Stortinget - Møte torsdag den 16. mai 2019

Dato: 16.05.2019
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhold

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Då ser det ut til at me er klare til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt ni forslag. Det er

  • forslaga nr. 1–4, frå Trond Giske på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 5–7, frå Trond Giske på vegner av Arbeidarpartiet og Senterpartiet

  • forslag nr. 8, frå Åslaug Sem-Jacobsen på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 9, frå Freddy André Øvstegård på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 9, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fastsette i forskrift at frivillige lag og foreninger skal ha tilgang til kommunale bygg for sine aktiviteter og arrangementer.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 94 mot 8 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.07.12)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 8, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen bedre de økonomiske rammevilkårene for organisasjonseide kulturbygg ved at merverdiavgiftskompensasjon også blir gitt for ny-, på- og ombyggingskostnader for bygg, anlegg eller annen fast eiendom.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 82 mot 20 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.07.30)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 6, frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for en betydelig reduksjon i byråkratiet for frivilligheten, og om å involvere frivilligheten aktivt i dette arbeidet.»

Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart med 54 mot 48 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.07.49)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 5 og 7, frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å involvere Frivillighet Norge og LNU aktivt i alt utviklingsarbeid som omtales som tiltak i Meld. St. 10 (2018–2019).»

Forslag nr. 7 lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å sørge for at representanter for Frivillighet Norge og LNU tas inn i det foreslåtte forenklingsrådet.»

Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet vart med 53 mot 49 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 15.08.09)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 1–4, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen forsterke arbeidet mot utenlandske spillselskaper i Norge, med spesiell vekt på å arbeide mot markedsføringen av ulovlige spill overfor det norske markedet.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at LNU og Frivillighet Norge får en aktiv rolle i utviklingen av «fritidskortet».»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å omgjøre merverdiavgiftskompensasjonen til frivillige organisasjoner til en regelstyrt ordning, hvor prosentandelen som refunderes, opptrappes jevnlig, slik at den om fire år er på 100 pst.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å gjenopprette tidligere post for frivilligsentralene i Kulturdepartementets budsjett.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 53 mot 49 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 15.08.28)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Meld. St. 10 (2018–2019) om Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig. Den statlege frivilligheitspolitikken – vert lagd ved møteboka.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Lise Christoffersen sett fram eitt forslag på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å innlemme ILOs kjernekonvensjoner i menneskerettsloven.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:74 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Jonas Gahr Støre, Hadia Tajik, Arild Grande, Lise Christoffersen og Eigil Knutsen om å innlemme ILOs kjernekonvensjoner i menneskerettsloven – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Arbeidarpartiet vart tilrådinga vedteken med 53 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.10.21)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fire forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Mari Holm Lønseth på vegner av Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti

  • forslaga nr. 2 og 3, frå Willfred Nordlund på vegner av Senterpartiet

  • forslag nr. 4, frå Karin Andersen på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

Prop. 44 L (2018–2019) Endringer i avhendingslova (tryggere bolighandel) sendes tilbake til regjeringen.

II

Stortinget ber regjeringen på en bedre måte enn i Prop. 44 L (2018–2019) utrede følgende:

  • Konsekvensene på konfliktnivåene ved egenandelsregelen på 10 000 kroner.

  • Dokumentere påstandene i proposisjonen om maktforholdene mellom kjøper og selger.

  • Om forsikringsordninger kan bidra til mindre konflikt ved boligtransaksjoner.

III

Stortinget ber regjeringen vurdere å sette ned et lovutvalg som ser på endringer i avhendingslova i sammenheng med eierseksjonsloven og burettslaglova.

IV

Stortinget ber regjeringen sende forslag om endringer i avhendingslova (tryggere bolighandel) på alminnelig høring før det sendes tilbake til Stortinget.

Presidenten: Det vert votert over I og IV.

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart med 54 mot 48 røyster ikkje vedteken.

(Voteringsutskrift kl. 15.11.09)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede og legge fram forslag til lovfesting av tilstandsrapport i forbindelse med boligsalg.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Voteringstavlene viste at 89 hadde røysta mot og 11 hadde røysta for forslaget frå Sosialistisk Venstreparti.

Tor André Johnsen (FrP) (fra salen): Jeg trykket feil. Bare stryk en stemme for SVs forslag.

Presidenten: Det ser ut til å gjelda fleire – og det vil verta registrert.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 92 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.11.26)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 2 og 3, frå Senterpartiet.

Forslag nr. 2 lyder:

«I lov 3. juli 1992 nr. 93 skal

§ 3-1 nytt fjerde ledd skal lyde:

(4) Kjøparen må sjølv dekke tap og kostnader ved manglar opp til eit beløp på 1/2 G om ikkje anna er sagt i lova. Dette gjeld likevel ikkje avtalar der ein bygning er seld som ny.»

Forslag nr. 3 lyder:

«I lov 3. juli 1992 nr. 93 skal

§ 4-12 nytt tredje ledd lyde:

(3) Ved arealsvikt etter § 3-3 andre ledd skal prisavslaget fastsetjast forholdsmessig på grunnlag av kvadratmeterprisen for den selde eigedomen.»

Votering:

Forslaga frå Senterpartiet vart med 91 mot 11 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 15.11.53)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«I

I lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom gjøres følgende endringer:

§ 1-1 første ledd andre punktum skal lyde:

Som fast eigedom vert rekna grunn og bygningar, og elles andre innretningar som er varig forbundne med grunnen.

§ 3-1 skal lyde:

§ 3-1 Innleiande føresegn om manglar

(1) Eigedomen har ein mangel dersom han ikkje er i samsvar med dei krav til kvalitet, utrusting og anna som følgjer av avtalen. §§ 3-2 til 3-6 gjeld i den grad det ikkje i samsvar med § 1-2 er avtalt noko særskilt.

(2) Ved vurderinga av om eigedomen har ein mangel, skal ein leggje til grunn tidspunktet då vågnaden etter § 2-4 andre ledd eller etter avtala gjekk over på kjøparen. Det kan vere ein mangel endå om ein feil fyrst viser seg seinare.

(3) Seljaren svarer og for ein mangel som oppstår seinare dersom årsaka til mangelen er eit avtalebrot frå seljaren. Det same gjeld dersom seljaren ved garanti eller på annan måte har teke på seg ansvar for eigenskapar eller anna ved eigedomen fram til eit seinare tidspunkt.

(4) Kjøparen må sjølv dekke tap og kostnadar ved manglar opp til eit beløp på 10 000 kroner om ikkje anna er sagt i lova. Dette gjeld likevel ikkje avtalar der ein bygning er seld som ny. Departementet kan i forskrift justere beløpet i fyrste punktum ved vesentlege endringar i pengeverdien.

§ 3-2 skal lyde:

§ 3-2 Generelle krav til tilstanden

(1) Eigedomen har ein mangel dersom han ikkje er i samsvar med det kjøparen kunne forvente ut frå mellom anna eigedomens type, alder og synlege tilstand.

(2) Eigedomen har ein mangel dersom han ikkje høver for eit særleg føremål som seljaren var eller måtte vere kjent med då avhendinga vart avtalt. Dette gjeld likevel ikkje når tilhøva viser at kjøparen for så vidt ikkje bygde på seljarens sakkunnskap eller vurdering, eller ikkje hadde rimeleg grunn til å gjere det.

(3) Ved forbrukarkjøp som nemnt i § 1-2 tredje ledd har eigedomen ein mangel om han ikkje er i samsvar med offentlegrettslege krav som er stilt i lov eller i medhald av lov, og som gjaldt for eigedomen på den tida då avtala vart inngått. Dette gjeld likevel ikkje dersom tilhøva viser at kjøparen for så vidt ikkje bygde på seljarens sakkunnskap og vurdering, eller ikkje hadde rimeleg grunn til å gjere det.

§ 3-3 skal lyde:

§ 3-3 Arealsvikt

(1) Har eigedomen mindre grunnareal (tomt) enn kjøparen har rekna med, er det likevel ikkje ein mangel utan at arealet er vesentleg mindre enn det som er opplyst av seljaren eller medhjelparane til seljaren, eller desse har bore seg særleg klanderverdig åt.

2) Det er ein mangel dersom bygningar på eigedomen har mindre areal enn det som er opplyst av seljaren eller medhjelparane til seljaren, så framt avviket er større enn to prosent og utgjer minst ein kvadratmeter. Det er likevel ikkje ein mangel dersom seljaren godtgjer at kjøparen ikkje la vekt på opplysninga.

§ 3-4 første ledd første punktum skal lyde:

Så langt ikkje anna følgjer av avtale, skal eigedomen for ikkje å ha ein mangel, ha slike ting og rettar som tilhøyrsle som er nemnt i andre ledd og §§ 3-5 og 3-6.

§ 3-7 første punktum skal lyde:

Eigedomen har ein mangel dersom kjøparen ikkje har fått opplysning om omstende ved eigedomen som seljaren kjente eller måtte kjenne til, og som kjøparen hadde grunn til å rekne med å få.

§ 3-8 første ledd første punktum skal lyde:

Eigedomen har ein mangel dersom omstende ved eigedomen ikkje svarer til opplysning som seljaren har gitt kjøparen.

§ 3-9 skal lyde:

§ 3-9 Eigedom selt «som han er» eller liknande

(1) Endå om eigedomen er selt «som han er» eller med liknande allment atterhald, har eigedomen ein mangel der dette følgjer av §§ 3-7 eller 3-8. Eigedomen har også ein mangel dersom han er i vesentleg ringare stand enn kjøparen hadde grunn til å rekne med ut frå kjøpesummen og tilhøva elles.

(2) Ved forbrukarkjøp som nemnt i § 1-2 tredje ledd har «som han er»-atterhald og liknande allmenne atterhald ingen verknad. Det same gjeld for atterhald som ikkje er spesifiserte nok til å kunne verke inn på vurderinga kjøparen gjer av eigedomen.

§ 3-10 skal lyde:

§ 3-10 Synfaring og anna forundersøking. Tilstandsrapportar og andre salsdokument

(1) Kjøparen kan ikkje gjere gjeldande som ein mangel noko kjøparen kjente eller måtte kjenne til då avtala vart inngått. Kjøparen skal reknast for å kjenne til omstende som går tydeleg fram av ein tilstandsrapport eller andre salsdokument som kjøparen er gitt høve til å setje seg inn i. Departementet kan i forskrift gje føresegner om kva krav som må vere innfridde for at ein tilstandsrapport skal ha verknad som nemnt i andre punktum, medrekna krav til autoriserte bygningssakkunnige og innhaldet i rapportane.

(2) Har kjøparen før avtala vart inngått undersøkt eigedomen eller utan rimeleg grunn late vere å følgje ei oppmoding frå seljaren om undersøking, kan kjøparen heller ikkje gjere gjeldande som ein mangel noko kjøparen burde vorte kjent med ved undersøkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren har vore grovt aktlaus, uærleg eller for øvrig handla i strid med god tru.

(3) Fyrste og andre ledd gjer inga innskrenking i § 3-7 om manglande opplysning om eigedomen.

§ 4-8 første ledd innledningen skal lyde:

(1) Ligg det føre ein mangel ved eigedomen, utan at dette står på kjøparen eller omstende kjøparen har vågnaden for, kan kjøparen

§ 4-10 fjerde ledd nytt tredje punktum skal lyde:

Krenking av retten etter fyrste ledd hindrar ikkje eit krav frå kjøparen om skadebot, men kjøparen kan måtte bere delar av tapet etter § 7-2 fyrste ledd.

Nåværende tredje punktum blir nytt fjerde punktum.

§ 4-12 første ledd skal lyde:

(1) Har eigedomen ein mangel, kan kjøparen krevje eit forholdsmessig prisavslag.

§ 4-16 første ledd skal lyde:

(1) Kjøparen kan gjere krav på grunn av ein mangel gjeldande mot tidlegare seljar eller annan tidlegare avtalepart, i same grad som krav på grunn av mangelen kan gjerast gjeldande av seljaren.

§ 4-17 første ledd andre punktum skal lyde:

Kjøparens rett til å krevje retting etter § 4-10 og beløpsgrensa i § 3-1 fjerde ledd gjeld likevel ikkje.

§ 4-18 nytt andre punktum skal lyde:

Føresegna i § 3-1 fjerde ledd gjeld likevel ikkje.

§ 7-1 tredje ledd bokstav a skal lyde:

(a) vanlege tiltak som kompenserer at eigedomen har ein mangel eller at seljaren ikkje gir frå seg skøyte eller overlet bruken av eigedomen til rett tid, eller

II

1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.

2. Endringene gjelder for avtaler som inngås etter at loven har trådt i kraft.»

Senterpartiet har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti vart vedteke med 64 mot 38 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.12.16)

Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile. Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Overskrifta til lova og lova i det heile vart vedtekne med 61 mot 40 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.12.41)

Presidenten: Lovvedtaket vil verta ført opp til andre gongs handsaming i eit seinare møte i Stortinget.

Det vert votert over II og III i tilrådinga frå komiteen.

Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart med 53 mot 48 røyster ikkje vedteken.

(Voteringsutskrift kl. 15.13.17)

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande vedtak til

lov

om endringer i patentloven mv. (forenklinger)

I

I lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter gjøres følgende endringer:

§ 2 fjerde ledd nytt andre punktum skal lyde:

Vilkåret er heller ikke til hinder for at patent meddeles på kjente stoffer eller kjente stoffblandinger til en spesifikk anvendelse i fremgangsmåter som nevnt i § 1 sjette ledd, såfremt en slik anvendelse ikke er kjent.

§ 3 c andre punktum oppheves.
§ 8 andre ledd skal lyde:

Søknaden skal inneholde en beskrivelse av oppfinnelsen, innbefattet tegninger når slike er nødvendige, samt patentkrav som angir oppfinnelsen som søkes beskyttet ved patentet, og er klare, tydelige og har støtte i beskrivelsen. Den omstendighet at oppfinnelsen gjelder en kjemisk forbindelse, medfører ikke at en bestemt anvendelse må angis i patentkravet. Beskrivelsen skal være så tydelig at en fagperson på grunnlag av denne skal kunne utøve oppfinnelsen. En oppfinnelse som gjelder eller anvender biologisk materiale, skal i tilfelle som nevnt i § 8 a, bare anses tilstrekkelig tydelig angitt såfremt også vilkårene i § 8 a er oppfylt. Dersom oppfinnelsen gjelder eller anvender biologisk materiale som allerede forekommer i naturen, skal det fremgå tydelig av søknaden hvordan materialet kan utnyttes industrielt.

§ 8 femte ledd første punktum og § 62 a andre ledd andre punktum skal lyde:

Søkeren skal betale fastsatt søknadsgebyr, ellers henlegges søknaden.

§ 8 a første ledd første punktum skal lyde:

Skal det ved utøvelsen av en oppfinnelse anvendes biologisk materiale som verken er allment tilgjengelig eller kan beskrives slik i søknadsdokumentene at en fagperson på grunnlag av disse kan utøve oppfinnelsen, skal en prøve av det biologiske materialet deponeres senest den dag søknaden inngis.

§ 18 første ledd andre punktum skal lyde:

Den som patentsøknaden overføres til, skal betale nytt søknadsgebyr, ellers henlegges søknaden.

§ 19 andre ledd skal lyde:

Etter at patent er meddelt, kan patentkravene ikke endres slik at patentvernets omfang utvides.

§ 20 skal lyde:

Innen to måneder etter at søkeren er underrettet om at patent kan meddeles, skal søkeren betale fastsatt meddelelsesgebyr. Skjer ikke dette, henlegges søknaden. Behandlingen av søknaden gjenopptas likevel dersom søkeren betaler meddelelsesgebyret innen fire måneder etter utløpet av fristen. Det skal betales fastsatt gjenopptakelsesavgift.

Søkes patent av oppfinneren, kan Patentstyret innrømme søkeren fritak for å betale meddelelsesgebyr dersom det er forbundet med betydelig vanskelighet for søkeren å betale gebyret, og det er begjært fritak innen to måneder etter at søkeren er underrettet om at patent kan meddeles. Avslås begjæringen om fritak, skal gebyr som betales innen to måneder deretter, anses som betalt i rett tid.

§ 21 første ledd første punktum skal lyde:

Når meddelelsesgebyr etter § 20 er betalt, eller fritak for gebyret er gitt, skal søknaden imøtekommes dersom det fortsatt ikke finnes å foreligge hinder for patent.

§ 24 andre ledd andre punktum skal lyde:

Den som fremsetter slik innsigelse mer enn ni måneder etter nevnte dag, skal betale fastsatt gebyr, ellers anses innsigelsen som ikke innkommet.

§ 25 første ledd nr. 2 skal lyde:
  • 2. det gjelder en oppfinnelse som ikke er beskrevet som bestemt i § 8 annet ledd tredje til femte punktum, eller

§ 27 første ledd andre punktum og § 52 e første ledd tredje punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers opptas ikke klagen til behandling.

§ 27 første ledd tredje punktum og § 52 e femte ledd fjerde punktum oppheves.
§ 28 andre ledd tredje punktum og nytt fjerde punktum skal lyde:

For internasjonal søknad som inngis til Patentstyret, skal søkeren betale fastsatt gebyr. Kongen gir forskrift om gjenoppretting av prioritet der fristen etter § 6 første ledd utilsiktet er oversittet overfor Patentstyret som mottakende myndighet, herunder om frist for å begjære gjenoppretting og om gebyr.

§ 36 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Har en del av en internasjonal patentsøknad ikke vært gjenstand for internasjonal nyhetsgransking eller internasjonal forberedende patenterbarhetsprøving fordi søknaden ble ansett å omfatte oppfinnelser som er uavhengige av hverandre og søkeren ikke innen den foreskrevne tid betalte tilleggsgebyr i henhold til samarbeidskonvensjonen, skal Patentstyret prøve om vurderingen var riktig. Finnes dette å være tilfelle, skal den del av søknaden som ikke er gransket eller prøvet, anses trukket tilbake, med mindre søkeren betaler fastsatt gebyr innen to måneder fra Patentstyret har sendt ham underretning om sin avgjørelse.

I § 38 andre ledd andre punktum skal «søknadsavgift» erstattes av «søknadsgebyr».
§ 39 a første ledd skal lyde:

En patenthaver kan begjære at patentkravene, og om nødvendig beskrivelsen, endres slik at patentvernets omfang begrenses (patentbegrensning).

§ 39 a tredje ledd skal lyde:

Patenthaveren skal betale fastsatt begrensningsgebyr, ellers anses begjæringen som ikke innkommet.

§ 39 b første ledd skal lyde:

Er begjæringen i foreskrevet stand, undersøker Patentstyret om de endrede patentkravene er klare, tydelige og har støtte i beskrivelsen, og om patentet i endret form omfatter noe som ikke fremgikk av søknaden da den ble inngitt, eller innebærer en utvidelse av patentvernets omfang.

§ 39 d andre ledd andre punktum skal lyde:

Innen samme frist skal fastsatt klagegebyr betales, ellers opptas ikke klagen til behandling.

§ 39 d andre ledd tredje punktum oppheves.
I § 50 a første ledd tredje punktum og § 66 j første ledd første punktum skal «avgift» erstattes med «gebyr».
§ 52 første ledd første punktum skal lyde:

Et patent kan kjennes helt eller delvis ugyldig ved dom dersom:

  • 1. det er meddelt til tross for at vilkårene i §§ 1 til 2 ikke er oppfylt,

  • 2. det gjelder en oppfinnelse som ikke er beskrevet som bestemt i § 8 annet ledd tredje til femte punktum,

  • 3. det omfatter noe som ikke fremgikk av søknaden da den ble inngitt,

  • 4. patentvernets omfang er blitt utvidet etter at patentet ble meddelt, eller

  • 5. det er endret etter begjæring om patentbegrensning på en slik måte at patentvernets omfang er blitt utvidet.

§ 52 b andre ledd andre punktum og nytt tredje punktum skal lyde:

Begjæringen skal i tillegg oppfylle de vilkårene som er fastsatt av Kongen ved forskrift. Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses begjæringen som ikke innkommet.

§ 52 d første ledd første punktum skal lyde:

Begjæring om administrativ overprøving kan bare begrunnes med at patentet er meddelt i strid med vilkårene i §§ 1 til 2 eller § 8 annet ledd tredje til femte punktum, men likevel ikke med at patentet er meddelt til en annen enn den som er berettiget til oppfinnelsen, jf. § 1 første ledd.

§ 52 d andre ledd første punktum skal lyde:

Dersom Patentstyret kommer til at patentet er meddelt i strid med §§ 1 til 2 eller § 8 annet ledd tredje til femte punktum, erklæres det ugyldig dersom ikke ugyldighetsgrunnen kan avhjelpes ved at patentet endres.

§ 63 a oppheves.
§ 64 første ledd andre punktum skal lyde:

En lisenshaver eller panthaver som vil reise søksmål om inngrep i patentet, skal i rekommandert brev gi meddelelse om dette til patenthaveren, såfremt dennes adresse er angitt i registeret.

§ 66 e nytt tredje punktum skal lyde:

Dersom Den utvidete klagenemnden i Det europeiske patentverket opphever en avgjørelse fra Klagenemnden i Det europeiske patentverket om å nekte patent, forfaller årsavgift for avgiftsår som har begynt etter at Klagenemnden traff sin avgjørelse og frem til den dagen da Den utvidete klagenemnden traff sin avgjørelse, to måneder etter sistnevnte dag.

§ 68 første ledd første punktum skal lyde:

Kongen fastsetter de avgifter og gebyrer som er omhandlet i denne lov, samt de nærmere reglene om betaling av disse.

§ 72 skal lyde:

Dersom en patentsøker eller patenthaver har oversittet en frist fastsatt i eller i medhold av denne lov, og som følge av dette har lidt rettstap, skal saken likevel tas under behandling såfremt han godtgjør at fristoversittelsen var utilsiktet. Slik begjæring må fremsettes skriftlig til Patentstyret innen to måneder etter at den hindring som førte til fristoversittelse er opphørt, og senest ett år innen fristens utløp. Innen samme tid skal den unnlatte handlingen være foretatt. Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses begjæringen som ikke innkommet.

Ved oversittelse av fristen etter § 6 første ledd skal prioriteten gjenopprettes hvis fristoversittelsen var utilsiktet, og søknaden det kreves prioritet for, krav om prioritet og begjæring om gjenoppretting inngis innen to måneder etter fristens utløp. Prioriteten kan likevel ikke gjenopprettes hvis begjæringen inngis etter at forberedelsene til å gjøre søknaden allment tilgjengelig er ferdigstilt. Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses begjæringen som ikke innkommet.

Første ledd gjelder ikke frister som nevnt i § 27 tredje ledd, § 39 d tredje ledd, § 52 fjerde og femte ledd, § 52 e tredje ledd og § 53 annet ledd.

For internasjonale patentsøknader som videreføres i Norge får første jf. tredje ledd også anvendelse når det gjelder oversittelse av frister overfor mottakende myndighet, internasjonal nyhetsgranskingsmyndighet, myndighet for internasjonal forberedende patenterbarhetsprøving eller det internasjonale byrå. Den unnlatte handling foretas overfor Patentstyret. Kongen gir forskrift om gjenoppretting av prioritet for internasjonale søknader som videreføres i Norge, herunder om frister for å begjære slik gjenoppretting overfor Patentstyret, og om gebyr.

§ 73 første ledd skal lyde:

Har søkeren i de tilfelle som er omhandlet i §§ 31 eller 38, sendt dokument, avgift eller gebyr med postoperatør, og sendingen ikke kommer frem til Patentstyret i rett tid, skal søknaden tas under behandling dersom handlingen blir foretatt innen to måneder fra søkeren innså eller burde ha innsett at fristen var overskredet, likevel senest innen ett år fra fristens utløp, og

  • 1. postforbindelsene har vært avbrutt i løpet av de ti siste dager før fristens utløp på grunn av krig, revolusjon, urolighet, streik, naturkatastrofe, eller annen liknende årsak på det sted der avsenderen oppholder seg eller har sin virksomhet, og dokumentet, avgiften eller gebyret er sendt til Patentstyret innen fem dager fra postforbindelsene ble gjenopprettet, eller

  • 2. dokumentet, avgiften eller gebyret ble sendt til Patentstyret ved rekommandert brev senest fem dager før utløpet av fristen. Er brevet ikke sendt som flypost, skal dette likevel bare gjelde dersom avsenderen har hatt grunn til å tro at brevet ville komme frem innen to dager fra avsendingsdagen, eller dersom sending som flypost ikke var mulig.

II

I lov 21. juni 1985 nr. 79 om enerett til foretaksnavn og andre forretningskjennetegn gjøres følgende endringer:

§ 3-6 tredje ledd skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses kravet om administrativ overprøving som ikke innkommet.

§ 3-7 andre ledd skal lyde:

Fastsatt klagegebyr skal betales, ellers opptas ikke klagen til behandling.

III

I lov 14. mars 2003 nr. 15 om beskyttelse av design gjøres følgende endringer:

§ 13 fjerde ledd skal lyde:

Søkes registrering av en annen enn den som har frembrakt designen, skal designerens navn innføres i designregisteret hvis søkeren eller designeren ber om dette. Om designen er et resultat av et samarbeid mellom flere designere i en gruppe, kan en angivelse av gruppens navn erstatte angivelsen av hver enkelt designer.

§ 13 femte ledd andre punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers henlegges søknaden.

I § 17 andre ledd andre punktum, § 51 andre ledd andre punktum og § 56 tredje ledd andre punktum skal «avgift» erstattes med «gebyr».
§ 27 første ledd tredje punktum og § 50 første ledd fjerde punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses kravet som ikke innkommet.

§ 29 andre ledd andre punktum skal lyde:

Den som søknaden overføres til, skal betale nytt søknadsgebyr, ellers henlegges søknaden.

§ 37 fjerde punktum skal lyde:

Fastsatt klagegebyr skal betales, ellers opptas ikke klagen til behandling.

§ 43 skal lyde:
§ 43 Grunnlag for frifinnelse i sivile saker

I sivile saker om designinngrep kan det bare bygges på at registreringen er ugyldig eller kan kreves overført etter bestemmelsene i kapittel 5, hvis det først er avsagt dom for ugyldighet eller overføring, eller hvis Patentstyret har truffet endelig avgjørelse om oppheving eller overføring.

§ 47 første ledd andre punktum skal lyde:

En lisenshaver som reiser søksmål om designinngrep, skal i rekommandert brev gi melding om dette til den som er innført i designregisteret som designhaver, hvis adressen er angitt i registeret.

§ 50 første ledd første punktum skal lyde:

Den som overfor Patentstyret har oversittet en frist fastsatt i eller i medhold av bestemmelsene i kapittel 2, 4 eller 6, og som følge av dette har lidt rettstap, skal når denne krever det, likevel få en sak tatt under behandling hvis det godtgjøres at fristoversittelsen var utilsiktet.

§ 51 tredje og fjerde ledd skal lyde:

For kopier av dokumenter som er offentlige etter loven her, skal det betales fastsatt gebyr.

Gebyrsatsene for ikke bekreftede utskrifter og kopier skal fastsettes slik at de samlete inntektene ikke blir større enn de faktiske omkostningene ved formidling av informasjonen, med tillegg av en rimelig fortjeneste.

§ 52 paragrafoverskriften skal lyde:
§ 52 Forskrifter til loven (avgifter og gebyrer mv.)
§ 52 andre punktum nr. 6 skal lyde:
  • 6. satser for avgifter og gebyrer, og betaling av disse. Kongen kan herunder fastsette gebyrer for deling og sammenslåing av søknader og registreringer.

§ 54 andre ledd tredje punktum skal lyde:

For slik deling skal det betales fastsatt gebyr, ellers anses kravet om deling som ikke innkommet.

IV

I lov 26. mars 2010 nr. 8 om beskyttelse av varemerker gjøres følgende endringer:

§ 12 tredje ledd andre punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers henlegges søknaden.

§ 21 første ledd andre punktum og § 28 andre punktum skal lyde:

Vedkommende skal i så fall betale nytt søknadsgebyr, ellers henlegges søknaden.

§ 34 første ledd andre punktum, § 40 første ledd fjerde punktum, § 42 andre punktum, § 43 første ledd tredje punktum og § 80 første ledd tredje punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses kravet som ikke innkommet.

§ 50 fjerde punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt klagegebyr, ellers opptas ikke klagen til behandling.

§ 60 skal lyde:
§ 60 Grunnlag for frifinnelse i sivile saker

I sivile saker om inngrep i registrert varemerke kan det bare bygges på at registreringen er ugyldig, kan slettes etter bestemmelsene i §§ 35 til 37 eller kreves overført hvis det først er avsagt dom for ugyldighet, sletting eller overføring, eller hvis Patentstyret har truffet endelig avgjørelse om dette.

§ 64 første ledd andre punktum skal lyde:

En lisenshaver som reiser søksmål om varemerkeinngrep, skal i rekommandert brev gi melding om dette til merkehaveren.

§ 67 andre ledd tredje punktum skal lyde:

Det skal betales fastsatt gebyr, ellers anses søknaden som ikke innkommet.

§ 72 første ledd skal lyde:

En innføring i varemerkeregistret om at en internasjonal varemerkeregistrering har virkning i Norge, har samme virkning som om varemerket var registrert her i riket. Innføringen har virkning fra den dagen registreringen ved Det internasjonale byrået anses for å ha skjedd eller fra dagen for en etterfølgende utpeking av Norge. Frem til den internasjonale registreringen er innført i varemerkeregistret og kunngjort etter § 70 annet ledd, har registreringen eller en etterfølgende utpeking av Norge samme virkning som en søknad om varemerkeregistrering i Norge. Utnytter noen varemerket uten samtykke fra den internasjonale varemerkehaveren, og skjer utnyttelsen etter registreringen ved Det internasjonale byrået eller en etterfølgende utpeking av Norge, gjelder § 57, § 58 første til tredje og femte og sjette ledd, § 59 og § 59 a tilsvarende hvis registreringen senere blir ført inn i varemerkeregisteret. Foreldelsesfristen for krav etter fjerde punktum begynner ikke å løpe før registreringen er innført i varemerkeregistret.

§ 75 første og andre ledd skal lyde:

Hvis en internasjonal registrering som har virkning i Norge, helt eller delvis opphører å gjelde som følge av bortfall av den nasjonale registreringen eller søknaden som den bygger på, og innehaveren deretter overfor Patentstyret ved søknad fremsetter krav om registrering av varemerket her i riket, skal slik registrering ha virkning fra den dagen den internasjonale registrereringen fikk virkning i Norge, såfremt søknaden leveres innen tre måneder fra den dagen den internasjonale registreringen opphørte, og de varer eller tjenester som angis i søknaden, var omfattet av den internasjonale registreringen slik den gjaldt i Norge.

Hvis en internasjonal registrering som har virkning i Norge, helt eller delvis opphører å gjelde som følge av en oppsigelse av Madridprotokollen, og innehaveren deretter overfor Patentstyret ved søknad fremsetter krav om registrering av varemerket her i riket, skal slik registrering skje med virkning fra den dagen den internasjonale registreringen fikk virkning i Norge, hvis søknaden leveres innen to år fra den dagen oppsigelsen fikk virkning, og de varer eller tjenester som angis i søknaden, var omfattet av den internasjonale registreringen slik den gjaldt i Norge.

§ 80 første ledd første punktum skal lyde:

Den som overfor Patentstyret har oversittet en frist fastsatt i eller i medhold av bestemmelsene i kapittel 2, 4, 6 eller § 68 tredje ledd, og som følge av dette har lidt rettstap, skal når denne krever det, likevel få en sak tatt under behandling hvis det godtgjøres at fristoversittelsen var utilsiktet.

§ 81 andre ledd andre punktum skal lyde:

For utskrifter skal det betales fastsatt gebyr.

§ 81 tredje ledd skal lyde:

For kopier av dokumenter som er offentlige etter loven her, skal det betales fastsatt gebyr. Gebyrsatsene for utskrifter og kopier etter leddet her skal fastsettes slik at de samlete inntektene ikke blir større enn de faktiske omkostningene ved formidling av informasjonen, med tillegg av en rimelig fortjeneste.

§ 82 paragrafoverskriften skal lyde:
§ 82 Forskrifter til loven (avgifter og gebyrer mv.)
§ 82 andre punktum bokstav c skal lyde:
  • c) deling og sammenslåing av søknader og registreringer og om gebyrer for dette

§ 82 andre punktum bokstav h skal lyde:
  • h) satser for avgifter og gebyr, og betaling av disse.

V

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Bestemmelsene kan settes i kraft til ulik tid. Kongen kan gi nærmere overgangsregler.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Votering:

Overskrifta til lova og lova i det heile vart samrøystes vedtekne.

Presidenten: Lovvedtaket vil verta ført opp til andre gongs handsaming i eit seinare møte i Stortinget.

Votering i sak nr. 5

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt seks forslag. Det er

  • forslaga nr. 1–3, frå Per Olaf Lundteigen på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 4 og 5, frå Arild Grande på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 6, frå Per Olaf Lundteigen på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 6, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre forbud mot generell utleie av arbeidskraft fra bemanningsselskaper, slik at kun utleie ved reelt vikarbehov eller utleie mellom produksjonsbedrifter tillates.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 83 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 15.14.36)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 4 og 5, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre et forbud mot innleie av arbeidskraft, begrenset til enten de geografisk sett mest utsatte områdene eller begrenset til de mest utsatte bransjene. Som et strakstiltak ber Stortinget regjeringen om å innføre et forbud mot innleie av arbeidskraft fra virksomheter som ikke er produksjonsbedrifter, på byggeplasser, i fylkene Oslo, Akershus, Østfold, Buskerud og Vestfold, jf. arbeidsmiljøloven § 14-12 (5) innen 1. juli 2019.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen gjøre de nødvendige regelendringer og legge fram forslag om nødvendige bevilgninger for å styrke arbeidsformidling som offentlig oppgave i forbindelse med statsbudsjettet 2020.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 65 mot 37 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 15.14.56)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:91 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Bjørnar Moxnes om forbud mot innleie av arbeidskraft fra virksomheter som ikke er produksjonsbedrifter – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslaga nr. 1–3, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om en endring i arbeidsmiljøloven § 14-12 (1) som sikrer at innleie etter denne paragrafen begrenses til vikariater.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å fjerne den generelle adgangen til midlertidige ansettelser.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen straks sikre at bemanningsbyråer ikke blir opplæringsbedrifter.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 53 mot 49 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 15.15.40)

Votering i sak nr. 6

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Forsvarsdepartementet gis fullmakt til å inngå forpliktelser i 2019 om fremtidige utbetalinger på inntil 50 mill. kroner for oppgjør av prisjusteringsmekanismer, garantier og øvrige forpliktelser i 2023 og 2027 iht. vilkår i avtalen for salg av statens aksjer i Aerospace Industrial Maintenance Norway AS.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.