
han fekk frå rehabiliteringssjukehuset sitt, Sunnås sykehus, var
at kontaktlegen berre var kontaktlege for behandlinga på dette eine
sjukehuset.
I svarbrevet
til pasienten skriv Sunnås sykehus: Pasienten kan ha to kontaktlegar
samtidig i pasientforløp i spesialisthelsetenesta, ein ved akuttsjukehuset
og ein ved rehabiliteringssjukehuset.
Sjukehuset skriv
vidare: Du har fått behandling ved fleire sjukehus. Trass i at slike
tilfelle absolutt ikkje er uvanleg, er denne problemstillinga ikkje
direkte omtalt i Helsedirektoratets rettleiar for kontaktlegeordninga.
Da statsråden
føreslo innføring av kontaktlegeordninga, vart det uttalt at alvorleg
sjuke menneske og deira pårørande skulle sparast for belastningar
med å halda seg til mange ulike legar og fortelja sjukehistoria
si igjen og igjen. Pasientens behov for éin fast kontaktlege å halda
seg til vert ikkje mindre fordi om pasienten får behandling ved
fleire sjukehus. Tvert imot er det truleg meir belastande å halda
seg orientert om behandlingsforløpet sitt viss ein må halda kontakten
med mange ulike institusjonar. Så viss pasienten sjølv må kjenna
til lovverket, det gjeld både dei som har behov for kontaktlege
og de som har behov for koordinator, meiner eg at det må vera i
strid med hensikta bak ordninga. Da ordninga med kontaktlege var
til høyring, fastslo departementet at når det er avklart at ein
pasient har rett til kontaktlege, bør pasienten straks gjerast kjend
med dette.
Denne situasjonen
krev svar frå helseministeren på nokre spørsmål:
Har innføring
av kontaktlegeordninga rydda opp i problema med koordinatorordninga,
slik statsråden førespegla, og har ho ført til at sjukehusa i større
grad oppfyller plikta om å oppnemna koordinator? Har statsråden
oversikt over kor mange sjukehus som ikkje oppfyller plikt om å
oppnemna kontaktlege for alvorleg sjuke pasientar? Meiner statsråden
at det er tilstrekkeleg at alvorleg sjuke pasientar som vert behandla
ved fleire sjukehus, får oppnemnt kontaktlege ved kvart sjukehus?
Og kva vert gjort for å rydda opp i uklarheitene som finst ute i
spesialisthelsetenesta rundt dette spørsmålet? Vil statsråden stilla
krav til helseføretaka om å få ein oversikt over kor mange pasientar
som faktisk vert tilbydde koordinator, og om føretaka faktisk oppfyller
lovkrava, eller legg han til grunn – som andre helseministrar før
– at det er opp til helseføretaka sjølve å tilby dette, og at Stortinget
ikkje treng å få nokon oversikt?
Presidenten: Presidenten
gjør oppmerksom på at representanten ved to anledninger sa at Bent
Høie som stortingsrepresentant fremmet interpellasjoner i 2017. Det
medfører nok ikke riktighet, så presidenten oppfordrer representanten
til å ta kontakt med referentseksjonen for å sikre at referatet
blir korrekt.
Statsråd Bent Høie [19:26:48 ] : Jeg konstaterer med glede
at jeg fortsatt deler representantens engasjement for disse ordningene.
Det er dessverre ikke med glede at jeg også delvis deler representantens
frustrasjon.
Helhetlige og
koordinerte behandlingstilbud har vært et krav fra pasient- og brukerorganisasjonene
i mange år og er helt sentralt i utviklingen av pasientens helsetjeneste.
Regjeringen har
gjennomført flere tiltak for å bedre koordinerte tjenester. Vi har
stilt krav om forløpskoordinatorer i pakkeforløpene for kreft, psykisk
helse og rus, og vi har innført en lovbestemmelse om kontaktlege for
pasienter med alvorlig sykdom, skade eller lidelse som har behov
for oppfølging i spesialisthelsetjenesten over tid. Vi har også
tydeliggjort bestemmelsene om koordinator i spesialisthelsetjenesten.
Helseregionene arbeider systematisk for å gjennomføre disse kravene,
og jeg har nylig fått tilbakemelding om status for dette arbeidet.
Alle helseforetak
i alle regioner har opprettet koordinerende enheter. Helse Nord
og Helse Vest har også opprettet regionale koordinerende enheter
og satt av ressurser til dette. Helseforetakene har utarbeidet retningslinjer
for funksjonene til koordinerende enhet, koordinatorer, kontaktlege
og arbeidet med individuell plan.
Lovverk og veiledere
er godt kjent for de koordinerende enhetene. Noen helseforetak angir
imidlertid at ledere i linjen ikke har fått god nok informasjon
om veilederne, og at det generelt er liten etterspørsel og kjennskap
til dem blant dem som har behandlingsansvar for pasienten.
Helse Nord har
nylig ferdigstilt regionale retningslinjer for oppnevning og funksjon
av koordinator.
Helse Midt-Norge
har laget en regional prosedyre for funksjonen som kontaktlege og
har arbeidet for å samkjøre prosedyrer mellom helseforetakene.
Helse Vest har
utarbeidet overordnede retningslinjer for individuell plan og koordinator
i alle helseforetakene i samarbeid mellom regional koordinerende
enhet og koordinerende enheter i helseforetakene.
Det varierer
imidlertid i hvor stor grad ordningene er tatt i bruk ved de ulike
avdelingene ved sykehusene. Selv om det er utarbeidet løsninger
på systemnivå, kan avdelingene lande på forskjellige løsninger,
avhengig av kapasitet, kompetanse og type fagområde. Kravene om koordinator
og kontaktlege må tilpasses de gode ordningene som allerede finnes,
som f.eks. ambulante team, sykepleiere med koordineringsansvar for
enkelte diagnosegrupper og utskrivningskoordinator.
Helseforetakene
har begrenset kunnskap om hvor mange pasienter som omfattes av ordningene.
De oppgir som grunn at EPJ-systemet ikke har gode nok funksjoner
for å registrere hvilke pasienter som har fått oppnevnt koordinator
og kontaktlege.
Helseforetakene
i Helse Midt-Norge har jobbet systematisk for å innhente data knyttet
til disse ordningene, og de kan nå ta ut rapporter over antall som
får oppnevnt koordinator. Rapportene viser at det hovedsakelig er
pasienter innenfor fagområdene psykisk helsevern og rus, habilitering
og rehabilitering som får oppnevnt koordinator.
I 2018 stilte
jeg krav om at helseregionene skulle etablere en registreringsordning
i de pasientadministrative systemene for pasienter som hadde vært
vurdert, og eventuelt fått tildelt kontaktlege. Ved rapporteringen
i juni opplyste helseregionene at det var laget en felles prosedyre
for registrering av andel pasienter med tildelt kontaktlege i DIPS,
og at helseforetakene arbeider med å implementere rutinene for hvordan
registreringen skal foregå. Denne registreringsordningen kan også
brukes for pasienter som har fått tildelt koordinator.
Helse Bergen
har tatt ut en rapport som viser at 741 pasienter fikk tildelt kontaktlege
i 2017. Fram til 10. juni 2018 hadde 904 pasienter fått tildelt
kontaktlege, og i alt 3 474 pasienter var aktivt omfattet av ordningen.
Helsedirektoratet
har kartlagt hvor langt helsetjenesten har kommet med å implementere
kontaktlegeordningen ved å spørre 512 ansatte ved helseforetak og private
ideelle sykehus. Halvparten av respondentene besvarte spørreundersøkelsen,
og 70 pst. svarte at de var godt i gang med å iverksette ordningen
ved sin avdeling, institusjon eller fagområde. De oppga mangel på
et godt system for å tildele kontaktlege som den største hindringen
for ordningen. Dernest kom legenes arbeidsplaner og intern uenighet
om den type ressursbruk og at ordningen vil medføre for stor arbeidsbelastning
for legene.
Flere av helseforetakene
angir at ordningen med forløpskoordinator i pakkeforløpene har vært
enklere å implementere enn lovkravene om koordinator og kontaktlege.
En viktig årsak er at forløpskoordinatorordningen er knyttet til
definerte pasientgrupper og pasientforløp. Tilknytning til pasientforløp
bør derfor vurderes også for ordningene med koordinator og kontaktlege.
Pakkeforløpene
for kreft, psykisk helse og rus omfatter en betydelig andel av målgruppen
for kontaktlege, koordinator og individuell plan. Det er viktig
å avklare hvilken rolle de lovbestemte ordningene skal ha på ulike
områder i det pågående forløps- og koordineringsarbeidet. Det er
også avgjørende at koordinatorordningene er forankret i ledelsen,
og at det ikke legges for mye ansvar til den enkelte koordinator,
noe som vil gjøre systemet sårbart.
En innvending
mot kontaktlegeordningen er at den er for vid, i den forstand at
den omfatter pasienter som ikke har behov for kontaktlege, eller
at det er praktisk vanskelig å gjennomføre ordningen. Veilederens
anbefalinger om hvilke pasienter som skal inkluderes i ordningen,
må vurderes, og det må etableres et trygt system for kontakt mellom
pasient og kontaktlege – uten at dette virker urimelig belastende
for den som har rollen. For eksempel åpner Prosjekt Vestlandspasienten
for at kontaktleger kan ha elektronisk dialog med pasienten gjennom
en funksjonalitet i nettstedet Vestlandspasienten.
Det pågår et
betydelig arbeid i helseforetakene for å bedre koordineringen av
pasientforløpene så pasientene kan få et trygt og forutsigbart behandlingstilbud. Men
vi må øke endringstakten i dette arbeidet, og det er avgjørende
å få de lovbestemte ordningene til å fungere ved alle institusjoner
og avdelinger. Jeg følger dette arbeidet tett i min dialog med helseregionene
som ledd i videreutviklingen av pasientens helsetjeneste.
Nils T. Bjørke hadde her
teke over presidentplassen.
Kjersti Toppe (Sp) [19:33:49 ] : Først vil eg beklaga at eg
sa 2017, når det skal vera 2013. Det var litt pinleg, men i 2017
var nok helseministeren Bent Høie.
Eg er glad for
at helseministeren no anerkjenner problemstillinga, og at dette
ikkje er bra. Helseministeren har sjølv hatt eit engasjement for
denne saka tidlegare, som eg beskreiv i mitt hovudinnlegg.
Eg har lytta
nøye til det helseministeren svarte. Det vert peikt på ein god del
ting som skjer på systemnivå, med koordinerande einingar på sjukehus
og regionalt, og at ein prøver å få implementert og gjort kjent
lovkravet og rettleiingane. Men eg trur det er veldig sant, det helseministeren
var inne på, at dette ikkje er gjort godt nok kjent nedover på avdelingane,
at det er ein motstand i systemet fordi det vil krevja ressursar,
og at ein på tenestestaden kanskje stiller spørsmål ved om det er
rett bruk av ressursar. Eg ser òg at det vert oppretta ei registerordning
der vi kan få meir informasjon om korleis dette er, men når vi får
veta at det er 700 pasientar som får kontaktlege i Helse Vest, seier
det oss eigentleg ikkje så mykje, for det er jo ut frå behovet vi
må veta. Det er viktig.
Eg meiner dette
burde vera rimeleg enkelt. Det er ikkje alt vi lovfestar i helsevesenet,
men dette er lovfesta, og så er det tydelegvis ikkje implementert.
Det burde vera så enkelt at kom det ein pasient og vart lagd inn
på sjukehus, var dette noko ein skulle gå gjennom ved journaltaking.
Det er spørsmål ein alltid skulle stilla. Dersom vi meiner det tar
for mykje ressursar, må vi her på Stortinget iallfall gå gjennom
ordninga. For det er jo inga meining i at noko skal vera lovfesta,
og så skal vi sjå gjennom fingrane med det når det ikkje vert følgt
opp.
Eg meiner dette
er viktig. Spesielt for eldre pasientar meiner eg ein koordinator
er ein veldig god ting.
Statsråd Bent Høie [19:37:00 ] : Jeg konstaterer at debatten
viser at det nok bare er representanten og jeg som fortsatt deler
engasjementet for dette spørsmålet.
Jeg vil bare
si at jeg har stor forståelse for det som representanten gir uttrykk
for, at en burde ha kommet lenger på dette området med tanke på
at mange av disse ordningene var lovfestede plikter på et tidlig
tidspunkt.
Jeg mener at
vi nå gjør en rekke tiltak for nettopp å bidra til at ordningene
også blir en realitet for pasientene, gjennom at vi nå skal måle
sykehusene både på hvor mange som får kontaktlege, og hvor mange
som har lagt til rette for at en også kan registrere koordinator.
Så ser vi at
det også er grunn til litt refleksjon fra oss som lovgivere og politikere
– å tenke gjennom hvilke virkemidler det er som faktisk virker når
vi ønsker endring i helsetjenesten. Det er mange år siden vi innførte
et lovkrav om koordinator, uten at vi nødvendigvis lyktes med det,
mens arbeidsmetoden, innføring av pakkeforløp, har bidratt til at
vi har lyktes med konkrete endringer. Noen ganger viser det seg
at det ikke nødvendigvis alltid er gjennom lover vi klarer å få
til endringer. Det er også andre metoder vi som politiske ledere
kan bruke for å få til endring.
Jeg vil også
trekke fram at kontaktlege ikke bare er en plikt for helseforetakene,
det er også en rettighet for pasientene. Det betyr at pasientene
nå også har en annen mulighet til f.eks. å ta kontakt med Pasient-
og brukerombudet eller Fylkesmannen hvis de opplever at de har en
rett på kontaktlege som ikke blir innfridd.
Så er det sånn
at vi vet at en viktig risiko for skade og feil i helsetjenesten
er overganger. Det er etter min oppfatning også et bevis på at dette
vil være riktig ressursbruk å prioritere for helsetjenesten, fordi
koordinator og kontaktlege vil være et viktig virkemiddel nettopp
for å gjøre disse overgangene mindre risikofulle.
Presidenten: Fleire
har ikkje bedt om ordet. Ynskjer interpellanten ein sluttkommentar?
Så er ikkje sett. Då er debatten i sak nr. 7 avslutta.