I samsvar med Grunnlova gjev Kongen
denne meldinga til Stortinget om Noregs tilstand og styring i tida etter
siste melding.
Den økonomiske veksten i Noreg er
på veg oppover. Også på Sør- og Vestlandet er det no teikn til at
nedgangen er bak oss. Likevel er norsk økonomi framleis påverka
av fallet i oljeprisen. BNP for Fastlands-Noreg auka med 1,0 pst.
i 2016. Verdiskapinga i petroleumssektoren utgjorde 13 pst. av Noregs
BNP i 2016, og statens netto kontantstraum frå oljeverksemda var
125 mrd. kr. Statens pensjonsfond hadde ein samla marknadsverdi
ved utgangen av første halvår 2017 på 8 238 mrd. kr, ein auke på
519 mrd. kr frå inngangen til 2017.
Den økonomiske politikken som har
vore ført, gjev kraftige impulsar til norsk økonomi. Noregs Bank
har sett ned renta til eit rekordlågt nivå. I byrjinga av september
var den norske krona vel 11 pst. svakare enn før oljeprisfallet.
Saman med eit moderat lønsoppgjer betrar det konkurranseevna. Budsjettet
for 2017 gjev eit betydeleg bidrag til å løfte etterspørselen i
fastlandsøkonomien. Det trekkjer opp aktiviteten og motverkar arbeidsløyse.
Den registrerte arbeidsløysa var
2,6 pst. i september 2017, mot 3,0 pst. i september året før. Arbeidsløysa, målt
ved SSBs arbeidskraftundersøking, utgjorde i juli 4,2 pst., mot
5,0 pst. i juli 2016. Regjeringa har teke ei rekkje initiativ for
auka verdiskaping, fleire jobbar og seriøst arbeidsliv. For å kvalifisere
arbeidsledige har regjeringa auka tiltaksnivået.
Regjeringa har sett i verk ein ny
landsdekkjande ungdomsinnsats i 2017. Vidare styrkjer regjeringa
kampen mot arbeidslivskriminalitet gjennom felles innsats frå myndigheitene,
samarbeid med partane i arbeidslivet og nye tiltak i revidert strategi
mot arbeidslivskriminalitet.
I fjor vart det innført skjerpa krav
til sentralt godkjende føretak etter byggjesaksforskrifta. Regjeringa
har sendt på høyring eit forslag til endringar i arbeidsmiljølova
med m.a. forslag til presisering av fast tilsetjing og klarare rammer
rundt innleige av arbeidskraft.
Gjennomføringa av skattereforma har
halde fram. Skattesatsen på allmenn inntekt er vorten redusert til 24 pst. i
2017.
Regjeringa styrkjer ein aktiv næringspolitikk
med strategiar og tiltak for havnæringane, industrien, bioøkonomi,
reiseliv og gjennom dei breie ordningane i verkemiddelapparatet.
Dei årlege innsparingane for næringslivet av tiltak som er gjennomførte
i perioden 2011–2017, utgjer no godt og vel 15 mrd. kr, i tråd med regjeringas
mål.
Noreg er den nest største eksportøren
av sjømat i verda. I 2016 vart det eksportert sjømat frå Noreg til
ein verdi av 91,6 mrd. kr. I 2016 tok Olje- og energidepartementet
imot utbyggingsplanar for fem nye olje- og gassfelt, det høgaste
talet sidan 2012. Regjeringa har arbeidd aktivt for å ta vare på
og styrkje det regelbaserte handelssystemet i WTO.
Det utanrikspolitiske landskapet
er framleis krevjande. Samarbeidet i FN, NATO, med EU og med nærståande
land er avgjerande for å sikre framgangen for demokrati, menneskerettar
og handel. Regjeringa har lagt fram stortingsmeldingar om utviklingspolitikken
og vegval i utanrikspolitikken.
Regjeringa har vidareført den norske
innsatsen i koalisjonen mot ISIL og bidraget til NATOs operasjon
i Afghanistan. Noreg har vidareført støtta til FNs fredsoperasjonar
i Midtausten, Sør-Sudan og Mali.
Vi ser ikkje nokon direkte militær
trussel mot Noreg. Landet vårt bidreg til å setje NATO betre i stand
til å løyse oppgåvene sine, m.a. ved at vi deltek i NATOs forsterka
nærvær i Aust-Europa. Forholdet mellom Russland og Vesten er framleis
krevjande. Regjeringa legg samstundes vekt på praktisk samarbeid
og dialog med Russland.
Gjennom formannskapen i Nordisk ministerråd
arbeider Noreg for at Norden skal vere den best integrerte regionen
i verda, særleg på område som energi, klima, miljø og digitalisering.
I 2017 har Noreg delteke som gjesteland i G20. Fråsegna frå G20-toppmøtet
støttar norske prioriteringar med omsyn til finansiering av utdanning
og tiltak mot epidemiar.
Samkvemmet mellom Kina og Noreg har
vorte normalisert. Det gjev nye moglegheiter til samarbeid. Forhandlingane
om ein frihandelsavtale er tekne opp att. Regjeringa har innleia
dialog med EU og Storbritannia for å oppnå eit best mogleg samarbeid
med Storbritannia når landet forlèt unionen. Regjeringa har starta
arbeidet med å følgje opp berekraftmåla til FN.
Stortinget vedtok i november ein
ny og ambisiøs langtidsplan for forsvarssektoren, ein plan som vil
bidra til å styrkje forsvarsevna i åra som kjem. Regjeringa arbeider
også med ei særskild utgreiing knytt til vidare utvikling av landmakta.
Tilrådingane frå denne utgreiinga vert lagde fram for Stortinget
om kort tid.
Regjeringa har styrkt arbeidet med
å tryggje samfunnet gjennom eit betre lovgrunnlag i saker som gjeld
førebygging av spionasje, sabotasje og terror. Regjeringa har m.a.
fremja forslag til ei heilt ny tryggingslov, lov om nasjonal sikkerhet.
Arbeidet med å sikre særleg viktige objekt er styrkt. I juni fastsette
regjeringa ein ny instruks om Forsvarets bistand til politiet.
I juni la regjeringa fram ei stortingsmelding
om IKT-tryggleik. Regjeringa vil m.a. styrkje den nasjonale evna til
å avdekkje og handtere digitale angrep. Forprosjekteringa av det
nasjonale beredskapssenteret til politiet er no sluttført. Såframt
Stortinget sluttar seg til planane, tek ein sikte på at senteret
vil stå klart i 2020.
For 2016 vart det økonomiske resultatet
for kommunesektoren betra til eit netto driftsresultat på 4,2 pst.
I perioden er det vedteke at 121 kommunar slår seg saman til 47
nye kommunar. Det er også vedteke ei regionreform der dagens 19
fylkeskommunar vert til 11.
I februar la regjeringa saman med
Venstre fram ein plan for lokalisering av statlege arbeidsplassar.
I denne perioden er det vedteke å flytte ut og etablere meir enn 700
statlege arbeidsplassar utanfor Oslo-regionen. Det er teke fleire
initiativ for å gjere staten meir effektiv, gjennom forenkling,
nye digitale løysingar og effektivitetskrav.
Regjeringa har fastsett ny rammeplan
for innhaldet og oppgåvene til barnehagen. Vidare har regjeringa
føreslått ei lovfesta plikt for skulane til å gje intensiv opplæring
til elevar på 1. til 4. trinn som strevar med lesing, skriving og
rekning. Regjeringa følgjer opp langtidsplanen for forsking og høgare
utdanning. Totalt svarer løyvingane til FoU over statsbudsjettet
i 2017 til ein del av forventa BNP på 1,05 pst.
Den norske kyrkja vart omdanna til
eit eige rettssubjekt frå 1. januar 2017. Arbeidsgjevaransvaret
for tidlegare statskyrkjeleg tilsette vart overført til det kyrkjelege rettssubjektet.
Regjeringa har gjort vedtak om å
flytte forvaltninga av museumsfaglege oppgåver i Norsk kulturråd
frå Oslo til Bodø.
I 2016 vart 15 300 flyktningar, fleire
enn nokon gong tidlegare, busette i 411 norske kommunar. 1 600 av
desse var einslege mindreårige. Regjeringa har arbeidd med å setje
i verk dei 69 tiltaka i integreringsmeldinga. Det er m.a. etablert
integreringsmottak og starta opp med tidleg kartlegging av kompetanse,
og arbeidsrettinga av kvalifiseringstiltaka er styrkt.
Frå 1. mars 2017 har heile befolkninga
fått kjernejournal. Tilgjenge til kritisk informasjon kan redde
liv ved akutte hendingar. Om lag 1,9 millionar pasientar fekk helsehjelp
ved somatiske sjukehus i 2016 – 1,9 pst. fleire enn året før. Gjennomsnittleg
ventetid i spesialisthelsetenesta var 60 dagar i 2016 – 9 færre
enn året før.
I oktober 2016 la regjeringa fram
for Stortinget ein opptrappingsplan mot vald og overgrep. I mars
2017 la regjeringa fram ei barnevernsreform med større kommunalt
ansvar. Reforma skal m.a. bidra til sterkare prioritering av førebyggjande
hjelp og tenester som er betre tilpassa kvar enkelt.
I juni slutta Stortinget seg til
regjeringas forslag om ei felles likestillings- og diskrimineringslov.
Det er lagt fram ein handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap
og kjønnslemlesting og ein strategi mot hatefulle ytringar.
Regjeringa følgjer opp strategien
for barn som lever i fattigdom. Fleire barn og unge får delta på
ferie- og fritidsaktivitetar.
Regjeringas forslag om å utvide retten
til pleiepengar ved pleie av sjuke barn er vedteke og tredde i kraft 1. oktober
2017.
Regjeringa har vidareført arbeidet
med eit meir konkurransedyktig norsk landbruk, og gjennom jordbruksoppgjeret
er grunnlaget styrkt for auka matproduksjon i heile landet.
I april la regjeringa fram stortingsmeldinga
om Nasjonal transportplan 2018–2029, som legg opp til ei betydeleg
satsing på samferdsel. Reformene som er sette i gang i veg- og jernbanesektoren,
bidreg til eit moderne og effektivt transportsystem. Auka trafikktryggleik
er prioritert.
Våren 2017 la regjeringa fram ei
klimalov for å fremje gjennomføring av Noregs klimamål. I juni la
regjeringa fram ei stortingsmelding om korleis Noreg kan oppfylle eit
utsleppsbudsjett for perioden 2021–2030, som vi vil få ved eit samarbeid
med EU.
Regjeringa har annonsert eit bistandsprogram
på 150 mill. kr for å redusere omfanget av mikroplast og forsøpling
til havs. I juni i år la regjeringa fram ei stortingsmelding om
avfallspolitikk og sirkulær økonomi, der det vert lagt vekt på auka
ombruk og materialgjenvinning.
Overskotet på driftsbalansen overfor
utlandet var på 121 mrd. kr i 2016, ned 128 mrd. kr frå 2015.
Gjennomsnittleg lønsvekst frå 2015
til 2016 var på 1,7 pst. Løningane auka mindre enn konsumprisane,
og realløna fall med 1,8 pst. i fjor. Lønsoppgjeret i år peikar i
retning av noko høgare lønsvekst. Konsumprisane var 2,2 pst. høgare
i januar–juli i år enn på same tid i fjor.
Arbeidet med å følgje opp føremålet
i skattereforma om breie skattebasar og lågare skattesatsar har
halde fram. Skattesatsen på allmenn inntekt er vorten redusert med
ytterlegare eitt prosentpoeng, til 24 pst. i 2017. Det er lagt ned
eit stort arbeid i å følgje opp OECD/G20-arbeidet for å hindre undergraving
av skattebasane og flytting av overskot – Base Erosion and Profit
Shifting, BEPS.
Sjukefråværet har vore forholdsvis
stabilt dei siste åra, og årsgjennomsnittet er det lågaste etter
at IA-avtalen vart inngått. Eitt av måla i IA-avtalen er å redusere sjukefråværet
med 20 pst. frå 2001. Sjukefråværet i 2. kvartal 2017 var 11,9 pst.
lågare enn i 2. kvartal 2001, justert for sesongvariasjonar.
Det er store skilnader mellom utviklinga
og nivået på sjukefråværet mellom m.a. fylke og sektorar. Frå 1. kvartal
2014 til 1. kvartal 2017 har sjukefråværet auka mest i Rogaland,
noko som truleg heng saman med ein svakare arbeidsmarknad i fylket.
Kommunal forvaltning er framleis sektoren med klårt høgast sjukefråvær, medan
privat sektor og offentlege føretak har lågast sjukefråvær.
Befolkninga i Noreg heldt fram med
å vekse i 2016, men i eit lågare tempo enn åra før. Nettoinnvandringa gjekk
vidare noko ned i fjor, men er framleis på eit høgt nivå. I 2016
auka befolkninga med vel 44 000 personar, og litt under 60 pst.
kjem av nettoinnvandring.
Etter høg vekst i bustadprisane gjennom
fjoråret har prisane gått ned dei siste månadene. Nedgangen i prisane
har vore sterkast i Oslo. For landet samla var prisane i gjennomsnitt
3,1 pst. høgare i august i år enn i august i fjor. Tilbodet av bustader
har auka dei siste månadene, særleg i Oslo. Den sterke utviklinga
i prisane på bustader dei siste par åra og høg gjeld i hushalda
aukar faren for finansielle ubalansar i norsk økonomi. Regjeringa
fastsette før nyttår ei ny mellombels forskrift for bustadlån som
skal gjelde fram til sommaren 2018. Det er ei vidareføring og innstramming
av den tidlegare forskrifta.
Regjeringa har arbeidd for å skape
god kontakt med den nye administrasjonen i USA. I dette arbeidet
har grunnleggjande utanrikspolitiske interesser, som tryggleik,
frihandel og klimapolitikk, vore prioriterte.
Regjeringa arbeider for å halde ved
like Arktis som ein fredeleg og stabil region. Medlemslanda i Arktisk
råd vart i mai samde om å inngå ein avtale som gjer det lettare
å samarbeide om arktisk forsking. Noreg er òg pådrivar for auka
sjøtryggleik i Arktis. Polarkoden, eit globalt regelverk for skip
i polare farvatn, tok til å gjelde 1. januar 2017.
Regjeringa ønskjer å ha eit godt
tilhøve til Russland og har vidareført eit breitt samarbeid, ikkje
minst i nord. Det gjeld på område som fiskeri, atomtryggleik, miljø
og folk-til-folk-samarbeid. Det meste av det tosidige samarbeidet
fungerer godt, sjølv om Russlands folkerettsstridige framferd i
Ukraina framleis pregar tilhøvet mellom Russland og vestlege land.
EØS-midlane er eit viktig europapolitisk
verktøy og medverkar til sosial og økonomisk utjamning. Det er inngått
rammeavtalar med sju av dei femten mottakarlanda. Regjeringa har
som mål å ferdigstille dei resterande åtte avtalane innan utgangen
av året.
I stortingsmeldinga om felles ansvar
for felles framtid vert hovudprioriteringane i utviklingspolitikken
stadfesta: utdanning, helse, næringsutvikling og jobbskaping, klima,
miljø og berekraftig energi, humanitær bistand, likestilling, menneskerettar
og kamp mot korrupsjon.
I tillegg til den leiande internasjonale
rolla som Noreg har teke på seg når det gjeld utdanning, satsar
vi vidare på helse i utviklingsland. Gjennom deltaking i G20 i 2017
medverka Noreg til auka internasjonal merksemd om desse områda.
Programmet «Fisk for utvikling» vert
utvida til fleire land, og i mars vart det mest avanserte forskingsfartøyet i
verda, «Dr. Fridtjof Nansen», sjøsett.
Med eit samla bidrag på 10 mrd. kr
for perioden 2016–2019 er Noreg eit av dei største gjevarlanda når det
gjeld å lindre naud som følgje av krigen i Syria.
Regjeringa har auka støtta til seksuelle
og reproduktive rettar internasjonalt og til arbeidet mot seksualisert vald
i konflikt.
Regjeringa er ein pådrivar for å
sikre at humanitærretten vert etterlevd, og at humanitære aktørar
får tilgjenge til å hjelpe og verne dei som treng det mest. Noregs
humanitære budsjett er auka med rundt 50 pst. sidan 2013 og er for
første gong på over 5 mrd. kr. Noreg har arbeidd aktivt for å støtte
reforminitiativet frå generalsekretæren i FN og for å styrkje FNs
rolle når det gjeld å førebyggje konflikt.
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding
om hav i utanriks- og utviklingspolitikken. I FNs miljøforsamling tek
Noreg ei førande rolle for å trappe opp innsatsen mot havforureining.
Regjeringa arbeider konkret og målretta
for å oppnå ei verd utan kjernevåpen, i tråd med det sameinte stortingsvedtaket
frå 2016, der det vert lagt særleg vekt på verifikasjon av kjernefysisk
nedrusting.
Fleire kompliserte konsulærsaker
har funne si løysing i 2017.
Regjeringa har sett i gang ein revisjon
av etterretningstenestelova for å vurdere om lova med dagens trusselbilete
og eit digitalisert samfunn gjev det nødvendige rettslege grunnlaget
for oppgåvene Etterretningstenesta er sett til å utføre.
NATO tek framleis eit stort ansvar
for stabilitet og kapasitetsbygging i nærområda til alliansen. Noreg
er ein aktiv pådrivar for at NATOs kommandostruktur må tilpassast
dagens endra tryggingspolitiske situasjon, slik at NATO er i stand
til å løyse dei mest krevjande oppgåvene i det maritime domenet.
Dagens tryggingspolitiske situasjon
har leia til eit tettare samarbeid mellom dei nordiske landa innanfor ramma
av nordisk forsvarssamarbeid, NORDEFCO.
Regjeringa har lagt til rette for
auka alliert øving og trening i Noreg og auka samtrening mellom
allierte og norske styrkar.
I april la regjeringa fram eit forslag
for Stortinget om å kjøpe nye ubåtar innanfor ei kostnadsramme på 41 mrd. kr.
Det er innleia eit strategisk samarbeid med Tyskland, eit samarbeid
som m.a. anna vil opne for oppdrag til ei rekkje verksemder i Noreg,
og som vil fremje høgteknologisk kompetanseutvikling og eksportpotensialet
til norskutvikla produkt.
Halvvegs ut i 2017 har Noreg motteke
det sjuande av dei nye F-35-kampflya. Dei tre neste kampflya vert
leverte direkte til kampflybasen på Ørland hausten 2017.
Utdanningsreforma er sett i verk
i Forsvaret.
Allmenn verneplikt er innført i
Forsvaret. Ordninga har ført til ein betydeleg auke i talet på kvinnelege
vernepliktige.
Lønnsoppgjeret i 2017 var eit mellomoppgjer.
Avtalerevisjonane har i all hovudsak vore løyste gjennom forhandlingar
og mekling. Talet på konfliktar har vore lågt.
Arbeidssøkjarar under 30 år som
har vore arbeidslause i åtte veker og framleis ikkje er i arbeid,
utdanning eller annan aktivitet, skal få tilbod om individuelt tilpassa oppfølging
frå arbeids- og velferdsetaten. Ungdomsinnsatsen vart ytterlegare
styrkt med fleire oppfølgingsressursar i Nav ved behandlinga av
revidert nasjonalbudsjett.
Regjeringa har styrkt innsatsen
for å få fleire innvandrarar med flyktningbakgrunn raskare i arbeid.
Det skjer mellom anna gjennom auka arbeidsretting av introduksjonsprogram
for nykomne innvandrarar og etablering av eit hurtigspor i arbeidslivet
for dei som har etterspurd kompetanse.
Stortinget har vedteke å auke det
minste pensjonsnivået til einslege alderspensjonistar med 4 000 kr
frå 1. september 2017. I samband med handsaminga av revidert nasjonalbudsjett
2017 vedtok Stortinget å auke minstepensjonen til gifte og sambuande
pensjonistar med 1 000 kr frå 1. september 2017.
Regjeringa har lagt fram ei stortingsmelding
om eksport av norske ytingar frå folketrygda. Meldinga inneheld
ei rekkje nye tiltak som vil redusere moglegheitene for å ta med
seg ytingar frå folketrygda ut av landet.
Etter forslag frå regjeringa vedtok
Stortinget 8. juni fleire endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar.
Føremålet er at fleire skal kunne delta i arbeid gjennom eit kortare
stønadsløp med tettare oppfølging og raskare avklaring av arbeidsevna
til stønadsmottakarane.
Stortingsmeldinga Berekraftige byar
og sterke distrikt vart handsama i Stortinget våren 2017. Meldinga har
som mål å fremje vekstkraft og likeverdige levekår, berekraftige
areal- og transportsystem og gode byar og tettstader i heile landet
og gjev retning for tilpassing av politikken regionalt og lokalt.
I vår la regjeringa fram ein ny
nordområdestrategi der utanrikspolitikk og innanrikspolitikk vert
sett i samanheng. For å styrkje samarbeidet om utviklinga i nord
har regjeringa etablert Regionalt nordområdeforum som ein fast dialogarena
mellom stat og region.
Stortinget har vedteke regjeringa
sitt framlegg om ei ny lov om eigarseksjonar.
Husbanken digitaliserer systema
for å gjere det enklare å søkje tilskot og lån. Både kommunane og
Husbanken sparer tid. I lov om Husbanken vedtok Stortinget i vår
endringar som gjeld handsaming av personopplysningar. Endringane
legg godt til rette for å hente ut meir av gevinstpotensialet ved
dei nye digitale løysingane.
EUs årlege indeks over digitalisering
viser at Noreg er nr. 2 i Europa på digitalisering. Bruk av offentlege
digitale tenester aukar kraftig. I 2016 var det 90 millionar innloggingar
i ID-porten.
Regjeringa har i samarbeid med KS
teke initiativ til å få på plass kommunale rettleiingstilbod i alle
kommunane i landet, slik at dei som ikkje har erfaring i bruk av internett
og digitale verktøy, kan få hjelp til å kome i gang.
I april var regjeringa vertskap
for ein nordisk-baltisk ministerkonferanse og ministermøte om digitalisering. Som
eit resultat av dette møtet er det etablert eit eige ad hoc ministerråd
for digitalisering under Nordisk ministerråd.
Arbeidet med å redusere og fjerne
tidstjuvar i forvaltninga er ein viktig del av effektiviseringa
av det offentlege og vart i 2016 utvida frå statleg til kommunal
sektor.
Stortinget har vedteke regjeringa
sitt framlegg om ei ny lov for dei tilsette i staten. Lova vidarefører
nokre reglar, men er modernisert og forenkla samanlikna med den
tidlegare lova og er tilnærma og harmonisert med reglar i arbeidsmiljølova.
I 2017 er det på bakgrunn av framlegg
frå regjeringa vedteke fleire viktige forenklingar i lovverket som
skal føre til meir effektive planprosessar, enklare regelverk og
auka lokalt handlingsrom. Elektronisk tinglysing vart etablert i
april 2017 og vil effektivisere omsetninga av eigedom.
Verdien av staten sin direkte eigarskap
på Oslo børs var 596 mrd. kr ved utgangen av 2016. Staten sin del
av den bokførte verdien av unoterte selskap der staten har forretningsmessige
mål med eigarskapen, var 118 mrd. kr. For rekneskapsåret 2016 får
staten om lag 33 mrd. kr i utbytte frå selskapa staten har direkte
eigardel i, over 3 mrd. kr meir enn for 2015.
Regjeringa har etablert eit eige
samhandlingsforum med industrien for å synleggjere og utnytte moglegheitene
knytte til digitalisering.
I mars la regjeringa fram ei stortingsmelding
om rammevilkåra for industrien. Meldinga skisserer regjeringa sin
politikk for ein grønare, smartare og meir nyskapande norsk industri.
Noreg har gode fortrinn når det
gjeld å utnytte moglegheitene i havet. I februar 2017 la regjeringa
fram ein heilskapleg havstrategi. Strategien inneheld tiltak som skal
bidra til å vidareutvikle dei etablerte næringane innanfor petroleum,
maritim verksemd og sjømat og få fram nye havnæringar.
Regjeringa fremja ei sak om lovfesting
av tilskot til sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs. Lova vart
sett i kraft 1. juni 2017.
Regjeringa har utvida tilskotsordninga
for sysselsetjing av arbeidstakarar til sjøs.
Torskebestanden i Barentshavet er
framleis på eit høgt nivå. Eit langvarig samarbeid mellom kyststatane Noreg
og Russland og gode klimatiske forhold er bakgrunnen for at vi har
den største torskebestanden i verda. Andre bestandar er òg godt
forvalta, og kvotane er stort sett store. Kampen mot fiskerikriminalitet
og ulovleg, urapportert og uregulert fiske er høgt prioritert av regjeringa,
også i internasjonal samanheng.
I juni 2017 heva regjeringa kvotetaka
for kystfiskeflåten med heimelslengd over 11 meter.
Regjeringa har sett i verk eit nytt
system for kapasitetsauke i oppdrettsnæringa for laks og aure.
Regjeringa har innført utviklingskonsesjonar
for oppdrett av laks og aure for å leggje til rette for utvikling av
ny teknologi og realisere visjonen om betydeleg vekst i oppdrettsnæringa.
Vinteren 2016 la regjeringa fram
ein bioøkonomistrategi. Strategien skal bidra til auka verdiskaping,
nye arbeidsplassar og reduserte klimagassutslepp.
Regjeringa har lagt fram ein strategi
for eksport og internasjonalisering for å bidra til at norske verksemder har
gode og konkurransedyktige rammevilkår.
Gjennom EFTA har vi starta forhandlingar
om ein frihandelsavtale med det søramerikanske frihandelssamarbeidet
Mercosur. Noreg har det siste året ratifisert to nye frihandelsavtalar
med Georgia og Filippinane.
Den 1. april 2017 vart Konkurranseklagenemnda oppretta
i Bergen med ansvar for klagesaksbehandling av alle vedtak etter
konkurranselova.
Regjeringa har oppnemnt eit offentleg
utval som skal vurdere næringslivet sin tilgang til kapital. Utvalet
skal levere rapporten sin innan 1. mars 2018.
I mars 2017 la regjeringa fram ei
eiga stortingsmelding om norsk reiseliv.
I 2016 auka oljeproduksjonen svakt
for tredje året på rad. Gassproduksjonen i 2016 låg på om lag same
nivå som i 2015, totalt 125 mrd. Sm3. Det er 83 felt i produksjon,
og ytterlegare 12 felt er under utbygging.
Investeringsanslaget for 2017 er
på nær 125 mrd. kr og ligg på eit høgt nivå i historisk perspektiv.
Aktivitetsnivået har falle mindre enn fallet i investeringsnivået skulle
tilseie. Industrien har teke naudsynte grep for å redusere kostnader
og verte meir konkurransedyktig. Mange effektiviseringstiltak vart
sette i gang allereie før oljeprisen begynte å falle.
Regjeringa held stadig eit høgt
nivå på tildelingar av nye, attraktive leiteareal. I samband med
tildeling av utvinningsløyve i førehandsdefinerte område, TFO 2016, vart
det tildelt 56 utvinningsløyve til 29 selskap. Konsesjonsrunden
i år i dei førehandsdefinerte områda, TFO 2017, vart lyst ut i mai.
24. konsesjonsrunde vart lyst ut i juni.
I 2016 vart det sett ny produksjonsrekord
i den norske kraftforsyninga med 149 TWh, der 98 pst. vart produsert
i vass- og vindkraftverk. Den norske kraftforsyninga hadde, etter
Island, den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa.
Nettoeksporten var på 17 TWh eller
om lag 4 mrd. kr.
Ferdigstilling av anlegg og investeringar
i ny fornybar kraftproduksjon auka frå 2015 til 2016. Noreg er inne
i ein periode der det vert bygd fleire anlegg for fornybar kraftproduksjon
enn på over 25 år.
Noreg og Sverige har ein felles
marknad for elsertifikat til støtte for ny produksjon av fornybar
kraft. Frå norsk side skal det ikkje setjast nye mål for elsertifikatsystemet
etter 2021, medan Sverige har innført eit mål på ytterlegare 18 TWh
innan 2030. Våren 2017 vart det semje med Sverige om ein endringsavtale
som tek vare på norske interesser på ein fullgod måte. Stortinget
har vedteke endring i lov om elsertifikat.
I revidert budsjett vart det løyvd
20 mill. kr til tiltak for å auke tryggleiken mot snøskred på Svalbard.
For 2017 er det alt i alt løyvd om lag 390 mill. kr til flaum- og skredførebygging
over budsjettet til Noregs vassdrags- og energidirektorat.
Stortinget vedtok våren 2017 framlegga
frå regjeringa om endringar i konsesjonslovgjevinga for vasskraft.
Lovendringane følgjer opp målet om forenkling i lovverket frå 1917.
Stortinget vedtok våren 2017 framlegga
frå regjeringa om endringar i vassressurslova og jordlova. Endringane i
vassressurslova gjer at reguleringa av grunnvatn vert lik reguleringa
av andre vassdragstiltak, og sikrar ei berekraftig forvaltning av
grunnvassressursane. Samstundes vert all myndigheit for sakshandsaming
av mindre vasskraftverk ført over til lokalt folkevalt nivå. Endringa
i jordlova inneber ei forenkla sakshandsaming av energi- og vassdragstiltak
på landbruksareal.
Den tredje energimarknadspakka vart
innlemma i EØS-avtalen gjennom vedtak i EØS-komiteen i mai 2017.
Vedtaket er gjort med atterhald om samtykke frå Stortinget.
Regjeringa har i 2017 styrkt utviklinga
av miljøvenleg og kostnadseffektiv teknologi for olje- og gassindustrien gjennom
å auke budsjettet til DEMO 2000-programmet med 67 mill. kr.
Tilsvarande har regjeringa styrkt
teknologiutvikling og innovasjon knytte til fornybare energikjelder
gjennom å auke budsjettet til ENERGIX-programmet med 33 mill. kr.
Regjeringa har vidareført arbeidet
med fullskala CO2-handtering.
Det er også avgjort at ein skal forlengje satsinga på Teknologisenteret
for CO2-fangst på Mongstad, i
første omgang fram til august 2020.
Regjeringa har sendt på høyring
forslag om ei ny nasjonal norm for tilsette, forslag om skjerpa
pedagognorm og forslag om plikt for barnehageeigarar til å samarbeide
om overgang frå barnehage til skule og SFO.
Regjeringa har sytt for at fleire
barn får tilgang til barnehageplass, gjennom gode moderasjonsordningar
og utvida rett til plass. Frå 1. august 2017 fekk barn som fyller
eitt år i november, rett til plass innan utgangen av november.
Stortinget har slutta seg til fornyinga
av faga i skulen som vart meld i Meld. St. 28 for 2015–2016, Fag
– Fordypning – Forståelse: En fornyelse av Kunnskapsløftet, jf. Innst.
19 S for 2016–2017. Alle faga i grunnskulen og dei gjennomgåande
faga i vidaregåande opplæring skal fornyast.
Overordna del – verdiar og prinsipp
for grunnopplæringa – vart fastsett ved kongeleg resolusjon 1. september
2017. Overordna del av læreplanverket utdjupar verdigrunnlaget i
føremålsparagrafen til opplæringslova og dei overordna prinsippa
for grunnopplæringa.
I mars 2017 la regjeringa fram Meld.
St. 21 for 2016–2017, Lærelyst – tidlig innsats og kvalitet i skolen,
som markerte startskotet for arbeidet med å innfri eit løft for tidleg
innsats. Med meldinga har regjeringa innført ein ny modell for statleg
finansiering av kompetanseutvikling i skulen, der kommunane sjølve
skal finne ut kva dei treng av kompetanse for å heve kvaliteten.
Regjeringa fordeler om lag 100 mill. kr til lokal skuleutvikling
i 2017. Kommunar som hamnar under ei nedre grense for skulekvalitet,
vil få tilbod om støtte og rettleiing tilpassa lokale behov og utfordringar.
Regjeringa har utvida retten til
vidaregåande opplæring ved at unge som har droppa ut, kan starte
opp igjen raskare på vidaregåande skule, og ved å gje rett til vidaregåande
opplæring for dei som har ei opplæring frå utlandet som ikkje vert
godkjend som studie- eller yrkeskompetanse i Noreg.
Regjeringa har sett i gang Lærarløftet,
som inneber ei historisk satsing på vidareutdanning for lærarar
og skuleleiarar. Til saman 6 000 lærarar fekk tilbod om å ta vidareutdanning
hausten 2017, om lag 380 fleire enn i fjor.
Stortinget slutta seg til regjeringa
sitt forslag til nye reglar om skulemiljø. Det skal vere nulltoleranse
mot mobbing, ei tydeleg og handlingsretta aktivitetsplikt og ei
enklare, raskare og meir effektiv klageordning for elevar og foreldre
når skulen ikkje syter for at elevane har det trygt og godt på skulen.
I særlege tilfelle skal ein kunne nytte tvangsmulkt mot kommunar
som ikkje følgjer Fylkesmannen sine vedtak.
Regjeringa starta eit forsøk med
programmering som valfag hausten 2016. Interessa var stor, og mange
kommunar ønskte å vere med. Regjeringa opnar frå hausten 2017 opp
for at alle kommunar kan tilby valfag programmering i forsøksperioden,
og at valfaget vert permanent frå 2019.
Gjennom strategien Tett på realfag,
2015–2019, for barnehagen og grunnopplæringa, vil regjeringa betre motivasjon,
læring og resultat i realfaga. Realfagskommunar er eit sentralt
verkemiddel, og hausten 2017 starta 11 nye kommunar opp som realfagskommunar.
Regjeringa har i samarbeid med partane
i arbeidslivet, Sametinget og Voksenopplæringsforbundet arbeidd
fram Nasjonal kompetansepolitisk strategi, som vart lansert i februar
2017. Strategien er den første i sitt slag i Noreg, og skal gje
felles retning til arbeidet strategipartane gjer.
Ny lov om godkjenning av yrkeskvalifikasjonar
vart vedteken 7. mars 2017 og tek til å gjelde 1. januar 2018. Lova
gjennomfører fleire tiltak som kan auke mobiliteten for yrkesutøvarar
innanfor regulerte yrke, m.a. er sakshandsaminga forenkla.
Stortinget har våren 2017 handsama
stortingsmeldinga om kultur for kvalitet i høgare utdanning. Gjennom
prosessen med meldinga har universiteta og høgskulane fått fleire
verktøy for å utvikle ein endå betre kvalitetskultur i høgare utdanning.
Stortinget har våren 2017 handsama
stortingsmeldinga om fagskuleutdanning. Regjeringa styrkjer fagskulane
gjennom nær 50 kvalitetshevande tiltak, og løyvingane til utvikling
av sektoren har vorte styrkte med 68 mill. kr.
I 2017 er eit nytt teknologibygg
for NTNU i Trondheim ferdigstilt. Rehabiliteringa av store delar
av bygningsmassen ved Noregs idrettshøgskole vert ferdig hausten
2017, samstundes som det vert arbeidd vidare med å ferdigstille
fleire nybygg i universitets- og høgskulesektoren, m.a. for veterinærmiljøa
på Ås.
Regjeringa og samarbeidspartia på
Stortinget har auka løyvingane til bygging av studentbustader. I
2017 er det løyvd midlar til 2 500 bustader.
Regjeringa fører vidare arbeidet
med å styrkje studentøkonomien. Våren 2017 vart studiestøtteperioden utvida
med ei veke for dei som tek høgre utdanning eller fagskuleutdanning
på heiltid. Med det gjennomførte regjeringa første trinn i planen
for gradvis innføring av elleve månader med studiestøtte som Stortinget
slutta seg til i fjor.
Frå 1. januar 2017 vart Høgskolen
i Bergen, Høgskolen Stord/Haugesund og Høgskulen i Sogn og Fjordane slått
saman til Høgskulen på Vestlandet. Høgskulane i Hedmark og Lillehammer
vart slått saman til Høgskolen i Innlandet frå same dato. Samtidig
vart også Universitetet i Bergen og Kunsthøgskolen i Bergen fusjonerte. Gjennom
stortingsperioden er dermed 33 statlege institusjonar slått saman
til 21.
Sommaren 2017 vart det lagt fram
ein nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane, Lærerutdanning
2025. Hausten 2017 vart dei første studentane på det femårige masterprogrammet
i grunnskulelærarutdanning tekne opp, i tråd med innhaldet i strategien
Lærarløftet frå 2014.
I mars la regjeringa fram Meld.
St. 25 for 2016–2017 om humaniora i Noreg. Meldinga er det første
politiske dokumentet som går igjennom humaniorafeltet i Noreg på
ein heilskapleg måte.
Det er løyvd om lag 70 mill. kr
til ei satsing på kulturell og kreativ næring som skal styrkje den
økonomiske berekrafta i kulturfeltet. Regjeringa har mellom anna gjeve
Norsk kulturråd i oppdrag å etablere eit eige kontor i Trondheim,
Kreativt Norge.
Frå 1. januar 2017 vart Norsk lokalhistorisk
institutt slått saman med Nasjonalbiblioteket. Frå same tid vart Det
flerspråklige bibliotek overført frå Oslo kommune til Nasjonalbiblioteket.
Regjeringa har på grunnlag av framlagde
rapportar konkludert med å førebu ei rehabilitering av Nationaltheatret
i Oslo.
Kulturdepartementet har motteke
rapporten frå mediemangfaldsutvalet, der dei føreslår ei rekkje
tiltak for å møte utfordringane i mediebransjen. Regjeringa vil
arbeide vidare med forslaga i rapporten.
Regjeringa har kunngjort ein ny
avtale for å tryggje eit kommersielt allmennkringkastartilbod med
hovudkontor utanfor Oslo.
Avviklinga av FM-nettet er i gang,
og vi går over til DAB-radio.
Regjeringa har lagt fram eit forslag
til ny åndsverklov som skal gje ein betre balanse med omsyn til
kunstnarane og brukarane av åndsverk.
Etter framlegg frå regjeringa har
Stortinget vedteke å oppheve juryordninga. I staden skal retten
setjast med to fagdommarar og fem meddommarar. Rettstryggleiken
vert betre fordi retten no skal grunngje avgjerda av skuldspørsmålet.
Regjeringa har føreslått å endre
reglane for når ein lovbrytar ikkje kan straffast fordi han må reknast
som utilrekneleg.
Regjeringa har lagt fram ein nasjonal
strategi for samordna tilbakeføring etter gjennomført straff. Tiltak
i strategien skal sikre at domfelte får tettare oppfølging og eit
betre koordinert tenestetilbod etter gjennomført straff.
Vidare har regjeringa bygd nye fengselsplassar.
Ullersmo fengsel og Indre Østfold fengsel, avdeling Eidsberg, er
rehabiliterte og utvida. I 2017 er kapasiteten på gjennomføring
av straff med elektronisk kontroll utvida tilsvarande med om lag
40 nye plassar.
Etter eit lovframlegg frå regjeringa
er folk som ikkje får løyve til å byggje opp att huset sitt på same
tomt etter ei naturulykke, sikra rett til skadebot for tomta gjennom brannforsikringa.
Regjeringa har satsa på å digitalisere
og modernisere domstolane. Til saman er det løyvd om lag 200 mill. kr til
IKT i domstolane sidan 2014.
Det er lagt til rette for auka bruk
av moderne kommunikasjonsteknologi i inkasso og ved tvangsfullføring
av krav. Elektronisk tinglysing vart sett i verk 18. april 2017. Dette
vil føre til store kostnadsreduksjonar for næringslivet og det offentlege.
Dei første av 16 nye redningshelikopter
vart leverte i 2017. Helikoptra skal igjennom eit innfasingsprogram
i Forsvaret før det første helikopteret vert teke i bruk i løpet
av 2018.
Gjennomføringa av nærpolitireforma
held fram.
Dei største organisatoriske endringane
er no på plass, og utviklingsarbeidet framover vert retta mot innhaldet i
tenestetilbodet, m.a. fagleg utvikling og læring, standardisering
av arbeidet og innfriing av kvalitetskrav.
Regjeringa har i 2017 styrkt løyvinga
til Statens barnehus med 50 mill. kr. I tillegg er det i 2017 løyvd 60 mill. kr
til styrking av etterforsking og avhøyr i tilknyting til vald og
overgrep mot barn.
I 2017 skal det etablerast 12 nye
offeromsorgskontor, som vert lokaliserte hos politiet i alle politidistrikt
i landet.
Regjeringa har i perioden 2014–2017
styrkt PST med om lag 300 millionar kroner. Viktige satsingar i
PST har vore livvakttenesta, styrking av spaning og innhentingskapasitet,
IKT og sikkerheit, nye lokale og 35 nye stillingar knytte til arbeidet
med framandkrigarproblematikken.
Eit felles cyberkoordineringsenter
vart opna 31. mars 2017. Senteret skal styrkje evna til å motverke
og handtere truslar i det digitale rommet, og dessutan bidra med analysar
og avgjerdsgrunnlag for styresmaktene.
I revidert nasjonalbudsjett for
2017 vart det bestemt å investere i tre nye politihelikopter med
transportkapasitet. Dei skal leverast i løpet av 2019. Dette er
ei vesentleg betring av dagens politihelikopterberedskap.
Den mellombels indre grensekontrollen
på ferjehamner med trafikk mot Sverige, Danmark og Tyskland er så
langt ført vidare i 2017. Behovet for ytterlegare vidareføring av
grensekontroll vert vurdert opp mot utviklinga i sikkerheitssituasjonen.
Talet på registrerte asylsøkjarar var i 2016 det lågaste sidan 1997.
Regjeringa har motteke og sendt
på høyring ei utgreiing frå eit utval som har sett på dei langsiktige
konsekvensane av høg innvandring – NOU 2017: 2 Integrasjon og tillit.
Sjukehusa hadde i 2016 eit positivt
resultat på om lag 3 mrd. kr, som er noko meir enn året før. Det
vart investert for 7,9 mrd. kr i bygg, utstyr og IKT i helsetenesta.
Målet om at 70 pst. av kreftpasientane
vert inkluderte i eit pakkeforløp, vart i 2016 nådd i heile landet.
Ei ny føresegn i helse- og omsorgstenestelova
tredde i kraft 1. oktober 2017. Føresegna samlar og gjev tydeleg ansvaret
til kommunen når det gjeld dei som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.
Ei ny føresegn om plikt for kommunane
til å sørgje for systematisk lækjemiddelgjennomgang for pasientar på
sjukeheimane dei har ansvar for, tredde i kraft 1. januar 2017.
Frå 1. januar 2017 vart eigendelstak
2 automatisert, og fysioterapeutar er i ferd med å kople seg opp
på Norsk helsenett for å sende opplysningar om eigendelar og krav
om refusjon til Helfo.
Ei ny føresegn om kompetansekrav
for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta tredde i kraft
1. mars 2017. Forskrifta stiller krav om at legar som tiltrer stillingar
i den kommunale helse- og omsorgstenesta, skal vere spesialistar
i allmennmedisin eller under spesialisering.
Regjeringa har lagt fram ein proposisjon
om endringar i helselovgjevinga, med m.a. overføring av det offentlege
tannhelsetenesteansvaret frå fylkeskommunen til kommunen og lovfesting
av kompetansekrav i den kommunale helse- og omsorgstenesta.
Regjeringa følgjer opp Opptrappingsplanen
for rusfeltet med ei samla løyving på over 900 mill. kr i 2016 og 2017.
Regjeringa har lagt fram ein heilskapleg
strategi for psykisk helse, 2017–2022. Strategien inneheld både
helsefremjande, førebyggjande og kurative perspektiv og dekkjer
folkehelseområdet, tenestene og forskinga. Den psykiske helsa til
barn og unge har fått særskild merksemd.
Regjeringa har lagt fram Nasjonal
handlingsplan for bedre kosthold, 2017–2021, med mål om å betre
kosthaldet særleg blant barn, unge og eldre og redusere sosiale
skilnader i kosthald, fremje sunne matvarer og ta vare på eit berekraftperspektiv,
og dessutan styrkje mat-, måltids- og kosthaldsarbeid i helse-,
omsorgs- og sosialtenesta.
Regjeringa har lagt fram forslag
om endring i tobakksskadelova som inneber at verksemder som driv sal
av tobakksvarer til forbrukarar og grossistar, pliktar å registrere
seg, og at det skal førast tilsyn med salet.
Regjeringa har lagt fram forslag
om endringar i barnevernslova for å styrkje barneperspektivet i
lova og auke rettstryggleiken for barn og foreldre. Regjeringa vil arbeide
vidare med forslaga frå barnevernslovutvalet om ei heilt ny barnevernslov.
Familievernet er planmessig styrkt
og har fått eit historisk økonomisk løft i denne regjeringsperioden,
med over 128 mill. kr, ut frå ei totalløyving på om lag 370 mill. kr
i 2013. For 2017 har Stortinget auka løyvinga til familievernet
med 38 mill. kr.
I juni 2017 mottok regjeringa utgreiinga
frå eit utval som har gått igjennom måten det offentlege tenesteapparatet
handterer saker der barn og ungdom har vorte utsette for grov vald,
seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Utgreiinga er send
på høyring.
I september 2017 la regjeringa fram
forslag om endringar i barnelova og straffelova mv. for å gje betre rettsvern
for barn mot vald og overgrep.
Barnefamilieutvalet, som har vurdert
offentlege overføringar og tenester til barnefamiliane, la i mars fram
utgreiinga si. Utgreiinga er send på ei brei offentleg høyring med
frist 30. september 2017.
Forslaget frå regjeringa om å innføre
eit krav om butid på fem år for rett til kontantstøtte er vedteke
av Stortinget og tredde i kraft 1. juli 2017.
Regjeringa sitt forslag til endringar
i folketrygdlova for å styrkje fedrars moglegheiter til å behalde
fedrekvoten og vere saman med barnet etter samlivsbrot er vedteke
og trer i kraft 1. september 2017.
Regjeringa sitt forslag til ny adopsjonslov
vart vedteke av Stortinget i juni 2017.
Regjeringa har lagt fram ei melding
for Stortinget om jordbruket med vekt på auka produksjon, betra
effektivitet og styrkt konkurransekraft for å møte framtidige utfordringar.
Vidare har regjeringa lagt fram
ei melding til Stortinget om reindriftspolitikken. Det er 25 år
sidan sist det vart lagt fram ei melding om reindrift. Meldinga
legg vekt på økologisk berekraft og presenterer strategiar og tiltak
for at næringa betre skal utnytte potensialet og moglegheitene sine
i ei rasjonell og marknadsorientert retning.
Noreg og EU har vorte samde om ein
avtale om auka handel med landbruksvarer. Ei formell godkjenning
av avtalen står att.
Regjeringa har lagt fram ein strategi
for reiseliv basert på ressursar i landbruket og reindrifta. Strategien
synleggjer korleis landbruket og reindrifta kan vere innhaldsleverandørar
for reiselivet og inngå i heilskaplege reiselivsprodukt.
I april 2017 la regjeringa fram
forslag for Stortinget om fleire endringar i konsesjonslova, jordlova
og odelslova. Endringane styrkjer den private eigedomsretten og
forenklar eigedomslovgjevinga i landbruket.
Stortinget handsama i januar 2017
regjeringa sine framlegg til tiltak for ei konkurransedyktig skog-
og trenæring.
Regjeringa prioriterer jordvernet
høgt. Tal frå kommunane viser at om lag 6 000 dekar dyrka jord vart
registrert omdisponerte i 2016, noko som er ein nedgang på 5 pst.
samanlikna med 2015.
Prionsjukdomen Chronic Wasting Disease,
også kalla skrantesjuke, er funnen hos villrein i Nordfjella. Sjukdomen
er svært alvorleg for hjortedyr, og det er vedteke å ta ut reinflokken,
i tråd med tilrådingar frå m.a. Vitskapskomiteen for mattryggleik.
Satsinga på samferdsel i Nasjonal
transportplan 2018–2029 er kraftig og utgjer 1 064 mrd. kr i statlege midlar
og bompengar i planperioden og vil bidra til smartare, grønare og
tryggare transport i framtida. Ny teknologi er eit viktig verktøy
for å nå målet om eit transportsystem som er sikkert og bidreg til
omstilling til lågutsleppssamfunnet.
Aktiviteten innanfor vegbygging
og vedlikehald er høg. Samstundes med at aktiviteten til Statens
vegvesen auka i 2016, vart bemanninga redusert. Fleire anlegg er opna
for trafikk. Opninga av E6 Frya–Sjoa i Oppland har gjeve spart køyretid
og auka tryggleik for trafikantane. Opninga av E18 Knapstad–Retvet
i Østfold og Akershus har gjeve 6,3 km med firefelts veg i ny trasé.
Arbeidet med reformer i veg- og
jernbanesektoren held fram. Jernbanedirektoratet og Bane NOR SF
er i full drift.
Nye Vegar AS har vore operativt
sidan januar 2016. Ut frå utbyggingane som selskapet har sett i
gang, meiner selskapet at den porteføljen som selskapet har fått
ansvaret for, kan verte bygd ut vesentleg raskare enn opphavleg
føresett.
Bompengereforma skal bidra til at
mest mogleg av det som vert kravd inn av bompengar, går til føremålet, og
at det vert lett for bilistane å gjere opp for seg.
Etter ønske frå dei store byane
legg regjeringa i 2017 til rette for at byområde kan ta i bruk bompengetakstar som
m.a. varierer ut frå miljøeigenskapane ved dei ulike køyretøya.
Ein samordna bustad-, areal- og
transportpolitikk er viktig for å nå måla til regjeringa om miljø,
klima og framkome. Det er inngått bymiljøavtalar for Trondheim og
Oslo og Akershus. Det er forhandla fram ein byutviklingsavtale mellom
staten og Oslo- og Akershus-området om oppfølging av arealforpliktingane
i den inngåtte bymiljøavtalen. For Bergen og Nord-Jæren er det forhandla
fram byvekstavtalar, som omfattar både arealbruk og transporttiltak.
Gjennom avtalane vil staten finansiere 50 pst. av fire fylkeskommunale
kollektivinfrastrukturprosjekt. I Nasjonal transportplan 2018–2029
er det i planperioden prioritert midlar til Fornebubanen i Oslo
og Akershus, ny metrotunnel i Oslo, Bybanen til Fyllingsdalen i
Bergen, Metrobuss trinn 1 i Trondheim og Bussveien på Nord-Jæren.
I avtalane forpliktar partane seg til å samarbeide om utvikling
av kollektivknutepunkt med høg arealutnytting, slik at flest mogleg
nyttar kollektivtransport, syklar eller går til sine daglege gjeremål.
Arbeidet for auka trafikktryggleik
har høg prioritet. I 2016 omkom 135 personar i vegtrafikken. Dette
er svært låge tal i europeisk og global samanheng. Dei førebelse ulykkestala
for dei åtte første månadene av 2017 er på same nivå som i 2015,
som var året med det lågaste talet på omkomne sidan 1950.
Eit nytt parkeringsregelverk for
private og offentlege parkeringsselskap tok til å gjelde 1. januar
2017.
Frå 2017 er det innført ei mellombels
incentivordning for å overføre gods frå veg til sjø.
Regjeringa la våren 2017 fram ei
stortingsmelding om verksemda til Avinor AS.
Dei nye kontraktane om drift av
regionale ruteflygingar i Nord-Noreg tok til å gjelde frå 1. april
2017.
Elektroniske kommunikasjonstenester
og -nett vert stadig viktigare. Samstundes aukar truslane mot ekomnett
og -tenester som følgje av ekstremvêr, teknisk eller menneskeleg
svikt og kriminelle handlingar. Frå 1. juli 2017 er eit operativt
miljø for å handtere cyberhendingar i ekomsektoren, Ekom CERT, i
full drift.
Private aktørar investerte meir
enn 10,7 mrd. kr i ekomnett og -tenester i 2016. Regjeringa held
fram arbeidet med å forenkle regelverket og leggje til rette for investeringar.
Forslag til nye gravereglar som vil gjere det billigare å byggje
nett som kan levere raske og gode tenester i heile landet, har vore
på høyring. Vidare har det vorte tildelt viktige frekvensblokker
i 900 MHz-bandet, noko som sikrar at mobilselskapa kan tilby gode
tenester til innbyggjarane.
Regjeringa offentleggjorde i juni
ei forskriftsendring som forbyr bruk av mineralolje i hushald og
næringsbygg frå 2020.
Noreg har i år ratifisert avtalen
om å redusere bruken av dei sterke klimagassane HFK, hydrofluorkarbon.
Avtalen vil ifølgje FNs miljøprogram bidra til at verda unngår opp
til 0,5 grader celsius oppvarming innan 2100.
Klima- og miljødepartementet har
inngått ein miljøavtale med 15 næringsorganisasjonar om reduksjon
av NOx-utsleppa. Verksemder
som sluttar seg til avtalen, slepp å betale NOx-avgift i perioden 2018–2025.
Regjeringa la i april 2017 fram
ei stortingsmelding om oppdatering av forvaltningsplanen for Norskehavet. Meldinga
omtaler mellom anna miljøtilstanden med særleg vekt på forsøpling
og mikroplast, verdiskaping frå havbaserte næringar og tiltak for
berekraftig bruk.
Regjeringa har handsama alle saker
om levande, genmodifiserte organismar etter genteknologilova som
er godkjend etter EUs utsetjingsdirektiv.
I mars fremja regjeringa ein lovproposisjon
om felling av ulv, og i juni vart rovviltføresegna endra slik at rovviltnemndene
kan handsame spørsmålet om lisensfelling av store rovdyr ut frå
fleire omsyn enn tidlegare.
Regjeringa etablerte i desember
2016 to nye nasjonalparkar, Raet og Jomfruland. Den 21. juni vart
19 nye skogreservat verna.
I 2017 vart ordninga «Nasjonale
turstiar» oppretta med ei løyving på 7,5 mill. kr for å styrkje
vernet av naturen og etablere god besøksforvaltning i område med mykje
besøk og stor verdiskaping.