Tredje visepresident Magne Rommetveit [11:36:21 ] : Eit innlegg
sånn i forbifarten: Presidentskapet legg med dette fram forslag
om endring i Stortingets forretningsorden § 27 om komitéhøyringar.
Etter forslag frå reglementskomiteen vedtok Stortinget i juni 2017
å ta inn ein regel i § 27 om at ein helst bør halda høyringar når
det ikkje er møte i plenum. Det vart dessutan fastsett at unntak
frå dette krev samtykke frå presidentskapet.
På bakgrunn av dei erfaringane som
ein har gjort sidan starten av sesjonen, foreslo fleirtalet i presidentskapet
at kravet om slikt samtykke skulle verta teke ut av forretningsordenen.
Eit mindretal, representanten Abid Q. Raja, ønskjer å vidareføra
samtykkekravet. Eg går ut frå at han sjølv vil gjera greie for sitt
standpunkt.
Eg skal bare kort kommentera forslaget
frå fleirtalet og bakgrunnen for det. Alle er samde om at det er
ein fordel om komitéhøyringar vert lagde utanom møtetidspunkta i
plenum. Forretningsordenen har nokre særreglar om dette. Høyringar
kan ikkje haldast når grunnlovsforslag vert handsama, og kontrollhøyringar kan
ikkje haldast samtidig med plenumsmøte, med unntak av spørjetimen.
Desse reglane set absolutte grenser for når høyringar kan haldast,
og unntak krev vedtak i Stortinget.
Regelen om at høyringar elles helst
bør haldast på andre tidspunkt enn når det er plenumsmøte, er formulert som
ei retningslinje som skal liggja til grunn for planlegginga i komiteane,
ikkje som eit absolutt påbod. Bakgrunnen for regelen er først og
fremst at representantane skal kunna delta i både høyringar og plenumsdebattar.
Særleg i mindre grupper risikerer ein å måtta velja bort debattar
eller høyringar dersom desse vert haldne samtidig.
Det er difor ei god retningslinje
for komiteane å freista å unngå slike samanfall. Spørsmålet er så
korleis ein oppnår den målsettinga regelen gjev uttrykk for. Fleirtalet
i presidentskapet meiner komiteane sjølve bør ta ansvar for å følgja
opp målsettinga, og at det har vist seg ikkje å vera ei god løysing
at presidentskapet skal overprøva dei vurderingane komiteane gjer
på dette punktet.
Det er mange omsyn å ta når ein
fastset tidspunkt for høyringar i komiteane. Komiteane er etter
mitt syn sjølve nærast det å vega desse omsyna mot kvarandre når dei
fastset framdriftsplanar og samordnar høyringar med andre aktivitetar
som medlemane i komiteen skal delta på. Søknadsordninga har etter
mitt syn dels hatt den effekten at komiteane i større grad kan overlata
ansvar for å følgja opp regelen i § 27 til presidentskapet, dels
har ho ført til auka byråkrati når komiteane skal gjera greie for
kvifor eit fastsett høyringstidspunkt er ønskeleg.
Presidentskapet er av gode grunnar
atterhaldne med å overprøva arbeidsplanane til komiteane. Eg meiner samtykkeordninga
allereie nå har vist seg å vera lite tenleg. Fleirtalet legg til
grunn at komiteane søkjer å ivareta målsettinga så langt det let
seg gjera, også utan ei særleg samtykkeordning, og føreslår å leggja
ei tydelegare føring på dette i § 27. Eg viser elles til merknadane
i innstillinga og tilrådinga frå fleirtalet.