Presidenten: Vyrde
medrepresentantar!
Tidlegare stortingsrepresentant for
Hordaland Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Tungesvik, er gått bort.
Han døydde 16. juni i år, 81 år gamal.
Med Hans Olav Tungesvik er ein av
veteranane i Kristeleg Folkeparti gått bort.
Måndag 12. juni la han ut på ein
sykkeltur, som den sprekingen han var. Dessverre kolliderte han
med ein bil. Han vart hardt skadd og døydde fredag 16. juni på Haukeland
sjukehus.
Hans Olav Tungesvik var ei sann eldsjel,
med eit varmt hjarta, eit klart hovud og med ei uvanleg god formuleringsevne,
både munnleg og skriftleg.
Tungesvik var cand.med. frå Universitetet
i Oslo i 1964 og spesialist i psykiatri frå 1975.
Som psykiater vart han rekna blant
dei fremste i landet.
Erling Rimehaug, tidlegare redaktør
i Vårt Land, skreiv i samband med bortgangen til Tungesvik: «Jeg husker
fremdeles den trygge varmen som preget stemmen til Radiolegen.»
Programmet «Et kvarter med legen»
på NRK gjorde Hans Olav Tungesvik kjend i heile Noreg og til ein
populær mann.
Sin politiske innsats starta han
i partiet Venstre og var m.a. fylkesleiar i Hordaland Venstrelag
frå 1972 til 1974. Men i 1975 melde han seg inn i Kristeleg Folkeparti
og var aktiv her gjennom meir enn 40 år. Så seint som då han var
80 år, var han styremedlem i Etne Kristeleg Folkeparti. Han har
stått last og brast med partiet i medgang og motgang og var aktiv
både i det offentlege ordskiftet og internt i organisasjonen.
Ved valet i 1977 kom Hans Olav Tungesvik
inn på Stortinget som representant for Hordaland Kristeleg Folkeparti.
Han var stortingsrepresentant i to periodar. Både som lege og som
politikar profilerte han seg særleg sterkt i kampen for det ufødde
liv.
Her på Løvebakken vart han opplevd
som ein glad og humørfylt mann, og ein utprega samarbeidspolitikar som
var oppteken av å få ting til. Samtidig greidde han å kombinera
varme med gode prinsipp og med det å vera tydeleg.
Som stortingsrepresentant var han
medlem av kyrkje- og undervisningskomiteen og den utvida utanrikskomiteen.
Trass ei etter forholda kort karriere som stortingsrepresentant
vert Hans Olav Tungesvik hugsa som ein markant og dyktig parlamentarikar.
At det ikkje vart meir enn to periodar
på Løvebakken, var hans eiga avgjerd. Han følte rett og slett at
han var for mykje borte frå kona, Liv, og dei fem borna deira.
Etter tida på Stortinget grunnla
han det psykiatriske hjelpetilbodet Frihamnsenteret i Skånevik.
Hans Olav Tungesvik var ein særs
medviten brukar av det nynorske skriftspråket og var leiar i Noregs
Mållag i ein femårsperiode, der han også seinare vart utnemnd til
æresmedlem.
Bøker og artiklar vart alltid skrivne
på eit malmfullt og godt nynorsk. Han er tildelt Hans Majestet Kongens fortenestemedalje
i gull.
Til 80-årsdagen sin gav Tungesvik
ut den sjølvbiografiske boka «Ei forfriskande livsreis».
No er den livsreisa slutt. Ein lang
arbeidsdag for samfunn og for medmenneske er avslutta.
Hans Olav Tungesvik står som ein
bauta både innanfor politikken og sitt fagfelt. Han hadde eit brennande engasjement,
for menneskeverdet, for livet og for å gjera noko for menneska rundt
seg.
Me er mange som har gode og takksame
minne om Hans Olav Tungesvik. Det er med sorg me har motteke meldinga
om hans bortgang.
Me minnest Hans Olav Tungesvik for
hans virke i Stortinget og lyser fred over hans minne.
Presidenten: Røyrposten
vil verta behandla etter reglementet. (Munterheit i salen)
Før sakene på dagens kart vert tekne
opp til behandling, vil presidenten føreslå at Stortinget fråvik
forretningsordenen § 59 første ledd og voterer etter at sakene nr.
1 og 2 er ferdigbehandla, og har deretter samla votering etter sakene
nr. 3–6 ved slutten av dagens møte.
– Det er ingen innvendingar mot presidentens
forslag, og det er å sjå som vedteke.
Vidare vil presidenten opplysa om
at møtet i dag held fram utover kl. 16.
Presidenten vil føreslå at sakene
nr. 1 og 2 vert behandla under eitt.
– Det er vedteke.